GJENNOMGANG AV ILTING I JÅK KOMMUNE 2014.
Skjåk kommune sette i 2013 ned ei politisk nemd som har som mandat å sjå på skiltstrukturen, foreslå endringar/forbedringar i denne, som ein del av eit overordna profileringsgrep. Skiltnemda er sett saman av leiarane frå dei politiske underutvala og formannskapet, samt ein person til frå kvart av utvala. Rolv Kristen Øygard Per Lars Lien Eva Therese Hyrve Heidi Banken Fallingen Torø Dagsgard Eli Johanne Lundemo og Per Dagsgard har vore med frå administrasjonen. Næringsnettverket i Skjåk og Skjåk utvilking AS har vore involvert og kome med forslag til skilting i industriområdet i Bismo. Kommunen hadde møte med Statens vegvesen 26. juni 2014 der vi gjekk gjennom det meste av innspela som skiltnemda har kome med. RETNINGSLINER FOR ILTING JÅK KOMMUNE * Skiltinga skal være einsarta. * Skiltingen skal vvera lett å forstå, opplysande og attkjenneleg. * Skilting skal ha god kvalitet samt styrke og synleggjere kommunens profil. * Skiltingen skal vera fleksibel og kunne tilpassast ulike behov og endringar av desse. * Krav til Universell Utforming vert lagt til grunn og tilfredstille aktuelle krav om dette. * All skilting skal tilfredstille krav i: Plan- og bygningsloven 74.2, 86, 93, 107 og TEK 10 Vegloven 33 NS 3041 Skilting Veiledning for plassering og detaljer NS 4210 Varselfarger og varselskilt MELDE- OG SØKNADSPLIKT Tiltak som krev søknad og løyve frå kommunen (generell regel): Plassering av skilt og reklameinnretninger jf. PLB 08 20-1 bokstav i. Tiltak som krev søknad og som kan utførast av tiltakshaver: Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg eller med høyde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittstående på terreng. Dette omfatter ikjke plassering av slike skilt og reklameinnretninger som kan utgjera fare for personsikkerheit og ikkje når fleire skal monterast på same stad eller på samme fasade, jf. byggesaksforskrifta (SAK10) 3-1 bokstav d. Tiltak som ikkje krev søknad eller løyve: Skilt og reklameinnretning inntil 3,0 m2 som blir montert flatt på vegg. Unntaket omfatter ikkje montering av fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade, jf. SAK10 4-1 bokstav c nr.3.
Dersom kommunen skal ha lokale regler om visuelle kvaliteter, må desse fastsettast i eigne føresegner. Skjåk kommune har ikkje slike føresegner. FORSLAG FRÅ NEMNDA TIL ENDRING AV ILTING. Skiltnemda for Skjåk har laga følgjande oversikt over endringsbehov når det gjeld skilting i Skjåk kommune. Kommunale eller private skilt ved riks- eller fylkesveg må godkjennast av statens vegvesen. Andre skilt etter desse vegane har vegvesenet fullt ut ansvaret for. Skilting på privat grunn må den enkelte står for, desse må samsvare med regelverket og retningslinene ovanfor. ILTING LANGS RIKS- OG FYLKESVEGER. Generelt. Vegvesenet opplyser at dei er i gang med gjennomgang av skilting i kommunane og vi også ta for seg Skjåk. Skilting for matsal m.v. frå gardsbruk. Kommunen ynskjer ein einsarta skilting og kan tenkje seg å lage ein mal som kan nyttast. Vegvesenet er ikkje negative til slik skilting men må ha søknad i kvart tilfelle. Skilta må ikkje hindre sikt ved utkøyring. Skriftstorleik ca 20 cm. Bør ikkje ha detaljer som telefonnummer m.v. Dette vil vera eit skilt som er frivillig å bruke. For at skilta skal bli tekne i bruk bør kommunen vurdere innkjøp av skiltportaler og at kvar enkelt kostar namn og produktskilt som blir montert på portalane. Forslag til mal:
Skilting for grendenamn. Skiltnemda har vore opptekne av å få skilta dei gamle grendenamna og ser på dette som eit tiltak for å sikre desse namna som kulturminne. Statens vegvesen har signalisert at dei ikkje vil sette seg mot desse, men at skiltinga må vera diskret. Denne skiltinga bør ikkje utformast som ordinære vegskilt, i staden kan det settast opp diskrete treskilt på trestolper som markerer grendenamn. Denne skiltinga må gjennomførast som eigen plan da den krev ein del forarbeid, ikkje minst kvar skilta skal plasserast geografisk. Dette kan vera ei oppgåve for t.d. historielaget. Forslag til mal: Skilting ved inngang til kommunen. Ved ysteriet ynskjer kommunen å avvikle tavla som står der. Kommunen er interessert i å sette opp eit markeringsskilt for Skjåk både i Breiddalen, Gamle Strynsfjellsvegen og ved ysteriet med den nye logoen. Vegvesenet går ikkje mot dette, men skiltet må ha enkel oppbygning og ikkje mykje informasjon, Forslag til skilt (Det kan bli endringar på denne nettadressa): Annan skilting rv 15. Skilt Skilt for Ånstad på rv 15 frå vest bør flyttast lenger austover og settast opp ved Uppigard Dagsgard, ca km 11,0 Skilting frå rv. 15 i Bismo sentrum. Vegvesenet har strenge føringar for skilting mot enkeltobjekt i sentrum, men kommunen meiner likevel at det bør skiltast til: Kommunehuset Sentralidrettsanlegget Skjåkheimen Ansvar Skilt mot Bismo næringspark Skiltportaler i Bismo. Portalane må utstyrast med belysning Skrifta må gjerast meir synleg Skogrydding austre portal Skilting mot Lundadalen i krysset rv. 15/Fv 484 ved Skamsar bru
Skilt Nordberg kyrkje Skilt Felodden næringsområde. (Felodden+ikon for næringsområde) (rv 15 km 25,45) Skilting mot privat traktorsamling R. Ramstad. Vegvesenet kan skilte til slike samlingar på visse vilkår. Avkjørsel må vera god og det må vera parkringsplasser. I slike saker må det til ei uttale frå Oppland fylkeskommune v/kulturvern. Søknad må sendast frå eigar Skilt for Bångråttjønn friluftsområde (rv 15 km 25,45) Avklare namn med vel-foreninga. Skilt mot Aursjoen i krysset rv. 15/Fv 485 ved Dønfoss Skilt mot Skjåk aktivitetspark ved krysset rv. 15/Bottvegen. Få på symbol for aktiviteter. Kommunen har sett opp infotavle etter Bottvegen. Skilting for Pollfossen (severdigheitsskilt, Pollfoss søkjer) Skilting ved Billingen Skilting for seterpensjonatet må søkjast om i god tid før det blir sett i drift. Opplysningar om kulturstig må skiltast for ved infopunktet. R. Ramstad Eigar /Nasjonalparkstyret Skilting Bismo utanom rv. 15. Hovedskilt for industriområdet, Skjåk næringspark. Skjåk kommune kostar portal, bedriftene sjølve kostar namneskilta. Skilting til enkeltbedrifter i industriområdet Bedriftene sjølve Infotavle ved ny ladestasjon i Bismo Skilting mot legekontor
Annan skilting utanom Bismo Skilting skredulykke Nordberg 1913. Saka har vore drøfta med vegvesenet og dei har ei restriktiv haldning for slike enkelthendingar. Skilting for skredulykka kan t.d. utførast på eksisterande tavle ved Nordberg kyrkje ved å ta ned kartet som ikkje er oppdatert. Kommunal tavle på Dønfoss camping, Sota og Grotli. Kart er utgått på dato. Tavlene bør avviklast og portal nyttast av interesser i dei aktuelle områda. Skilt Tundradalsvegen bør flyttast nærmare rv. 15 Skilting, tørraste plassen i Norge Vegvesenet har signalisert at dersom dette skal gjerast utanom sentrum må det skje på ein rasteplass el. tilsv. ØKONOMI Der kommunen er sett opp som ansvarleg må det til vedtak på enkeltløyvingar der tiltaka fører til økonomiske uttellingar.