Luster kommune; Reglement for finansforvaltning 1. FØREMÅL Føremålet med reglementet for finansforvaltninga er å gje rammer og retningsliner for korleis forvaltninga av kommunen sine innlån og plasseringar skal skje, samt å gje underliggjande organ fullmakt til å utøve delegert mynde. Føremålet med kommunen sin finansforvaltning er å medverke til å sikre stabil finansiering av kommunen si samla verksemd. 2. HEIMEL OG GYLDIGHEIT 2.1 Heimel Lov av 25. september 1992 nr 107 kommunelova; 46 om budsjett, 48 om årsrekneskap og årsmelding, 50 om låneopptak 52 og kommunen si finansforvaltning. Forskrift om kommuners/fylkeskommuners finansforvaltning gitt av KRD 9. juni 2009. 2.2 Gyldigheit Reglementet trer i kraft frå 1.07.2010. Reglementet skal vurderast og føreleggjast kommunestyret minst ein gong pr kommunestyreperiode. Dersom det skjer vesentlege endringar i rammevilkåra for finansforvaltninga, skal rådmannen legge fram sak om ev endringar i reglementet. 3. INNLÅN 3.1 Lånevedtak Kommunestyret fattar vedtak om opptak av alle nye lån. Vedtaka skal fastsetje storleiken på låneopptaka. Dersom kommunelova krev det, skal vedtaka vere godkjende av fylkesmannen 3.2 Låneopptak Opptak av lån skal så langt som mogleg gjennomførast til dei beste vilkåra marknaden kan gje. For å oppnå dette, skal det hentast inn minimum 2 konkurrerande tilbod frå aktuelle långjevarar. Dette prinsippet kan fråvikast i særskilde tilfelle, t.d. ved lån i Husbanken. Tidspunktet for det einskilde låneopptak skal vurderast i høve likviditetsbehov, vedteke investeringsbudsjett og forventningar om framtidig renteutvikling. Låneforvaltninga skal leggjast opp i forhold til fylgjande føresetnader:
a. Låneporteføljen skal vera samansett av færrast mogeleg lån, men likevel slik at risikoen ved refinansiering ved ordinære låneforfall er avgrensa. b. Eit lån skal ikkje utgjera meir enn 25 % av kommunen sin samla gjeldsportefølje. c. Under elles like tilhøve bør kommunen fordele låneopptaka på fleire långjevarar. d. Det skal ikkje gjennomførast låneopptak i anna valuta enn NOK. Kommunen skal til einkvar tid vurdere å ha ei viss fordeling på flytande og bundne renter. Avdragstida på kommunen sin gjeldsportefølje skal ikkje overstige veid levetid for kommunen sine anleggsmidlar ved siste årsskifte. 3.3 Fullmakter - innlån Innanfor reglementet sine rammer og retningsliner får rådmannen slike fullmakter: a. Gjennomføre ordinære låneopptak når det ligg føre vedtak i kommunestyret og ev statlege godkjenningar er på plass. Som lekk i dette velje långjevar og lånevilkår. b. Gjennomføre refinansiering av eksisterande lån innanfor dei reglar som følgjer av forskrifter om avdragstid og lånevilkår. Som lekk i dette velje långjevar og lånevilkår. c. Godkjenne nye rentevilkår på forfalne lån. d. Etablere finansielle leasingavtaler når det ligg føre vedtak i kommunestyret og ev statlege godkjenningar er på plass. Som lekk i dette velje avtalepart og -vilkår. Ved etablering av ev leasingavtaler skal ein følgje same reglar som vere ordinære innlån. 4. PLASSERINGAR Reglementet tek føre seg alle kommunen sine midlar. Innanfor overordna rammer for forsvarleg sikkerheit, risikospreiing og likviditet, skal det arbeidast for å oppnå best mogeleg avkastning på forvalta midlar. Finansforvaltninga skal følgje gjeldande lover, regelverk og god forretningsskikk. 4.1 Midlar tenkt nytta til driftsføremål Kommunen sine midlar til driftsføremål (m.a. ledig likviditet) kan plasserast i bankinnskot og pengemarknadsfond. Alle plasseringar skal gjerast i norske kroner (NOK). Kommunen sin driftslikviditet skal plasserast i kommunen sin hovudbank, ev supplert med innskot i andre større spare-/forretningsbankar med forvaltningskapital over NOK 1 mrd kr. 4.2 Langsiktige finansielle aktiva Inntil 1 mill kr av kommunen sine finansielle omlaupsmidlar skal forvaltast som langsiktig aktiva. Dersom kommunen sine fond som følgje av disponeringa i økonomiplanperioden fell under 1 mill kr, skal dette reglementet opp til ny handsaming. Kommunen sin plassering av langsiktige finansielle aktiva har som mål å oppnå vanleg bankavkastning + 1-2%. Plasseringsformer og -rammer:
Aktivaklasse Mål (%) Maks (%) Min (%) Referanseindeks Pengemarknad/ bank 50 80 10 DnBs statssertifikatindeks (DnB Statssertifikat) med løpetid på 90 dagar Obligasjonar: * Noreg * Utland 20 70 90 50 00 50 10 DnB Stat Benchmark Alle JP Morgan Global Bond Index i NOK Aksjefonds: * Noreg * Utland 35 65 40 55 85 20 15 45 Oslo Børs Totalindeks MSCI World i NOK 4.3 Fullmakter - plasseringar Innanfor reglementet sine rammer og retningsliner får rådmannen fullmakt til å gjennomføre den løpande forvaltninga av kommunen sine kortsiktige og langsiktige likvide midlar. Som lekk i dette kan rådmannen: a. Gjere bankplasseringar ihht pkt 4.2 over. b. Inngå avtale om kjøp og sal av verdipapir ihht pkt 4.2 over. c. Inngå avtale om ekstern hjelp ihht oppfølginga av pkt 4.2 over. 5. RAPPORTERING OG AVVIK Det skal rapporterast til kommunestyret ihht finansreglementet pr 1.tertial, 2.tertial og pr 31.12 (årsrekneskapen). Ved denne rapporteringa skal rådmannen gje status når det gjeld innlån og plasseringar og i den samanheng vise om det synest realistisk å nå måla i budsjettet og finansreglementet. Rapporteringa skal elles skje i samsvar med dei krav som er sett i punkt 2.1 i forskrift frå KRD av 9. juni 2009, der det står: Aktiva: Samansetjinga av aktiva Marknadsverdi, samla og fordelt på dei ulike typar aktiva Vesentlege marknadsendringar Endringar i risikoeksponering Avvik mellom faktisk forvaltning og krava i finansreglementet Marknadsrente og eigne rentevilkår. Passiva: Samansetjing av passiva Løpetid for passiva Verdi, samla og fordelt på dei ulike typar passiva Vesentlege marknadsendringar Endringar i risikoeksponering Avvik mellom faktisk forvaltning og krava i finansreglementet Marknadsrente og eigne rentevilkår
Rådmannen skal, dersom det av uføresette grunnar skulle oppstå avvik frå reglementet, straks setja i verk tiltak som rettar opp avviket, utan at dette medfører vesentleg risiko eller unødvendige tap. Avvik frå reglementet og handteringa av desse skal inngå i rapporteringa til kommunestyret. 6. ANNA Rådmannen skal syte for gode rutinar knytt til oppbevaring av dokumentasjon knytt til kommunen sin finansforvaltning. Rådmannen kan inngå rammeavtale for å ivareta det løpande behovet for banktenester. Rådmannen kan inngå avtale om styrking av kommunen sin kompetanse for å drive ein best mogleg finansforvaltning. Rådmannen kan ikkje kjøpa/nytta finansielle instrument eller produkt som ikkje er nemnt i reglementet.
Vedlegg: Kommunal og arbeidsdepartementet har definert følgjande typar av finansiell risiko: Kredittrisiko Marknadsrisiko Likviditetsrisiko Valutarisiko Systematisk risiko i aksjemarknaden (generell marknadsrisiko) Usystematisk risiko i aksjemarknaden(selskapsrisiko) Nærare omtale: Type risiko Kredittrisiko Marknadsrisiko Renterisiko Likviditetsrisiko Valutarisiko Systematisk risiko i aksjemarknaden Usystematisk risiko i aksjemarknaden Administrasjonsrisiko Knytt til at låntakar (eller motparten i ein derivatkontrakt) ikkje betaler tilbake hele eller deler av lånet (inkludert rentene) Knytt til tap som følgje kurssvingingar i de marknaden kommunen er eksponert Knytt til at verdien av renteberande verdipapir endrast dersom renta endrast Knytt til at midlar ikkje kan omformast til kontantar i løpet av ein rimeleg tidsperiode Knytt til tap som følgje av kurssvingingar i valutamarknaden Knytt til tap som følgje av at dei aktuelle aksjemarknader kommunen er eksponert mot vil stige eller falle på kort og/ eller lang sikt Knytt til at et enkelt investeringsobjekt vil stige eller falle i verdi i forhold til marknaden på kort og/ eller lang sikt Knytt til rutinar internt/ hos motpart Kortsiktig forvaltning Definert Ikkje påverkar Låg til moderat Gjeldsforvaltning Lokalbank og andre større banker Ikkje påverkar Langsiktig forvaltning Definert Ikkje påverkar Delvis definert Definert Låg - Definert Ingen Ingen Definert - - Definert - - Minimal