Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) ved skulane i Time Kommune

Like dokumenter
Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) kommunale grunnskulane i Vestnes

Forskrifta om ordensreglement vil regulera kva som er god orden og åtferd, og vera grunnlag for vurdering i orden og åtferd på ungdomsskulane.

FORSKRIFT OM REGLEMENT FOR ORDEN OG ÅTFERD VED HARØY SKULE

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Ordensreglement for grunnskulen i Aure kommune (nynorsk) Ordensreglement for grunnskulen i Aure

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

Forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad. Vedteken

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

Forskrift om reglement for orden og åtferd

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Forskrift om ordensreglar for skulane i. Voss kommune

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Forskrift om reglement for orden og oppførsel (ordensreglement) ved skolene i Stavanger kommune

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE I SKAUN KOMMUNE

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Forskrift om reglement for orden og oppførsel (ordensreglement) ved skolene i Rennesøy kommune

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Øystre Slidre kommune

Forskrift om ordensreglement for elever i grunnskolen i Åmot kommune

Forskrift om reglement for orden og oppførsel (ordensreglement) for elever i grunnskolen i Smøla kommune

Ordensreglement for Romedal ungdomsskole

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Forskrift om ordensreglement for grunnskolen i Gildeskål kommune

ORDENSREGLEMENT FOR SKAUN UNGDOMSSKOLE

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Forskrift om ordensreglement for grunnskolen i Meløy kommune

ORDENSREGLEMENT FOR OGNA SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR OGNA SKULE

ORDENS- REGLEMENT BØ SKULE

Ordensreglement for skulane i Klepp kommune

Ordensreglement for. Nærbø ungdomsskule

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT. Forskrift om ordensreglement

LOKAL FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SEL OG SEL VAKSENOPPLÆRING. VEDTEKE..

Forskrift om ordensreglement for grunnskolen i Meløy kommune. INNLEDNING 1. Hjemmel 2. Formål 3. Virkeområde

ORDENSREGLEMENT FOR ORRE SKULE

KVINNHERAD KOMMUNE. Ephorte saksnr.2010/

Forskrift - Reglement for orden og adferd (ordensreglement) ved skolene i Stor-Elvdal kommune.

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

Ordensreglement for Høyland skule

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

MANDAL KOMMUNE Frøysland skole

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

FORSKRIFT OM REGLEMENT FOR ORDEN OG OPPFØRSEL (ORDENSREGLEMENT) VED SKOLENE I VERDAL KOMMUNE

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER I GRUNNSKOLEN I OPPDAL KOMMUNE

Forskrift om reglement for orden og oppførsel

1-1 Hjemmel Gjerdrum kommunes forskrift til ordensreglement er gitt med hjemmel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen (opplæringslova).

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

Ordensreglement for grunnskolen

Forskrift om reglement for orden og oppførsel ved skolene i Nesset kommune. Vedtatt av Nesset kommunestyre 30.mai 2013 i K-sak 33/13

Føremålet med vurderinga i orden og oppførsel er tett knytt opp mot ordensreglementet

Reglement for orden og oppførsel i grunnskolen i Aure kommune (bokmål) Ordensreglement for grunnskolen i Aure kommune

Forskrift om reglement for orden og oppførsel (ordensreglement) for grunnskolene i Flekkefjord kommune

Innhold. Forskrift om ordensreglement for elever i grunnskolen i Stjørdal kommune, Nord- Trøndelag. Innledning

Forskrift om reglement for orden og oppførsel ved skolene i Stavanger kommune

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Ordensreglement for grunnskolene i Røyken - forskrift. (Vedtatt av Røyken Kommunestyre den Justert for Oppl og 3-37 den 1.6.

Rogaland fylkeskommune

GJERDRUM KOMMUNE. 1 Innledning. Forskrift til ordensreglement for skolene i Gjerdrum

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLAR FOR TONNING SKULE

Forskrift om reglement for orden og oppførsel (ordensreglement) ved skolene i Sørfold kommune.

GJERDRUM KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato Kommunestyret

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Ordensreglement for Torvastad skole og kultursenter

Sirdal kommune Skuleeininga

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKOLENE I OPPEGÅRD

ORDENSREGLEMENT HERØY VGS.

Rælingsskolen skal preges av konstruktivt og utviklende samarbeid mellom elever, foresatte og ansatte.

Saksbehandler: Hege Kvaalen Arkiv: B32 &00 Arkivsaksnr.: 15/1008. Hovedutvalg oppvekst og kultur

Ordensregler for skolene i Osen kommune Gjelder fra 15. desember 2008

Ordensreglement Moelv ungdomsskole

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKOLEN I ASKER KOMMUNE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN

1.3 Virkeområde Ordensreglementet gjelder for all aktivitet i skolens regi, også på skoleveien.

MÅLSELV KOMMUNE FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE OG VOKSENOPPLÆRINGA

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Ordensreglement for Andebu ungdomsskole - Regler for orden og oppførsel - Vedtatt av Samarbeidsutvalget

Deltakarar som følgjer grunnskuleopplæring etter 4-a i Opplæringslova, blir i reglementet omtala som elevar.

Forskrift om ordensreglement for skolene i Rælingen

ORDENSREGLAR FOR HEMSEDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Forskrift om ordensreglement for elever i grunnskolen i Kongsvinger kommune

Denne forskriften er vedtatt av Sektorutvalget barn og unge og trer i kraft fra Samtidig oppheves forskrift av

Transkript:

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) ved skulane i Time Kommune Kapittel 1 Innleiing 1.1 Heimel Dette ordensreglementet er gitt med heimel i Lov 17. juli 1998 nr. 61, 2-9 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Reglementet gjeld for grunnskulen i Time og erstattar tidlegare reglement vedtatt av Hovudutval for undervisning 13.11.2002 1.2 Innhald og område reglane gjeld for Ordensreglementet omfattar alle grunnskular i Time Kommune. Reglane gjeld også for grunnskuleelevane på Time språkstasjon og for elevane i Kulturskulen. Skulefritidsordninga er også omfatta av reglane. Ordensreglementet inneheld reglar for åtferd, reglar for kva tiltak som kan brukast mot elevar som bryt reglementet (sanksjonar), og reglar for framgangsmåten når ein skal behandla slike saker. Ordensreglementet gjeld i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal, på skulevegen og når elevane har undervisning på andre plassar enn på skulen, t.d. i prosjektarbeid, leirskule og turar. 1.3 Skulane sitt eige ordensreglement, m.a. om eleven sitt psykososiale skulemiljø I tilegg til eit felles ordensreglement for skulane i Time, skal den einskilde skulen utarbeida sitt eige reglement for trivsel, orden og åtferd. Dette ordensreglementet skal ta utgangspunkt i lokale tilhøve og skal særleg sikra at skulen har rutinar og prosedyrar for å ta i vare elevane sitt psykososiale skulemiljø. SU ved den einskilde skulen vedtar det lokale ordensreglementet. Alle rådsorgana i skulen skal vera delaktige i utarbeidinga av reglementet. Dersom det skulle oppstå motstrid, vil opplæringslova og det felles kommunale ordensreglementet vera gjeldande framfor det lokale reglementet. 5

Kapittel 2 Formål, elevane sine rettar og plikter 2.1 Formål Skulane i Time har som mål at alle barn og unge får ein oppvekst som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det. Ordensreglementet for skulane i Time skal vera eit verkemiddel for å nå ei slik målsetting. Reglementet tar utgangspunkt i at skulen er til for elevane, og at elevane ønskjer å bidra til eit godt skulesamfunn for alle. 2.2 Rettar Som elev har du både rettar og plikter. Du har krav på at alle behandlar deg på ein skikkeleg måte at andre viser deg respekt og let tinga dine vera i fred at du skal vera fri for fysisk, psykisk, verbal og digital mobbing at du har eit godt læringsmiljø 2.3 Plikter Du har plikt til å arbeida for å få eit godt læringsmiljø behandla andre på ein skikkeleg måte visa respekt og la andre sine ting vera i fred ikkje plaga eller mobba nokon, verken fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt Kapittel 3 Reglar og sanksjonar Skulen er lærings- og arbeidsplass for mange menneske, både barn, unge og vaksne. Saman har alle eit ansvar for korleis det fungerer på skulen. Det er viktig å skapa eit godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette på den einskilde skule. Alle elevar skal følgja vanlege reglar i samfunnet, og visa god folkeskikk. Det betyr at elevane skal visa respekt for andre visa respekt for undervisninga og gjera sitt beste for å halda arbeidsro i timane møta presis til timar og avtalar gjera skulearbeidet til avtalt tid halda god orden gjera sitt for å halda skulen sitt område reint og ryddig ta godt vare på alt som tilhøyrer skulen, både ute og inne, og stella fint med bøker og anna undervisningsmateriell ta godt vare på personlege ting og så langt som mogeleg unngå å ta med verdisaker på skulen bruka elektronisk utstyr (datamaskin/mobiltelefon) i samsvar med skulen sine reglar www.nettvett.no : 6

1. Vis respekt for kvarandre på nett. Mobbing på nett er minst like alvorleg som annan mobbing. 2. Tenk deg om før du deler personlege bilde og opplysningar om deg sjølv og ande på opne nettstader. 3. Lag eit passord som er vanskeleg å gissa. Passordet ditt er privat. 4. Hugs at det er lett å lyga på nettet, og ikkje tru på alt som andre skriv. 5. Ta med deg nokon du stoler på dersom du skal møta nokon du er blitt kjent med på nettet, og møt dei på ein offentleg plass. 6. Avslutt kontakten viss du blir redd eller opplever noko ubehageleg. Blokker kontakten og meld frå til dei som har ansvar for nettstaden. 7. Fortel det til ein vaksen eller ein annan du stolar på dersom du opplever noko ubehageleg. 8. Meld til politiet på www.kripos.no om alvorlege saker. Det er ikkje di skuld om nokon gjer noko ubehageleg mot deg på nettet Dette er ikkje lov banning, slåssing og forstyrring av andre sin leik rasistiske utsegner og handlingar mobbing, gjeld også digital mobbing seksuell trakassering sjikane på grunn av religion eller livssyn bruk av vald eller trugsmål om vald bruk og oppbevaring av tobakk/snus, alkohol eller andre rusmiddel å bruka mobiltelefon/sosiale medium i undervisningstida 3.2 Sanksjonar Alle sanksjonar skal vera slik at elevane skal forstå kva for reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera på dette. Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til brotet på ordensreglane. Dette gjeld både for tiltak i det felles ordensreglementet for Timeskulen og for dei lokale ordensreglane. Eleven skal, viss det er mogeleg, ha høve til å gjera opp for seg. Som hovudregel skal ein berre nytta sanksjonar som følgje av brot på reglementet. Elevar har plikt til å halda pålagde sanksjonar. Dersom så ikkje er tilfelle, kan det påleggjast nye sanksjonar. Fysisk refsing og annan krenkjande behandling må ikkje nyttast. Med fysisk refsing tenkjer ein ikkje på fysisk arbeid i samband med reparasjonar, rydding eller vasking etter seg sjølv eller andre. Kollektiv straff kan ikkje nyttast for brot på reglane som er utført av einskild medlemmer av gruppa. 3.2.1 Tiltak mot brot på ordensreglane Brot på ordensreglane kan føra til tiltak alt etter kor alvorleg saka er: Munneleg irettesetting Munneleg melding til føresette Skriftleg irettesetting/åtvaring 7

Skriftleg melding til føresette Inndraging av gjenstandar som blir brukt på ein farleg eller provoserande måte. Gjenstandane kan leverast tilbake til føresette. Overføring til ei anna gruppe/klasse. Føresette blir informerte. I mobbesaker er det hovudregel at mobbar blir flytta, ikkje den som blir utsett for mobbing. Utestenging av enkeltelevar frå spesielle arrangement og aktivitetar. Føresette får informasjon i god tid dersom det er mogeleg, og dei får høve til å delta og ta på seg ansvaret for eleven sin deltaking. Pålegg om oppgåver for å retta opp skade som er gjort mot skulen sin eigedom eller eigendelar. (rydda søppel, vaska golv, fjerna tagging m.m.) Vera på skulen før og etter skuletid i samband med samtalar med lærar/rektor eller for å gjera pålagde oppgåver. Bortvising 3.2.2 Bortvising Ved vald eller trugsmål om vald, særleg provoserande åtferd eller andre grove brot på ordensreglane, kan elevar på 8.-10.trinn visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar. Elevar på 1.-7. klassetrinn kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar og resten av dagen. Rektor vedtar sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal eleven ha fått høve til å forklara seg, og ein skal ha vurdert å bruka andre tiltak. Føresette til elevane skal ha melding før ein set i verk bortvisinga for resten av dagen på 1. -7. trinn, og før bortvising for heile dagar på 8.-10. trinn. Lærar kan ha fått delegert mynde frå rektor til å visa bort elevar frå si eiga undervisning. Ei slik bortvising kan ikkje vara lenger enn 2 klokketimar. 3.3 Konkret om brot på reglane 3.3.1 Ugyldig fråver Dersom ein elev ofte kjem for seint eller er ulovleg borte frå skulen, skal heimen kontaktast for å få klarlagt årsaka til fråveret. Dei tiltaka som blir sett i verk, må sjåast i samanheng med årsaka til og kor ofte dette skjer. Føresette skal ha informasjon om ansvaret dei har i høve til Opplæringslova 2-1. 3.3.2 Mobbing og valdeleg åtferd Skulane i Time følgjer Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd. Mobbing er definert som gjentakande negativ åtferd over tid som blir retta mot ein person/personar som har problem med å forsvara seg. Skulane har utarbeidd handlingsplanar mot mobbing som inneheld prosedyrar for korleis ein førebyggjer, oppdagar og handterer mobbing. I dei tilfella der det er aktuelt å byte klasse eller skule, skal hovudregelen vera at mobbar skal flytte, ikkje den som blir utsett for mobbing. 8

Elevar som trugar med vald eller som er valdelege, kan visast bort frå undervisninga. Føresette, både til den som vert utsett for vald, og den som er valdeleg, skal kontaktast. Grove valdsepisodar vil bli meldt til politiet. 3.3.3 Farlege gjenstandar Det er ikkje lov å ta med seg farlege gjenstandar som kan nyttast til å gjera skade på andre, når det ikkje er sannsynleggjort at gjenstanden berre skal nyttast til andre lovlege formål. Farlege gjenstandar kan skulen leggja beslag på. Ulovlege gjenstandar blir overlevert til politiet. Føresette kan henta gjenstandar som skulen har tatt i frå eleven etter skuletid. 3.3.4 Rusmiddel Det er forbode å vera rusa, bruka, oppbevara, omsetja eller ha på seg tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel på skulen sitt område, eller det som til ei kvar tid blir definert som undervisningsarena. Skulen kan leggja beslag på rusmiddel som elevane har med seg på skulen. Tobakk og alkohol skal overlatast til elevane sine føresette. Ulovlege rusmiddel skal overlatast til politiet. 3.3.5 Hærverk All form for hærverk kan føra til eit erstatningskrav for føresette. Det same gjeld for tap eller øydelegging av bøker og anna utstyr, jf. Skadeerstatningsloven 1-1 og 1-2. Elevar som utfører hærverk, kan verta pålagde å rydda opp etter seg eller reparera det som er øydelagt. Arbeidet må vera av ein slik art at eleven kan greia å utføra det, og det må vera rimeleg i høve til graden av skade som er gjort. 3.3.6 Mobiltelefon, internett og sosiale medium Mobiltelefon skal vera avslått i skuletida. Elektronisk utstyr skal berre brukast til skulearbeid i skuletida. Elevar som tek med seg elektronisk utstyr, har sjølve ansvar ved uhell, tjuveri og hærverk. Skulen sin internett tilgang skal berre brukast i samband med undervisning. Skulane utarbeider nettvettsreglar i tråd med reglane på www.nettvett.no Sosiale medium skal til vanleg ikkje nyttast i skuletida. 3.3.7 Reaksjonsmåtar ved fusk Fusk eller forsøk på fusk får konsekvensar for vurdering/karakter i orden og åtferd. Dersom ein elev har fuska i ein prøvesituasjon, vil prøven bli annullert. Elevar på ungdomstrinnet skal varslast om at dette kan føra til at ein ikkje får terminkarakter. Eksamen i eit fag kan verta annullert dersom eleven har fuska eller prøvd å fuska på eksamen. Spørsmål om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor. Vedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen. Eleven har likevel rett til å fullføra eksamen på eksamensdagen. 9

3.3.8 Undersøking Dersom det er grunn til å tru at ein elev har med seg farlege gjenstandar eller rusmiddel, kan rektor undersøkja garderobeskap/bokskap eller andre personlege eigendelar. Dersom det er mistanke om straffbare tilhøve, kan ein kontakta politiet. Eleven sine føresette skal varslast dersom det er mogeleg. Føresette skal varslast skriftleg dersom politiet er tilkalla. 3.4 Enkeltvedtak Ei avgjerd om å visa ein elev bort for ein heil dag eller fleire dagar er eit enkeltvedtak etter Forvaltningslova (Jf. Kapittel 5) Andre sanksjonar og refsingsvedtak vil normalt ikkje vera eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Rektor kan likevel velja å fatta enkeltvedtak dersom refsingstiltaket får store konsekvensar for den det gjeld. (t.d. utelukking frå enkelte arrangement). 3.5 Flytting av elev til ein annan skule Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege høve bli flytta til ein annan skule enn nærmiljøskulen utan at føresette samtykkjer til dette. Før det blir gjort vedtak om å flytta ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. (Jf. Opplæringslova 8-1, 3.ledd) Kapittel 4 Om fastsetting av karakterar i orden og åtferd 4.1 Fastsetting av karakter i orden Ved fastsetting av karakter i orden skal ein m.a. ta omsyn til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsette ved den einskilde skule. 4.2. Ugyldig fråvær Ugyldig fråvær kan føra til nedsett karakter i orden. 4.3 Fastsetting av karakter i åtferd Ved fastsetting av karakter i åtferd, skal ein ta omsyn til korleis eleven oppfører seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvar for elevane. Ein skal særleg leggja vekt på korleis eleven er ovanfor andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen. 4.4 Forhold til enkelthendingar Ved fastsetting av karakter i orden og åtferd, skal ein til vanleg ikkje leggja avgjerande vekt på enkelthendingar. 10

Kapittel 5 Saksbehandling Behandlinga av brot på ordensreglementet følgjer saksbehandlingsreglane i Forvaltningslova. Følgjande saksbehandlingsreglar gjeld alltid: 5.1 Undersøking Skulen har plikt til å sjå etter at ei sak er så godt opplyst som mogeleg før ein tek avgjerd om bruk av sanksjonar. 5.2 Refsingstiltak/sanksjonar Før alle former for refsingstiltak blir sett i verk, har elevane krav på å forklara seg for den/dei som skal fatta vedtaket. Eleven har i møte med skulen rett til å ha med seg ein person. Vedtaket skal grunngjevast. 5.3 Grunngjeving Eleven skal få vita grunngjevinga for refsingstiltaket samtidig som refsingstiltaket blir gitt. Grunngjevinga kan vera munnleg, men ved enkeltvedtak skal grunngjevinga vera skriftleg. 5.4 Informasjon til føresette Føresette til eleven skal få informasjon om dei sanksjonane skulen har vedteke i samband med brot på ordensreglane. Dersom det er snakk om alvorlege brot, bør føresette få informasjon før eventuelle sanksjonar vert sett i verk. Kapittel 6 Iverksetjing og kunngjering 6.1 Iverksetjing Denne forskrifta gjeld frå 01.08. 2011. 6.2 Kunngjering Reglementet for orden og åtferd, både det kommunale og det lokale, skal gjerast kjent for elevar, føresette og tilsette kvart år når skuleåret startar. Det er rektor som har ansvar for dette. Reglementet skal vera lett tilgjengeleg på kommunen/skulane sine heimesider. 11