Fylkesmannen i Telemark Miljøvernavdelinga Sakshandsamar, innvalstelefon Elisabeth Hammerli, 35 58 61 36 Kontrollrapport Kontrollrapport nummer: 2013.009.I.FMTE Saksnummer: 2013/694 Dato for kontroll: 21.02.2013 Informasjon om kontrollert verksemd: Navn: Åmot Bilservice as Bedriftsnr.: 971796847 Føretaksnr. (morselskap): 955236491 Postadresse: Verkstadvegen 1, 3890 VINJE Tlf/epost: 35071120/ lars.hoydal@aamotbilservice.no Besøksadresse: Verkstadvegen 1, 3890 VINJE Kommunenr / kommune.: 0835 / VINJE Bransjenr. (NACE-kode): 45.200Vedlikehold og Anleggsnr.: 0834.0003.01 reparasjon av motorvogner, untatt motorsykler Til stades under kontrollen: Frå verksemda: dagleg leiar Lars Høydal Frå Fylkesmannen: Elisabeth Hammerli Kontrollomfang: Kontrollen er ikkje ein uttømmande kontroll innan tilsynsområdet til Fylkesmannen, men er avgrensa til: Handtering av farleg avfall (lagring, merking, deklarering etc.) og avfall generelt Oppfølging av desse temaa i internkontrollen til verksemda. Innhaldet i kontrollrapporten: Rapporten beskriv merknader og avvik som blei avdekt under kontrollen og som gjeld krav fastsett i: Avfallsforskrifta Internkontrollforskrifta Resultat frå kontrollen Fylkesmannen avdekte 2 avvik* under kontrollen. Det er gitt 2 merknader. Sjå nærare omtale i rapporten. Oppfølging etter kontrollen Vi syner til fristar for tilbakemelding i oversendingsbrevet til denne rapporten. Skien 05.03.2013 Elisabeth Hammerli sted dato Fylkesmannen i Telemark (etter fullmakt, rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift) * Avvik og merknad er definert på side 2 i rapporten
Definisjon - avvik: Brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga (til dømes brot på krav i forureiningslova og /eller produktkontrollova og /eller forskrifter heimla i desse, eller krav og vilkår fastsett i utsleppsløyvet.) Definisjon - merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ta vare på helse, miljø og sikkerheit, men som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. Informasjon om kontrollgebyr: Fylkesmannen kan fastsetje gebyr for arbeid med løyve og kontrollar, jf forureiningsforskriftas kapittel 39. Nærare informasjon om dette kan ein få via http://lovdata.no/for/sf/md/td-20040601-0931- 103.html. Se vedtak om gebyr i oversendingsbrevet. Informasjon om vedtak om tvangsmulkt: Dersom Fylkesmannen ikkje mottar den skriftlege tilbakemeldinga innan den fristen som er fastsett, har vi høve til å fatte vedtak om tvangsmulkt. Vedtak om tvangsmulkt blir fatta med heimel i forureiningslova 73 og /eller produktkontrollova 13. Ein eventuell tvangsmulkt kan bli fastsett som eit eingongsgebyr eller eit løpande dagsgebyr som gjeld så lenge ei tilbakemelding som godtgjer at avvik kan bli lukka, ikkje er teke imot. Aktuelt regelverk: Aktuelle heimlar for avvik som blir avdekt gjennom kontrollen finst i følgjande regelverk: Forskrift om systematisk, helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta), av 6. desember 1996 med seinare endringar Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11 Farlig avfall, av 1. juni 2004, med seinare endringar Sjå lover og forskrifter på heimesida til Klima- og forurensningsdirektoratet (tidligare Statens forurensningstilsyn, SFT) www.klif.no eller via www.regelhjelp.no. Avvik Det blei funne følgjande avvik under kontrollen: Avvik 1: Handteringa av farleg avfall er ikkje tilfredsstillande. Avvik frå: Avfallsforskriftas 11-8, leveringsplikt, og 11-12, deklarasjonsplikt. Grunnlag for avviket: a) Verksemda har ikkje overhelde leveringsplikta som seier at alt farleg avfall må leverast til godkjent avfallsmottak minst ein gong per år. b) Verksemda har mangelfull dokumentasjon i form av gjenpart av deklarasjonsskjema som viser at farleg avfall er levert til godkjent mottak. Kommentarar: a)handtering av farleg avfall i verksemda er i hovudsak tilfredsstillande, også m.o.t. leveringsplikt, men sprayboksar, bremsevæske og frostvæske er ikkje levert årleg, og det er ikkje satt opp eigne behaldarar for sprayboksar, bremsevæske og drivstoffilter. Verksemda må setje opp eigne behaldarar for dette, og dei må også lagre, levere og deklarere kvar fraksjon av farleg avfall for seg.
b) Det manglar fleire deklarasjonsskjema for innleverte batteri. Alle fraksjonar av farleg avfall må deklarerast for kvar levering, og ansvaret for at skjemaa er fylt ut riktig ligg på verksemda. Fylkesmannens forventningar til oppfølging i og tilbakemelding frå verksemda Dokumentasjon (t.d. bilete) på at alt farleg avfall vert oppbevart forsvarleg og i eigne behaldarar må sendast Fylkesmannen. Verksemda må levere alt farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong i året, og deklarasjonsskjema må oppbevarast som dokumentasjon. Avvik 2: Verksemda har mangelfull internkontroll Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta), 5, andre ledd punkt. 7. Grunnlaget for avviket er skildra nedanfor (avviket er ikkje basert på ein fullstendig gjennomgang av internkontrollen). a) Verksemda har manglar i dei skriftlege rutinane for handtering av farleg avfall. b) Verksemda har manglar i rutine for avvikshandsaming. Kommentarar: a) Verksemda har skriftlege rutinar i internkontrollen som sikrar at farleg avfall blir handtert i tråd med gjeldande regelverk, men manglar punkt om leveringsplikt og deklarering, og sprayboksar og drivstoffilter er ikkje tatt med som eigne typar farleg avfall. Rutinane skal mellom anna sikre: - at alt farleg avfall blir levert til godkjent mottak minst ein gong i året - at alt farleg av fall blir deklarert på standard deklarasjonsskjema ved levering til godkjent mottak. b) Verksemda har rutine for avvikshandsaming, men denne er ikkje tilpassa handsaming av avvik knytt til ytre miljø. Fylkesmannens forventningar til tilbakemelding frå verksemda Følgjande dokumentasjon skal sendast Fylkesmannen: Kopi av oppdaterte rutinar for handtering av farleg avfall. Kopi av oppdatert rutine for avvikshandsaming som også er tilpassa avvik som gjeld ytre miljø. Merknadar: Merknad 1: Verksemda har teke imot spillolje og brukte batteri frå privatpersonar. Kommentar: Verksemd som ikkje har eige løyve til det, kan ikkje ta imot farleg avfall frå andre for mellomlagring og vidarelevering. Alle næringsdrivande må levere og deklarere farleg avfall ved godkjent mottak, og private må sjølv levere til miljøstasjon eller avfallsmottak. Unntatt frå denne regelen er verksemd som sel batteri over disk. Dei kan ha ein returordning for lause batteri (også bilbatteri) frå privatpersonar. Desse batteria må handterast som anna farleg avfall i verksemda.
Merknad 2: Verksemda slepp vatnet frå delevaskaren i sluk som går til oljeutskiljar. Kommentar: Oljeutskiljaren er ein sikringsanordning for avløpsvatten frå verkstad og vaskeplass, og skal ikkje brukast til å kvitte seg med avfall. Verksemda må samle opp avløpsvatnet frå delevaskaren og levere det som farleg avfall dersom det inneheld olje eller andre stoff som er definert som farleg avfall. Andre tilhøve: Verksemda har to oljeutskiljarar, ein til personbilverkstaden og ein til lastebilverkstaden, og har avtale om tømming og service. Vi minner om at det er verksemda sitt ansvar å syte for at oljeutskiljarane fungerer som dei skal og at krav til utslepp av oljehaldig avløpsvatn vert overheldt, jf. Forskrift om begrensning av forurensning kapittel 15. ANNAN NYTTIG INFORMASJON: Informasjon om farleg avfall og kjemikaliar Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som ikkje skal handterast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidd og hopar seg opp i naturen. Spreiinga kan skje gjennom forureina sigevatn frå deponi eller gjennom utslipp av forureina avgassar, slagg eller oske frå forbrenningsanlegg. Dersom farleg avfall kjem ut i avløpsnettet, kan det føre til at kloakkreinseanlegga ikkje fungerer som dei skal slik at meir forureining kjem ut i sjø og vassdrag. Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) har i kapittel 11 reglar for farleg avfall. Her er det reglar for forsvarleg oppbevaring med vidare ( 11-5), krav om løyve ( 11-6 og 11-7), leveringsplikt ( 11-8), deklarering ( 11-12) og tilsyn ( 11-15). I tillegg finst regelverk knytt til bestemte typar farleg avfall. Dette gjeld blant anna for batteri, spillolje, oljehaldig avløpsvatn, PCB-haldig avfall som kondensatorar, isolerglasvindauge og liknande. Informasjon om kva for kjemikaliar som er regulerte /forbodne finst i forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskrifta). Reguleringar finst blant anna på bromerte flammehemmarar, kortkjeda klorparafiner, kadmiumforbindelsar, nonyl- og oktylfenol og deira etoksilatar. Det finst lenker til aktuelle lover og forskrifter på heimesida til Klima- og forurensningsdirektoratet, www.klif.no eller via www.regelhjelp.no Informasjon om internkontroll (HMS) Internkontroll (HMS) er eit system med oversyn, rutinar og dokumentasjon som skal sikre og dokumentere at verksemda overheld krava som er satt i helse-, miljø og sikkerheitslovgivinga. Ved utarbeiding av eit slikt system skal verksemda systematisk gå igjennom alle ledd av drifta og kartlegge risikoen med omsyn til helsa og tryggleiken til dei tilsette samt påverknaden på ytre miljø. Innan forureiningsområdet vil det mellom anna gjelde oppbevaring av alle typar avfall og farleg avfall, levering av avfall og farleg avfall til godkjent mottak, eventuelle utslipp frå verksemda til jord, luft og vatn, samt støy og lukt, innkjøp, oppbevaring og bruk av kjemikaliar. Det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet skal tilpassast tilhøva i verksemda, og omfanget vil følgjeleg variere frå verksemd til verksemd. Viktige faktorar her er risikobiletet og talet på tilsette.
Informasjon om substitusjonsplikta Helse- og miljøfarlege produkt kan føre til skade på naturen og på helsa til menneske. Dei som brukar kjemiske produkt i eit yrke har plikt til å finne ut om det finst alternative produkt som kan nyttast, som fører til mindre skade på naturen og helsa til menneske. Denne plikta gjeld både for brukarar i privat og offentleg sektor, i produksjonsverksemder og i tenesteytande verksemder. Informasjon om nokre av pliktene som produksjons- eller tenesteytande verksemd har når det gjeld handtering av kjemikaliar, avfall og farleg avfall: Verksemda skal ha oversikt over kva for kjemikaliar som vert nytta. Verksemda skal ha oppdaterte HMS-datablad for alle kjemikaliar som vert nytta. Verksemda skal dokumentere at det systematisk blir vurdert om dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane dei bruker kan bli bytt ut med mindre farlege kjemikaliar jf. produktkontrollova. Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak. Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong kvart år når den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg pr år. Verksemda skal ved levering av farleg avfall fylle ut deklarasjonsskjema og oppbevare dette skjemaet som dokumentasjon på at avfallet er deklarert og levert til godkjent mottak. Verksemda skal oppbevare farleg avfall på ein sikker måte, med sikring mot uvedkommande (barn, dyr etc.) og ytre påverknad som vær og vind og med moglegheit for oppsamling ved ev. uhell og spill. Avfallet skal vere synleg merkt.