SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017



Like dokumenter
INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Bjørnehiet SFO - informasjon

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Plan for Liabygda SFO

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Handlingsplan Rosseland SFO

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Bjørnehiet SFO - informasjon

BARNEVERNET. Til beste for barnet

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

10/60-14/N-211//AMS

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

ÅRSPLAN. Trengereid oppveksttun SFO

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

SJØPOSTEN. September 2012

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Informasjonshefte

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Årsplan for

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Definisjon og formål. Målsetjing

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

Referat frå foreldremøte 2 september 2010

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Øystese barneskule April - 08

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Tiltaksplan mot mobbing

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

ÅRSPLAN GARNES SFO

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

ÅRSPLAN FOR ORMÅSEN SKOLEFRITIDSORDNING 2015/2016

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN FJELL

Informasjon og kvalitetsplan

Årsplan Ulsetskogen SFO 2013/2014

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

Handlingsplan Lye SFO

VELKOMEN. Skuleåret 2014/15 vil me ha 51 born på SFO fordelt på dei 4 årskulla.

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Foreldreundersøking i skule 2006

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

INFO. HEFTE FOR NESHEIM SKOLE SFO 2008/2009

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Med gode opplevelse, lek og fantasi, vil barna få en SFO å bli glad i!

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Transkript:

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017 Mål for SFO i Ulstein I vedtektene for SFO-tilbodet til Ulstein kommune står det m.a.: «SFO skal styrke det totale oppvekstmiljøet for born frå 1.-4.klasse. Det skal vere eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen. Tilbodet skal legge vekt på leik i eit trygt og skapande miljø. Ulstein SFO skal saman med heimen legge til rette for vekst og utvikling og gi borna tryggleik og omsorg. Det er eit mål at born som veks opp i Ulstein, skal bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske som kan ta ansvar og ha omsorg for andre. Det er vidare eit mål at dei skal bli glade i heimstaden sin og få tru på seg sjølve gjennom leik og samhandling med andre.»

Organisering SFO-året 2016-2017 er det 24 born på SFO ved Ulstein skule. Det utgjer ei avdeling med kjøkkenet som base. SFO har sambruk med skulen og disponerer også andre rom, t.d. gymsal, grupperom og bibliotek, i tillegg til uteområdet. Dette har vi tenkt å utnytte for å gje borna tilbod om varierte aktivitetar og for å kunne organisere i mindre grupper. Opningstider Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Opnar 07.30 07.30 07.30 07.30 07.30 Dagtid 13.00 13.00 12.00 (friminutt 13.00 12.00 (friminutt 11.40-12.00) 11.40-12.00) Stengjer 16.30 16.30 16.30 16.30 16.30 Er det føresette som treng ekstra informasjon ved henting, ber vi om at de bereknar tid til dette og hentar i god tid før stengetid. SFO-dagen: SFO er fritida til borna, og fri leik, både ute og inne, har stor plass. Borna får høve til å velje dei fleste aktivitetane, men nokre aktivitetar er felles for alle i løpet av veka. Døme på slike aktivitetar kan vere gym, forming og organisert leik, og vi set opp tema etter årstid og høgtider. SFO-posten med diverse info vil kome annankvar månad, den første kjem i september. Vi satsar på å vere ute ein tur kvar dag, betre plass til grovmotorisk aktivitet og frisk luft gjer godt. Dei første vekene fokuserer vi på å leggje til rette for ein god oppstart for borna og å skape eit trygt og godt miljø på SFO. SFO i ferien: Ifølgje nye vedtekter vert det ved Ulstein skule gitt SFO-tilbod i haust- og vinterferien og i tre veker om sommaren. Dette føreset minst 10 påmelde born til ferietilbodet ved skulen. Ved færre enn 10 påmelde born, vert tilbodet gitt ved Ulsteinvik barneskule. Påmelde i SFO kan nytte ferietilbodet i høve plasstorleik (2, 3, 4 eller 5 dagar pr veke). Det vert sendt ut eige påmeldingsskjema før kvar ferie, og påmeldinga er bindande.

Samarbeid For å sikre eit godt SFO-tilbod, er samarbeid mellom SFO, skule og føresette ein føresetnad. På skulen: Tilsette på SFO har planleggingsmøte saman med SFO-leiar kvar veke. Deler av planleggingsdagar er felles for alle tilsette på skulen. Rektor tek del på SFO sine planleggingsmøte ved behov. Med føresette: Informasjonsmøte på førskuledagen. Dagleg kontakt ved levering/henting. Føresette kan be om kontaktmøte med SFO-leiar eller andre tilsette på SFO om de har noko de vil ta opp. Ta kontakt, så set vi opp ei tid. Rutinar: Kl.07.30-8.15: Morgon-SFO, vi går ut kl.8.00. Alle er ute til det ringjer inn. Kl. 12.00/13.00: Registrering, inne- eller uteleik (kl.12.00 onsdag og fredag) Kl. 13.00-14.00: Inne- eller uteleik Kl. 14.00-14.30: Måltid (nistepakke heimanfrå) Kl. 14.30-16.30: Inne- eller uteleik (ulike aktivitetar) Kl. 16.30: SFO stengjer Vi vil gi borna - tid til sjølvstendig leik der dei får ta eigne val. - høve til å utvikle den sosiale kompetansen sin i samspel med andre og lære seg å løyse konfliktar på ein god måte. - engasjerte vaksne som ser kvart enkelt barn, og som set grenser for å skape eit godt miljø for alle. - eit trygt og godt miljø prega av glede og humor. Informasjon om aktivitetar kjem i september når vi får betre kjennskap til elevane sine interesser og behov.

Årshjul Månad August September Aktivitet Oppstart. Nye born og vaksne skal bli kjende med kvarandre. Borna skal bli kjende med SFO-lokala, uteområdet, reglar og rutinar. Vi fortset bli-kjend-perioden med mykje frileik. Plan for veka med faste aktivitetar blir laga, og vi startar opp med organiserte aktivitetar i slutten av september. Påmelding til haustferien siste del av september. Oktober Haustferie i veke 41 November Desember Januar Februar Mars April Mai Juni Vi byrjar med juleførebuingar i slutten av månaden. Vi held fram med juleaktivitetar og skaper god og roleg adventsstemning. Adventskafé Nissefest med graut siste dagen før jul. Vinteraktivitetar ute. Påmelding til vinterferien siste del av januar. Vinteraktivitetar ute. Vinterferie i veke 8 Påskeforming og påskelunsj. Organiserte aktivitetar og frileik Vi lagar 17.mai- pynt. Korte turar i nærområdet. Korte turar i nærområdet. Sommaravslutning.

Dette kan du vente deg av oss på SFO: *Barnet ditt skal få trøst og omsorg når det treng det. *Barnet ditt skal bli sett og få hjelp viss det opplever å vere einsam. *Vi registrerer borna kvar dag ved oppstart. *Det er alltid vaksne ute når borna er ute, og vi har fleire sjekkerundar i løpet av SFO-tida. *SFO-tilsette tek kontakt med deg dersom dei er bekymra for noko knytt til ditt barn. *Dei tilsette møter føresette med respekt og tek seg tid til ein prat ved henting dersom det er høve til det. *Vi gjev ut SFO-posten annankvar månad og sender ut annan aktuell informasjon fortløpande. Dette ventar vi av føresette: -De seier frå til ein tilsett når de hentar. -De gir beskjed dersom ein annan enn foreldra skal hente barnet. -De seier frå til oss om ting de er nøgde med, og mindre nøgde med, slik at vi kan verte så gode som mogleg. -De hjelper barnet å halde orden og syter for nok skifteklede i garderoben. -De avtalar fast gå-tid eller gir skriftleg melding til oss dersom barnet skal gå heim åleine. -De ser til at private leiker ikkje er med på SFO. -De held barnet heime ved sjukdom, dvs. feber, omgangssjuke eller andre smittsame sjukdommar. Ved oppkast/diaré skal barnet haldast heime i 48 timar etter at det er symptomfritt. -At barnet er henta seinast til SFO stenger kl.16.30. Praktisk informasjon Måltid: Borna må ha med eigen mat til måltidet alle dagar. Hugs at dagen er lang, så pass på at barnet har nok mat til både skule og SFO. Dei får mjølk og frukt på SFO. Frå og med september har vi «kosedag» siste fredagen i månaden. Då vert det laga til eit godt måltid på SFO, og borna treng ikkje ha med niste. Dei som skal ete frukost på SFO, må ta med mat og kome så tidleg at dei rekk å ete ferdig før vi går ut kl. 8.00. Dersom barnet t.d. har noka form for matallergi, er det viktig at vi får vite om det.

Fri frå SFO: Sei frå om barnet skal ha fri frå SFO ein eller fleire dagar. Det går fint å bruke meldingsboka elevane har fått på skulen til beskjedar både til skule og SFO. Dei tilsette på SFO: Marit T. Ulstein Sissel Alme Ulstein Jorunn Hatløy Linda Pedersen Marlen Brandal SFO-leiar fagarbeidar barnerettleiar barnerettleiar fagarbeidar Vi håper på eit godt samarbeid mellom heimane og SFO. Ta kontakt dersom de har spørsmål, eller de har ting de vil tipse oss om. Kontaktinformasjon: I skuletida kl.8.15-12.00/13.00: Tlf. 700 18415/ 700 18410 I SFO-tid: Tlf. 917 77782/ 700 18417 E-post: marit.tronstad.ulstein@ulstein.kommune.no Ulstein skule, 15.juni 2016 Venleg helsing Marit Tronstad Ulstein Inspektør/SFO-leiar

SKULERUTE FOR GRUNNSKULEN I ULSTEIN 2016-2017 Måndag Måndag Onsdag Tysdag Måndag Tysdag Torsdag 22.08.16 Skulestart for elevane 07.10.16 Siste skuledag før haustferien 17.10.16 Første skuledag etter haustferien 21.12.16 Siste skuledag før jul 03.01.17 Skulestart for elevane etter jul 17.02.17 Siste skuledag før vinterferien 27.02.17 Første skuledag etter vinterferien 07.04.17 Siste skuledag før påske 18.04.17 Første skuledag etter påske 26.05.17 Elevfri dag 22.06.17 Siste skuledag