Tilsynsrapport - revisjon Revidert eining: Norsk Grønnkraft AS, Org. nr 986 448322 Revisjonsdato: 27.08.2014 Stad: Jordalsgrenda Medverkande frå revidert eining: Fangansvarleg miljø- og landskap, Eivind Hovin Ansvarleg for tilsyn, Anders Nedal Revisjonsgruppe frå NVE: Seksjon: Randi Holme, Revisjonsleiar Pernille Dorthea Bruun, Medrevisor Øyvind Leirset, Observatør Øyvind Leirset, Seksjonssjef Vår ref 200705730-13 Vår dato :24.09.2014 Saksnr./Arkiv: Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar.settes automatisk inn ved ekspedering 1 Innleiing 1.1 Føremål med revisjonen Tilsynet vert gjennomført som ein systemrevisjon og anleggsinspeksjon. Etter 6 i forskrift etter vassdragslovgjevinga ( FOR 2011-10-28- nr. 1058, IK-vassdrag) har NVE ansvar for å føre tilsyn med at forskrifta vert oppfylt. Føremålet med ein systemrevisjon er å kontrollere at føretaket oppfyller kravet om å etablere eit internkontrollsystem for det enkelte vassdragsanlegg som sikrar at krav til naturmiljø og landskap vert teke i vare på ein tilfredsstillande måte i samsvar med vassdragslovgjevinga, forskrifter, konsesjonsvilkår, pålegg og godkjende detaljplanar. Føremålet med anleggsinspeksjonar er å kontrollere at tilstanden til anlegga er i samsvar med nemnde krav. For anlegg i driftsfasen er det lagt vekt på landskaps- og miljømessige tiltak som t.d. vegetasjonsetablering på tippar, kontroll av og informasjon om krav om minstevassføringar og skilting. Forventa standard for landskap og miljø er nærare omtalt i NVE-rettleiar nr 2/2005 Miljøtilsyn ved vassdragsanlegg. 1.2 Revisjonsgrunnlag Lov om vassdrag og grunnvatn datert 24.11.2000 Forskrift om internkontroll etter vassdragslovgjevinga datert 28.10.2011 (FOR-2011-10-28-1058) E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 0301 OSLO 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR
Pålegg om dokumentasjon av minstevassføring datert 11.09.2008 Pålegg om skilting datert 05.06.2007 Vassdragskonsesjon for Jordal og Ryssdal kraftanlegg datert 21.11.2003 Vedtak om godkjenning av detaljerte planar for miljø- og landskap for Jordal og Ryssdal kraftanlegg datert 20.09.2004, 12.11.2005 og 25.05.2005 Motteken dokumentasjon frå selskapet 1.3 Tema for revisjonen ved Jordal og Ryssdal kraftanlegg 27.08.2014 Revisjonen omfatta: IK- vassdrag generelt Vilkåra i konsesjonen med hovudvekt på minstevassføring Følgjande område vart inspisert: Inntak Kjerringelva, inntak Seterelva, massetak ved inntak Seterelva, Ryssdal kraftstasjon, inntak Storelva, masseuttak/-deponi mellom Ryssdal og Jordal kraftstasjon og Jordal kraftstasjon. I tillegg vart deler av røyrgatetraseen og anleggsvegen inspisert. 1.4 Funn 7 avvik 2 merknader Avvik er: Brot på krav gitt i eller i medhald av energi- og vassdragslovgivinga og eventuell anna lovgiving NVE forvaltar. Merknad er: påpeiking av forhold med mogleg forbetring eller eit forhold som bør vurderast nærare av selskapet, men som ikkje er brot på krav gitt i eller i medhald av energi- og vassdragslovgivinga og eventuell anna lovgiving NVE forvaltar. 1.5 Generelle kommentarar Revisjonen omfatta inspeksjon av kraftanlegga og ein gjennomgang av internkontrollsystemet med generell fokus på landskap og miljø, og særskild fokus på minstevassføring. Det vart gjennomført to separate intervju under revisjonen, eitt med fagansvarleg for landskap og miljø, Eivind Hovin, og eitt med ansvarleg for gjennomføring av tilsyn, Anders Nedal. Inspeksjonen og intervjua gav NVE eit godt grunnlag for å vurdere IK-systemet. Etter NVE si vurdering er IK-systemet mangelfullt med tanke på landskap og miljø, og det kan strukturerast/systematiserast betre enn det som vart presentert i forkant av og under tilsynet. Fleire av avvika som vart registrerte ser ut til å ha samanheng med manglande opplæring i og informasjon om internkontrollsystemet og dei rutinane som er utarbeidde for drift av anlegget. Med bakgrunn i dette må konsesjonæren må ta ein heilskapleg gjennomgang av og opplæring i systemet for å sikre at det fungerer tilfredsstillande, fremmer kontinuerleg forbetringsarbeid slik at alle krav fastsett i eller i medhald av medhald av vassdragslovgjevinga vert oppfylt. Tilgang på styrande dokument og kunnskap om desse er mangelfull, jf. avvik nr 1. Som døme på dette kunne ikkje tilsynsansvarleg legge fram vedtak om godkjenning av detaljplan for miljø- og landskap, og miljøansvarleg hadde ikkje konsesjonsvedtaket for anlegget tilgjengeleg. Dette er sentrale dokument for drift og vedlikehald av anlegga som må vere tilgjengeleg for dei ansvarlege.
Av loggen for minstevassføring som NVE fekk tilsendt før revisjonen går det fram at røyr for slepp av minstevassføring i Kjerringelva var tett 12.06.2014. Det hadde då gått 19 dagar sidan førre kontroll som vart utført 23.05.2014. Under intervjuet vart det opplyst at denne hendinga ikkje er registrert som avvik i samsvar med den skriftlege rutinen/skjema for avvik som er utarbeidd. Den skriftlege rutinen for handtering av avvik vert såleis ikkje følgd i praksis jf. avvik nr 6. Den manuelle loggen som vart sendt til NVE i forkant av revisjonen er ikkje ein tilstrekkeleg dokumentasjon av at det vert sleppt minstevassføring i samsvar med krava i konsesjonen. NVE har i avvik nr. 5 sett krav om at manuell logg skal etablerst umiddelbart. I loggen må det komme fram at røyra har tilstrekkeleg kapasitet i samsvar med kravet i konsesjonen og om røyra er vassfylte eller ikkje. I situasjonar der røyra ikkje er heilt vassfylte må det setjast inn tiltak umiddelbart. Slike hendingar skal dessutan rapporterast i samsvar med den skriftlege rutinen som er utarbeidd. NVE rår til at slepp av minstevassføring vert kontrollert minst ein gong i veka. Konsesjonæren har krav om dokumentasjon av slepp av minstevassføring jf. pålegg datert 11.09.2008. Den manuelle loggen er å sjå som ei mellombels løysing inn til arrangement for dokumentasjon i samsvar med dette pålegget er etablert. Eit slikt arrangement må etablerast så snart som råd. Skilta som står ved inntaka i Kjerringelva, Sæterelva og Storeelva oppdaterast slik at kontaktinformasjon til regulanten kjem fram. Inspeksjonen syner at for store deler av anlegget har arealet ei tilfredsstillande revegetering. På strekninga mellom Ryssdal kraftstasjon og inntak til vegskillet mellom inntak for Kjerringelva og Seterelva er der nokre vegskjeringar der revegeteringa ikkje er tilfredsstillande. Konsesjonæren må følgje opp dette vidare med tiltak for å unngå erosjon og å oppnå eit tilfredsstillande landskapsarkitektonisk resultat. 2 Heimel, avvik og fastsetjing av tidsfristar Avvik Heimel Skildring av avvik Frist for lukking 1 IK-vassdrag 5-1: «Den ansvarlige skal sørge for at relevante lover, forskrifter og vedtak som gjelder egne anlegg og tiltak er tilgjengelig og ha kunnskap om de plikter som følger av disse» 2 IK-vassdrag 5-2: «Den ansvarlige skal ha oversikt over anlegg som omfattes av 3 herunder kart, tegninger og annen nødvendig dokumentasjon» 3 IK-vassdrag 5-3: «Den ansvarlige skal sørge for at personell har de kunnskaper og ferdigheter som er nødvendige for å sikre at anlegg og tiltak som omfattes av 3 og driften av slike, oppfyller krav fastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivningen, Styrande dokument er ikkje godt nok tilgjengeleg for personell som er fagansvarleg for miljø- og landskap og for personell som er utøver tilsyn. Kunnskapen om kva som er viktige styrande dokument og innhaldet i dei er mangelfull. Vesentlege hjelpeanlegg som vegar, massetak/tippar skilt m.m. kjem ikkje fram på karta som er lagde fram. Konsesjonæren kunne ikkje legge fram ein skriftleg plan for tilsynsansvarlig og fagansvarlig for landskap og miljø som sikrar at dei opparbeider naudsynt kunnskap innan landskap og miljø. Tilsynsansvarleg har ikkje fått opplæring i internkontrollsystemet for
Avvik Heimel Skildring av avvik Frist for lukking herunder ha en plan for hvordan faglig kompetanse skal etableres og utvikles Jordal og Ryssdal kraftanlegg. 4 IK-vassdrag 5-4: «Den ansvarlige skal beskrive organisasjonen, herunder hvordan det kvalifiserte personell er organisert med ansvar, oppgaver og myndighet» 5 IK-vassdrag 5-5: «Den ansvarlige skal foreta og protokollere de målinger og registreringer som er nødvendige eller pålagt for å sikre at anlegg og tiltak drives i samsvar med krav fastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivningen», jamfør pålegg om dokumentasjon av minstevannføring datert 11.09.2008. 6 IK-vassdrag 5-8: «Den ansvarlige skal utarbeide og gjennomføre rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge avvik» 7 IK-vassdrag 5-9: «Den ansvarlige skal foreta systematisk gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt, for eksempel gjennom interne revisjoner. Det er ikkje utarbeidd ei skriftleg skildring av ansvar og oppgåver for fagansvarleg for miljø- og landskap. Det kan ikkje leggast fram skriftleg dokumentasjon på at det vert sleppt minstevassføring i samsvar med krava i konsesjonen. Det skal sendast inn ein plan for etablering av eit arrangement for dokumentasjon av slepp av minstevassføring jf. pålegg datert 11.09.2008. Det er utarbeidd skriftleg rutine for å følge opp avvik som vert registrerte. Rutinen vert ikkje gjennomført i praksis. Det kunne ikkje dokumenterast at det er gjennomført revisjonar av IKsystemet. Manuell logg skal etablerast umiddelbart Frist innsending av plan: 01.11.2014 3 Varsel om vedtak NVE varslar med dette om at vi vil vurdere å treffe vedtak om retting dersom avvika ikkje er lukka innan. jf. vassressurslova 59. 3.1 Frist til uttale Frist til å komme med uttale i saka er sett til 13.10.2014. Vi oppmodar særleg til at faktiske opplysningar som gjeld saka, blir korrigert eller supplert. Dersom uttale ikkje er komen til NVE innan fristen, vil NVE legge til grunn dei opplysningane som ligg føre i saka.
4 Skildring av merknader Skildring av merknad 1 Aktuell bestemming, IK- vassdrag 5-6: «Den ansvarlige skal kartlegge farer og problemer med hensyn til miljø og sikkerhet og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og gjennomføre tiltak for å redusere risikoforholdene» Merknad: Det er gjennomført risikoanalyse for Jordal og Ryssdal kraftanlegg i 2011. Analysen er ikkje oppdatert med tanke på dei erfaringar ein no har med drifta knytt til slepp av minstevassføring/drifting av inntaka. Analysen er heller ikkje dekkande for miljø- og landskap og for tryggleik for tredje person. 2 Aktuell bestemming, IK- vassdrag 5-7: «Den ansvarlige skal konkretisere hvordan vilkår og betingelser satt i konsesjoner, godkjenninger og lignende skal oppfylles» Merknad: Det er utarbeidd instruks for gjennomføring av tilsyn. Denne er mangelfull, og bør supplerast i høve til landskap og miljø. Dessutan er ansvar for oppfølging av vegar som er del av vassdragsanlegget uklart.