Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår. Det blir lagt til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar. Borna får bruke ulike sider av seg sjølve og dei får oppleva samanheng og meistring. Utvikling av sjølvstende er eit mål. Vi har aktivitetstilbod som er tilpassa barna sin alder og deira interesser. Det er viktig med godt samarbeide med føresette. SATSINGSOMRÅDE TIL BJØRNEHIET SFO Vi har tre satsingsområde: 1. Fysisk aktivitet 2. Auka leselyst 3. Kosthald Det skal vera godt å vera på Bjørnehiet SFO. Vi må sikra oss at dei rammene vi har er trygge og varme. Barna skal oppleva at vi er glade i dei, og at vi tykkjer det er fint å vera i lag med dei. Barna skal oppleva at dei er ein del av eit fellesskap der det er bruk for dei. Samstundes skal dei vera med å prega tilbodet slik at dei opplever at Bjørnehiet SFO er deira. VERDIGRUNNLAG Vi ønskjer at det einskilde barn skal få utvikla og styrka sjølvkjensla si, samt respektera og tolerera kvarandre sine ulikheiter. Vi har eit stort uteområde der det er store moglegheiter for leik. Bjørnehiet SFO er ein del av skulen og skal ivareta barnas trong for tilsyn og omsorg i fritida deira. Organiseringa variera mellom frileik og gruppeaktivitetar, ulike verkstader, ulike gruppeinndelingar og aldersspreidning. Vennskap og positive relasjonar skal stå sentralt i Bjørnehiet SFO kvardagen. Vi skal ha tid for undring og vera nysgjerrig. Saman skal vi gleda oss over små og store få det til - opplevingar.
VERA GLAD I NATUREN Ved å la barna vera mykje ute, møter dei utfordringar som gir dei sjansen til å utvikla seg å bli robuste! Vi brukar Holerunadn og uteområdet v/ skulen som leike- og læringsarena for å nå dei måla vi har sett oss. Barna lærer å bli glad i og ta vare på uteområdet og naturen. HØGLYDT OG STILT Glede og humor skal prega Bjørnehiet SFO. Der skjer det noko heile tida, frå stor aktivitet med høglydt latter og leik, til rolege stunder med kos eller trøyst i armkroken. PERSONALE PÅ BJØRNEHIET SFO Vi som jobbar på Bjørnehiet SFO har ulike interesser, noko som visar att i aktivitetane som fyller dagane våre. Vi er alle opptekne av å ivareta gammalt handverk og tradisjonar, noko vi jobbar med året rundt. LÆRLING Vi ønskjer å gi lærlingar under utdanning praksis innanfor SFO. Denne erfaringa gir eit viktig innsyn i barna sin kvardag. Lærlingen er med i undervisninga på skulen og Bjørnehiet SFO i eit år i gangen.
Tilsette i SFO pr. 1. april 2014 Ann-Kristin Husabø Frøyen Berta Reksnes Bjørn Loftesnes Charlotte Nordstrand - lærling Else Reppen Lunde Eva Norstein Eggum Hildur Liljedalh Stølen Inge Lund Siri Randen - SFO leiar Siri Storevik OPNINGSTIDER Bjørnehiet SFO er open frå 07.30-09.00 alle dagar. Måndag 13.30-16.30 Tysdag 13.30-16.30 Onsdag 12.45-16.30 Torsdag 14.00-16.30 Fredag 13.30-16.30 Bjørnehiet SFO er open haust- og vinterferie. Det er høve til å kjøpa heile veker i sommarferien. Bjørnehiet SFO er stengt 4 veker i juli. Personalet på Bjørnehiet SFO/ skulen har 5 planleggingsdagar i året. Då er Bjørnehiet SFO (stengt, sjå skuleruta.) OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIING AV PLASS Hovudopptaket skjer på vårparten med frist 1.mai og 1. desember. Påmelding/endring/oppseiing er elektronisk og ligg på heimesida til Leikanger kommune og på www.leikanger-barneskule.no under Bjørnehiet informerer. Oppseiing av plass må skje med minst to månads varsel. Oppseiinga vert gjort gjeldane frå
den første i påfølgjande månad. Oppseiingstida gjeld og for dei som melder seg på og ombestemmer seg og ikkje nyttar plassen. Dersom de ønskjer å ha same tilbod som skuleåret før, treng ein ikkje ny påmelding. REGISTRERING AV BARNA Vi registrerar barna om morgonen. Lærarane i 1. 4. årssteg oppdatera listene ved skulestart. Det er viktig at barn/føresette seier i frå når dei går heim, slik at vi får registrert det. GÅ HEIM-AVTALE Faste gå-heim avtalar gjer det lettare for oss å hjelpe barnet å gå heim til rett tid. Det fører også til at vi kan bruke mindre tid i telefon og meir tid til barna. HEIMSENDING AV BARN FRÅ BJØRNEHIET SFO Vi ønskjer kun telefonar på ettermiddagen dersom det er noko heilt spesielt! Melding/ringing om å gå til parkering/heim skal vi ha motteke før kl. 13.00! Atalar som gjeld Bjørnehiet SFO skal koma direkte til oss, anten på melding, e-post eller skrifteleg. Dersom de sender melding pass på å få attende eit OK slik at de veit at vi har registert meldinga dykkar. NÅR ANDRE HENTAR Dersom barnet skal bli henta av andre enn føresette eller andre avtalte personar, skal vi ha melding om det. Besøksavtalar skal gjerast på førehand og ikkje i Bjørnehitida. MÅLTID Det er høve til å eta frukost på Bjørnehiet SFO. Barna må ha med mat og drikke. Vi serverar frukt og knekkebrød kvar dag frå kl. 14.30-15.15 Onsdagane lagar vi ofte noko ekstra, gjerne knytt til aktiviteten vi har denne dagen. Ein onsdag i månaden har vi bursdagsfeiring. Vi brukar
denne tida til å ha møte der både barn og vaksne kan komma med sine tilbakemeldingar. Barna som har hatt bursdag får dele ut is. Barna må ha med eiga drikke og matpakke i feriar. ONSDAGAR Vi set opp aktivitetar på onsdagar frå ferie til ferie. Dette får de skriv om, og det ligg tilgjengeleg på heimesida vår. FERIAR I feriane har personalet moglegheit til å ta ut ferie eller avspasering. Vi må derfor ha bindande påmelding til feriane, slik at vi kan ha eit oversyn på kor mange barn me må berekna personalet til. Det hjelper oss å få mest mogleg ut av vår ressurs og til å laga best mogleg tilbod til barna. EIGNE LEIKER Har barna med eigne leiker frå heimen, er det på eige ansvar. Vi gjer dykk merksame på at de som føresette må ta ansvar for desse leikene. Leikane kan koma vekk i løpet av dagen. Vi har ikkje kapasitet til å følgja opp dette. KLE Alle sko/kle skal vera merka. Barna bør ha utekle som passar til veret og eit sett med bytekle på skulen.
SJUKDOM Vi tek ikkje i mot sjuke barn eller barn med smittefare. Barn som ikkje kan vera ute eller delta i vanlege aktivitetar kan ikkje vera på Bjørnehiet SFO. Dette gjeld ikkje kroniske sjukdommar. Dersom barnet blir sjukt i løpet av dagen, blir de kontakta og bør henta barnet så fort som mogleg. LEKSEHJELP Det er tilbod om leksehjelp for barn i 1. 4. steg i SFO tida, dei som nytta dette tilbodet får reduksjon i prisen. Påmeldingsfristar er 1. mai og 1. desember, ein treng ikkje søka på nytt kvart år, men har plassen til den blir sagt opp. Påmelding/endring må gjerast elektronisk på våre heimesider. KULTURSKULETIMEN Det er innført ein time på fredagar i regi av kulturskulen. Kulturskulen står for personale og påmelding til dette tilbodet. BESØK Vi tek gjerne i mot besøk dersom de har lyst og stikka innom for ein prat eller berre for og sjå på aktiviteten i kvardagen vår. KONTAKT SFO leiar: 57 65 68 23 Mob: 99 57 88 58 E- post: bjornehiet.sfo@leikager.kommune.no Heimesida: www.leikanger-barneskule.no