Informasjonshefte 2010-2011 Trollongane barnehage Time kommune 1
Trollongane barnehage Trollongane barnehage er ein andelsbarnehage som starta opp januar 1990. I september 2010 blir barnehagen ein kommunal barnehage. Barnehagen ligg i et etablert byggefelt like ved Tjødnå, Ungdomskogen og Sandtangen. Vi har gode lokale som fremmer leik, læring og varierte aktivitetar for alle barn. Vi held til i Kjeldevegen 1, Bryne. Fysisk miljø ute og inne skal fremje leik og varierte aktivitetar. Vi har bygg som er bygd etter prinsippet universell utforming bygg for alle. Vi har lagt stor vekt på fleksible rom, god lyddemping og spanande utemiljø. Barnehagen har 3 avdelingar. Vesletroll har barn frå 1 til 3 år, Huldreline frå 1 til 4 år og Gullflette har barn frå 4 til 6 år. Avdelingane har eit godt samarbeid. Time kommune sin visjon er: Alle barn skal ha oppvekstvilkår som gjev dei lyst på livet og evne til å meistre det. Visjon til barnehagen: Trollongane barnehage er ein god og utviklande stad å væra. Tilsette si visjon: vi skal væra tydelige og kompetente vaksne i vårt møte med barna og samstundes ivareta deira medverknad
INFORMASJON Barnehagen har eiga nettside www.trollongane.no På denne sida kan du finn årsplanen, forleldre informasjon, mnd.plan, bilete m.m. DAGEN I TROLLONGANE Klokke 07.00 Innhald Barnehagen opnar 07.45-08.45 Frukost 09.00 Barna går i grupper/samling/tur Ca kl 11.30 Mat Ca kl 14.00 Fruktmåltid 16.30 Barnehagen stenger. Det er smøremåltid kvar dag, så ein treng ikkje ta med matpakke. I barnehagen legg vi stor vekt på leik gjennom heile dagen. Månedsplan Det kjem ein plan kvar månad over dei aktivitetane og samlingane personalet skal ha saman med barna. Den blir lagt ut på heimesida og dykk kan laste den ned sjølv. 3
FARGEGRUPPER Barna vert delt inn fargegrupper etter alder og modning. I fargegruppene arbeidar ein med fagområda i rammeplanen ut frå aktuelt tema. Det vil sei at når ein har fokus på Sirkus eller haust, så skal fagområda speglast igjen i våre ulike aktivitetar Korleis: Barna vert delt inn i fargegruppene etter alder. I fargegruppene arbeidar vi med aktivitetar tilpassa barns alder og modning. Tema vi tek utgangspunkt i er eventyr. Det vert lagt til rette for omsorg, leik og læring i gruppene. Kvifor: For å styrke gruppetilhøringa og sjølvkjensla. Barna skal ha tro på seg sjølv og andre. Vere saman med barn i same alder. Gje barna allsidige og varierte erfaringar og kunnskap. Gjennom medverknad blir eit barn sett, høyrt og tatt med på råd. Eventyr handlar om arv og tradisjonar, om å skape og om å levandegjøre, fornye og aktualisere. Arbeide med dette temaet medverkar til at barn får oppleve meistring og glede i eit sosialt og kulturelt fellesskap. Leik er den viktigaste måten å lære på. Barna har høg kompetanse og engasjement i leik. Vi ynskjer å ytterlegare styrke denne livs- og læringsforma gjennom å leggja tilrette for leik både fysisk og organisatorisk. PRIMÆRKONTAKT Dei vaksne som er fast på fargegruppene, er felles primærkontaktar for barna i gruppa. Ein primærkontakt skal: Skal vera på fargegruppa til barnet. Ansvar for portefolie. Markere fødselsdag for barnet. Kvifor primærkontakt: For å sjå barna og sikre medverknad. For å sikre vårt pedagogiske grunnsyn. FØDSELSDAG Når barna har fødselsdag markerer vi det i barnehagen. - barnet sitter framme på eigen stol i samling. - får krone. - får gå i prins- eller prinsesse klede. - bestemmer leiker / songar i samlinga. - heise opp flagg Vi fokuserar på eit sunt kosthald og ein sunn kropp. Av den grunn skal ein ikkje ha med is, kaker o.l. på fødselsdagen sin. Barnehagen skal også i eigne måltid ha fokus på sunt kosthald. 4
Gruppene Vesletroll 1 3 år Huldreline 2-4 år Gullflette 4-6 år Styrar Reinhaldar Vaktmeister Marit F. Taksdal ped.leiar Dagny Bråten ped.medarbeidar Monica Johansen ped.medarbeidar Berthe S. Hognestad - ped.medarbeidar May Linn Haver ped.medarbeidar Solveig L. Monsen ped.leiar Mia Haga - ped.medarbeidar Kari Slåtten - ped.medarbeidar Marit Hauge- ped.medarbeidar Ingjerd G Malm ped.leiar Lene Berberg ped.leiar Petter Emberland ped.leiar Randi W. Kokes ped.medarbeidar Nina B Fjermestad- ped.medarbeidar Annbjørg Jakobsen ped.medarbeider Tor Inge Pettersen Mariam M. Himbirra Henrik Rosseland PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Opningstider Ferie Betaling Forsikring Opptak Oppseiing Frammøte Selskap Måltid Medisin 07.00 16.30 Alle barna må ha 5 veker ferie kvart år, 3 veker må ein ta ut i perioden 1. juni til skulestart. Skal meldast før 1. mai. Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag. Regulert etter satsar som vert fastsett av Time kommunestyre. Avgift må og betalast ved fråvær. Barna er ulykkesforsikra i det ordinære barnehagetilbodet. Opptak om våren. Ein behald plassen til ein seier opp, flyttar til ein annan kommune eller startar på skulen. Barnet skal som oftast bringast og hentast av mor eller far. Gi beskjed om barnet er sjukt eller har fri. Vi feirar kvart enkelt barn med krone og stas. (Barna tek ikkje med seg is og kaker. Vi fokusere på sjølve feiringa.) Frukost kl 0800-8.45, lunch 11.30. Barnehagen held all mat. Ta kontakt med ped.l. for ein slik avtale. Barnehagen nyttar eit avtaleskjema ved bruk av reseptmedisin. 5
Sjukdom Ved sjukdom skal barna vere heime på grunn av smittefare. Barnehagen følgjer kommunens vedtektar, sjå heimesida. Det er viktig med gode klede til alle årstider. Hugs å merk: klede og sko. Barnehagen er stengt desse dagane. (sjå skuleruta) Vedtekter Klede Plan. Dag NY I BARNEHAGEN! For å få til oppstarten best mogleg for "nye" og "gamle" skal vi: Frå fyrste veke startar vi med vår dagsrytme. Vi har faste tider for leik, tema, fargegrupper, turdagar og mat. I starten vil turdagane vera på uteområdet i barnehagen. Fokus den fyrste månaden vil vera: Innarbeide rutinar og reglar Lage gode aktivitetar fellesskapsaktivitetar. - Kvar fargegruppe skal lage eit stort fellesbilete - Vi brukar mykje tid på portofoliene, bilete av familien til barnet og samtale om sommarferien. Ha stort fokus på leik. Bli kjende. NÅR NYE BARN STARTAR I BARNEHAGEN Kva kan ein gjera for at barna skal føle seg trygge når dei er leverte i barnehagen og mor/far ikkje er der? DEI FYRSTE DAGANE BØR FORELDRA VERA SAMAN MED BARNET SITT. Fyrste dagen: Barnet og foreldra bør vera saman heile tida. Det er viktig at denne dagen ikkje vert for lang. Barnehagen anbefaler at ein kjem mellom kl 10 12.00. Barna skal ha lyst til å komma tilbake neste dag. Andre dag Denne dagen bør foreldra være litt frå barnet, men ikkje vekke frå barnehagen. Vi anbefaler at ein kjem mellom kl 10 14.00. Tredje dagen Denne dagen kan foreldra forlate barnehagen, men vera tilgjengelege på telefon. TIPS: Ta alltid farvel med barnet når ein går. Barna må lære at dei vaksne går, men kjem alltid tilbake. Bruk ikkje for lang tid på avskjed. Ikkje la dagane verta for lange i starten. Bruk god tid ved henting. Ta gjerne med sysken, tante eller andre nære. 6
OVERGANGAR INTERNE OVERGANGAR Fokus på foreldresamtalen på våren. Barna besøkar den avdelinga dei skal starte på saman med personalet frå den avdelinga dei er på, i god tid før overgangen. FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE/ANDRE BARNEHAGAR Fokus på foreldresamtalen på våren. Eigen overgangsplan (Sjå pedaogoisk årshjul i årsplanen. Ein finn den på heimesida) Trollongane barnehage Besøkadresse Kjeldevegen 1 4340 Bryne Tlf 51485237 e-post: trollongane@ventelo.net Heimeside: www.trollongane.no Postadresse Postboks 377 4349 Bryne 7