1 Høgtidsdagar I alle land, kulturar og religionar finst det dagar som vert feira eller markerte på ein spesiell måte. Dette vert gjort for til dømes å minnast ei historisk hending, både religiøs og nasjonal. I Noreg markerer me ei rekkje nasjonale og religiøse høgtidsdagar. Slike dagar stammar frå historiske hendingar. Nedanfor skal me fyrst omtala religiøse høgtidsdagar, og tradisjonar knytta til desse og nyttårsaftan. Deretter skal me ta opp andre merkedagar og nasjonale høgtidsdagar. Jul RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG Juleførebuingane startar frå fjerde søndag før julaftan og finn stad 24. desember kvart år. Den fjerde søndagen før jula heiter 1. søndag i advent.
2 Tida frå fyrste søndag i advent til julaftan vert kalla adventstida. Kvar søndag før julaftan tenner me eit adventslys som markerer ventetida før jula. Ventetida vert òg markert på skular og barnehagar der det vert arrangert juleverkstader. Her vert det laga julegåver, julekort og julepynt. Ventetida vert òg markert i kyrkjer og i heimen. Fargen lilla er ein kjend adventsfarge og mange familiar brukar adventskalender som nedteljing til juledagen. Adventstida er ei viktig førjulstid som ofte består av handling, baking av julekaker og julereingjering. Jula vert feira i samband med Jesu fødsel og varar i tre dagar. Jula er den mest tradisjonsbundne høgtida i Noreg. Nokre familiar har eigne juletradisjonar dei følgjer, men dei mest vanlege er å pynta seg, gå rundt juletreet, gje og få gåver og å få besøk av julenissen. I mange familiar vert det lese religiøse forteljingar. Mange vel å delta i julegudstenester i kyrkja. Mattradisjonane i jula er òg viktige, og varierer frå familie til familie. Mange prioriterer tid med familien. Familien organiserer og planlegg jula saman. Dei besøkjer kvarandre,
3 lagar kaker, pyntar juletre og hus. Butikkar, skular, barnehagar og gater blir òg pynta til jul. Sjølv om jula i dag vert markert som ei kristen høgtid, blei ho feira i Noreg òg før kristendommen kom til landet. I gamle dagar varte jula frå 13. desember til 13. januar. Ein festa og åt og feira at innhaustinga var ferdig. Arbeidslivet tek tre-fire dagars ferie i juletida. Desse dagane er markerte med raudt i kalenderen. Skulane tek rundt to vekers juleferie. Nokre vel å tilbringa juleferien i varmare land. Like før og under julehøgtida ynskjer ein god jul til vener, arbeidskollegaer, medarbeidarar og naboar. Mange pleier å senda julekort med gode ynskje til familie og vener. I dei seinare åra er det òg blitt vanleg å senda julehelsingar per SMS eller e-post.
4 Dagane mellom 3. juledag og nyttårsaftan vert kalla romjula. I romjula er skulane stengde, men offentlege kontor og butikkar er opne. Påsken Påske er ein religiøs høgtidsdag i Noreg. Det vert òg kalla heilagdagar. I den kristne tradisjonen vert påske feira for å minnast at Jesus blei korsfesta og drepen, og sto opp att frå dei døde. Fyrste påskedag kan tidlegast falla på 22. mars og seinast 25. april. Sjølve påsken varar i tre dagar. I tillegg til desse tre påskedagane, vert palmesøndag, skjærtorsdag og langfredag rekna som viktige dagar i påsken.
5 Påskeegget er eit av dei symbola me forbind mest med påsken. Egget er symbolet for grøderikdom og nytt liv, og dekorering av egg er ein vanleg påsketradisjon. Andre vanlege symbol i påsken er påskelilja, fastelavnsris og påskekylling. Gult og lilla blir rekna som påskefargar. Viktige mattradisjonar i påsken er ulike rettar laga av lam. Mange familiar går i kyrkja under denne høgtida og deltar i påskegudstenesta. Før kristendommen blei innført i Noreg, feira ein vårfest. Denne festen var omtrent på den tida me feirar påsken i dag. Vårfesten feira at naturen vakna til liv igjen etter ein lang vinter. Mange av symbola frå vårfesten blei smelta inn i påsketradisjonen og er framleis i bruk i dag. Kvikklunsj I påsken har arbeidslivet fire-fem dagars fri, medan skulen held stengt i åtte-ti dagar.
6 Mange plar feira påsken på fjellet der ein går på ski og solar seg i vårsola. Mange forbind òg påsken med appelsin og Kvikk Lunsj og at familien spelar spel saman og løyser kryssord. Fleire og fleire nyttar òg påskeferien til å dra til utlandet og då helst til varmare land. Ein annan tradisjon som har utvikla seg i Noreg, er at ein ser på kriminalseriar på TV og les kriminal- og spenningsromanar. Like før påskeferien og i påskeferien ynskjer ein god påske til vener, arbeidskollegaer, medarbeidarar og naboar. Mange pleier å senda gode ynskje til sine næraste og til vener med kort, e- post eller SMS. Pinse Pinsen er òg ei kristen høgtid. Den vert feira femti dagar etter den dagen dei kristne trur at Jesus stod opp igjen frå dei døde. Ifølge den kristne trua vert pinse feira fordi det var den dagen Den Heilage Ande blei gitt til menneska. Nokre kyrkjelydar legg større vekt på markeringa av pinse enn andre. I pinsen pleier