Ut på tur i Vindafjord 2013 Vindafjord er ein frisk i friluft kommune!
Lars Dalen Ølensvåg: Tursti til Ormåsen Frå Ølensvåg Frå gamleskulen: Ta av E-134 og køyr omlag 500 m på R-543 mot Bjoa. Parker på «busslomme» og følg turskilt til Dueland på bilveg og vidare etter turmerke på skogsveg og til slutt på sti. Frå Berge Ta av E-134 og køyr omlag 1,5 km på R-543 mot Bjoa. Ta til venstre i bratt sideveg 200 m før Ølen Betong og følg turskilt til vassverket sitt anlegg der du parkerer. Følg turmerke vidare, først på skogsveg og den siste strekninga på sti. Frå Vaka Ta av E-134 og køyr omlag 7 km på R-543 mot Bjoa. Ta til venstre opp Vakadalsvegen og parker etter 200 m. Følg turmerke vidare, først på skogsveg og den siste strekninga på sti (den same stien som kjem frå Berge). Ein kan også gå turen frå Bjoa. Heile turen er mellom 10 og 15 km (ein veg), alt etter kvar du startar. Tidsforbruk vil vera mellom 2,5 til 4 timar varierande etter startpunkt. Vidare må ein ta omsyn til beinlengde og eventuell trang til å undersøkja dyre- og plantelivet i vegkanten. Vanskegrad: Blå tur. Turen er middels krevande, men bør vera godt eigna som ein fin familietur. Over halve turen går på skogsbil- og traktorveg uansett kvar du startar. Deretter er det merka og nokså turr sti, men diverre nokre parti over fuktig terreng. Stien skiftar mellom lett terreng og nokre bratte stigningar. På toppen kan du nyta flott utsikt over Ølensvåg og nabobygder. Godt fottøy. Sandeid: Tursti til Hovda Turen starter v/ Sandeid Samfunnshus (parkeringsplass motsatt side som Kirka), god plass til parkering. Kart og informasjon på info. Tavle. Hovda ca. 4 km (ca. 2-2,5 tim) Vanskegrad: Blå tur. Turen er ein fin familietur gjennom variert terreng. Middels hard (lett tur, men noe krevende på slutten) Terreng: Traktor veg gjennom beiter som går over i sti ope terreng med godt utsyn. Anna: Hovda er 590 meter høg. Frå parkeringsplass følgjer ein asfaltert veg mot Helgeland ca. 400-500 m, tar av til venstre etter passering av gardstun sjå skilt. Følg så gruset gardsveg videre ca. 600 m da veien skifter til god traktor veg opp gjennom beiteområde, følg denne ca. 1,5-2 km. Vegkryss ol. Er godt merka med skilt. Der veien så går over til merket sti, litt myr i starten som går over til sti med god stigning før toppen. Fin utsikt. Olav Velde Imsland: Tursti til Myrstøl Tilkomst og parkering Turen til Myrstøl startar med å svinge opp langs FV746 på austsida av Ølmedalsvatnet. Ta av til høgre og inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Køyr på privat veg til du kjem til stor parkeringsplass, parker og gå gjennom bom inn på skogsveg. Linda Nordtveit
Avstand til målet Ein bruker ca 1.5 t på turen, avstand 4.5 km Vanskegrad: Blå tur, lett tur. Etter om lag 15-20 min, ta av til høgre opp ein kort sideveg, som tek deg til ein godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet møter du ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon den 7. sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vere i tvil. Nyt freden og nistepakken. over dalen ned mot Sandeid. Etter utsiktspunktet er det framleis litt stigning før traktorvegen flatar ut. Stien tar av frå traktorvegen og går opp på vestsida av toppen. Vi går nesten rundt Steinslandsnuten før vi kjem til toppen, 514 moh. Bruk støvlar eller fjellsko. Vikebygd: Tursti til Bjordal - Grautavatnet - Bårefjell Turen startar i Bjordal. Her er det tilrettelagt for parkering (kassebetaling) på tre ulike plassar. Ein bruker ca 2-3 timar. Vanskeleggrad: Blå tur, middels Torbjørn Ruud Ølen: Tursti frå Stuhaug til Steinslandsnuten Tilkomst og parkering. Ta riksvegen mot Sandeid frå Ølen. Etter ca. 4 km, sjå etter skilt for tursti og Stuhaug Turisme. Følg skilt til parkeringsplass ved Stuhaug Turisme. Ca. 4 km kvar veg (ca 2-3 t t/r) Vanskegrad: Blå tur, middels. Terreng: Traktorveg i skog nederst. Godt merka sti øverst med snaufjell og god utsikt. Anna: Stuhaug Turisme består av eit større privat museumstun. Fleire eldre bygningar er flytta frå nabobygder og gjennreist i tunet som i dag består av nærare ti bygningar samt over 4000 bruksgjennstandar. Frå parkeringa ved Stuhaug går du på traktorvegen første delen av turen, ca 2,5 km. Samme veg som stien til Aurdal. Vegen stig bratt første delen. Når ein kjem opp på den første flaten er det merka utsiktspunkt. Her er det ein benk for å ta seg ein rast med god utsikt Øyvind Valen Turen startar bak låven på den vestlegaste garden og følgjer traktorveg i kanten av ekra. Relativ bratt stigning. Oppi skaret er det merka avstikkar til Bårefjell, men me fortset på stien vidare mot Ulserhaug til me møter stidelet mot Grautavatnet. Stien mot Grautavatnet går over nokre myrar og passerer utløpsosen frå Skjenåstjødn. Vidare går me over Skjenåsen og passerer elva frå Mørkadalen. Ved mykje nedbør kan denne vere vanskeleg å passera, slik at det kan vere lurt å gå motsett retning slike dagar. No går me rundt Grautavatnet til utløpsosen kor kassen er plassert. (NB: To utløpsosar, kassen er på den sørlegaste) Vidare merka bort til ryggen av Bårefjell og opp langs denne til toppen. Flott utsikt! Skriv deg inn i nutakassen som Vikebygdspeidarane har sett ut. Merka ned til Bjordal att. Vikedal Tursti til Skomakarnibba, 299 m.o.h Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr 3 km og du er framme ved den nedlagde taubanen til Lysenuten. Informasjonstavla står her på høgre sida
Marianne Bakkedal Kulturminne: Oppe ved Skrubbahaugen kan vi sjå rester etter Glimmergruver: Gruvene blei drive av Oslofirmaet Preben I. Gjertsen, men arbeidskrafta var for det meste lokal. I begynnelsen blei gruvene drive tradisjonelt med feisel og minebor, men etter kvart fekk ein frakta opp luftkompressor. Glimmeret blei frakta ned med taubane. Endestasjonen skal ha vore ved vegen til Skjoldastraumen, litt sør for vegkrysset der vi startar turen. Gruvene var berre i drift under 2.verdenskrig. Glimmeret blei eksportert til Tyskland og blei m.a. brukt som isolasjon i anlegg med høg temperatur. (Utdrag fra Turtips Haugesund Turistforening 2007). Oppe ved Skrubbahaugen finn de informasjonstavle av vegen. Parker ca 100 m lenger fram nede på tunet til garden Ørnes. Ta omsyn til nødvendig ferdsel for dei fastbuande. Det er 1,6 km opp til Skomakarnibba der postkassen står. Tilbaketuren kan gjerast ned til garden Bala. Herifrå er det 5 min gange langs veg tilbake til parkeringsplassen. Totalt vert turen då 3,8 km og turen vil ta 1 time og 45 min tur/retur. Vanskelighetsgrad: Blå tur med god traktorveg eit stykke. Turen går så over i bratt sti, enkelte blaute parti, så ha gode sko. Frå infotavla følger du skilta/raude pinnar inn på traktorveg. Eit stykke oppe i lia går turen over i godt merka sti som svinger seg i flott terreng oppover. Skomakarnibba som er målet er ei stupbratt berghylle (nase som stikk ut). Sagnet fortel om ein skomakar som måtte sitje her å laga eit par sko som straff. Nesten ferdig så mista han nåla og såg ingen annan utveg enn å hoppa etter den! Ver forsiktig her ute og pass på barna. Postkassen finn du her. Eit godt alternativ til returen er ned til garden Bala som også er merka. Det vert då ein fin rundtur med ca 5 min gange tilbake til bilen. Bruk gode tette sko. Skjold: Tur til Vardafjellet 377 m.o.h.: Parkering: ta av frå E-134 i Solheimskrysset mot Skjoldastraumen. Følg riksveg 513 til du kjem til krysset for Åmsosen og Skjoldastraumen. Her kan du parkere ved uthus i krysset. Turstien starter ca 50 m retning Skjoldastraumen på venstre side. Avstand: Tidsbruk: Ca 1,5-2 timer t/r. Vanskegrad: Raud tur. Terreng: Noko myrete enkelte plasser, elles god tursti med ein del berg i dei øvste delane. Ha på godt fottøy. Siri M. Nonslid med oppslag om historie frå gruvedrifta, fortald av to som arbeidde der. Historia er nedskrive av Gunnar Listog. Stien starter ved skilt med tursti, ca 50 m retning Skjoldastraumen på venstre side. Stien går gjennom furu- og lauvskog heilt opp til Skrubbahaugen 280 m.o.h. Noko myrlendt enkelte plasser. Vi går gjennom Glimmergruvene kor informasjonstavla står. Etter Skrubbahaugen går ein delvis på berg og sti opp mot toppunktet Vardafjell 377 m.o.h. her har ein utsikt mot Krakkalia, Aksdalsvatnet, og heile Skjold-bygda. Her ligg turbok. Vats: Tur til Sletthaug (480 m o.h.) - start frå Aurdal i Øvre Vats Kjør om lag 3,2 km på E 134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her ved geitefjosen finn du ein god parkeringsplass med info.tavle og opplysningar om dei ulike turane. Alle stiane har felles utgangspunkt herifrå. Følg traktorvegen innover. Stien er skilta og merka.
Jon Olav Velde 4,5 km opp til hytta på Sletthaug. Tidsbruk: Om lag 1t 25 min. å gå opp til hytta m/småpausar. Vanskeleggrad: Blå tur ein del bratte parti. Terreng: Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, sjå skilt til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det fyrst eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover. Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Mest oppe ved hytta i siste bratte bakken - ser du ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen finn namn på desse steinane. Legg namneforslag i kassen som er sett opp ved steinane. Speiderane premierer den som har det beste treffande namn. Skriv namn og tlf. nr. på lappen. Hytta på Sletthaug er open. Dei som vil, kan gå inn og ta seg ein rast om ynskjeleg. «Postkassen» m/turbok og kode er festa til hytteveggen. Gjennom Aurdalsdalen var det i «gamle dagar» ein ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid. I dag går det traktorveg langt innover som nesten heng saman med ein annan traktorveg som kjem frå Steinsland i Sandeid. Om ynskjeleg kan du ved elva ved Tverrberget svinga av til høgre og ta turen via Stuhaug seter og vidare ned til Stuhaug gardsmuseum. Sjå skilting. Fottøy: Fjellsko eller joggesko. Følg skilting. Bjoa: Tur til Vikestølen Ta av frå E 134 ved Ølensvåg og følg fylkesveg 543 til Bjoa. Etter ca 15 km ta av i kryss skilta til Dalen. Følg kommunal veg sørover dalen ca 5 km heilt fram til Eikås. I enden av vegen er parkeringsplass og informasjonsskilt. Parkeringsplass. 2,7 km opp til Vikestølshytta og ca 1 times gange (Bjoa idrettslag og Vikebygd idrettslag er eigarar av hytta). Vanskeleggrad: Grøn tur. Fin familietur på skogveg Terreng: Skogsterreng i lett skrånande dal. Om turen Start frå parkeringsplass i enden av vegen til Eikås. Her er informasjonstavle og skilt som viser veg. Første del av turen går langs beite. Turen går i fint skogsterreng, lett skrånande oppover dalen. Du følger skogveg heile vegen fram til Vikestølshytta. Halvvegs opp, på Høgerotten, er det utplassert bord med benker. Her er utsikt til Bjoavatnet og fjorden. Vel framme ved hytta kan du nyte utsikten sørover Dalen mot Eikesdal i Vats. Nistepakken kan du nyte inne i stova eller ute på terrassen i solveggen mot sør. Vikestølshytta er ei ubetjent hytte med overnattingsmoglegheiter. Frå Vikestølen er det merka løype vidare til Trollafjell (ca 500 m.o.h.) og du kan derfra går ned til Vikebygd. Du kan også gå ned til Vikebygd på skogsveg via Langavatnet. Merka løype sørover dalen viser veg til Eikesdal via Veldehytta i Vats. Ingrid Johannessen
Tilrettelagde turar for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner Foto: Gro Sandeid: Sentrum via Helgevoll Ein kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus, oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Haugesund Sparebank/ teknisk bygg Vindafjord kommune i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. Avstand: Rundtur ca 3 km. Vanskegrad: Grøn tur. Terreng: Sentrumsnært område med lite bakkar. Deler av turstien er grus. Anna: Det er mogeleg å ta ein avstikkar opp til det nye Rødne kraftverk litt høgare oppe i elva. Dersom ein startar ved kyrkja nytta ein gangfeltet langs riksvegen ned mot sentrum til avkøyringa for Haugesund Sparebank/teknisk bygg Vindafjord kommune og Nortura. Stien går vidare på gardsveg opp til ein når Rødneelva og så på traktorveg/tursti langs elva opp til Helgevoll (Rødnebrua). Turen går så attende til utgangspunktet via bilveg for Helgeland/Fjellstøl. Skjold: Vikaneset, Skjoldavik, Isvik, Hagebyen, Kyrkja, Vikaneset Parkering: Ta av frå E-134 ved skilt til Vikaneset. Parker på første parkering på høgre side. Avstand: Om lag 3,5 km Tidsbruk: Om lag 45 min 1 time Vanskegrad: Grøn tur. Kulturminne: Litt historie om «Skjoldevik molybdængrupe», gruvedrift ca 1916-talet i ytre del av Skjoldavik. Her står turkassen. Terreng: Ein del flate partier, men og nokre bakkar. Noko gang- og sykkelsti, fortau, men og ferdsel langs veg. Asfalt på heile turen. Start og mål oppe på Vikaneset. Ein går ned til hovudvegen, kryssar denne og følgjer gangog sykkelsti nedover mot kyrkja. Hald til venstre ned mot Skjoldavik under brua. Følg vegen gjennom Skjoldavik, kor ein kan sjå gamal og ny busetnad. Ein har flott utsikt mot Skjoldafjorden. I ytre del av Skjoldavik står turkassen på nedsida av vegen ved ein grå garasje. Der finn ein og litt historie om dette området. Ein går videre mot Isvik, kor ein passerer «Lensmannsgarden» på oppsida av vegen. Etter brua tek ein opp mot høgre, retning Vikebygd. Fortset å gå til skilt på høgre side mot Isvik Hageby. Bruk fortau der det fins. Følgjer ein gang- og sykkelsti gjennom Isvik hageby 1 og 2 til den sluttar. Vidare langs vegen beint fram. Vegen svingar til høgre og ein kjem til Isvik hageby 3. Her har ein tre valg. Første vegen tek til venstre ganske straks, medan ein kan gå vidare Foto: Siri Nonslid nedover og finne endå to alternativ. I alle høve kjem ein til gang- og sykkelstien, noko bratt, ned til kyrkja. Ein tur bort til Isvik hageby 4 kan me også anbefale. Dit kjem ein ved å ta av til høgre ved leikeplassen. Ved kyrkja går vegen rundt denne og opp til parkeringa på Vikaneset igjen. Ein kan og gå turen andre vegen. Turen er merka på enkelte skilt og lyktestolpar. Ølen: Rundtur i sentrum Parkering: Bak Ølen kulturhus ved Ølen Båtlag sin molo. Oppslag om turen på veggen til Revehallen. Gamal utstillingshall for pelsdyr hest og småfe. Avstand: Rundtur ca. 3,5 km. Tidsbruk: Om lag 1,5 t Vanskegrad: Grøn tur. Terreng: Sentrumsnært område med litt bratte bakker opp til flaten, der det er god utsikt utover Ølensfjorden. Deler av turstien er grus.
Vanskegrad: Grøn tur. Start frå vegen til Dalsbruket, her finn ein informasjonstavle. Fin skogsveg med lite stigning gjennom skog. I enden av skogsveg v/ tømmerplass er bord med benker. Foto: Gro Turen startar frå Revehallen mot Osen/ Oselva. (på vestsida av elva går det ein tursti i ulendt terreng, for dei meir spreke) Gå opp Osabrekko som er noko bratt. Når du kjem til vegen som går til Øvrehagen ta til høgre ned til Steinbru. Studer brua som er den eldste steinkvelvingsbrua i Ølen. Eit kunstverk. Vidare går turen opp til Fatland Slakteri over E-134 opp mot gardane på Eide. Her er det god utsikt. Ved poststativet til Eide Gard står postkassa plassert. Følg grusvegen til riksveg 514. Gå over vegen. (her kan ein ta ein ekstra tur bort til Nerheimstunet, bygdetun frå 1859). Denne turen går vidare ned postvegen langs elva som kjem frå Stumo. Her kan ein sjå gamle vegskilt. Turen går deretter gjennom det historiske sentrum av Ølen. Ein fin plass å ta kaffipause er i Joa-Kari Parken i sentrum. Foto: Jofrid Johannessen Vølstad Imsland: Ølmedal rundt Kjør til Imsland og parker ved bygdahuset. Avstand: 7 km rundt vatnet. Tidsbruk: Om lag 1,5 2 timar i roleg turfart. (rask gange 1 time) Vanskegrad: Grøn tur. Turen går rundt Ølmedalsvatnet på asfalt. Lett kupert. Fin tur i flotte omgivnader. Postkassen finn du i enden av vatnet, ved brua. Bjoa: Baslia Kjør til Bjoa. Etter om lag 15 km frå Ølensvåg, ta av til venstre i vegkryss skilta til Dalen. Følg vegen ved Bjoavatnet, ta til høgre i vegkryss skilta Dalsbruket. Etter om lag 1 km sjå etter skilt for parkering og tursti. Avstand: Om lag 2 km inn til garden Baslia. Tidsbruk: Om lag 1 time Foto: Ola Skipevåg Ni turar Inni brosjyra finn ein informasjon om ni ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 14.04.13 13.10.13 er ein med i trekninga av gåvekort á kr. 2.500.-. På kvar topp finn ein postkasse med eit kodeord og bok til å skrive namn i. Noter kodeord på tilvist plass kodeorda vil til slutt bli ei setning. Når ein har alle orda på plass, send inn brosjyren til Vindafjord kommune, Rådhuset 5580 Ølen innan 21.10.12. 5 tilrettelagde turar I tillegg er det lagt til rette 5 lettare turar for alle, også for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner. Her er det også sett opp postkassar med kodeord og ein er med i trekning av gåvekort. Same opplegget som for dei ni andre turane. Fargekodar for kor hard turen er: Svart: Rød: Blå: Grøn: hard og bratt tur hard tur for born fin familietur tur tilrettelagt for sykkel, barnevogn og rullestol
KODEORD Sandeid - Sentrum via Helgevoll: KODEORD Tursti til Ormåsen: Skjold - Vikaneset, Skjoldavik: Tursti til Hovda: Ølen - Rundtur i sentrum: Myrstøl: dal i Øvre Vats Bjoa - Baslia: Tursti frå Stuhaug til Steinslandsnuten: Imsland - Ølmedal rundt: Bjordal - Grautavatnet - Bårefjell: Tursti til Skomakarnibba: Namn: Adresse: Vardafjellet 377 m.o.h.: Poststed: Tur til Sletthaug - start frå Aurdal: Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år Vikestølen: Vindafjord kommune Kulturkontoret, 5580 Ølen Namn: Adresse: Poststed: Ut På Tur i Vindafjord vart støtta av: Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år