MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4 / sept. 2010 Eitt av produkta laga på brikkevevkurset til Sonja Berlin i sommar. Kirsti Abbedissen har laga bandet.bandet heiter lingon og er i maskeeffekt
Borgny Askeland 90 år Den 14. juni d.å fylte Borgny Askeland 90 år. Då me vitja henne på den store dagen, var det ei strålande og svært sprek dame som tok i mot oss. Dagen før hadde ho raka rundt heimehuset, for å gjera det fint til dagen sin. Borgny har vore med i husflidslaget frå oppstarten i 1974. I 23 år hadde ho jobben som kasserar for laget. Rekneskapet til laget var like nøyaktig og rett gjort som alt anna handverk som ho arbeidde med. Då laget var 20 år vart ho utnemnd som æresmedlem. Noko som ho med rette fortente. Borgny både har vore og er ein stor ressurs for laget, og me takkar henne for alt ho har bidrege med. For husflidslaget Aud Marit Halland og Oddny Røyseth Anna Fammestad 90år Anna vart 90år 20.juli 2010. Dagen vart høgtida i undomshuset på Fammestad med stort frammøte av slekt og vener. Ein tradisjonsberar av den handborne kunnskapen må me seie at Anna er. Ho har gjennom heile livet teke vare på kulturarven, og på sin lune måte delt med andre kunnskapen om korleis dei laga dei ulike produkta, kva dei skulle brukast til, og kvifor det måtte gjerast på denne måten. Anna har fått Lindås Kommune sin kulturpris for arbeidet med åklevevnad. Takka vera dette arbeidet er mange gamle åkle vorte kopiert med mønster og opphaveleg farge. Ho Anna har og fått Noregs Husflidslag sin ærespris og ikkje minst var ho representert på OL i Lillehammer med vevnaden sin. Framleis er Anna aktiv i vevstolen. For husflidslaget Svanhild Tofting 2
Osebergdronninga sin vev For tredje gong kom folk frå aust og vest til Masfjorden for å gå på brikkevevkurs. Denne gongen var det 12 friske, sprudlande og lærevillige damer som kom. Nokre nye og nokre gjengangarar. Det inkluderande og kreative miljøet som vår inspirator og læremeister Sonja Berlin skapar, dreg oss til Masfjorden gong på gong. Nokre av deltakarane var proffar og fekk inspirasjon til eige arbeid, medan andre gjorde alle feil som gjerast kan. Og dette kvalifiserer til å få delta på eit nytt kurs. Endå andre gjennomførte nybegynnar-kurset for andre gong. Her er det plass til alle i eit fantastisk fellesskap. Me håpar på repitisjon med Sonja i august 2011. For oss damene er dette eit vedlikehaldskurs for kunnskap og venskap. Helsing brikkevevdamene Sonja Berlin underviser dobbeltvev til Turid Berger, Greta Husebø og Inga Conijn. Inga Conijn lagar renning. 3 Synnøve Lysebraate knekker koden på islandsk dobbeltvev og lager bokstavband
Aktivitetar i laget No er sommaren på hell, og me har alt starta opp med haustaktivitetane i laget vårt. Som de ser ein annan stad i bladet har me hatt det første handarbeidstreffet i haust. Neste handarbeidstreff vert 4. okt. med tauverk som tema. Og 1. nov skal me pjona nissar. Laurdag 11. sept. opnar me utstillinga av sløyd og handarbeidsprodukt frå 1900- talet. Den utstillinga vert ståande til laurdag 18. sept. Søndag 12. sept. held me fokus på kulturminnedagen. Utstillinga er eit samarbeid med kulturdagane i Lindås, og ei markering av 100 års jubileet til Noregs Husflidslag. Husflidsmessa vert 13. nov. på Knarvik.vg. skule. Sjå eige påmeldingsskjema i bladet. Julemøtet vert i Husflidens hus i Hillesvågen den 29. nov. Program for kvelden kjem i neste nr. av primstaven. Landbruksdagen på Austrheim 2. okt. er no like om hjørnet. Enno har ikkje så mange medlemar meldt si interesse. Svanhild Neteland ber om antal utstillarar. Standen kostar kr. 200.- pr. stk. Meld dykk på snarast til leiar Aud Marit Halland tlf 94857312 / 56373278. Vonar mange kan vera med denne laurdagen og syna fram mangfaldet i laget vårt. I tillegg minner me om at det enno er ledige plassar på desse kursa: Lammerull Salting/krydring av sild Bilde i ull Kvinnebunad Plantefarging Grønlandsperler Knipling Dreiing Pilfletting Kipelaging Tauverksarbeid Spinning Er noko av interesse, ver snar og meld deg på. Ta gjerne med ein ven eller nabo. 4
INVITASJON TIL HUSFLIDSMESSA 2010 På Nye Knarvik vidaregåande skule laurdag 13. november Du er med dette invitert til å delta på messa. Opningstid: 10.00 16.00 for sal. Bankgiro og fleire opplysningar vert sendt ut etter påmelding. Kvittering for betalt standplass skal visast fram ved frammøte. Tillaging frå kl. 08.30 på laurdag. Det vert kafé. Det er ikkje tillate å spikra i veggane(montera på veggen). Det er ikkje ribbeveggar i lokala. Duk til borda må du ta med sjølv, om du treng det. Du kan leiga maksimum 2 bord. Dersom du har spørsmål vedkomande messa, kan du kontakta: Aud Marit Halland 94857312 Kjersti Børilden 99361071 Påmelding innan 18. oktober 2010 For messekomiteen Aud Marit Halland... KUN skriftleg påmelding til husflidsmessa på Nye Knarvik vidareg.skule 13. nov. 2010 Sendast til: Aud Marit Halland, Lervikvn.24, 5936 Manger, evt e-post: am-ah@online.no Standplass: Kryss av for eitt alternativ: 1 bord (125 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.250.- og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 200,- 2 bord (250 cm) inkl. kaffi med rundstykke/stompekake kr.500,- og for medlemmer i Nordhordland Husflidslag kr 400.- Opplys her om golvstørrelse på stativ du skal ha med deg på messa. NAMN:...TLF:... E-post.. ADRESSE:... PRODUKT:... 5
NYTT FRÅ HUSFLIDSTOVA Etter ein lang sommaferie, er me i full gang att på Stova. Alle bunader til haustkonfirmantane er levert og no er det vårkonfirmantane sine bunader som er i produksjon. To av medarbeidarane på Stova slutta før sommarferien; Reidunn Dragøy Sundsøy og Anlaug Bø. Dei har gjort eit flott arbeid den tida dei har vore tilsette hjå oss. Jorunn Sætre er tilsett i ei deltids-stilling, det same er Oddny Røyset. Me er glade for å ha to så dyktige og driftige damer på Stova. Arbeidet med å tilsetja ny medarbeidar på stova er i full gang. Om det går som me ynskjer, vil ny medarbeidar vera tilsett i løpet av september. Arild Hagenes styreleiar MINNEORD Vår kjære husflids- og bunadsven Ingrid Breistein døydde 19.juli 2010, 96 år gamal. Med henne har husflidslaget og bunadsnemnda mista ei eldsjel innan all husflid. Ho var med og starta desse laga i 1974, og var leiar i begge laga frå starten. Ingrid stod i bresjen for innsamling av gamle bunadsdelar, som etter 10 års arbeid vart rekonstruksjonen av grøntrøyebunaden og deretter festbunaden. Eit stort og møysommeleg arbeid. Mange er dei som går i bunad som Ingrid har sydd. Og mange er me som har mykje å takka Ingrid for. Med sin kompetanse og gode erfaring gav ho oss som mindre visste, gode råd og rettleiing. Me gjekk aldri frå henne utan meir kunnskap, også dei som gjekk på bunadskurs hos henne. Til laget sitt 30-års jubileum gav ho ut eit hefte om kvithuva, korleis ho vert laga og om skikk og bruk. For alt arbeid ho la ned innan husflid fekk ho vel fortent Norges Husflidslag sitt heidersmerke i gull. Det er ikkje lite arbeid ho la ned i laga våre. Ingrid var vårt førebilde og vår store støtte. For alt dette takkar me deg Ingrid, og lyser fred over ditt minne. For husflidslaget og bunadsnemnda Ingebjørg M.Kolstad 6
Handarbeidstreff 6. sep. 2010 Eit sikkert teikn på at hausten står for døra er at me er i gang med handarbeidstreff i Husflidens hus. På dette første treffet lærte me tvebandstrikk. Hege på Husfliden i Bergen hadde tatt turen utover til oss, og var ein dyktig og inspirerande kursleiar. 20 damer streva med fleire trådar til opplegg i tvebandstrikk, og det gav diverse snurrar både på tråd og pinnar. Men når strikkeutfordringane vart store delte ein på Hege sine Sjonaleistar i tvebandstrikk kunnskap og erfaring etter beste evne. Det vart lagt ned ein stor arbeidsinnsats denne kvelden, men den var ikkje målbar i så mange cm. Trøysta var at det vart veldig vakkert det me laga sjølv om framdrifta var liten. Så takk til Hege som kom og lærte oss litt om korleis Sjonaleista skulle spøtast. Johanna Seim har fått lagt opp i tvebandstrikk Hege frå Husfliden lærar Reidun opplegg til tvebandstrikk 7 Produksjon av Sjonaleista i tvebandstrikk
LIVET VÅRT Livet vårt er som ein underleg vev Ingen veit kor lang renning han hev Kvar ein time, kvar ein minutt som går, vert til innslag i veven vår. Det er som ein skyttel som sviv og renn og vev inn eit mønster ein dag i senn. Frå første dagen me låg i vogga og til den siste når skyttelen stogga. I den første tida med me er barn slær me i veven så lyst eit garn. Sidan vert det så ofte ein knute som me ynskte helst var or veven ute; men me kan ikkje skyttelen tilbake slå og ikkje knuten or veven få. For tida ho går og skyttelen sviv og livssoga vår i veven han skriv. I ungdomen vert ofte tida for kort, og garnet det renn gjennom fingrane fort. Skyttelen sviv, han renn og han dansar, og tida fer frå oss før me rett sansar; men i veven vår vev me kvar einaste dag mønster av mange ulike slag. Stundom me sulkar det garnet me spinn, som skyttelen slær i veven vår inn, så stygge merke i veven seg lagar og dei lyt stå der alle våre dagar. Det hender stundom me kvir oss då til å rulla opp veven og på mønsteret sjå. Ja, kunne me hugsa at kvar dag me spinn det innslag som me i veven slår inn og at livet me lever frå dag til dag vert mønster i veven av ymse slag. Me kan ikkje på feiler i veven klaga for hugs det er me sjølve som mønsteret laga. Ingen kan vaska veven vår rein utan ein einaste, einaste ein. Ja, legg me vårt liv og vår vev fram for han han rullar og rensar, han vil og han kan! Gerda Hartveit Dette diktet framførte Anna Fammestad på 90-års dagen sin POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8