Energiutgreiing Førde kommune Førde. Foto: Førde kommune 2013
SAMANDRAG Prospektkort frå 1940. Her ligg Sentralsjukehuset i dag. Foto: Olai Fauske. Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet. Førde kommune Innbyggarar Storleik husstandar Næringsliv Nybygging Vassboren varme Vasskraft Vasskraftpotensiale Nettutfordringar 12 559 pr. 1. jan 2013 Jamt aukande 2,55. Større enn snitt, svakt minkande Prega av handel og servicenæring Ca 90 bueiningar pr. år i snitt dei siste 10 åra Arealet bør aukast Eit lite underskot Framleis betydeleg Ny vasskraft, i tillegg organisk vekst i ein by som veks I følgje Forskrift om Energiutredninger utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Frå 2009 er forskrifta endra, slik at rullering berre vert kravd annakvart år. Energiutgreiinga skal beskrive noverande energisystem og energisamansettinga i kommunen med statistikk for produksjon, overføring og stasjonær bruk av energi. Energiutgreiinga skal vidare innehalde ei vurdering av forventa energietterspurnad i kommunen, fordelt på ulike energiberarar og brukargrupper. Endeleg skal energiutgreiinga beskrive dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnaden etter energi. Inkludert i dette skal områdekonsesjonæren ta omsyn til grunnlaget for bruk av fjernvarme, energifleksible løysingar, varmegjenvinning, innanlandsk bruk av gass, tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringar og verknaden av å ta i bruk energistyringssystem på forbrukssida m.v. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Tabellen nedanfor viser sentrale nøkkeltal for den stasjonære energibruken i kommunen. Detaljert oversyn finst i vedlegg. Hovudtal for 2012 [GWh] Elektrisitet Petroleum Gass Biobrensel Avfall, kol, koks Totalt Hushald 79,5 2,1 0,1 19,1 0,0 100,8 Hytter og fritidshus 0,8 0,0 0,0 0,0 0,0 0,8 Tenesteyting 113,2 11,9 1,1 0,1 0,0 126,2 Industri 14,6 1,9 0,3 0,0 0,0 16,8 Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Primærnæring 3,6 0,1 0,0 0,0 0,0 3,7 Sum 211,7 16,0 1,5 19,2 0,0 248,3 Sunnfjord Næringsutvikling i samarbeid med Sunnfjord Energi og dei to aktuelle kommunane bør utarbeide eit forprosjekt for felles varme- og kjøleløysing for Sunnfjord Næringspark på Moskog. Side 2 av 28
INNHALD SAMANDRAG... 2 INNHALD... 3 1 UTGREIINGSPROSESSEN... 4 2 KOMMUNEN... 5 2.1 FOLKETAL OG BUSETNAD 6 2.2 NÆRINGSLIV 7 2.3 KOMMUNALE PLANAR 8 3 LOKALT ENERGISYSTEM... 9 3.1 INFRASTRUKTUR FOR ENERGI 9 3.2 ENERGIBRUK 11 3.3 VASSBOREN VARME 14 3.4 LOKAL ENERGITILGANG 15 3.5 ENERGIBALANSE 16 4 UTVIKLING ENERGIBRUK... 17 4.1 FRAMSKRIVING AV ENERGIBRUK 17 4.2 UTFORDRINGAR FOR ENERGIFORSYNINGA 18 5 NY ENERGITILGANG... 20 5.1 NY SMÅKRAFT 20 5.2 VINDKRAFT 21 5.3 BIOENERGI 21 5.4 SPILLVARME 22 5.5 AVFALL 22 5.6 ANDRE ENERGIKJELDER 22 6 AKTUELT OMRÅDE... 23 6.1 NÆRINGSOMRÅDET PÅ MOSKOG 23 7 FØRESETNADER... 25 7.1 SPESIELLE FØRESETNADER 25 7.2 GENERELLE FØRESETNADER 25 8 VEDLEGG... 26 8.1 ENERGIBRUK 26 8.2 DEMOGRAFI OG NÆRINGSLIV 27 9 REFERANSAR... 28 PUBLIKASJONAR, RAPPORTAR ETC. 28 ILLUSTRASJONAR 28 FIRMA/ PERSONAR 28 Side 3 av 28
1 UTGREIINGSPROSESSEN Som områdekonsesjonær har Sunnfjord Energi AS engasjert SFE Rådgjeving til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Førde kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den første energiutgreiinga for Førde kommune vart utarbeidd og presentert i 2004. Energiutgreiing Førde kommune 2006 er oppdatert med omsyn på statistikk og kjende endringar i framtidig energibehov. Ved rullering 2007 vart statistikkdelen oppdatert og kjende endringar lagt inn. Statistikk for sysselsetting vart endra. Vestnorsk Enøk rullerte utgreiinga for 2009. Statistikkane vart ajourførte og utvida i høve til Veileder for lokale energiutredninger 2-09. Endringane var i hovudsak framstilling av energibruk både med og utan temperaturkorrigering og innføring av brukarkategorien Hytter og fritidshus. Det vart lagt inn nye prosentsatsar for temperaturkorrigering og utgreiinga vart oppdatert med omsyn på kjende endringar i framtidige energibehov. Ved rullering 2011 har utgreiinga fått ny layout der tekst med grøn bakgrunn gjeld den aktuelle kommunen. I 2013 er ladepunkt for elbil tatt med. Dette kapittelet skildrar kort korleis områdekonsesjonæren har valgt å organisere arbeidet med den lokale energiutgreiinga. Samarbeid og eventuell kontakt med andre lokale aktørar vil du finne her. Organiseringa av samarbeidet med kommunen finn du og her. Dette inkluderer både avheldne møte og oversyn over kva delar av kommunen si verksemd som har vore involvert eller bidratt med data. Der det er gjort lokale kartleggingar og innhenting av statistikk som ikkje er offentlig tilgjengeleg, er det gjort greie for kva data som er innhenta, korleis innhentinga er gjort og korleis denne informasjonen er lagra og eventuelt videre bearbeidd. Haukedalen. Kjelde: http://www.h-fiskeferie.no Rullering 2013 Oppstartsmøte 11. september 2013 Stad Frå kommunen For energiverket Det nye rådhuset Rådmann Ole John Østenstad Nils Ola Strand Det vart gjort ein grundig gjennomgang av status og framtid. Kommunen bidrog konstruktivt i dette arbeidet. Kommunen TRAFOJOBB. Kjelde: www.nrk.no Foto: Vegar Erstad/NRK Ved denne rulleringa har vi sett spesielt fokus på det planlagde næringsområdet på Moskog. (Felles med Jølster kommune) Side 4 av 28
2 KOMMUNEN Midt i Sogn og Fjordane ligg byen Førde. Namnet Førde kjem av "firdi", som tyder inst i fjord. Førde kommune utgjer eit område på 590 km 2 og her bur om lag 12 200 personar. Kommunesenteret heiter også Førde og her bur 75 % av innbyggjarane i kommunen. Grendene elles i kommunen er Angedalen, Sunde, Moskog, Holsen, Haukedalen, Erdalen og Solheimsdalen. Førde er fylkessenter i Sogn og Fjordane og vart by i 1997. Førde har ein av dei største varehandelomsetningane pr. innbyggjar i heile landet, og sentrum er prega av store varehus. Kommunen vart peika ut som vekstsenter av Staten i 1965, og fekk stor hjelp til etablering av industri og kulturtilbod som t.d. Førdehuset, Sogn og Fjordane teater og NRK Sogn og Fjordane. Energibruk i ein kommune avheng av faktorer som folkesetnad, type bygg, antal personer pr husstand, korleis lokalt næringsliv er sett saman, klimatiske tilhøve med meir. I dette kapittelet har vi tatt med slik informasjon som bakteppe for vidare skildring av energisystemet i kommunen. Vi har og tatt med særegne tilhøve i kommunen som betyr noko for sammensettinga og storleiken på energibruken. Dette gjeld til dømes viktige industri- og næringsverksemder. Alle detaljar om demografi og sysselsetting er å finne i vedlegg. Klimadata for Førde Middeltemperatur 6,0 C Nedbørsnormal 2270 mm Graddagstal 3908 Side 5 av 28
Bueiningar pr. år Energiutgreiing Førde kommune 2013 2.1 Folketal og busetnad 15000 Utvikling folketal Utviklinga av folketalet i har betydning både for framtidig energibruk i husstandar og dei tenesteytande næringane. Mange kommunar i fylket opplever at folketalet har vorte redusert i større eller mindre grad. 10000 5000 0 2002 2007 2012 2017 2022 Folketal i kommunen Har stige raskt og dette held fram Personar pr. husstand 2,8 2,6 2,4 2,2 2,0 2002 2007 2012 2017 2022 Kommunen Fylket Landet Det er ein nasjonal trend at storleiken på husstandane vert mindre. Dette ser vi igjen både i fylka og i dei aller fleste kommunane i landet. Husstandar i kommunen Svakt avtakande storleik Større enn snitt fylke og land 200 150 Nye bueiningar Utviklinga innan nybygging kan gi ein peikepinn på om folk satsar på å bu i kommunen og om det er tilflytting. 100 50 0 2002 2007 2012 Nybygging i kommunen Om lag 88 nye bueiningar årleg i snitt dei siste 10 åra Flest nye bustader i Førde sentrum Hytter og fritidsbygg Her ser vi antal hytter og fritidsbygg i kommunen registrert ved utgangen av kvart år. 300 250 200 150 100 50 0 2002 2007 2012 Hytter og fritidsbygg i kommunen Om lag 250 bygg av denne typen Stabilt dei siste åra Side 6 av 28
2.2 Næringsliv Sysselsetting Kommunen Fylket Landet 0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 % Primærnæring Industri Tenesteyting Primærnæring er sysselsetting innan jordbruk, skogbruk og fiske. Sysselsetting innan industri vert og kalla sekundærnæring. Dei tenesteytande næringane vert ofte kalla tertiærnæringar. Her er både offentleg og privat tenesteyting tatt med. Sysselsetting i kommunen Flest sysselsette innan tenesteyting Få innan industri og primærnæring Handel og service dominerer i Førde. Foto: www.vestafjells.no 30. juni 1971 var ein stor dag for samferdsla i Førde og elles i Sogn og Fjordane. Denne dagen vart vestlandsrutene til Widerøe offisielt opna på flyplassen på Øyrane. Førde sentralsjukehus. Foto: Helse Førde Foto: Dagfinn Reiakvam. Kjelde: http://www.nrk.no/sf/leksikon Førdehuset. Kjelde: www.forde.kommune.no Side 7 av 28
2.3 Kommunale planar Kommuneadministrasjonen flytta inn i nytt rådhus sommaren 2013. Samfunnsdelen i kommuneplanen er under rullering. Kommunal enøkplan er utarbeidd. Utbygginga av Hafstad bydel er det neste store, sentrumsnære prosjektet i Førde. Her er det planlagt oppstart i løpet av 2014. Ei mogleg realisering av vegsystemet «Førdepakken» oppnar for nye, spennande område der heilskapleg planlegging kan redusere behov for transport mellom viktige funksjonar som barnehage, skule og bustad. I samsvar med Sykkelbyavtalen vert det lagt stor vekt på å byggje ut sykkel- og gangvegar i pakkeløysinga. Museumsbygget Knust isblokk Kjelde: http://www.byggfakta.no Førdepakken - illustrasjon Side 8 av 28
3 LOKALT ENERGISYSTEM 3.1 Infrastruktur for energi Lokale energiutgreiingar skal i henhold til forskrifta inkludere beskrivelse av infrastruktur for energi og statistikk for denne. Av omsyn til tryggleik, har vi skildra infrastrukturen med tekst. Elektrisitet Det alt vesentlege av det stasjonære energiforbruket i Førde kommune vert dekt av elektrisitet. Sunnfjord Energi AS er områdekonsesjonær for kommunen og eig og driv straumnettet. Nettverksemda er regulert av Norges vassdragsog energidirektorat gjennom energilov og forskrifter. Dette inneber at økonomiske rammer og krav til opptreden og samhandling med andre aktørar er fastlagt. Innmating til Førde kommune kjem frå forbigåande 132 kv sentralnettsline med avgreining til Tefre sekundærstasjon, samt frå forbigåande 66 kv line med avgreining til Førde sekundærstasjon. Spenninga vert transformert ned til 22 kv i Tefre og Førde sekundærstasjon. Kraftsystemet i Førde kommune er bygd opp med eit 22 kv kabel- og luftnett for dei største delane av kommunen, medan Førde sentrum i hovudsak har eit kabelnett på 22 kv. Sunnfjord Energi har fått konsesjon på ny 132 kv linje mellom Førde og Erdal. Dette vil styrke tryggleiken for levering. Bygging startar i 2014. Nettverksemda er ei monopolverksemd, regulert av Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Produksjon av elektrisk kraft er underlagt same reguleringsstyresmakt, men her er valgt ei konkurransebasert omsetningsform og eigarskapen er spreidd på fleire aktørar. Lokale energiutgreiingar har fokus på lokale tilhøve og då spesielt det som påverkar distribusjonsnettet. Dersom det er tilhøve som tilseier at tiltak i overliggande nett (regionalnettet) er nødvendig av omsyn til det lokale energisystemet, bør dette beskrivast i den lokale utgreiinga. Elles vil slike tiltak normalt vere å finne i dei regionale kraftsystemplanane. I skildringa av det lokale distribusjonsnettet har vi innarbeidd statistikk som kan danne grunnlag for vurdering av leveringstryggleik og framtidig utvikling av nettet i kommunen. Sunnfjord Energi sitt administrasjonsbygg i Førde. Foto: Nils Ola Strand Side 9 av 28
% GWh Energiutgreiing Førde kommune 2013 140,0 120,0 100,0 80,0 60,0 40,0 20,0 0,0 Hovudtal 2012 Elektrisitet Petroleum Gass Biobrensel Avfall, kol, koks Grafen til venstre gir eit oversyn over dei ulike brukargruppene og kva type energi desse nyttar. Hovudtal for kommunen Tenesteytande sektor brukar mest El er dominerande energiberar 100,00 99,95 99,90 99,85 99,80 Leveringstryggleik 2002 2007 2012 Kommunen Fylket Landet Feil- og avbrotsstatistikk for kommunen er framstilt grafisk her, samanlikna med tilsvarande data for fylkes- og landsgjennomsnittet. NVE sin feil- og avbrotstatistikk er bearbeidd slik at leveringstryggleiken kjem fram. 100% er alltid straum, 0% er aldri straum. Detaljane i statistikken ligg i vedlegg. Leveringstryggleik i kommunen Leveringstryggleiken i 2012 var på 99,992% Resultatet i 2011 skuldast uver som «Dagmar» Fjernvarme/nærvarme Det er ikkje bygt ut fjern- eller nærvarme i Førde kommune. Det ligg føre planar om slik utbygging. Gass Det er ingen infrastruktur for gass i Førde. Bruken er i hovudsak knytt til drift av storkjøken og oppvarming av enkelte bustader. I enkelte byar og tettstader er det etablert fjernvarmeanlegg og/eller distribusjonssystem for gass. Denne type system vert beskrive spesielt. Systema beskrivast med installert effekt, type brensel som vert nytta, årleg levert energi, lengde på røyrnett osb. Eventuelle kapasitetsproblem og planlagde utvidingar skal og beskrivast. Frå Haukedalen. Kjelde: http://haukedalensf.wordpress.com/ Side 10 av 28
3.2 Energibruk Ved skildring av energibruk til stasjonære føremål i kommunen, er bruken delt opp mellom ulike energiberarar og ulike brukargrupper. Historisk utvikling og prognose for framtidig energibruk er framstilt grafisk i kapittel 4.1. Sammensettinga i dagens energibruk er framstilt i form av diagram som illustrerer fordelinga mellom ulike energiberarar og brukargrupper. Vi har nytta SSB si detaljinndeling til dette. Energibruk i kommunen fordelt på energiberar: Energibruk pr. energiberar 100 % 80 % 60 % 40 % 20 % 0 % Kommunen Fylket Landet El Petroleum Gass Bio Avfall, kol, koks Energibruken er delt på følgande energiberarar: Elektrisitet Biobrensel Gass Petroleum Kol/koks/avfall Energiberarar i kommunen Brukargruppene ligg nær fylkessnitt Energibruk i kommunen fordelt på brukargrupper: Energibruk pr. brukargruppe 100 % 80 % 60 % 40 % 20 % 0 % Kommunen Fylket Landet Hushald Hytter og fritidshus Tenesteyting Industri Fjernvarme Primærnæring Energibruken er delt på følgande brukargrupper: Hushald Fritidsbustader Tenesteyting Industri Fjernvarme Primærnæring Energibruk pr sektor i kommunen Tenesteyting og hushald er størst Faktisk energibruk 2012 GWh Hushald 100,8 Hytter og fritidshus 0,8 Tenesteyting 126,2 Industri 16,8 Fjernvarme 0,0 Primærnæring 3,7 Sum 248,3 Energiutgreiinga viser både faktisk og klimakorrigert energibruk. Faktisk energibruk er den mengda energi som brukast det aktuelle året. Side 11 av 28
Kommunen Fylket Landet Energiutgreiing Førde kommune 2013 Klimakorrigert energibruk 2012 GWh Hushald 103,9 Hytter og fritidshus 0,8 Tenesteyting 129,8 Industri 16,8 Fjernvarme 0,0 Primærnæring 3,8 Sum 255,1 Kommunal energibruk Tabellen under viser dei aktuelle byggruppene med energibruk og areal i 2012. Oversyn bygg Energi (GWh) Areal (m²) Administrasjon 0,4 : Barnehagar 1,2 6 800 Skular 3,8 27 200 Institusjonar 2,4 8 900 Idrettsbygg 1,4 6 000 Kulturbygg 1,5 11 000 Sum 10,7 59 900 Tabellen nedanfor viser spesifikk energibruk samanlikna med snitt fylke og land. Klimakorrigert energibruk er den mengde energi som ville ha vore nytta dersom det aktuelle året hadde hatt middeltemperatur. Alle detaljar om energibruk finn du i vedlegg. Energiutgreiinga skal seie noko om energiøkonomisering i kommunen med framlegg til konkrete tiltak. Denne gongen ser vi på kommunale bygg. I dette kapittelet er det sett nærare på energien som går med til å drive dei kommunale bygga. Dette bør vere av stor interesse for kommunane, då ein på denne måten kan sjå kor energieffektiv kommunen er. Etter kvart vil ein og få inntrykk av utviklinga i kommunen sin energibruk. For å gjere framstillinga meir informativ, samanliknar vi nøkkeltal med snitt i fylke og land for tilsvarande grupper bygg. Det finst ingen offentleg statistikk for dette, men vi har bearbeidd verdiar for areal og energikostnader som kommunane sjølve har rapportert inn gjennom KOSTRA (SSB). Spesifikk energibruk (kwh/m²) Administrasjon 0 225 207 Barnehagar 179 240 226 Skular 140 208 211 Institusjonar 267 208 207 Idrettsbygg 237 333 200 Kulturbygg 136 196 115 Kommunen sine bygg Institusjonar ligg over snitt i energibruk Utfra normtal, er sparepotensialet i kommunale bygg vurdert slik: Sparepotensiale Kommunen Norm Sparepot. (kwh/m²) (kwh/m²) (kwh/år) Administrasjon 0 215 - Barnehagar 179 195 - Skular 140 174 - Institusjonar 267 236 276 000 Idrettsbygg 237 249 - Kulturbygg 136 237 - Sum 276 000 Her er dei kommunale bygga samanlikna energimessig med tilsvarande bygg på landsbasis. Sparepotensiale kommunale bygg 276.000 kwh/år referert til normtal Side 12 av 28
Aktuelle tiltak i kommunale bygg I kommunen sin vedtekne energi- og klimaplan er det mål om å redusere bruken av energi i kommunale bygg med 10% innan 2020. Kommunen har utarbeidd ein eigen enøkplan som omfattar dei største kommunale bygga. Her ser vi på aktuelle tiltak som kan redusere energibruken i dei kommunale bygga. Dette kan vere tiltak retta mot bygningskropp, oppvarmingsutstyr, ventilasjonsanlegg, styringssystemer osb. Sparetiltak kommunale bygg Sjå tiltak i enøkplanen Førde nye rådhus Kjelde: www.forde.kommune.no Side 13 av 28
Hushaldningar Bustadstruktur Dette er ei framstilling som syner korleis folk bur i kommunen. Bur ein stor del av innbyggarane i blokk, vert energibruk pr. husstand lågare enn om dei fleste bur i einebustad. Einebustad 56% Tomannsbustad 7% Rekkehus 20% Bustadblokk 11% Bufellesskap 3% Andre byggtypar 3% Bustadstruktur i kommunen Dei fleste bur i einebustadar eller rekkehus 20 000 15 000 10 000 5 000 0 Energibruk pr. husstand I grafen og tabellen til venstre ser du eit oversyn over energibruken til gjennomsnittshusstanden i kommunen, samanlikna med tilsvarande tal for snitt i fylke og land. Tala kjem frå SSB. Kommunen Fylket Landet Energibruk husstandar 2012 kwh Kommunen 20 767 Fylket 23 868 Landet 21 594 Hushaldningar i kommunen Brukar litt mindre energi enn fylkessnittet 3.3 Vassboren varme Fleire større bygg i kommunen har vassboren varme. Fotballbane med undervarme basert på fjernvarme eller gass er under utgreiing av Fjordvarme AS. Alternativ til elektrisitet for byggoppvarming og tappevassoppvarming føreset vassbore (eller luftbore) system. Med vassbore system kan ein i tillegg til elektrisitet utnytte mange ulike energiberarar til oppvarming. Kommunen kan legge til rette for lokal utvikling av fjernvarmesystem ved å gjere aktiv bruk av Lov om planlegging og byggehandsaming. Side 14 av 28
3.4 Lokal energitilgang Utgreiinga skal innehalde eit oversyn over nytta energiressurser i kommunen. Det finst ingen god statistikk for uttak av biomasse til energiføremål, men saman med ansvarlig for primærnæring i kommunen sin administrasjon har vi freista å gjere eit anslag for storleiken på uttaket. Eksisterande elproduksjon I følge NVE og Sunnfjord Energi AS er desse kraftverka registrerte i Førde kommune: Utbygde kraftverk MW GWh Brulandsfossen 13,0 55 Stakaldefossen 10,5 60 Mo 10,5 35 Grøvla Kraftverk, Angedalen 3,0 7 Kråkenes 1,8 9 Stølslia 1,5 5 Nydal 1,5 7 Fura Kraft AS 1,3 5 Grøneng 1,0 5 Sagelva (Sunde) 0,7 2 Refsdal 0,4 2 Karstad Minikraftverk, Haukedalen 0,4 1 Neselva 0,3 1 T.O.G. Hellevang Energi 0,2 1 Botnabakken 0,2 1 Kvernhusfossen 0,2 1 Gunnar Jan Gjerland 0,3 2 Bakkefossen 2 0,1 1 Bakkefossen 1 0,05 0,20 Lars Gjerland 0,01 0,02 Sum 46,7 201 I dette punktet er det gjort ei oppsummering av utbygd vass- og eventuell annan elproduksjon i kommunen, medrekna vindkraft. Brulandsfossen kraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK. Stølslia kraftverk. Kjelde: http://www.fadumtekniske.no Side 15 av 28
GWh Energiutgreiing Førde kommune 2013 Annan, utnytta energitilgang Ifølge skogbrukssjefen vart om lag 250-300 m 3 skog avvirka til ved i Førde i 2010 (Det finst ikkje offisielle tal). Bruken av ved har ein svakt minkande tendens. Her har vi lista opp andre energikjelder som vert nytta i kommunen i dag Annan energitilgang i kommunen Bruk av bio er svakt minkande 3.5 Energibalanse Førde kommune har eit mindre underskot av elektrisk energi. Alle oljeprodukt vert henta utanfrå, medan bioressursane til produksjon av varme for det meste vert avvirka lokalt. 250 200 150 100 50 Energibalanse 2012 For å oppsummere informasjon om dagens energisystem bør det gis en skjematisk beskrivelse av energiflyten i kommunen. En slik beskrivelse bør inkludere en oversikt over hvordan energibruken i kommunen dekkes sett i forhold til den lokale energitilgangen. Hvordan eventuelle overskudd eller underskudd av energi transporteres over kommunegrensen bør kommenteres. Energiressurser som ikke utnyttes lokalt bør inkluderes i balansen. Dette kan eksempelvis være husholdningsavfall og biomasse som benyttes til varmeproduksjon i andre kommuner. 0 Forbruk dekka med import Forbruk dekka med produksjon Eksport Kommunen sin energibalanse Eit lite underskot av elektrisk energi Avvirkar bioenergi til lokal bruk Side 16 av 28
GWh GWh Energiutgreiing Førde kommune 2013 4 UTVIKLING ENERGIBRUK Her har vi laga prognose for en sannsynleg utvikling av energietterspurnaden fordelt på energiberarar og brukargrupper i kommunen. Eventuelle større, framtidige endringar i infrastruktur og energianlegg vil du og finne her. Her finn du og generelle og lokale føresetnader for framskrivingane, saman med kommentarar til trendar i utviklinga. Utviklinga i energibruk kommenterast med omsyn til energiprisar og eventuelle andre større hendingar som kan ha betydning for utviklinga i energibruk. 4.1 Framskriving av energibruk Energibruken vert påverka av mange faktorar som klima, demografiske tilhøve, teknologisk utvikling, energiprisar, næringsstruktur og bustadstruktur. I tillegg betyr det mykje korleis folk sine forbruksvanar utviklar seg. Også lover og forskrifter vil ha effekt, t.d. gjennom krav til isolasjon og byggstandard. Faktisk energibruk fordelt på brukargrupper med prognose for dei neste 10 åra: 350 300 250 200 150 100 50 Energibruk med prognose 0 2002 2007 2012 2017 2022 Hushald Tenesteyting Fjernvarme Hytter og fritidshus Industri Primærnæring Dette er ein stadstilpassa prognose som bygger på følgande prinsipp: Kommunen sin eigen prognose for befolkningsutvikling Endringar i busetnad Vedtatte utbyggingar i kommunen Planlagte endringar innan industrien Detaljar om talmaterialet ligg i vedlegg. Faktisk energibruk fordelt på energiberar med prognose for dei neste 10 åra: Energibruk med prognose 350 300 250 200 150 100 50 0 2002 2007 2012 2017 2022 El Petroleum Gass Bio Avfall, kol, koks Prognosert energibruk i kommunen Størst venta vekst i tenesteyting Bruken av el aukar mest Side 17 av 28
4.2 Utfordringar for energiforsyninga Framskriving av dagens energibruk går i retning av auka bruk av elektrisk energi. Sunnfjord Energi AS arbeider med naudsynte nettforsterkingar for å sikre fortsatt høg forsyningstryggleik. Det vert trong forny 20 kv-linje for å kunne ta mot kraft frå Holsen kraftverk. Moglege, større utbyggingar på Hafstad og Bruland vil kunne utløyse behov for å styrke nettkapasiteten mot desse delane av kommunen. Bruken av bio, gass og olje ser ut til å verte lite endra dei næraste åra. I høve vurdering av alternative energiløysningar, er det viktig å kjenne til lastsituasjonen i distribusjonsnettet. I område der elektrisitetsnettet nærmar seg ei kapasitetsgrense, kan det vere større samfunnsøkonomisk lønsemd i å etablere alternative løysningar framfor å forsterke eksisterande infrastruktur. Kommunen Det arbeidast med nettforsterkingar Energiomlegging/fjernvarme En del av dei større bygga i Førde har vassboren varme og oljefyr. Skal det leggast om til meir miljøvennlege energiberarar, bør dette sjåast i samanheng med utbygging av fjernvarme og fjernkjøling. Eit slikt anlegg er under utgreiing no. Dersom planane skal kunne realiserast, må prosjektet vise seg økonomisk berekraftig. Større bruk av enkeltståande varmepumper er også aktuelt, enten luft/vatn eller vatn/vatn i dei delane av kommunen der det kan hentast lavtemperert energi fra grunn, sjø eller vatn. Tilhøva ligg til rette for at fleire skal kunne gjere dette. Energiutgreiinga skal innehalde konkrete framlegg til energiomlegging. Det kan til dømes vere omlegging frå bruk av panelomnar til oppvarming til bruk av fornybar varme. Erfaringsmessig tar energiomlegging tid, spesielt der bygg må konverterast frå el til vassboren varme for å kunne realisere omlegginga. Det er heller ikkje alltid så lett å rekne ut dei økonomiske konsekvensane av ei slik omlegging. Det er viktig at nokon går føre og viser veg. Dette har ofte vore kommunar og andre offentlege eigarar som har andre krav til lønsemd enn private byggeigarar. Enova SF har støtteordningar for omlegging til fornybar energi i varmesentralar. Side 18 av 28
Ladepunkt for elbil Sunnfjord Energi har sett opp ladepunkt for elbil. Kommunen vurderer fortløpande om det er behov for kommunale ladeplassar. I Fylkesdelplan for klima og miljø er det vedteke at Fylkeskommunen vil arbeide med å redusere klimagassutslepp og førebyggje utslepp gjennom endring i produksjon, forbruk og samfunnsinstitusjonar som bidreg til utslepp. Som ein av strategiane til å gjennomføre dette, er det vidare vedteke å effektivisere personbilar og redusere forbruk av drivstoff ved privat bilkøyring. Eit av fleire tiltak i planen er å «sikre infrastruktur for el-bilar». Fylkeskommunen har hatt eit møte med fleire av nettselskapa i fylket (Sognekraft, Sunnfjord Energi, Stryn Energi og SFE) rundt etablering av hurtigladepunkt. Nettselskapa er positive til å bidra til utbygging av fleire ladepunkt. Det er viktig å sikre infrastruktur for el-bilar internt i fylket, samstundes som ein legg til rette for reise mellom fylka. Normalladepunkt (om lag 8 timar) har dei fleste kommunane i fylket i dag, men hurtigladestasjonar som eit supplement til dette vil gjere det «tryggare» å køyre elbil i fylket. Opning av Sunnfjord Energi sitt første ladepunkt for elbil ved Energihuset i Førde 9. juli 2010. Foto: Hanne Førde Midtbø, Sunnfjord Energi Side 19 av 28
5 NY ENERGITILGANG I forskrift om energiutredninger er det ikkje gitt direkte pålegg om å kartlegge lokale energiressursar og høve til å utnytte desse. Dette er likevel eit tema av stor interesse for kommunen og for nettselskapet sjølv. I denne utgreiinga har vi lagt vekt på å skaffe fram best moglege anslag på slike ressursar. 5.1 Ny småkraft NVE si ressurskartlegging viser 67 utbyggingsprosjekt av småkraft med eit samla potensiale på 66,7 MW og 282 GWh i Førde. Her er eit tabellmessig oversyn for planlagde utbyggingsprosjekt i kommunen: Planlagde småkraftverk MW GWh Kvamme-Flugedalen 0,6 2 Gravdal 2,0 6 Menes 0,2 1 Erdal 0,7 3 Gjerland 0,0 0 Kråkenes micro kraftverk 0,0 0 Holsen Kraftverk 9,2 31 Kvål, Angedalen 0,6 2 Sunnarvik, Angedalen 0,3 1 Åsane, Holsen 1,8 7 Viskedal,Holsen 1,0 4 Kinn kraftverk 0,3 1 Sundsdalen 0,5 2 Haugen minikraftverk, Angedalen 0,8 3 Hårklau 0,4 3 Frøysland Kraftverk 0,3 1 Ervik 4,0 20 Markafossen, Ervik 1,0 5 R. Nydal Angedal 0,6 2 Vassbrekka kraft, Angedal 3,0 9 Norvatnet, Angedal 1,5 6 Isvassbotnen, Angedal 2,6 10 Røyrvik 1,9 8 Heilevang 1,1 4 Hundsåna 2,3 8 Kvamsfossen 2,2 8 Skogstad, Angedalen 1,0 2 Fosselva mikrokraftverk 1,0 0 Fleten Holsa 0,4 2 Sum 41,2 152 NVE har utvikla ein metode for digital ressurskartlegging av små kraftverk mellom 50 og 10 000 kw. Metoden bygger på digitale kart, digitalt tilgjengeleg hydrologisk materiale og digitale kostnader for dei ulike anleggsdelane. I dei lokale energiutgreiingane må det visast til denne kartlegginga. Områdekonsesjonæren har gjort ei vurdering av kva produksjonseiningar som vurderast som mest aktuelle og vurdet dei konsekvensane ei realisering av desse vil få for det lokale energisystemet. Frå Halbrendsbrua, Førde 1920-30 Kjelde: www.fylkesarkiv.no. Bilen er ein T-Ford. Produksjon småkraft MW GWh NVE-potensiale 66,7 282 Ferdig utbygt 12,7 51 Planlagde utbyggingar 41,2 152 Teoretisk restpot. 12,8 78 Ny elproduksjon i kommunen Framleis potensiale for utbygging Side 20 av 28
5.2 Vindkraft I Førde kommune er det beskjedne vindkraftressursar. 5.3 Bioenergi I Førde kommune er det mogleg å ta ut vesentleg meir energi frå skogen enn det som vert gjort i dag. I områder med stor tilgang på biomasse bør det gjerast eit anslag av potensialet. Bioressursar i kommunen Meiruttak av biomasse er mogleg Side 21 av 28
5.4 Spillvarme Det kan vere mogleg å utnytte spillvarme frå renseanlegget for kloakk på Øyrane. Dette bør undersøkast nærare. 5.5 Avfall Avfall frå heile Sunnfjord vert samla inn og hamdsama ved Sunnfjord Miljøverk (SUM) sitt anlegg i Hesjedalen. Dette ligg langt frå verksemder og bygg som kunne ha gjort seg nytte av energien dersom avfallet skulle brennast der. Dersom det er etablert industri i kommunen, er det interessant å undersøke om det er tilgjengeleg spillvarme som kan nyttast til oppvarming. Dette føreset at det ikkje er lang avstand mellom spillvarmekjelda og aktuell bebyggelse. Avfall skal sjåast på som ein ressurs. Det er mange måtar å avhende søppel på, alt frå deponi til resirkulering eller utnytting av energi. SUM: Sorteringshall for avfall Kjelde: www.sum.sf.no 5.6 Andre energikjelder Store delar av innbyggarane i Førde kommune bur nær sjø, elv eller vatn. Nokre få utnyttar denne energikjelda til oppvarming og frikjøling. Potensialet for auka utnytting av desse lavtempererte energikjeldene er betydeleg. I område med tilgang til sjø eller andre gode lavtempererte varmekjelder, kan det vere aktuelt å vurdere bruk av varmepumper. Grunnvatn og berggrunn kan vere aktuelle varmekjelder i nokre område. Andre energikjelder i kommunen Det er potensiale for utnytting av lavtemperert energi frå sjø/elv/vatn Førdefjorden. Kjelde: www.media3.origo.no Side 22 av 28
6 AKTUELT OMRÅDE Ei vurdering av alternative energiløysingar er først og fremst aktuelt i geografiske område der det er venta vesentleg vekst i etterspørsel eller forskyving til andre energiberarar. Dette gjeld spesielt område som er lokaliserte slik at det er gode høve til å utnytte lokale energiressursar. Tiltak for å fremje meir effektiv energibruk er også aktuelt i område der det ikkje er venta vekst. 6.1 Næringsområdet på Moskog Ved denne rulleringa vart nettselskap og kommune samde om å sjå nærare på det planlagde næringsområdet på Moskog. Dette er eit felles prosjekt mellom kommunane Førde og Jølster. Når dette vert realisert, vil det truleg medføre betydelege endringar i energibruken i området. Energibehov Sidan ikkje vert aktivitet på området på ei stund, er det uråd å kome med anslag over framtidig energibruk. Likevel er det rimeleg å tru at det vert behov for både varme og kjøling her. Aktuelle løysingar og alternativ Det bør vere aktuelt å tenke seg ein felles energisentral i området med nærvarme- og kjølenett. Dette føreset at bygga får innlagt vassboren varme. Når det gjeld kjøling, er det klart rimelegast å skaffe dette ved hjelp av frikjøling frå vatn dersom temperaturane er høvelege i kjølesesongen. Eit eige kjølenett for området bør i så fall vurderast. Generelt når det gjeld slike område bør ein prøve å sjå all energibruk i ein større samanheng. Har ei eller fleire verksemder overskot på varme? Kan versemda sjølv eller naboverksemdene nytte dette? Framlegg til vidare arbeid Vi gjer framlegg om at Sunnfjord Næringsutvikling i samarbeid med energiverk og dei to aktuelle kommunane utarbeider eit forprosjekt for felles varme- og kjøleløysing for området. Det er viktig at områdekonsesjonær i samarbeid med kommunen gjer ei kvalifisert vurdering av kva område som skal veljast ut. Valet skal grunngjevast. Det er mest aktuelt å kartlegge oppvarmingsbehovet. For dei fleste andre føremål vil elektrisitet vere einaste aktuelle alternativ. Det elspesifikke behovet skal sjølvsagt takast med i ei samla framstilling av energibehovet for det aktuelle området. Konsesjonæren kan i samarbeid med andre energiaktørar foreslå kva alternativ som bør undersøkast vidare. Målet er å få fram kunnskap og starte ein dialog om løysingar. Det sentrale temaet vil vere dekkning av lokalt varmebehov med ei rasjonell samansetting av ulike energiberarar og energieffektiviseringstiltak. Aktuelle løysingar kan til dømes vere etablering av fjernvarmeanlegg, etablering av energifleksible løysingarr i enkeltbygg, bruk av gass (naturgass, propan), direkte bruk av elektrisitet, ulike tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringer, etablering av energistyringssystem på forbrukssida med meir. På bakgrunn av utgreiinga kan det vere vanskeleg for kommune, områdekonsesjonær og andre aktørar å avgjere kva tiltak som er samfunnsøkonomisk mest gunstige. Om enkelte nye energiløysingar likevel peikar seg ut som særlig aktuelle for vidare analyser, bør utgreiinga peike på dette. Utgreiinga kan også peike på kva analyser eller tiltak som bør vere av spesiell interesse for dei ulike aktørane. Side 23 av 28
Sunnfjord Næringsutvikling v/jan Støfring: Sunnfjord Næringsutvikling har siste året arbeida med å sikre rett val av selskapsløysingar ved etablering av slikt felles næringsområde som Sunnfjord Næringspark, Moskog. Det er planen at vi skal ha fokus på innleiande realiseringsfase i 2014 ved at SNU må få utvikla planar etc for etablering av infrastruktur til området. Dette er eit omfattande og kostbart arbeid som må takast for å få etablert nødvendige løysingar for vatn og kloakk. Vi arbeider også med å finne løysingar på korleis ein finansierer opp eit oppstartsarbeid på sjølve etableringa av det omtala industriarealet. I reguleringsdokumenta er det lagt til grunn ei etableringsrekkefølge som betyr at det blir starta i K2/K3/K4 (retning mot Holsen). SNU ser for seg at det er langt fram før denne delen er ferdigetablert, men håpar at det er råd å starte fysiske delparsellar her i 2015. Som eksempel kan SNU sjå føre seg at K2 blir opparbeida i perioden 2015-2016. Tidelgaste ferdigstilling er truleg ikkje før slutten av 2016 og med faktisk oppstart av bedrifter frå 2017. SNU er ikkje i posisjon til å skissere energibehova for området no fordi interesse ikkje er dokumentert i denne fasen, og at tidlegare undersøkingar ikkje kan tilleggast vekt no. Vi ser for oss at ved normal vekst og utvikling vil ein del bedrifter som er plasserte i Førde tettstad i dag ha naturleg utviklingsareal i Sunnfjord Næringspark, og at flytting vil skje etter positiv utvikling og auka arealbehov hos desse. SNU arbeider også med å kunne få nye bedrifter til området, men det er framleis slik at ein truleg må kunne vise til meir fysisk etablering av området før dette er attraktivt i ein salsprosess. Det er også korte ledetider ved etableringar i dagens næringsliv, slik at vi ikkje kan rekne med sal no der det er ein tidhorisont i 2017. Også E-39 etableringa saman med ei avgjer i kraftutbygging i Jølstra vil ha effekt på framdrift og kor attraktivt området er i dei nærmaste åra. Side 24 av 28
7 FØRESETNADER 7.1 Spesielle føresetnader Ingen spesielle føresetnader er brukt for denne kommunen. Alle framskrivingar er gjort med grunnlag i dei generelle føresetnadane. 7.2 Generelle føresetnader Alle framskrivingar av folketal er henta frå SSB, alternativ MMMM dersom ikkje anna er opplyst. Graf for nye bueiningar er henta frå SSB, men føreset at kommunen har innrapportert dette i rett tid. Data for utrekning av leveringstryggleik i kommunen er opplyst frå det aktuelle energiverket. Grunndata for energibruk i kommunen er henta frå SSB med nyaste data frå 2009. Dette er framskrive til 2012 (trendframskriving med grunnlag i nasjonale data) for alle energiberarar utanom elektrisitet som har faktiske tal oppgjeve frå energiverket. Energibruk i kommunale bygg er henta frå SSB (KOSTRA) og er avhengig av nokolunde korrekt kostnadsanslag for dei ulike energikjeldene. For 2012 er det nytta 0,8 kr/kwh i snitt for energikjeldene. Sparepotensialet i kommunale bygg framkjem ved bruk av normtal innan kvar byggkategori. Lokal energitilgang bygger på oversyn frå NVE, kommunen og det lokale energiverket. Prognose for utvikling av energibruk er stadtilpassa ut frå historisk utvikling. Dette tar opp i seg summen av endringar i folketal, bustadstruktur, næringsutvikling, m.m. I tillegg er det teke spesielt omsyn til vedtekne utbyggingar og planlagde endringar innan industri. Potensialet for uttak av bioenergi til oppvarming er anslått av kommuneadministrasjonen. Data for avfall er henta frå selskapet som handsamar dette. Historikk innan feil og avbrot (FASIT) er tinga og velvillig levert av NVE. Side 25 av 28
8 VEDLEGG 8.1 Energibruk Tabellen under syner faktisk energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Hushald 88,6 89,6 90,5 93,1 96,2 95,4 91,9 95,4 102,8 92,7 100,8 Hytter og fritidshus - - - 0,4 0,4 0,5 0,6 0,6 0,7 0,6 0,8 Tenesteyting 93,0 98,9 99,0 103,2 109,0 118,9 114,7 116,5 122,5 116,3 126,2 Industri 27,5 21,1 15,7 20,4 24,2 24,1 20,2 16,5 17,0 15,2 16,8 Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Primærnæring 4,3 4,4 4,4 4,4 4,1 4,2 3,9 3,8 3,7 3,8 3,7 Sum 213,4 214,0 209,6 221,5 233,9 243,1 231,3 232,8 246,6 228,6 248,3 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 Hushald 102,0 103,2 104,5 105,7 106,9 108,1 109,3 110,6 111,8 113,0 Hytter og fritidshus 0,9 1,0 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,4 1,5 1,6 Tenesteyting 129,5 132,9 136,2 139,5 142,8 146,1 149,5 152,8 156,1 159,4 Industri 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Primærnæring 3,6 3,6 3,5 3,5 3,4 3,3 3,3 3,2 3,2 3,1 Sum 252,9 257,4 262,0 266,6 271,1 275,7 280,2 284,8 289,4 293,9 Tabellen under syner klimakorrigert energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Hushald 94,5 95,4 96,6 99,0 106,8 101,4 99,9 102,2 97,9 101,4 103,9 Hytter og fritidshus - - - 0,4 0,4 0,5 0,6 0,6 0,7 0,6 0,8 Tenesteyting 98,7 104,6 105,1 109,2 119,9 125,7 123,8 124,1 117,2 126,3 129,8 Industri 27,5 21,1 15,7 20,4 24,2 24,1 20,2 16,5 17,0 15,2 16,8 Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Primærnæring 4,6 4,6 4,7 4,7 4,5 4,4 4,2 4,0 3,5 4,1 3,8 Sum 225,3 225,7 222,1 233,7 255,8 256,2 248,8 247,5 236,3 247,7 255,1 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 Hushald 102,0 103,2 104,5 105,7 106,9 108,1 109,3 110,6 111,8 113,0 Hytter og fritidshus 0,9 1,0 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,4 1,5 1,6 Tenesteyting 129,5 132,9 136,2 139,5 142,8 146,1 149,5 152,8 156,1 159,4 Industri 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 16,8 Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Primærnæring 3,6 3,6 3,5 3,5 3,4 3,3 3,3 3,2 3,2 3,1 Sum 252,9 257,4 262,0 266,6 271,1 275,7 280,2 284,8 289,4 293,9 Tabellen under syner faktisk energibruk pr. energiberar med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 El 171,2 171,2 171,1 181,7 187,8 201,0 198,1 198,2 211,8 198,8 211,7 Petroleum 23,6 24,1 19,0 17,3 22,9 20,1 16,2 15,2 15,0 12,6 16,0 Gass 0,7 0,8 1,4 1,6 1,9 2,2 1,4 1,4 1,6 1,3 1,5 Bio 17,9 17,9 18,1 20,9 21,3 19,8 15,6 18,0 18,3 15,9 19,2 Avfall, kol, koks 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Sum 213,4 214,0 209,6 221,5 233,9 243,1 231,3 232,8 246,6 228,6 248,3 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 El 216,4 221,1 225,8 230,4 235,1 239,8 244,5 249,2 253,9 258,6 Petroleum 15,7 15,4 15,1 14,8 14,5 14,2 13,9 13,6 13,3 13,0 Gass 1,5 1,6 1,6 1,7 1,7 1,7 1,8 1,8 1,9 1,9 Bio 19,3 19,4 19,5 19,7 19,8 19,9 20,0 20,2 20,3 20,4 Avfall, kol, koks 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 Sum 252,9 257,4 262,0 266,6 271,1 275,7 280,2 284,8 289,4 293,9 Side 26 av 28
8.2 Demografi og næringsliv År 2 002 2 003 2 004 2 005 2 006 2 007 2 008 2 009 2 010 2 011 2 012 Folketal 10 765 10 906 11 104 11 151 11 327 11 465 11 650 11 838 12 035 12 207 12 307 Husstandar Kommunen 2,56 2,54 2,55 2,56 2,56 2,57 2,58 2,58 2,57 2,54 2,52 Fylket 2,53 2,51 2,51 2,51 2,51 2,50 2,49 2,46 2,45 2,44 2,43 Landet 2,32 2,29 2,29 2,30 2,30 2,31 2,30 2,29 2,28 2,28 2,28 År 2 013 2 014 2 015 2 016 2 017 2 018 2 019 2 020 2 021 2 022 Folketal 12 559 12 558 12 718 12 884 13 033 13 199 13 349 13 506 13 657 13 813 Husstandar Kommunen 2,55 2,55 2,54 2,54 2,53 2,52 2,52 2,51 2,51 2,51 Fylket 2,42 2,42 2,40 2,39 2,38 2,37 2,35 2,35 2,34 2,33 Landet 2,27 2,27 2,27 2,27 2,26 2,26 2,25 2,25 2,25 2,24 Sysselsetting 2012 Kommunen Fylket Landet Primærnæring 163 3 544 65 452 000 Industri 512 8 506 291 183 000 Tenesteyting 6 341 44 604 2 218 560 000 Anna 21 236 13 805 000 SUM 7 037 56 890 2 589 000 000 E39 gjennom Førde under orkanen «Dagmar». Foto: Frode Nordeide. Kjelde: www.nettavisen.no Side 27 av 28
9 REFERANSAR Publikasjonar, rapportar etc. Illustrasjonar Firma/ personar www.forde.kommune.no Byggearealstatistikk og energistatistikk. Folke- og bustadtellinga 1990 og 2001. Energibruk i husholdninger rapport. Energibruk i kommunene. Oversyn over verksemder (einingar) i Førde kommune www.ssb.no Liste over småkraftverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Statistikk over feil og avbrot (FAS) NVE www.nve.no Elektrisitetsforbruk i Førde kommune. Feil- og avbrotsstatistikk. Sunnfjord Energi AS www.sunnfjordenergi.no Middeltemperaturar på Vestlandet 1990-2000 www.dnmi.no Byggareal i Noreg, Enova 2002 www.enova.no Vindkart for Norge www.nve.no Været i Norge www.met.no Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane www.nrk.no/sf Stålesen Energi AS - Varmepumpe www.dvi-norge.no Miljølære Hva er en ET-kurve? www.miljolare.no EM Systemer Energioppfølging www.emsystemer.no Pernoll Vedstabel http://home.online.no/~pernoll/news.html Pellets www.btgworld.com Sunnfjord Energi AS Nettsjef Helge Robert Midtbø helge.robert.midtbo@sunnfjordenergi.no Siv.ing. elkraft Bjarte Kapstad bjarte.kapstad@sunnfjordenergi.no Førde kommune Rådmann Ole John Østenstad ojo@forde.kommune.no Sunnfjord Næringsutvikling Dagleg leiar Jan Støfring jan.stofring@sunnfjord.no SFE Rådgjeving Seniorrådgjevar Nils Ola Strand nils.ola.strand@sfe.no Side 28 av 28