Ut på tur i Vindafjord



Like dokumenter
Ut på tur i Vindafjord

Ut på tur i Vindafjord

Ut på tur i Vindafjord

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Ut på tur i Vindafjord

STI GJENNOM LERKESKOG

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Turstiar frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats.

Sommervandring 2013 Nord-Aurdal

UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Ut på tur i Vindafjord

Ut på tur i Vindafjord

N Æ R T U R. i Førde

1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY.

TI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Turbok for Molde og Omegn

Ut på tur i Vindafjord

Aktuelt kart for området er Turkart Kristiansund 1:50 000, utarbeidet av Nordmøre - og Romsdal Friluftsråd

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Plassering av tong til klippekortet er omtala i teksten til kvar tur.

Turmål Vestre Slidre kommune Risteberget 520 moh - 10 poeng

Romsdalseggen. Vengedalen

Topptrimmen - Turbeskrivelser

Wipavarid Kalland Vinnerbilde 4Fjell 2014

5 på topp i Storfjord

Toppturer på Gautefallheia

Fotturer i Jostedalen

Turpostar i Sogndal. Namn:

Bli med i konkurransen Turmål i Ålesund og omegn! Alle som har funnet minst fem turkoder er med i trekninga av fine premier.

Start Mylla Dam - Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen 15,97 km 510 høydemeter

Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering

GJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Sommervandring Trillemål

Bispen. Trollstigen. Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av Trollstigen. Her sett fra Isterdalen.

Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra 22,34 km 637 høydemeter

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Haugen og Dalen bygdeutviklingslag Registreringsrapport

Ti-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt

Postvegen. Nordfjellet. Onarheimslia PÅ TUR. Populære turløyper i nærområdet

Veibeskrivelser - 10 på topp 2019.

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

TURER I RISSA KOMMUNE. Med god tilrettelegging

10 Jamtfjelltinden/Njaarkensnjurhtjie Meget krevende

Førehandsgodkjenning av planar for prosjekt tursti «Venjesdalen «- Romsdalseggen

«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014

Gran Canaria. Turbok for Sydenferien Forkortede turbeskrivelser for: Turbokforlaget

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Valtjednknatten. Foto: Hege Holm

Adresseprosjektet Vaksdal kommune Skiltplan plassering / tilleggsdokument til kart ved adresseskilting

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Bernia rundtur. Benidorm CB6

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Symboler. Vandring Skigåing Tursykling

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Binnhøvdsknatten. Foto: Anne Berit Gunderhuset

Dag 3: Fredag 29.juni Sandvika Levanger 63,2 km.

Kulturhistoriske registreringar

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

Søndagsturen gode turforslag

Turbeskrivelser og kart til Fysak-kassene i Lyngen kommune

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

Turmål: Skistua. Velkommen til storstua i Bymarka

Slotthø Sunndalsfjella

Ravnåskollen (167 m.o.h), fiskestien rundt Vikevannet

Madeira MD4 MD1 MD5 MD3 MD6 MD2. 5 km

VEGBESKRIVELSE. Turpost 1: JUTULSTEIN

Skattekister. Frisenfeldt Spesialist på klassiske førskole-leker. Midt I din flotte gågate I Moss. Lekehuset

LEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE

Eidsfjell 1333 moh. Eidsfjell Sone 32V Ø N

Toppvandring, med orienteringsgruppa i Torpa IL. -for 26.gang-

Plassering av tang til klippekortet er markert med blå prikk på karta.

Store Trolltind. Trollstigen

Sommervandring 2017 Vi har rydda, skilta og lagd kart! God tur alle sammen

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Bokn kommune Fakta om kommunen (pr

TRYSIL. Foto: Ola Matsson. Foto: utefoto.no

Lakselvbukt og Lakselvdalen

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2016

2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering

Bondefrøkens INTERVALLMORO

Fleire lokale friluftsområde er tilrettelagt.

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2017

Denne turen er kun for å få lagt inn postnummer på GPS-postene. Info om disse ligger her: og knappen "Månedens GPS-post".

Adresseføresegner, Sund kommune

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Landmannalaugar Innlandet

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Vedlegg 1: Oversyn over ekstra skuleskyss i Fjell kommune, 2012.

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Parkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue.

Sykling på Geilo like populært den gang som nå

Transkript:

Ut på tur i Vindafjord 2012 Vindafjord er ein frisk i friluft kommune!

Foto: Siri Nonslid Skjold: Rundtur Hodnafjell 325 moh Varden 280 moh Tilkomst og parkering: Ved Ersland bedehus. Ta av frå E 134 ved første avkjørsle sør for bedehuset og kjør ca 200 m på sykkel- og gangstien tilbake til bedehuset. Start og mål: Ersland bedehus. Avstand: 7,2 km. Tidsbruk: Om lag 2 ½ - 3 timer. Vanskeleggrad: Raud tur Kulturminne: Kalvelandskverna. Terreng: Variert terreng, ein del traktorveg, elles sti og noko berg. Stort sett ope landskap rundt toppane. Ein går gjennom planta granskog og lerkeskog på veg opp og ned. Ein del våte områder. Bruk godt fottøy. Om turen: Turstien startar frå Ersland bedehus. Gå ca 200 m retning Haugesund, ta av til høgre og gå gjennom eit gardstun. Ta av til høgre ved grå løe og følg merka traktorveg oppover. Ved neste vegskilje er det skilta bort til høgre mot Kvernhuset og til venstre vidare på rundturen. Følg traktorveg vidare oppover til rett før eit gammalt gardstun og ta til høyre her gjennom ein port. Følg merka traktorveg/sti opp mot Kalvelandsstemmen. Gå på sørsida av vatnet, over gjerdeklyvar og vidare opp til Hodnafjellet. Fra Hodnafjellet følgjer ein merka sti mot Varden som ligg nord-vest for Hodnafjellet. Denne stien går først ca. 200 m i retning mot Våg før den svingar mot Varden. Flott utsikt fra begge toppane. Frå Varden følgjer ein merka sti nedover og inn i eit skogholt. Gå gjennom dette og vidare over på traktorveg som går heilt ned til vegen ved Plastfabrikken. Frå Plastfabrikken følgjer ein sykkel/gangstien retning Haugesund tilbake til Ersland bedehus. Ein kan og gå rundturen i motsett retning. Vats: Tordisnuten 440 moh Tilkomst og parkering: Frå Knapphuskrysset v/ E 134 kan du ta av på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører 2.3 km til Åmsosen. Like før du kjem ned på kaien ved Hatteland, tek du av til venstre (sjå skilt her) og kjører vidare utover langs Vatsfjorden og så innover mot Stokkadalen. Etter 2.8 km ser du skilt for tursti og parkering. Ta til høgre her 250 m på denne vegen finn du P-plass og infotavle. Avstand: 1,7 km opp til toppen. Tidsbruk: 1 time å gå opp - vanleg gange m/pustepausar. men har nokre bratte parti. Terreng: Skogsveg eit stykke oppover og så inn på godt merka og rydda sti som slynger seg oppover gjennom bjørkeskog og litt blanda vegetasjon. Skotøy: Fjellsko. Om turen: På vegen oppover er det god utsikt over store deler av Nedre Vats og innover Stokkadalen. Like før du når toppen, kjem du til ein liten varde Foto: Jon Olav Velde med turkasse med bok i som speiderane har sett opp. Her er god utsikt. Her finn du kodeordet og boka du må notera deg i (skriv deg og inn i speidarboka å bli med i Nutafantkonkurransen om du vil). Går du 200 m til, kjem du til toppen av Tordisnuten. Her kan du ta valget om du vil gå ned att same vegen eller fortsetja å gå ned til det gamle skulehuset i Stokkadalen på ein merka og rydda sti. Når du er komen ned til det gamle skulehuset, må du gå1,5 km på bilvegen ned til parkeringsplassen ved Tjeltveit der du sette bilen frå deg. Fin rundtur. Vikedal: Ulvevold ca 269 m.o.h. Tilkomst og parkering: Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr rett fram 7,2 km og du er framme ved Låkafossen der turen startar. Infotavle står her. Parker ved kalkingsanlegget, men det må vera plass igjen til tankbil. Parker eventuelt over brua borte ved vegkryss. Foto: Marianne Bakkedal

Avstand: Om lag 1,9 km Tidsbruk: Om lag 2 timar tur/retur Om turen: Fin traktorveg halve turen. Turen går så over i litt varierande terreng over bekker og myrar, så ha gode tette sko. Frå Låkafossen føl du skilta/raude pinnar inn på fin traktorveg. Eit stykke oppe i lia kjem du til Ole s steinbu. Denne gamle stølsplassen har Ole Fatland restaurert fint opp og bevart gamle ting i husa. Eit av husa har namnet Moldhytta. Her vart det melka kyr før i tida! Tar du til høgre her ved steinbuene kjem du fram til ein fin utsiktsplass. Kanskje det passar med ein matpause i dette området. Turen går vidare på fin traktorveg som går over i sti. Huldraholet er neste merka plass. Gå stilt forbi, ellers vert du bergtatt; fortel sagnet. Følg raude pinnar innover til skilt som viser veg til Ilstveit/Imsland, kanskje ein rundtur, men målet er rett fram til sandstranda ved vatnet. Her er postkassen plassert. Fine bademoglegheiter. Eit anna alternativ no, er rett nord og du kjem inn på sti til Koladalen, ein ny rundtur. Foto: Torbjørn Ruud Ølen: Skukkane 574 moh Tilkomst og parkering: E 134 frå Ølen til Opheim. Parkeringsplass på Opheim. Avgift Avstand: Omlag 1.5 km ein veg. Tidsbruk: 1 1.5 time tur/retur Om turen: Skukkane er fjellet nord øst for parkeringsplassen på Opheim. Frå toppen, får du god utsikt over Ølen og Ølensvåg. Den merka stien går frå parkeringsplassen på Opheim. Kryss bekken og følg den gamle stien til Olalia. Etter berre 30 m tar du av stien mot nord. Stien følgjer lia mot nord øst. Først gjennom bjørkeskog - seinare på snaufjell. Det er og merka ein rundtur vidare om Gudmundsnuten og Røde Kors hytta. Frå Skukkane går stien mot Grasdalen i øst, kryssar dalen og svingar mot nord øst. Frå Gudmundsnuten har du fin utsikt mot blant anna Etne og Folgefonna. Gudmundsnuten er høgaste toppen i området rundt Keisarholli. Stien går mot sør om Tråstølen og Røde Kors hytta. Følg stien/vegen som turistforeininga har merka tilbake til utgangspunktet. Du bør rekne 2-3 timar om du går rundturen om Røde Kors hytta. Turen er godt merka. Foto: Ingrid Johannessen Bjoa: Lokklinuten 391 moh Tilkomst og parkering: Frå Innbjoa: følg fylkesveg 543 utover fjorden forbi Bjoa kyrkje. Etter å ha passert Bjoa Auto køyrer du ca 350 m til du får skilt om badeplass parkeringsplass på høgre side. Frå Utbjoa: Når du har passert kryss ned til ferjekai, køyr ca 1,6 km til du kjem til skilt badeplass og parkering på venstre hand. Avstand: Om lag 2,8 km ein veg Tidsbruk: Om lag 1.5 time - Familietur med litt utfordringar Om turen: Turen startar frå tømmervelteplass ved Vedvik. Følg skogsveg som går i ganske bratt lende gjennom blandingsskog. Følg merka løype på traktorveg via Hedleberget, oppover så langt skogsvegen går. Øvre del av skogsvegen går i myrlendt terreng og er til dels ganske våt. Vidare følgjer du merka sti opp til toppen Flott utsikt på toppen! Anna: Hedleberget gamalt steinbrot. Vedvika fin badeplass. Etter ein fin topptur, kan det vere verd å ta turen ned i Vedvika der det er fantastisk fin badestrand. Andre turar i området: På veg til Lokklinuten passerar du også tursti til Kyrkjenuten, Sandvik og Steinsland. Sjå skilting. Foto: Kjetil Espeland Ølensvåg: Vakadalen Tilkomst og parkering: Ta av E-134 i Ølensvåg og køyr R-543 mot Bjoa. Etter ca 6 km, sjå etter skilt for tursti og Vakadalen. Parkering: Parkeringsplass og start for turen ligg ca 100 m frå hovudvegen. Avstand: Om lag 7 km. Tidsbruk: Om lag 1.5 time.

Om turen: Lett familietur. Turen kan og gjerast på sykkel, men du må kanskje trilla den opp første motbakken. Det er også mulig og trilla barnevogn på turen, men som sagt ein lang motbakke i starten og i tillegg er det eit parti på skogsvegen som er litt steinete og ujamn. Skogsbil- og traktorveg på heile turen. Først ein lengre stigning (1.5 km), deretter meir eller mindre flat skogsveg (4 km) rundt i Vakadalen, og til slutt nedoverbakke til utgangspunktet. Det er fleire muligheter for rast med benk og bord på turen. Turen rundt Vakadalen er og ein fin familietur. Anna: Dersom du er av den spreke sorten, er det mange avstikkarar til meir eller mindre kjende toppar som: Kåtanuten, Kjellesviknuten, Hovda, Ormåsen og Gråhorgjo. Nokon av desse turane er godt merka, andre manglar endå merking. Desse avstikkarane er alle av dei meir krevande turane. Vikebygd: Såtå Tilkomst og parkering: Turen startar nord på Skartland, ei grend som ligg 4 kilometer nord for Vikebygd sentrum. Det er dårleg med parkeringsplassar i vegkanten, men køyr 700 meter vidare til du kjem til gamle Årvik bedehus. Her er det god parkeringsplass. Avstad: Tidsbruk: 2-3 timar. Om turen: Nord ved den nordlegaste ekra på Skartland går det ein køyreveg opp til ein einebustad. Me går opp traktorvegen som går nordaust og følgjer denne opp igjennom beitet. Vel ute av beitet dreier stien kraftig til venstre opp skaret mot Fosselgarden. På toppen av skaret dreier stien til høgre att og følgjer ryggen opp til toppen. Periodevis litt bratt, men fin furuskog og svaberg å gå på. Heimturen kan du ta via ein alternativ veg ved å fortsetje over toppen og ta bratt ned skaret. Midtvegs nedi bakken er det flotte fjellholer å leike i på høgre hand. Nede frå det brattaste partiet tek stien nordover langs foten av fjellet og møter stien me gjekk opp i overkant av beitet. Anna: Som eit ekstratilbod vil det ligge orienteringskart i kassen på toppen kor du kan finne fem postar på denne vegen ned. Ta eit kart og prøv deg og familien på ein ny spanande friluftsaktivitet. Sandeid: Øktaren 532 moh Tilkomst og parkering: Frå Sandeid tar du vegen mot Ilsvåg ca 0,5 km. Sving til høgre rett over brua i Vestbø, turstiskilt v/hønsehus. Køyr til endes på grusveg til parkeringsplass med oppslagstavle. Avstand: Om lag 4 km Tidsforbruk: Om lag 2 timar Vanskeleggrad: Raud tur Om turen: Frå parkeringsplass følgjer ein god traktorveg opp gjennom beiteområde. Vegkryss er godt merka. Under vegs er det to rasteplassar, den første i det den første stigningen er over, fin utsikt over Sandeid, neste er eit solid steinbord før siste stigningen mot toppen. Turen er ein fin familietur gjennom variert terreng. Ope terreng med godt utsyn. Anna: For dei som ynskjer ein lengre tur er det før den siste oppstigninga til Øktarenuten merka sti vidare innover (til venstre) til Døldarheia. Her kjem ein opp på eit fjellplatå med svært godt utsyn i alle retningar. Til Dødlarheia ca 6 km, ca 3 timar. Her er det mogeleg å gå vidare ned til Vats (godt merka) eller over mot tursti mellom Stuhaug og Aurdal (ikkje merka frå Døldarvarden til tursti Stuhaug/Aurdal). Imsland: Tjort 688 moh Tilkomst og parkering: Køyr 800 m frå Vikedal sentrum mot Ølmedal. Ein er då på ein bakketopp (Røssmyrtoppen) og køyrer ca 200 m nedover mot Børkjedalsvatnet. Her finn du rasteplass og parkering. Foto: Gro Anita Imsland Foto: Steinar Skartland Avstand: Tidsbruk: Om lag 1.5 time Om turen: Løypa går over beite på traktorveg. Gå gjennom grinda og inn i skogen. Ta av skogsvegen og forset på godt merka sti forbi Håvåsen og vidare bratt opp til Tjort. Stien svingar austover, her er eit flott utsiktspunkt over Ølmedal. Fortsett mot toppen mot varden der kassen ligg!

Tilrettelagde turar for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner Foto: Gro Sandeid: Sentrum via Helgevoll Tilkomst og parkering: Ein kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus, oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Haugesund Sparebank/ teknisk bygg Vindafjord kommune i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. Avstand: Rundtur ca 3 km. Vanskeleggrad: Grøn tur. Terreng: Sentrumsnært område med lite bakkar. Deler av turstien er grus. Anna: Det er mogeleg å ta ein avstikkar opp til det nye Rødne kraftverk litt høgare oppe i elva. Om turen: Dersom ein startar ved kyrkja nytta ein gangfeltet langs riksvegen ned mot sentrum til avkøyringa for Haugesund Sparebank/tekninsk bygg Vindafjord kommune og Nortura. Stien går vidare på gardsveg opp til ein når Rødneelva og så på traktorveg/tursti langs elva opp til Helgevoll (Rødnebrua). Turen går så attende til utgangspunktet via bilveg for Helgeland/Fjellstøl. Skjold: Vikaneset, Skjoldavik, Isvik, Hagebyen, Kyrkja, Vikaneset Parkering: Ta av frå E-134 ved skilt til Vikaneset. Parker på første parkering på høgre side. Avstand: Om lag 3,5 km Tidsbruk: Om lag 45 min 1 time Vanskeleggrad: Grøn tur. Kulturminne: Litt historie om «Skjoldevik molybdængrupe», gruvedrift ca 1916- talet i ytre del av Skjoldavik. Her står turkassen. Terreng: Ein del flate partier, men og nokre bakkar. Noko gang- og sykkelsti, fortau, men og ferdsel langs veg. Asfalt på heile turen. Om turen: Start og mål oppe på Vikaneset. Ein går ned til hovudvegen, kryssar denne og følgjer gangog sykkelsti nedover mot kyrkja. Hald til venstre ned mot Skjoldavik under brua. Følg vegen gjennom Skjoldavik, kor ein kan sjå gamal og ny busetnad. Ein har flott utsikt mot Skjoldafjorden. I ytre del av Skjoldavik står turkassen på nedsida av vegen ved ein grå garasje. Der finn ein og litt historie om dette området. Ein går videre mot Isvik, kor ein passerer «Lensmannsgarden» på oppsida av vegen. Etter brua tek ein opp mot høgre, retning Vikebygd. Fortset å gå til skilt på høgre side mot Isvik Hageby. Bruk fortau der det fins. Følgjer ein gang- og sykkelsti gjennom Isvik hageby 1 og 2 til den sluttar. Vidare langs vegen beint fram. Vegen svingar til høgre og ein kjem til Isvik hageby 3. Her har ein tre valg. Første vegen tek til venstre ganske straks, medan ein kan gå vidare Foto: Siri Nonslid nedover og finne endå to alternativ. I alle høve kjem ein til gang- og sykkelstien, noko bratt, ned til kyrkja. Ein tur bort til Isvik hageby 4 kan me også anbefale. Dit kjem ein ved å ta av til høgre ved leikeplassen. Ved kyrkja går vegen rundt denne og opp til parkeringa på Vikaneset igjen. Ein kan og gå turen andre vegen. Turen er merka på enkelte skilt og lyktestolpar. Ølen: Rundtur i sentrum Parkering: Bak Ølen kulturhus ved Ølen Båtlag sin molo. Oppslag om turen på veggen til Revehallen. Gamal utstillingshall for pelsdyr hest og småfe. Avstand: Rundtur ca. 3,5 km. Tidsbruk: Om lag 1,5 t Vanskeleggrad: Grøn tur. Terreng: Sentrumsnært område med litt bratte bakker opp til flaten, der det er god utsikt utover Ølensfjorden. Deler av turstien er grus.

Vanskeleggrad: Grøn tur. Om turen: Start frå vegen til Dalsbruket, her finn ein informasjonstavle. Fin skogsveg med lite stigning gjennom skog. I enden av skogsveg v/ tømmerplass er bord med benker. Foto: Gro Om turen: Turen startar frå Revehallen mot Osen/ Oselva. (på vestsida av elva går det ein tursti i ulendt terreng, for dei meir spreke) Gå opp Osabrekko som er noko bratt. Når du kjem til vegen som går til Øvrehagen ta til høgre ned til Steinbru. Studer brua som er den eldste steinkvelvingsbrua i Ølen. Eit kunstverk. Vidare går turen opp til Fatland Slakteri over E-134 opp mot gardane på Eide. Her er det god utsikt. Ved poststativet til Eide Gard står postkassa plassert. Følg grusvegen til riksveg 514. Gå over vegen. (her kan ein ta ein ekstra tur bort til Nerheimstunet, bygdetun frå 1859). Denne turen går vidare ned postvegen langs elva som kjem frå Stumo. Her kan ein sjå gamle vegskilt. Turen går deretter gjennom det historiske sentrum av Ølen. Ein fin plass å ta kaffipause er i Joa-Kari Parken i sentrum. Foto: Jofrid Johannessen Vølstad Imsland: Ølmedal rundt Tilkomst og parkering: Kjør til Imsland og parker ved bygdahuset. Avstand: 7 km rundt vatnet. Tidsbruk: Om lag 1,5 2 timar i roleg turfart. (rask gange 1 time) Vanskeleggrad: Grøn tur. Om turen: Turen går rundt Ølmedalsvatnet på asfalt. Lett kupert. Fin tur i flotte omgivnader. Postkassen finn du i enden av vatnet, ved brua. Bjoa: Baslia Tilkomst og parkering: Kjør til Bjoa. Etter om lag 15 km frå Ølensvåg, ta av til venstre i vegkryss skilta til Dalen. Følg vegen ved Bjoavatnet, ta til høgre i vegkryss skilta Dalsbruket. Etter om lag 1 km sjå etter skilt for parkering og tursti. Avstand: Om lag 2 km inn til garden Baslia. Tidsbruk: Om lag 1 time Foto: Ola Skipevåg Ni turar Inni brosjyra finn ein informasjon om ni ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 14.04.12 14.10.12 er ein med i trekninga av gåvekort a kr. 2.500.-. På kvar topp finn ein postkasse med eit kodeord og bok til å skrive namn i. Noter kodeord på tilvist plass kodeorda vil til slutt bli ei setning. Når ein har alle orda på plass, send inn brosjyren til Vindafjord kommune, Rådhuset 5580 Ølen innan 19.10.12. 5 tilrettelagde turar I tillegg er det lagt til rette 5 turar for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner. Her er det også sett opp postkassar med kodeord og ein er med i trekning av gåvekort. Same opplegget som for dei ni andre turane. Fargekodar for kor hard turen er: Svart: Rød: Blå: Grøn: hard og bratt tur hard tur for born fin familietur tur tilrettelagt for sykkel, barnevogn og rullestol

Foto: Gro God tur! Hugs bandtvang - vis omsyn i jaktsesongen! Fem nutar på ein dag! Kåtanuten, Kjellesviknuten, Gråhorjo, Ormåsen og Hovda. Søndag 13. mai kl. 10.00. Ta av frå E 134 i Ølensvåg mot Bjoa. Start frå drivhuset til Lars Dalen v/ Lundenesvegen, venstre side.

KODEORD Sandeid - Sentrum via Helgevoll: KODEORD Skjold - Rundtur Hodnafjell- Varden: Skjold - Vikaneset, Skjoldavik: Vats - Tordisnuten: Ølen - Rundtur i sentrum: Vikedal - Ulvevold: Bjoa - Baslia: Ølen - Skukkane: Imsland - Ølmedal rundt: Bjoa - Lokklinuten: Ølensvåg - Vakadalen: Namn: Adresse: Vikebygd: Såtå Poststed: Sandeid: Øktaren Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år Imsland: Tjort Vindafjord kommune Kulturkontoret, 5580 Ølen Namn: Adresse: Poststed: Ut På Tur i Vindafjord vart støtta av: Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år