VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 2008/2792 Saksbehandlar: Magne Olav Heggen Dato: 20.10.2008 Gebyrregulativ 2009 for kart- og oppmålingsarbeid Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Med heimel i delingslova 5 2 og plan- og bygningslova 109 blir gebyrsatsane nr. 1, 2, 7, 13, 14 og 15 i det framlagde forslaget auka med 5 %. Regulativet tek til å gjelde 01.01.2009, evt. frå kunngjeringsdato dersom denne blir seinare. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: I forhold til gjeldande satsar er nytt gebyrregulativ, punkta 1, 2, 7, 13, 14 og 15 justert opp 5%. Stortinget har vedteke ei ny lov- matrikkellova- som er sagt skal iverksetjast første halvår 2009. Lova skal erstatte dagens delingslov og inneber auka arbeidsomfang for kommunane ved at det m. a. blir innført nye eigedomstypar, nye sakstypar, auka fokus på det tingsrettslege, auka fokus på publisitet og strenge tidsfristar for gjennomføring. Det vil såleis bli behov for eit nytt gebyrregulativ som må utarbeidast og vedtakast før den nye lova blir iverksett. Dette blir å komme attende til når dei sentrale styresmaktene bestemmer iverksetjingsdato. Vurdering: Som dei siste åra er det grunn til å tru at det foreslåtte standardgebyret på ei vanleg tomt ligg nært fylkesgjennomsnittet.
Framlegg til: GEBYRREGULATIV 2009 FOR KART- OG OPPMÅLINGSARBEID 1. Gebyr for kart- og oppmålingsforretningar over areal til utbyggingsformål ( med målebrev) Areal i m2 Gebyr i kr frå til og med 0 1 500 9240 1 500 2 000 9910 2 000 2 500 10580 2 500 3 000 11250 3 000 3 500 11920 3 500 4 000 12590 4 000 4 500 13260 4 500 5 000 13930 5 000 6 000 14600 6 000 7 000 15270 7 000 8 000 15940 8 000 9 000 16610 9 000 10 000 17280 10 000 11 000 17950 11 000 12 000 18620 For areal over 12 daa og inntil 30 daa aukar gebyret med kr 670,- pr. påbegynt daa. For areal over 30 daa blir gebyr rekna etter pkt. 15, minimumsgebyr kr 31350,-.
2. Gebyr for kart- og delingsforretningar over areal til grensearronderingar/tillegg (med målebrev). Areal i m2 Gebyr i kr frå til og med 0 75 2080 75 150 2730 150 300 3380 300 450 4030 450 600 4680 600 750 5330 750 900 5980 900 1 050 6640 1 050 1 200 7290 1 200 1 350 7940 1 350 1 500 8590 For areal over 1500 m2 blir gebyr å rekne etter pkt. 1 3. Gebyr for kartforretning over grenser (med målebrev). Tal på grensepunkt Gebyr i kr 1 800 2 1200 3 1600 Vidare blir gebyret auka med 400,- pr. grensepunkt. 4. Gebyr for grensepåvisning etter tilfredsstillande målebrev: Tal på grensepunkt Gebyr i kr 1 500 2 800 3 1 100 Vidare blir gebyret auka med kr 300,- pr. grensepunkt.
5. Gebyr for situasjonskart etter byggjeforskr. kap. 14,5, delingslova, forskr. kap. 25: Areal i m2 Gebyr i kr frå til og med 0 2 000 750 2 000 3 000 960 3 000 4 000 1 180 Vidare blir gebyret auka med kr 220,- pr. påbegynt daa. 6. Gebyr for situasjonsriss Denne tenesta vil ikkje føre til vesentleg utlegg for kommunen, og vi krev ikkje gebyr. 7. Gebyr for kartforretning over punktfeste 60% av vanleg tomtegebyr i pkt 1, dvs. kr 5540,- dersom merking og oppmåling er nødvendig. Dersom det er unødvendig med merking og måling i marka, blir gebyr som for registreringsbrev etter pkt. 13. 8. Gebyr for avbroten forretning. Gebyr for tilbakekalla, avbroten eller annulert forretning vert fastsett av oppmålingsmakta etter skjønn på grunnlag av brukt tid. 9. Gebyr for påteikning av målebrev i samband med grensejustering. Delingslova, forskr. kap. 11 Gebyr for påteikning av grensejustering / justering blir sett til 10% av gebyret for forretninga - men minst kr 600,-.
10. Gebyr for ajourføring av målebrev. Delingslova, forskr. kap. 10. Gebyr for ajourføring av målebrev med påteikning av til- og fråmålingar blir sett til kr 600,-. Når nytt målebrev blir utarbeidd i staden for at eldre målebrev blir ajourført, skal det ikkje betalast større gebyr enn for ajourføring. 11. Gebyr for kopi av målebrev Ekspedisjonsgebyr kr 50,-. 12. Gebyr for mellombels forretning Gebyr for mellombels forretning blir som for fullstendig forretning, med tillegg av tinglysningsgebyr for ferdig målebrev dersom grensejustering inngår i forretninga. 13. Gebyr for registreringsbrev. Delingslova, forskr. kap. 27 Gebyr for utarbeiding av registreringsbrev blir sett til 25% av vanleg tomtegebyr, dvs. kr 2310,-. 14. Gebyr for påteikning på eksisterande målebrev i samband med innløysing av festegrunn. Gebyr for slik påteikning blir sett til kr 1785,-
15. Gebyr rekna etter brukt tid Slik gebyrrekning- timesats kr 510,- nyttast for 1. Kart- og delingsforretningar for parsellar til landbruks-, allmenn fritids- og andre allmennyttige formål avgrensa til maksimum halvt gebyr etter pkt. 1, 2 og 3. 2. Kart- og delingsforretningar over areal på over 30 daa til utbyggingsformål, minimumsgebyr kr 31350,-. ref. pkt.1. 16. Urimelege gebyr Dersom gebyret etter pkt. 8 eller 15 blir vurdert som urimeleg høgt, kan driftsstyret fastsetje eit høveleg gebyr. 17. Reglar for betaling Gebyr skal betalast til kommunekassa etter rekningsoppgåve frå oppmålingsmakta. Betalinga skjer etter det regulativ og dei satsar som gjeld på rekvisisjonstidspunktet. Gebyr for forretningar som skal tinglysast, skal vere betalt før forretninga vert sendt til tinglysing. For ikkje tinglysingspliktig arbeid kan gebyr innkrevjast før arbeidet vert sett igang. 18. Generelt Gebyrsatsane inkluderer hjelpemannskap, bilgodtgjersle, administrasjonsutgifter, merkemateriell og merking av grenser. Tinglysingsgebyr for forretningar som skal tinglysast kjem i tillegg. Meirverdiavgift blir ikkje rekna ved oppkrevjing av gebyra. Særutskrift til: