Årgang 30 Nummer 12 Desember 06 TAVLA Bygdeavis for Kjølsdalen krins Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag FRIST NESTE TAVLE: 1. JANUAR Stoff kan sendast til Dianne Eikås, tlf. 57 86 31 71 / 918 41 657 eller e-post: diannjor@online.no JULEKALENDER 2006 Trekløveret 4H vil lage ein Julekalender på nett. Denne finn du på heimesida til Kjølsdalen www.kjolsdalenkrins.no Her er spørsmål som du kan svare påog vi trekkjer ein vinnar kvar dag som får ein liten premie Bli med då vel!! Trekløveret 4H KJØLSDALEN SANITETSFOREINING Det blir ikkje styremøte/medlemsmøte i Kjølsdalen Sanitetsforening torsdag 7. desember. Vi startar opp att torsdag 4. januar 2007 med styremøte kl.19.00 og medlemsmøte kl 20.00 Oddrun Erviksæter - leiar
ROMJULSDANS Kjølsdalen Samfunnshuset fredag 29. desember frå kl.21.00 til kl.02.00. Joker Kjølsdalen ynskjer alle sine kundar velkomne til ein god førjulshandel. No har vi: - Lutefisk frå Stave til 59.20 pr.kg. - Pinnekjøtt Gilde, heile sider til 149.00 pr.kg. - Julesjokolade, nøtter, fiken og dadlar. MUSIKK MED WAAGES Aldersgrense 15 år - billettpris kr.150. Påmelding til Steinar tlf.57863119,95274810, eller på liste på butikken. Arr. Kjølsdalen Samfunnshus A/L Fine gåveidear som : - Juledukar i div. størelsar - Bunadposer m/skopose 250 pr. sett - Sengesett frå 119.00 pr. sett - Stretch laken 89.00 stk. - Dyner, heilårs til 250.00 stk. - Puter 119.00 stk. - Handkle frå 29.90 pr.stk. Diverse juleblomster. Opningstider i romjula: 27/12-28/12 10.00-14.00 29/12-30/12 10.00-16.00 Helsing Joker Kjølsdalen DET LYSER I STILLE GRENDER Tekst: Jakob Sande Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld. og tusende barnehender mot himmelen ljosa held. Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall. Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny, den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt om barnet, Guds son, vår sonar som døden for evig batt. Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng.
UTDRAG FRÅ ÅRSMELDINGA TIL KJØLSDALEN IDRETTSLAG 2006 Styret har hatt denne samansetning : Leiar : Nestleiar : Kasserar : Sekretær : Styremedlem : Hans-Petter Gilleshammer Wenche Stadheim Linda Haus Audhild Humborstad Jan-Ole Eikås Hovedstyret har hatt 2 styremøte pluss mange tilfeldige møter og tlf for å utføre aktivitet laget har. KIL har 4 særgrupper, fotball, handball, fridrett og barnegruppe. Aktivitet har vært god i gruppene, viser til årsmeldingane for gruppene. KIL arrangerte skidag 9. april med god deltakelse og fine forhold på Dalsætra. Det var mykje folk og god innsats. Handballgruppa har i år hatt ansvaret for to G13 lag med spelarar frå heile kommuna, ei stor takk til trenarane Marianne og Kirsti for ein flott innsats. Fotballgruppa arrangerte turnering på Klenkarberget 18.juni med stor innsats både av foreldre og ungar. Hausten 2006 starta dametrimmen opp med aerobic, eit flott tiltak som mange set pris på. Økonomien i laget er under kontroll, av støtte har vi fått frå Sparebanken Vest med kr 10000,- Eid kommune kulturmidlar kr 7271,- Sogn og Fjordane idrettskrins lotteri tilskudd kr 11381,50, Norges idrettsforbund og olympiske komite kr 13670,- Styret vil takke alle som har hjelpt til med å holde oppe aktiviteten i laget. Kjølsdalen 12.11.2006 Valg Leiar : Nestleiar : Kasserar : Sekretær : Styremedlem : Vara: Gruppene: Handball : Fotball: Barnetrim: Friidrett: Hans-Petter Gilleshammer Wenche Stadheim Jan-Ole Eikås Audhild Humborstad Ole-Morten Erviksæter Sigrunn Gilleshammer, Liv Antonsen Tanja Hatten, Turid Hellesø og Vigdis Bjørhovde Roar Bakke, Ståle Lefdal og Lars-Frode Humborstad Lene Eide, Anne Brattheim og Kristin Lefdal Inger Smørdal, Leif Gillesdal og Kolbein Ytrehus Hans-Petter Gilleshammer Leiar - Kjølsdalen idrettslag TREKLØVERET 4H - STYRET FOR 2007 Leiar : Karoline Sundal Nestleiar: Elisabeth Laugerud Sekretær: Hege Aardal Kasserar: Janita Bugjerde Styremedlemar: Emil Sundal og Elias Johansen
ÅRSMELDING KJØLSDALEN BYGDEKVINNELAG Sidan årsmøtet i 2005 har det vore 2 medlemsmøte og 4 styremøte. Den årlege basaren var 25. juni. Feitetysdag, 28. februar vart det laga ei tilstelling med rømegraut for fyrste gong av Bygdekvinnelaget. I ferietida 20.juli serverte vi nonsmat i Samfunnshuset, - eit fint tiltak meinte dei frammøtte. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag valde leiaren vår, Dianne Eikås til leiar. Vi hadde ein fellestur til Stryn kommune, Kvalen Singerheimen og avslutting på Nedrebergtunet. Laget blei også invitert til Lote på 50års feiringa til bygdekvinnelaget der. Det har vore studiering i tradisjonsmat klempesupa, flatbrød og lefsebaking, sopplukking med tilbereding på slutten av kurset og så vert det pølsekurs før jul. Kjølsdalen Musikklag og Kjølsdalen Sanitetsforeining har runda 80 år og fått helsing frå bygdekvinnelaget. I tilegg er dei faste gåvene blomehelsing til sjuke og aldersheim, konfirmasjonssøndag, 4H og skulemusikk/musikklag. Dette året har vi også bevilga 10000 kroner til ferdigstilling av Gamlekjellaren og 2000 til MR-aksjonen ved Nordfjord sjukehus. FRÅ ÅRSMØTET KJØLSDALEN BYGDEKVINNELAG Styre for 2007: Leiar: Liv Sundal Bugjerde Nestleiar: Jenny Aardal Kasserar: Grete Bruvoll Skrivar: Astrid Gilleshammer Styremedlem: Sigrun Gilleshammer Studieleiar: Heidi Berstad - Årsmøtet vedtok å støtte TAVLA med kr 1000.- og til vedlikehald av Kjølsdalen Bedehus 5000.-. - Årsmøtet handsama saka om skilje mellom kyrkje og stat, - og sender uttale til Noregs Bygdekvinnelag. - Framtida til Kjølsdalen skule blei drøfta og eit skriv skal utarbeidast og sendast til Fjordabladet. - Etter eit langt og alvorsfullt årsmøte inviterte Heidi Berstad laget til Rimstaddalen til våren. Takk for godt samarbeid gjennom året 2006. God jul til TAVLA sine lesarar! Kjølsdalen Bygdekvinnelag Astrid Gilleshammer - skrivar. FARSDAGSLOTTERIET Dei heldige vinnarane er: Torbjørg og Geir Aslaug Gillesdal Fam Roar Bakke Nelly Berstad Fam. Kathy Humborstad Gerd og Helge Bruvoll Anna Eikås Ingrid og Kristine Gilleshammer Jorunn og Hege Fredrik, Steffen og Stine-Lise Vi takkar alle som støtta musikklaget ved å kjøpe lodd på farsdagslotteriet! Det kom inn 7.195 kroner på lotteriet - eit svært godt resultat. Hjarteleg takk! Kjølsdalen Musikklag
TREKKINGSLISTE For Kjølsdalen Sanitetsforening sin Matmesse/basar i Samfunnshuset 25.11.06. Bok 1: Sportssokkar,36, Fam. Magnar Gilleshammer. Juleduk,23, Anne Lisbeth Johnsen. Jolesokk m/snop, 566, Anne Sofie Endestad. Liten brodert løpar, 33, Hjørdis Gilleshammer. Brodert pute, 486, Fam. Haldor Leivdal. Krakk, 160, Jon og Bente. Leste og vottar barn,519, Martha og Alf. Bestikk, 571, Astrid Gilleshammer. Adventsdekorasjon, 163, Elisabeth Tvendeseter. Bamse, 168, Gudrun og jentene. Bok 2: Sportssokkar,403, Liv og Mathias. Julekoppar, 424, Astri og John. Rosemalt fjøl, 438, Fam. Haldor Leivdal. Hekla løpar, 279, Helga og Peder. Kjøkkensett lilla, 514, Anne Sofie Endestad. Nissepar, 694, Fam. Roar Bakke. Leste og vottar barn, 171, Liv Berstad. 1 boks ansjos, 120, Gudrun og jentene Haus. Engel m/lys,196, Kåra Sundal. Bok 3: Sportssokkar, 595, Kåre og Magnhild. 7 arma adventsstake, 164, Liv og Mathias. Frotehandkle med div., 661, Astrid og Per Thue. Brodert løpar, 64, Anne Lise Heggheim. Kjøkkensett raud, 582, John Holmøyvik. Adventskalendar, 636 Torbjørg Lefdal. Gensar,562, Fam. Jon Reidar Eikås. Sportssokkar, 612, Fam. Steinar Bugjerde. 1 kasse eple, Silje og Marie Brobakke. Bok 4: Sportssokkar, 565, Geir og Torbjørg. Juleduk firkanta, 325, Martha og Alf. Refleksvest og handkle, 502, Jonhild Eltvik. Liten raud løpar, 679 Gunn Torheim. Klokkestreng, 560, Geir og Torbjørg. Vottar med elg-hund mønster, 20, Oddrun og Reidar. Kvit løpar og lysestakar m/lys, 387, Liv Berstad. Fruktkasse, 67, Ingeborg og Ragnar. 1 kasse eple, 667, Fam. Roar Bakke. Syltaflesk, 595, Jorun Sundal. Takk til alle som støtta oss. Ansvarleg loddsal: Bjørg Erviksæter og Jorun Breiteig. JULEKVELDSVISE Tekst: Alf Prøysen Nå har vi vaske golvet og vi har børi ved, og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre. Nå sett vi øss og hvile og puste på ei stund, imens je rugge vogga, så bror din får en blund. Dra krakken bortått glaset, så sett vi øss og ser, og prøve finne leia der julestjerna er, den blankeste ta alle, hu er så klar og stor - du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor. Hu er så snill den stjerna, hu blonke, kan du sjå? - og nå ska je fortælja og du ska høre på Den fyste gong hu skinte så laga hu ei bru imilla seg og himmel n og ei krubbe og ei ku. I krubba låg en liten gutt så fresk og rein og go, og mor hass dreiv og stelte n og far hass sto og lo, og gjetergutta der omkring dom kute tel og frå og bar med seg små lam-onger som gutten skulle få. Og tel og med tre vise menn dom rei i flere da r og ingen visste vegen og itte hen det bar, men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå. Ja, det var fyste gongen som julestjerna brann, men sea har a brønni i alle verdens land, og såmmå å som hende er stjerna like stor - du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.
B Porto Onsdag 13. desember 18.00 Nedenom og hjem igjen 7 år 20.00 Fritt vilt 15 år Det har vore svært godt besøk på Bygdekinoen i Kjølsdalen denne hausten! Kjølsdalen Ungdomslag og Bygdekinoen takkar for besøket og ynskjer kinogjengarar og andre God jul og godt nytt år! Oversikt over kommande filmar og filmomtale kan ein finne i aktivitetskalenderen på heimesida til krinsen: www.kjolsdalenkrins.no. TAVLA ynskjer alle lesarar GOD JUL OG GODT NYTT ÅR! Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag 6776 Kjølsdalen