PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, rådhuset Dato: 06.12.2018 Møtet starta 15:30 Møtet slutta 17:20 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Stein Kåre Aam Ordførar SP Synnøve Rekkedal Hill Medlem SP Karen Høydal Varaordførar AP Jostein O Mo Medlem AP Hans Olav Myklebust Medlem FRP Per Are Sørheim Medlem H Inger Sandvik Sundnes Medlem H Paul Kristian Hovden Medlem KRF Gunnar Knutsen Medlem V Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Frå administrasjonen møtte: Namn Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Konsulent, førte protokollen Ivar Otto Kristiansen Produktutviklar/prosjektleiar, PS 173/18, 174/18 Kirsti Øy Driveklepp Seksjonsleiar skule, PS 173/18, 174/18 Per Are Sørheim og Karen Høydal vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 171/18 PS 172/18 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 105/18 Etterspurnad barnehageplassar ved Sæbø barnehage 2018/1740 RS 106/18 RS 107/18 Ørsta kommune vedtak i klagesak detaljregulering naust og rorbuer på Leira Avgjørelse på klage om etablering av avfallsvirksomhet for Volda og Ørsta reinholdsverk IKS på Melsgjerde, Ørsta kommune 2015/688 2017/1422 PS 173/18 Skulebygg sentrum krins 2017/1983 PS 174/18 Resultat av forprosjekt Sæbø skule 2017/2285 PS 175/18 Opprydding og klargjering av pasientjournaler for fjernarkivering 2018/3134 PS 171/18 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart godkjent utan merknad Ordføraren la fram saka: «Opprydding og klargjering av pasientjournaler for fjernarkivering» Saka får PS 175/18 på saklista Saklista vart godkjent med ekstrasak 175/18
PS 172/18 Referat og meldingar Referat og meldingar vart referert utan merknad RS 105/18 Etterspurnad barnehageplassar ved Sæbø barnehage RS 106/18 Ørsta kommune - vedtak i klagesak - detaljregulering - naust og rorbuer på Leira RS 107/18 Avgjørelse på klage om etablering av avfallsvirksomhet for Volda og Ørsta renholdsverk IKS på Melsgjerde, Ørsta kommune
PS 173/18 Skulebygg sentrum krins TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Ørsta kommunestyre vedtek å bygge ny skule i sentrum krins for 5-7 trinn for elevar tilhøyrande Velle og Vikemarka skular. 2. Skulen skal byggast på areal ved dagens Velle skule. 3. Det vert sett av 10 million i 2019 til forprosjekt/utgreiingar. 4. Det vert vidare sett av 120 millionar i investeringsplan/budsjett for 2020 til gjennomføring av felles skulebygg for Velle og Vikemarka skular 5.-7. trinn. 5. Finansiering gjennom momskompensasjon og låneopptak. Delt ut i møtet: Vedtak i levekårsutvalet 05.12.2018 Skulebygg sentrum krins Ivar Otto Kristiansen, produktutviklar/prosjektleiar, orienterte og svarte på spørsmål Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule, orienterte og svarte på spørsmål Rådmannen la fram levekårsutvalet si tilråding, men formelt fremja ordføraren forslaget: 1. Ørsta kommunestyre vedtek å bygge ny skule i sentrum krins for 5-7 trinn for elevar tilhøyrande Velle og Vikemarka skular. 2. Skulen skal byggast på areal ved dagens Velle skule, 3. Det vert sett av 10 million i 2019 til forprosjekt/utgreiingar. 4. Det vert vidare sett av 120 millionar i investeringsplan/budsjett for 2020 til gjennomføring av felles skulebygg for Velle og Vikemarka skular 5.-7. trinn. 5. Finansiering gjennom momskompensasjon og låneopptak. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med levekårsutvalet si tilråding TILRÅDING TIL VEDTAK: 1. Ørsta kommunestyre vedtek å bygge ny skule i sentrum krins for 5-7 trinn for elevar tilhøyrande Velle og Vikemarka skular. 2. Skulen skal fortrinnsvis byggast på areal ved dagens Velle skule, men plasseringa må vurderast på nytt om dagens vidaregåande skule ikkje vert flytta til nytt bygg ved kulturhuset. 3. Det vert sett av 1million i 2019 til forprosjekt/utgreiingar. 4. Det vert vidare sett av 129 millionar i investeringsplan/budsjett for 2020 til gjennomføring av felles skulebygg for Velle og Vikemarka skular 5.-7. trinn. 5. Finansiering gjennom momskompensasjon og låneopptak.
PS 174/18 Resultat av forprosjekt Sæbø skule TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET Alternativ 5 kombinasjon skule og barnehage 1250 m2 250 kvm meir enn berre skulebygg. Dette alternativet vil vere ein framtidsretta skule, i tillegg til å dekke SFO og barnehage. Økonomi Nytt skulebygg i CLT 35.000.000 Riving gamle skulebygget 1.600.000 Sal av barnehage - 1.600.000 Sum brutto kostnad 35.000.000 Finansiering låneopptak MVA- komp Bygge og rive 28.000.000 7.000.000 Sum 28.000.000 7.000.000 Kommunestyret ber rådmannen sjå utbygging av Sæbø skule og Velle skule i samanheng. Der begge skulane vert prosjektert i lag. Dette for å sjå om vi kan oppnå betre anbodsprisar, tilskot m.m. Skulebygget på Velle må vere klart seinast når ungdomsskulen treng dei ekstra klasseroma på den nye idrettshallen. Utdelt i møtet: Vedtak i levekårsutvalet 05.12.2018 Resultat av forprosjektet Sæbø skule Ivar Otto Kristiansen, produktutviklar/prosjektleiar, orienterte og svarte på spørsmål Ordførar foreslo levekårsutvalet si tilråding: Alternativ 5 kombinasjon skule og barnehage 1250 m2 250 kvm meir enn berre skulebygg. Dette alternativet vil vere ein framtidsretta skule, i tillegg til å dekke SFO og barnehage. Økonomi Nytt skulebygg i CLT 35.000.000 Riving gamle skulebygget 1.600.000 Sal av barnehage - 1.600.000 Sum brutto kostnad 35.000.000 Finansiering låneopptak MVA- komp Bygge og rive 28.000.000 7.000.000 Sum 28.000.000 7.000.000 Kommunestyret ber rådmannen sjå utbygging av Sæbø skule og Velle skule i samanheng. Der begge skulane vert prosjektert i lag, og i massivt tre. Dette for å sjå om vi kan oppnå betre anbodsprisar, tilskot m.m. Skulebygget på Velle må vere klart seinast når ungdomsskulen treng dei ekstra klasseroma på den nye idrettshallen.
Hans Olav Myklebust (FrP) foreslo følgjande for levekårsutvalet si tilråding: Ta vekk: «og i massivt tre.» Per Are Sørheim (H) la fram Høgre sitt forslag: 1. Ørsta kommunestyre vedtek å bygge ny skule m/barnehage og SFO på Sæbø. 2. Skulen skal byggast på noverande skulebyggtomt. 3. Det vert sett av planleggingsmidlar på 2,- mill kr i 2021. 4. Det vert sett av eit investeringsbudsjett på 33,- mill kr i 2022. 5. Finansieringa vert med momskompensasjon og låneopptak. 6. Ørsta kommunestyre vil med dette vedtaket flytte bygginga av Kvitveisen barnehage (0,5 mill kr i 2021 og 30,- mill kr i 2022) ut av økonomiplanperioden 2019-2022. Ordførar foreslo å prøverøyste over forslaga: Ved prøverøysting: Rådmannen si tilråding 1 røyst Levekårsutvalet si tilråding m/hans Olav Myklebust sitt forslag 5 røyster Høgre sitt forslag 3 røyster Ved endelig røysting: Rådmannen si tilråding fekk 1. røyst (KrF) Levekårsutvalet si tilråding m/hans Olav Myklebust sitt forslag fekk 5 røyster og vedteken Høgre sitt forslag fekk 3 røyster (Høgre og Venstre) TILRÅDING TIL VEDTAK: 1) Ørsta kommunestyre ser at tilstanden på gamlebygget ved Sæbø skule er så alvorleg at bygget må avviklast. 2) Det skal i 2019 kjøpast og settast opp paviljong på rastrygt område ved skulen, til det fins økonomisk handlingsrom for bygging av ny skule. 3) Gamleskulen skal rivast i samband med bygging av ny skule. 4) Finansiering gjennom momskompensasjon og låneopptak. Økonomi Brutto Netto MVA Kjøp paviljong 8.750.000 7.000.000 1.750.000 Finansiering Lån 7.000.000 MVA 1.750.000 Sum 8.750.000
PS 175/18 Opprydding og klargjering av pasientjournaler for fjernarkivering TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Arkivverdig materiale som er lagra i underetasjen i Dalevegen 24 skal klargjerast for fjernarkivering i løpet av våren 2019 Det vert nytta inntil 200 000 av fondsmidlar for gjennomføring av dette arbeidet. Beløpet skal innarbeidast i budsjettet for 2019 Saka vart delt ut i møtet. Det vart sett av tid til å lese saka Hans Olav Myklebust (FrP) sitt forslag: Kulepunkt tre Beløpet skal innarbeidast i budsjettet for 2019 Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding m/tillegg TILRÅDING TIL VEDTAK: Arkivverdig materiale som er lagra i underetasjen i Dalevegen 24 skal klargjerast for fjernarkivering i løpet av våren 2019 Det vert nytta inntil 200 000 av fondsmidlar for gjennomføring av dette arbeidet.