FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 25.11.2014 Tid: 12:00-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 18.11.14. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Sindre Rolland Lena Haugland Vik Marthe Samnøen Martin Dale Kim André Trengereid Bergfrid Markhus Forfall og møtande varamedlemar: Sylvia Øygard hadde forfall. For henne møtte Vegard Fosså som vararepresentant. Inhabilitet: Martin Dale og Vegard Fosså var ugild i sak 34/14. Vararepresentantar kunne ikkje møta. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Erik Vangsnes Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Sindre Rolland leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, Sindre Rolland Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 029/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 3. JUNI 2014 030/14 SKRIV OG MELDINGER 031/14 UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2015 FOR OS OG FUSA 032/14 GBNR. 19/95 OG DEL AV NR. 1, REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL 033/14 SØKNADER OM UNGDOMSTILTAK 2014 - HANDSAMING AV BORTKOMNE SØKNADER 034/14 SØKNAD OM TILSKOT TIL INNBU PÅ FUSA UNGDOMSSKULE 035/14 SAMARBEIDSAVTALE OM UTBYGGING AV KRØLLGRASBANE 036/14 SØKNAD OM KOMMUNALT TILSKOT TIL BALLBINGE VED SØRE FUSA OPPVEKSTSENTER 037/14 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2025 038/14 HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2015-2018. ÅRSBUDSJETT 2015 MED AVGIFTSBUDSJETT.
029/14: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 3. JUNI 2014 Møteprotokoll frå møte i ungdomsrådet 3. juni 2014 vert godkjend. Møteprotokoll frå møte i ungdomsrådet 3. juni 2014 vart samrøystes godkjend. UNG-029/14 VEDTAK: Møteprotokoll frå møte i ungdomsrådet 3. juni 2014 vert godkjend. 030/14: SKRIV OG MELDINGER : Skriv og meldingar vert teke til orientering. Skriv og meldingar vart samrøystes teke til orientering. Ungdomsrådet ønskjer å verta representert i ei eventuell referansegruppe eller kick-off møte for friluftslivets år. Innkallinga skal då i første omgang gå til leiar. UNG-030/14 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Ungdomsrådet ønskjer å verta representert i ei eventuell referansegruppe eller kick-off møte for friluftslivets år. Innkallinga skal då i første omgang gå til leiar.
031/14: UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING 2015 FOR OS OG FUSA Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Ungdomsrådet vart samde om eit samrøystes vedtak der det heiter at Fusa ungdomsråd er positiv til å endra nedre aldersgrense til 13 år for lokalmønstringa, men det bør samstundes verta innført ei fleksibel ordning for yngre, slik som for ungdom over 20 år. For å stimulera til aktivitet blant barn under 13 år hadde det kanskje vore ein idé med eit junior-ukm. Elles støttar ungdomsrådet tiltaka for ei fornying av UKM, i samarbeid med Os, som går fram av saksutgreiinga. UNG-031/14 VEDTAK: Fusa ungdomsråd er positiv til endra nedre aldersgrense til 13 år for lokalmønstringa, men det bør samstundes verta innført ei fleksibel ordning for yngre, slik som for ungdom over 20 år. For å stimulera til aktivitet blant barn under 13 år hadde det kanskje vore ein idé med eit junior-ukm. Elles støttar ungdomsrådet tiltaka for ei fornying av UKM, i samarbeid med Os, som går fram av saksutgreiinga. 032/14: GBNR. 19/95 OG DEL AV NR. 1, REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL Detaljreguleringsplan for gbnr. 19/95 og del av bnr. 1, Naustdalen, med tilhøyrande planskildring og føresegner vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 20-10 og 20-11. Ungdomsrådet samla seg om slik samrøystes uttale i saka: Ungdomsrådet har fleire spørsmål til saka: Er barn og unge sine interesser godt nok utgreidde? Er dette eit badeområde som er mykje nytta eller har potensiale for auka bruk? Er det riktig å byggja fleire bustader (tomt 1) så nær sjø og så nær ein badeplass? Før ungdomsrådet tek endeleg stilling til planane må rådet på synfaring i området.
UNG-032/14 VEDTAK: Ungdomsrådet har fleire spørsmål til saka: Er barn og unge sine interesser godt nok utgreidde? Er dette eit badeområde som er mykje nytta eller har potensiale for auka bruk? Er det riktig å byggja fleire bustader (tomt 1) så nær sjø og så nær ein badeplass? Før ungdomsrådet tek endeleg stilling til planane må rådet på synfaring i området. 033/14: SØKNADER OM UNGDOMSTILTAK 2014 - HANDSAMING AV BORTKOMNE SØKNADER Alternative forslag til vedtak: A Ungdomsrådet seier seg leie for at søknadane ikkje vart handsama til rett tid. Grunna manglande budsjettmidlar på slutten av 2014 vert saka utsett til første møterunde i 2015. B Ungdomsrådet seier seg leie for at søknadane ikkje vart handsama til rett tid. Grunna manglande budsjettmidlar på slutten av 2014 kan ungdomsrådet ikkje stetta søknadane. Søkjarane vert bedne om å søkja på ny i 2015. Ungdomsrådet gjekk samrøystes inn for alternativ A til framlegg til vedtak: Ungdomsrådet seier seg leie for at søknadane ikkje vart handsama til rett tid. Grunna manglande budsjettmidlar på slutten av 2014 vert saka utsett til første møterunde i 2015. UNG-033/14 VEDTAK: Ungdomsrådet seier seg leie for at søknadane ikkje vart handsama til rett tid. Grunna manglande budsjettmidlar på slutten av 2014 vert saka utsett til første møterunde i 2015.
034/14: SØKNAD OM TILSKOT TIL INNBU PÅ FUSA UNGDOMSSKULE Fusa ungdomsråd kan ikkje imøtekoma søknad frå elevrådet ved Fusa ungdomsskule om tilskot til kjøpa av nye stolar ved Fusa ungdomsskule. Avslaget vert grunngjeve med manglande budsjettmidlar og på prinsipielt grunnlag. Vegard Fosså og Martin Dalen reiste spørsmål om dei som søkjarar var ugilde i saka. Ungdomsrådet sa dei ugilde i saka som part etter 6 i Forvaltingslova og dei gjekk frå den vidare handsaminga. Ungdomsrådet røysta samrøystes for framlegg til vedtak med slikt tillegg: Ungdomsrådet vil oppfordra elevrådet til å jobba vidare med saka i samarbeid med FAU og plangruppa ved skulen og skulen sine organ inn mot investeringsbudsjettet for 2016. Då må ein vurdera behov for oppgradering av innbu og utstyr på heile skulen. UNG-034/14 VEDTAK: Fusa ungdomsråd kan ikkje imøtekoma søknad frå elevrådet ved Fusa ungdomsskule om tilskot til kjøpa av nye stolar ved Fusa ungdomsskule. Avslaget vert grunngjeve med manglande budsjettmidlar og på prinsipielt grunnlag. Ungdomsrådet vil oppfordra elevrådet til å jobba vidare med saka i samarbeid med FAU og plangruppa ved skulen og skulen sine organ inn mot investeringsbudsjettet for 2016. Då må ein vurdera behov for oppgradering av innbu og utstyr på heile skulen. 035/14: SAMARBEIDSAVTALE OM UTBYGGING AV KRØLLGRASBANE Fusa kommune innarbeider krøllgrasprosjektet ved Eikelandsosen idrettsplass i investeringsbudsjettet for 2015 med ei kostnadsramme på kroner 6.454.000,-. Før oppstart må ein inngå ein samarbeidsavtale med Eikelandsfjorden idrettslag på grunnlag av den politiske saka og tidlegare erfaringar frå Holdhus-utbygginga. Ordføraren får fullmakt til å godkjenna ein slik avtale. Finansieringsplan: Aktør Type Private Tilskot 2.150.634 EIL Dugnad 530.560 Staten Spelemidlar 2.151.000 Fusa kommune Momskompensasjon 1.121.000,- Hordaland fotballkrets Rentefritt lån 500.000,- Samla finansiering 6,453,194
Det er ein føresetnad at prosjektet vert gjennomført i medhald av gjeldane lover og reglar og at Fusa kommune sine kostnader ikkje vert større enn det som går fram av finansieringsplanen i kommunestyresaka. Ungdomsrådet samla seg om ein samrøystes uttale der dei støttar framlegg til vedtak. Det er viktig at fotballanlegget no vert bygd ferdig slik at det står klart til sesongstart i 2015. UNG-035/14 VEDTAK: Ungdomsrådet støttar framlegg til vedtak. Det er viktig at fotballanlegget no vert bygd ferdig slik at det står klart til sesongstart i 2015. 036/14: SØKNAD OM KOMMUNALT TILSKOT TIL BALLBINGE VED SØRE FUSA OPPVEKSTSENTER To alternative framlegg til vedtak: Alt A Søre Fusa idrettslag får løyve til å byggja ballbinge på idrettsplassen ved Søre Fusa skule. Ordføraren får fullmakt til å forhandla fram ein langsiktig leigeavtale. Fusa kommune yt eit investeringstilskot til ballbinge på inntil 90.000 kroner. Tilskotet må innarbeidast i utbetalingsplan for kommunale investeringstilskot ved årleg rullering av handlingsprogram. Alt B Fusa kommune inngår ein samarbeidsavtale med Søre Fusa idrettslag (SIL) om bygging av ein ballbinge ved Søre Fusa skule. Fusa kommune innarbeider ballbinge-prosjektet i investeringsbudsjettet for 2015 med ei kostnadsramme på kr 581.000,-. Før oppstart må ein inngå samarbeidsavtale med SIL på grunnlag av den politiske saka og tidlegare erfaringar frå liknande prosjekt. Ordføraren får fullmakt til å godkjenna ein slik avtale. Finansieringsplan: Aktør Type Staten Spelemidlar 290.625 Fusa kommune Eigenkapital 90.000 Fusa kommune Momskompensasjon 106.250 Private Tilskot 44.375 SIL Dugnad 50.000 Samla finansiering 581.250
Det er ein føresetnad at prosjektet vert gjennomført i medhald av gjeldane lover og reglar og at Fusa kommune sine kostnader ikkje vert større enn det som går fram av finansieringsplanen i kommunestyresaka. Den kommunale eigenkapitalen vert dekka inn ved bruk av fondsmidlar kt 25.321.851 (Leikeplassar og miljøtiltak) Fusa ungdomsråd støttar samrøystes alternativ B til framlegg til vedtak. UNG-036/14 VEDTAK: Fusa kommune inngår ein samarbeidsavtale med Søre Fusa idrettslag (SIL) om bygging av ein ballbinge ved Søre Fusa skule. Fusa kommune innarbeider ballbinge-prosjektet i investeringsbudsjettet for 2015 med ei kostnadsramme på kr 581.000,-. Før oppstart må ein inngå samarbeidsavtale med SIL på grunnlag av den politiske saka og tidlegare erfaringar frå liknande prosjekt. Ordføraren får fullmakt til å godkjenna ein slik avtale. Finansieringsplan: Aktør Type Staten Spelemidlar 290.625 Fusa kommune Eigenkapital 90.000 Fusa kommune Momskompensasjon 106.250 Private Tilskot 44.375 SIL Dugnad 50.000 Samla finansiering 581.250 Det er ein føresetnad at prosjektet vert gjennomført i medhald av gjeldane lover og reglar og at Fusa kommune sine kostnader ikkje vert større enn det som går fram av finansieringsplanen i kommunestyresaka. Den kommunale eigenkapitalen vert dekka inn ved bruk av fondsmidlar kt 25.321.851 (Leikeplassar og miljøtiltak) 037/14: KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2025 Fusa kommune prioriterer søknader om spelemidlar i 2015 slik ved rullering av handlingsprogrammet:
Ordinære anlegg: Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Rehabilitering av Eikelandsosen Fusa kommune 4. symjehall 2 Ombygging av Holdhus Fusa kommune 3. rulleskibane 3 Krøllgrasbane Eikelandsosen Eikelandsfjorden 2. IL 4 Rehabilitering av 7-ar fotballbane Baldersheim Fusa kommune 1. Nærmiljøanlegg: Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Ballbinge Baldersheim Søre Fusa idrettslag 1. Utbetalingsplan for utbetaling av kommunale tilskot til investeringar i private idrettsanlegg vert teke til orientering. Fusa ungdomsråd tek samrøystes saka til orientering. UNG-037/14 VEDTAK: Fusa ungdomsråd tek saka til orientering. 038/14: HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2015-2018. ÅRSBUDSJETT 2015 MED AVGIFTSBUDSJETT. Saka vert lagt fram for handsaming slik det framgår i saksutgreiinga. Fusa ungdomsråd kom med ein slik samrøystes uttale til budsjettsaka: Fusa ungdomsråd ser det som svært positivt at gode tiltak for ungdom som fleirbrukshall, krøllgrasbane og ballbinge er prioritert med i rådmannen sitt framlegg til investeringsbudsjett for 2015. Ungdomsrådet er samstundes uroa for tronge driftsrammer, stadige kutt og nedskjeringar for einingane. Dette må gå ut over kvaliteten på tenestene til folk i Fusa. Inntektene må aukast skal ein oppretthalda utgiftsnivået Fusa kommune har i dag.
UNG-038/14 VEDTAK: Fusa ungdomsråd ser det som svært positivt at gode tiltak for ungdom som fleirbrukshall, krøllgrasbane og ballbinge er prioritert med i rådmannen sitt framlegg til investeringsbudsjett for 2015. Ungdomsrådet er samstundes uroa for tronge driftsrammer, stadige kutt og nedskjeringar for einingane. Dette må gå ut over kvaliteten på tenestene til folk i Fusa. Inntektene må aukast skal ein oppretthalda utgiftsnivået Fusa kommune har i dag.