KYRKJAS NORD SØR-SØNDAG 2010. MATERIALE TIL GUDSTENESTA 24. oktober 2010



Like dokumenter
ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brødsbrytelsen - Nattverden

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Til deg som bur i fosterheim år

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

KIRKENS NORD/SØR-SØNDAG MATERIALE TIL GUDSTJENESTEN 24. oktober 2010

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

ORDNING FOR KONFIRMASJON

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til soknerådskurs

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

KYRKJAS NORD SØR-SØNDAG MATERIALE TIL GUDSTENESTA 23. oktober 2011

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jeg ber for Lønnkammerbønnen

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Vår grøne. kyrkjelyd

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

mmm...med SMAK på timeplanen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Informasjon til elevane

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

I. samling 1 Førebuing

Vigsling til andre tenester

Jon Fosse. For seint. Libretto

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

I SAMLING 5 SYNDSBEKJENNELSE 1 FORBEREDELSE

Månadsplan for Hare November

Kva er økologisk matproduksjon?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Første del DE 10 BUD Første budet Du skal ikke ha andre guder enn meg. Det er: Andre budet Du skal ikke misbruke Guds navn.

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Vigsling av evangelist

5. Soknerådsmøte mai Referat

Oppfordring til å ta opp flyktningsituasjonen på gudstjenestene på menneskerettighetssøndagen 6. desember 2015

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Det står skrevet i evangeliet etter Matteus i det 26. Kapittel:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice


Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

14. Radio og TV. Liv Taule

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Transkript:

KYRKJAS NORD SØR-SØNDAG 2010 PÅ FLUKT FRÅ KRIG OG KONFLIKTAR MATERIALE TIL GUDSTENESTA 24. oktober 2010 Nynorsk I. Forord s. 2 II. Fakta s. 3 III. Forteljingar s. 6 IV. Forslag til gudsteneste s. 9 V. Søknad om kollekt til TV-aksjonen Flyktninghjelpen s. 18 VI. Annan informasjon s. 19 Den norske kyrkjas nord sør-informasjon (KUI) Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja Besøksadresse: Rådhusgata 1 3, Oslo Postadresse: Postboks 799 Sentrum, 0106 Oslo Sentralbord: 23 08 12 00 Telefaks: 23 08 12 01 E-post: estrid.hessellund@kirken.no 1

I Forord Den norske kyrkjas nord sør-søndag er tradisjonelt i oktober, og som før rår vi til å markere han på TV-aksjonsdagen søndag 24. oktober 2010 22. søndag etter pinse. TV-aksjonen i år er tildelt Flyktninghjelpen (Norwegian Refugee Council). Inntektene frå TV-aksjonen går til prosjekt som set søkjelyset på menneske på flukt på grunn av krig og konflikt. Også kyrkja har eit globalt ansvar med lokale utfordringar, og derfor støttar vi opp om det som TV-aksjonen tenkjer og legg vekt på. Flyktninghjelpen seier det slik: Å flykte er ei desperat handling. Det livet ein kjenner, forsvinn kanskje for alltid. For millionar av menneske er det den einaste utvegen. I dag er om lag 43 millionar menneske på flukt frå krig og konflikt. Dei har vorte tvinga til å forlate heimen sin og har lagt ut på ei reise til det uvisse. Å bli driven på flukt er ei fysisk og psykisk påkjenning. Mange tek seg fram til fots over enorme avstandar. Det kan gå dagar utan mat og vatn. Flyktningane veit aldri kvar dei endar, eller om dei når fram til ein stad der dei kan vere trygge. Å flykte treng ikkje bety å krysse ei landegrense. Om lag 27 millionar menneske er i dag på flukt i eige land. Berre i Kongo (Den demokratiske republikken Kongo) finst det 2,1 millionar internt fordrivne. Ein person som flyktar over ei landegrense, har krav på vern i samsvar med den internasjonale flyktningkonvensjonen. Ein som er på flukt i eige land, får ikkje det same internasjonale vernet. Derfor er Flyktninghjelpen særleg oppteken av å hjelpe internt fordrivne. Det er ein menneskerett å få vern når ein må flykte. Pengane frå TV-aksjonen NRK Flyktninghjelpen skal brukast til å hjelpe menneske på flukt i sju av dei hardast ramma landa i verda: 1. DR Kongo, 2. Colombia, 3. Sudan, 4. Somalia, 5. Det okkuperte palestinske området, 6. Afghanistan, 7. Pakistan Vi oppmodar om å bruke dette temaet og dette ressursmaterialet i gudstenestefeiringa den 24. oktober. Flyktninghjelpen har tidlegare (mars 2010) sendt ut ein søknad til kyrkjelydar i Noreg om kollekt. Vi støttar denne søknaden (sjå V, side xxx) og oppmodar kyrkjelydane til å vere med i bøsseaksjonen. Dette materialet er utarbeidd av: Sindre Eide, Kyrkjerådet Beate Fagerli, Mellomkyrkjeleg råd Estrid Hessellund, KUI Den norske kyrkjas nord sør-informasjon Maren Evensmo Jacobsen, TV-aksjonen Flyktninghjelpen 2

Nynorsk omsetjing: Norunn Stendal Aksnes, Tjørvåg Har du kommentarar eller ønskjer meir informasjon, kan du kontakte Den norske kyrkjas nord sør-informasjon på www.kui.no eller på telefonnr. 23 08 12 76. Vi ønskjer Guds velsigning i arbeidet med nord sør-søndagen lokalt! Berit Hagen Agøy Generalsekretær Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja Estrid Hessellund Dagleg leiar Den norske kyrkjas nord sør-informasjon II. Fakta COLOMBIA 45,7 MILLIONAR INNBYGGJARAR MELLOM 3,3 OG 4,9 MILLIONAR ER INTERNERT FORDRIVNE 370 000 HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Konflikten i Colombia har vart i over 40 år. Kvart år blir rundt 300 000 menneske drivne bort frå heimen sin på grunn av vald og truslar 3

frå geriljagrupper, paramilitære og den colombianske hæren. Hardast ramma er urfolk og afrocolombianarar. Flyktninghjelpen gir hjelp og vern til dei som er på flukt, utdanning til dei som fell utanfor det ordinære skulesystemet, og juridisk rådgiving og assistanse til offera for konflikten. DR KONGO 57,5 MILLIONAR INNBYGGJARAR 2,1 MILLIONAR ER INTERNT FORDRIVNE 370 000 HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Krigen som starta i Kongo midt på 90-talet, vart omtalt som den første afrikanske verdskrigen. Millionar av menneske har mist livet som følgje av konflikten. Trass i gjentekne fredsavtalar blir stadig nye menneskegrupper drivne på flukt på grunn av overgrep frå den kongolesiske hæren og ulike opprørsgrupper. Flyktninghjelpen gir assistanse til internt fordrivne gjennom leirdrift, utdanning, matdistribusjon, juridisk hjelp og hus- og skulebygg. SUDAN 36,2 MILLIONAR INNBYGGJARAR 4,9 MILLIONAR ER INTERNT FORDRIVNE 400 000 HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Sudan har vore herja av borgarkrig i fleire tiår, men i 2005 vart det underteikna ein fredsavtale mellom Nord- og Sør-Sudan. Flyktninghjelpen arbeider i dei sørlege provinsane av landet og har søkjelyset på utdanning, informasjon og juridisk rådgiving til internflyktningar. Flyktninghjelpen vil òg hjelpe til med å gjere maten tryggare ved å gi kvinner opplæring i jordbruksteknikkar og å distribuere verktøy, frø og planter. SOMALIA 9,8 MILLIONAR INNBYGGJARAR 1,3 MILLIONAR ER INTERNT FORDRIVNE 560 000 HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Somalia har vore utan ei fungerande sentral styremakt sidan 1991, og heile perioden har 4

vore prega av borgarkrig og strid mellom ulike fraksjonar. Flyktninghjelpen er ein av få organisasjonar som har klart å drive hjelpearbeid inne i Sør- og Sentral-Somalia dei siste åra, som er eit av dei farlegaste områda i verda å arbeide i. Over 400 000 menneske får kvart år hjelp av Flyktninghjelpen i Somalia med husly, utdanning og utdeling av naudhjelpsartiklar. I tillegg arbeider Flyktninghjelpen i det som er den største flyktningleiren i verda. Han ligg i Kenya og har 260 000 somaliske flyktningar. DET OKKUPERTE PALESTINSKE OMRÅDET 3,7 MILLIONAR INNBYGGJARAR MINST 130 000 ER INTERNT FORDRIVNE 5 MILLIONAR ER FLYKTNINGAR Den israelske bombinga av Gaza ved inngangen til 2009 førte til store materielle øydeleggingar og enorme humanitære behov. Flyktninghjelpen er til stades i Gaza for å møte humanitære behov som følgje av konflikt, blokade og okkupasjon. Flyktninghjelpen arbeider òg i Aust-Jerusalem og på Vestbredda med juridisk hjelp til palestinarar som er trua med å bli kasta ut eller å få heimen sin øydelagd på grunn av den israelske nybygginga. AFGHANISTAN 32,7 MILLIONAR INNBYGGJARAR MINST 235 000 ER INTERNT FORDRIVNE 1,8 MILLIONAR HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Over fem millionar afghanarar har vendt tilbake til heimlandet dei siste åtte åra, og desse har eit stort behov for hjelp. Men hjelpearbeidet er svært krevjande på grunn av mangel på tryggleik, og mange område er heilt utilgjengelege for hjelpearbeidarar. Flyktninghjelpen gir juridisk hjelp til heimvende flyktningar som ikkje får tilgang til jord og eigedom, og byggjer hus og distribuerer naudhjelpsartiklar til internt fordrivne og heimvende flyktningar. 5

PAKISTAN 167,8 MILLIONAR INNBYGGJARAR 1,3 MILLIONAR ER INTERNT FORDRIVNE 30 000 HAR FLYKTA TIL ANDRE LAND Militante grupper med tilknyting til Al-Qaida og Taliban har auka aktiviteten sin i Pakistan dei siste par åra. Den militære offensiven som er sett inn mot opprøret, har ført til den største straumen av internt fordrivne som verda har sett på 15 år. Dei fordrivne har eit akutt behov for humanitær hjelp. Flyktninghjelpen hjelper internflyktningane med utdeling av naudhjelpsartiklar, utdanning og husly. Pakistan har vore mellombels heim for fleire millionar flyktningar frå Afghanistan. Desse er no i ferd med å vende heim, og Flyktninghjelpen hjelper til i returprosessen. NYE LAND Behovet for humanitær hjelp endrar seg fort. Derfor er Flyktninghjelpen heile tida budd på å starte hjelpearbeid i nye land der menneske blir drivne på flukt, og i samband med konfliktar der det er store udekte behov. I 2010 vurderer Flyktninghjelpen å starte hjelpearbeid i Irak, Iran, Jemen, Zimbabwe og på Filippinane. III Forteljingar 6

ADELARD frå DR KONGO Adelard kjem frå Kivu-området i Aust-Kongo like ved grensa til Rwanda. Situasjonen i denne delen av Kongo har lenge vore beskriven som ei av dei største humanitære krisene i verda. Under eit angrep frå opprørshæren i 2007 forsvann mora, medan faren vart drepen framfor auga på guten. Adelard greidde å gøyme seg og vart teken vare på av naboane, som rømde med han til ein trygg stad. Etter fleire dagar på flukt kom dei endeleg til ein flyktningleir i nærleiken av Goma by, der dei vart tekne hand om. I dag er Adelard 9 år og bur hos ein vertsfamilie like ved skulen som Flyktninghjelpen har bygt. Han arbeider hardt med skulearbeidet og drøymer om å bli lærar. Etter skuletid bruker han å fare rett heim og ete. Er det mat i huset, et han før han spring ut og sparkar fotball. Manglar dei mat, legg han seg heller ned for å spare krefter. På skulen ordnar Flyktninghjelpen med lunsj. Flyktninghjelpen har arbeidt i Kongo sidan 2001. Meir enn 300 tilsette sørgjer blant anna for tak over hovudet, mat og skulegang til mange tusen menneske på flukt. HASSAN KHAIRE frå SOMALIA og VESTRE SLIDRE Etter over 20 år med krig har den humanitære krisa i Somalia vokse til eit ufatteleg omfang. Minst éin av tre somaliarar treng naudhjelp. To millionar menneske er drivne på flukt, anten internt i Somalia eller over grensa til eit naboland. Hassan Khaire (42) voks opp i hovudstaden Mogadishu, men måtte flykte på slutten av 80-talet. 19 år gammal kom han til Vestre Slidre i Oppland. Eit liv fjernare frå krigen i heimlandet er det vanskeleg å tenkje seg. Heile sitt vaksne liv har Hassan arbeidt for å betre situasjonen i Somalia. I dag leier han teamet til Flyktninghjelpen på nesten 200 tilsette i Somalia og Kenya som syter for naudhjelp og vern til menneske på flukt. Ei av dei mest omfattande oppgåvene er arbeidet i den største flyktningleiren i verda, Dadaab i Kenya, der rundt 260 000 somaliske 7

flyktningar har søkt tilflukt. Kvar dag kjem nye flyktningar til leiren, og det er stort behov for husly, vatn, mat, helse- og skuletilbod. Flyktninghjelpen byggjer hus, gir opplæring i leirdrift og utdanning til ungdom i Dadaab. Med pengane frå TV-aksjonen NRK Flyktninghjelpen kan Hassan og teamet gjere endå meir for menneske som er ramma av ei av dei verste krisene i verda. INTEZAR frå AFGHANISTAN Etter Talibans fall flytta familien til Intezar (13) tilbake til heimlandet etter år på flukt i nabolandet Pakistan. Men utan arbeid eller pengar måtte foreldra og dei sju borna ta inn hos slektningar. Med god hjelp frå Flyktninghjelpen og gode naboar kan dei snart flytte inn i nytt hus i landsbyen Nawabad, som ligg ein times køyring aust for hovudstaden Kabul. Intezar viser generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktninghjelpen rundt i det som skal bli den nye heimen hans. Hjelp til sjølvhjelp. Det er mange som er i same situasjonen som Intezar og familien. I Nawabad har Flyktninghjelpen plukka ut 13 familiar som får hjelp med å byggje ein ny heim. Totalt skal 450 familiar få permanent tak over hovudet dette året. Dei får noko utstyr, material, dører og vindauge, men sjølve bygginga står familiane sjølv for. Husa er små og enkle med to rom på til saman 32 kvadratmeter. Det er strenge kriterium for kven som får hjelp. I første omgang prioriterer ein sårbare grupper som enkjer og einslege forsørgjarar med mange born. Dei som ikkje har handkraft, slektningar eller naboar som kan hjelpe til med husbygginga, får i tillegg noko pengar slik at dei kan betale arbeidsfolk. Borna lid. Borna er i ein vanskeleg situasjon. Inezar og dei andre borna i landsbyen har mykje fritid og hjelper gjerne til med husbygginga. Ettersom skulen i landsbyen ikkje har plass til alle borna, må dei gå tre skift. Det betyr berre to til tre timar kvar dag. Om nokre veker set vinteren inn for alvor. På grunn av manglande oppvarming i skulebygningen 8

blir det opphald i undervisninga, og borna får tre månader ufrivillig vinterferie. Her finst det heller ingen meiningsfulle fritidsaktivitetar. Flyktninghjelpen hjelper òg til med å skaffe fri rettshjelp. Etter år på flukt opplever mange som flyttar heim, at andre har overteke hus og eigedom. Eller dei manglar dokument på at dei er rettmessige eigarar. Fleire enkjer fortel at slektningar av mannen hadde overteke og gjort urettmessig krav på huset som familien hadde flykta frå. Fryktar nok ein kald vinter. Om lag 5,6 millionar afghanske flyktningar har vendt heim sidan 2002, og landet slit med å absorbere dei. I tillegg blir fleire og fleire sivile drivne på flukt på grunn av krigshandlingane sør og søraust i Afghanistan. Mange av desse har akutt behov for betre tryggleik, husly, drikkevatn, mat og medisin. Avgrensa humanitær tilgang i område med dårleg tryggleik gjer det vanskeleg å finne ut nøyaktig kor mange som er drivne på flukt, og å nå fram med naudhjelp. Flyktninghjelpen er svært uroa over situasjonen og arbeider kontinuerleg med å få styremaktene og FN til å styrkje beredskapen og innsatsen for dei som er mest utsette. IV Forslag til gudsteneste 22. søndag etter pinse Matt 11,25 30 (Kom til meg, alle de som strevar og har tungt å bere ) Sal 100 (Lat hyllingsrop lyda for Herren!) Rom 8,31 39 ( skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik ) Her er ei rekkje liturgiske byggjeklossar som ein kan velje mellom og bruke i gudstenesta 24. oktober: A. Samling B. Ordet C. Forbøn D. Nattverd E. Sending F. Salmeforslag Vi viser òg til heftet Jeg var fremmed Studie- og idéhefte om kirken og den fremmede (KUI 1998) (à 50 kr). Kontakt ev. kui@kirken.no Vi oppmodar om å ta kontakt med og ev. involvere flyktningar og asylsøkjarar som bur i lokalmiljøet eller på asylmottak i nærleiken. Bruk ev. forteljingane (kap. III) i samband med kyrierop/gloria, preika eller forbøna. 9

A. SAMLING KYRIELITANI Bøn frå Tsjekkia. Bønebok for Den norske kyrkja, nr. 178 O: Knut Grønvik (Syng håp s. 19) Khudaya, rahem kar / Miskunne deg, Herre (Syng håp 13) (Fire personar les kvar sin tekst medan musikk ligg under) 1. Gud, høyr ropa i verda, alle ropa frå offera for krigens vanvit, alle ropa frå dei som ofrar seg sjølve i kjærleik og sinne for sanninga, alle ropa i smerte, i det sårbare og avmektige. Høyr ropa i verda, forbarm deg, Gud. 2. Gud, høyr gråten i verda, gråten frå kalde rom utan håp, gråten frå sorga og mørkret, gråten frå born som blir utnytta og utsette for overgrep, all gråt i fortviling, i einsemd og angst. Høyr gråten i verda, forbarm deg Gud. 3. Gud, høyr klaga i verda, klaga frå skogen og havet, jamringa frå lufta og jorda, svolten og tørsten som ber frå uttørka åkrar, all klage i hjelpelaus naud, i mistru og apati. Høyr klaga i verda, forbarm deg, Gud. Alle syng: Khudaya, rahem kar / Miskunne deg, Herre (Syng håp 13) 4. Kristus, du som på krossen ropa ut kor forlatne vi menneska er, du som leid, døydde og stod opp for vår skuld, vern om oss i ropa våre, i gråten vår og i klaga vår, og gje oss mot og kraft i kampen for eit fullverdig liv. (Deretter Gloria/Lovsong) B. ORDET 22. søndag etter pinse Matt 11,25 30 (Kom til meg, alle de som strevar og har tungt å bere ) Sal 100 (Lat hyllingsrop lyda for Herren!) Rom 8,31 39 ( skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik ) Tekstrefleksjon ved Beate Fagerli Denne søndagen les vi tre nydelege tekstar til trøyst, oppmuntring og takk. Salme 100 er ein kort lovprisingssalme, ei takk til Herren for hans godleik og truskap. Salmen står godt til brevteksten, som er henta frå Romarbrevet. Rom 8,31 39 handlar òg om Guds truskap: Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? (v. 35). Paulus behandlar her vanskelege tema som naud og forfølging, og poenget er ikkje å seie at dette kan vi sleppe unna. Derimot kan vi halde ut i vanskar på grunn av Guds kjærleik til oss. 10

Evangelieteksten er Matt 11,25 30. Teksten er delt i to avsnitt, der første avsnittet handlar om Guds gode vilje openberra for oss gjennom Sonen. Avsnittet er i seg sjølv ein sentral evangelisk tekst og kan brukast som preiketekst åleine, men det er vanskelegare å knyte opp mot dagens tema. Teksten krev refleksjon rundt Guds openberring, kven Guds vilje er openberra for, og det mystiske forholdet mellom Faderen og Sonen. Avsnittet har ein parallell i Lukasevangeliet, der det står i ein annan kontekst. Hos Matteus står det saman med ei rekkje andre talar og refleksjonar av Jesus. Det er særleg det andre avsnittet i teksten hos Matteus som passar godt med dei andre lesetekstane og dagens tema. Dette avsnittet er ei innbyding til å finne kvile og trøyst. På same tid er det ei innbyding til å ta Jesu åk på seg, og nettopp der ligg kvila. Dette doble er reflektert i teksten hos Paulus, og her ligg ei spenning som det passar godt å ta opp i høve til temaet for nettopp denne søndagen: På flukt frå krig og konfliktar. I tekstane er det ein kontrast mellom nauda i det verkelege livet og lovnaden om kvile for sjela, kvile i Guds kjærleik. Ei utfordring for den som preikar, er å unngå lettvinte løysingar ved berre å peike på lovnaden om kvile. Teksten er ikkje skriven med utgangspunkt i at livet er berre trygt og fullt av glede, men at det kan vere strevsamt og tungt. Å forstå kva Jesu innbyding til kvile faktisk betyr, krev at ein går inn i nettopp den tunge delen av livet. Det er her dagens tema med TV-aksjonen for Flyktninghjelpen bør trekkjast inn. Her kan ein bruke materiale som er gjort tilgjengeleg for gudstenesta, og dette kan med fordel også førebuast ut frå lokale forhold. Noreg har teke imot ei mengd flyktningar, og mange kyrkjelydar driv innvandrararbeid som òg omfattar flyktningar. Dersom dette ikkje er tilfellet for kyrkjelyden, er denne søndagen eit godt høve til å kontakte flyktningar og/eller organisasjonar som arbeider med flyktningar, og hente fram levande forteljingar frå deira verkelege liv. Her kan gjerast plass i gudstenesta til ein eller fleire forteljingar frå flyktningar sjølv, gjerne i preika, til dømes i form av forteljing, helsing eller intervju. I tillegg kan ein involvere flyktningar og kyrkjelyden i liturgien gjennom musikk/song, lesingar og i forbøna. Ei utfordring for den som preikar, er å setje eit tydeleg søkjelys på alvoret i den uhaldbare situasjonen for flyktningane og den konkrete utfordringa som krig og konflikt fører med seg for alle samfunn, og på same tid få fram Jesu lovnad om kvile frå børene på ein truverdig måte. Jesu lovnad er ei utfordring til kristne kyrkjelydar om å ta i mot, inkludere og hjelpe menneske på flukt. Eit godt råd til gudstenesteførebuingane er derfor å involvere kyrkjelyden og flyktningar i refleksjon rundt utfordringar og løysingar. Denne utfordringa må kyrkjelyden ta på alvor for at Jesu lovnad skal vere ei truverdig trøyst: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for sjela. For mitt åk er godt, og mi bør er lett (Matt 11, 28-30). 11

C. FORBØN Forbøn 2 (Gudstenestereforma) (Omarbeidd etter Forbøn B i preikegudstenesta, Gudstenesteboka s. 165) Vi bed for heile di kyrkje på jorda. Gjev einskap mellom alle truande. Lat evangeliet ha framgang i alle land. Sjå i nåde til det folket du gav dine lovnader i den gamle pakta. Styrk forkynnarar og misjonærar og alle som strir den gode striden i trua. (For Aktuelle bøneemne kan nemnast.) Hald oss fast i di sanning. Det bed vi deg om, Gud. K: Bønesvar Vi bed for kyrkjelyden vår. Gjev oss mot og vilje til å tena deg. Styrk oss gjennom ordet og sakramenta, så vi får kraft og vilje til å stå saman mot vonde krefter. Kall konfirmantane våre til eit liv i tru og teneste. (Om Aktuelle bøneemne kan nemnast.) Lei oss ved ditt ord og din visdom. Det bed vi deg om, Gud. K: Bønesvar Vi bed for menneske som har det vondt, for sjuke og einsame, for dei heimlause, for flyktningar og krigsoffer, for dei som lid urett og er undertrykte i alle land, og for dei som nyleg er komne til landet vårt. (For Aktuelle bøneemne kan nemnast.) Hjelp oss å verna om menneskeverdet frå livet startar til livet tek slutt. Det bed vi deg om, Gud. K: Bønesvar Vi bed for verda. Vara alle folk på jorda frå flaum og tørke 12

og velsign oss med godt og tenleg vêr. Gjev oss vilje til å ta vare på jorda du har gjeve oss. Gjev fred og fridom for folk og nasjonar, rettferd i samfunn og arbeidsliv, velsigning over arbeidet vårt, og evne og vilje til å dela på ein rettferdig måte. (Om Aktuelle bøneemne kan nemnast.) Gjev oss din fred. Det bed vi deg om, Gud. K: Bønesvar Bøn for flyktningar og heimlause Kjære Herre, forbarm deg over alle flyktningar og heimlause. Gjer oss takksame for det landet du har gjeve oss. Gjer oss reiuge til å gje plass for dei som søkjer hit. Fri oss frå fordomar og nasjonalt hovmot. Når du vil gjera oss rikare i møtet med utlendingar, hjelp oss då til å ta imot dei med eit ope sinn. Bønebok for Den norske kyrkja, nr. 183 Bøn for offera for krigen og terroren Herre, vi ber for alle som i dag lid under krigens og terrorens ufattelege vanvit. Vi ber for alle dei som bur der bombene fell og eksplosjonane øydelegg, for alle dei uskuldige offera for den moderne krigen, for alle som vert såra, lid og døyr. Hjelp kvart menneske som har det vondt. Herre, ver oss alle nær. Bønebok for Den norske kyrkja, nr. 185 Bøn for dei framande Gode Gud, vi veit at Jesus og familien hans drog til Egypt som flyktningar då han var eit lite barn. Vi veit at dei var framande i eit nytt land, skilde frå resten av familien, fellesskapet i landsbyen og alt dei var glade i. Vi veit at Jesus i heile si gjerning heldt lag med framande og med dei utstøytte i samfunnet. No ber vi for dei i samfunnet og nærmiljøet vårt som er skilde frå sine kjære fordi dei vart tvinga til å flykte til eit anna land 13

og få arbeid, mellombels opphald eller asyl. Hjelp oss å ønskje dei framande blant oss velkomne slik Jesus gjorde. Lat dei finne ein heim i våre heimar, husrom og vern i våre kyrkjer, teikn på sitt menneskeverd og det å vere Guds barn og våre systrer og brør. Amen. Kjelde: Church of the Stranger, Christian Conference of Asia, 1997. Ukjend omsetjar Syndevedkjenning / Bøn om å lytte og lære L: Vi er her for å lytte og lære - av forteljingar - av situasjonar - av faktaopplysningar og tal - av røyster som roper så vi skal høyre dei. Alle: Gud, tilgi oss for alle dei gongene vi valde å ikkje lytte til desse røystene, så vi kunne lære av forteljingane deira. L: Vi høyrer ropet frå folk eit rop om vørdnad, håp, og fridom som varer. Alle: Gud, tilgi oss dersom vi som kyrkje - fordi vi er uoppmerksame og redde -, har påført dei endå større smerte og fortviling over å vere framande i eit nytt land. L: Når dei kjenner seg motlause fordi dei ikkje får støtte, Alle: lat oss gi dei vår støtte. L: Når håpløysa knuser draumen deira og einsemda er deira einaste følgje, Alle: lat oss stadfeste retten dei har til å leve, og gi dei håp og varme. L: Gud, du som er Gud for alle folk, styrk kyrkja vår så vi høyrer, lyttar og handlar, så vi vågar å vere stemme for dei stemmelause 14

og for dei som kjenner seg makteslause. Stille stund Alle: Gud, du som er kjærleiks Gud, og som kallar kyrkja til å vere kyrkje for den framande, set oss i stand til å høyre, set oss i stand til å lytte, gjer oss verksame i det vi gjer. Kjelde: Church of the Stranger, Christian Conference of Asia, 1997 Forbøn for heile menneskeslekta Kyrie eleison L: Lat din fred lyse blant oss, set oss i fridom gjennom din kjærleik. Lær oss å kjenne att ditt nærvær i alle menneske. Det ber vi deg om, Herre. Alle: Kyrie L: Herre, du var svolten, tørst og framand, du var utan klede, sjuk og i fengsel. Tilgi oss for dei gongene vi ikkje såg deg, for dei gongene vi ikkje merka ein av dine minste brør og systrer som trong vår hjelp. Miskunne deg over oss, Herre. Alle: Kyrie L: Herre, vi ber for alle framande, alle som er rykte opp med rota og prøver å slå rot på ein ny stad, i eit anna land, i ein annan kultur. Vi ber for alle heimlause, for familiar som leitar etter ein stad å bu, og for flyktningar som er drivne bort frå heimen sin. Ver nær dei, Herre. Alle: Kyrie L: Herre, vi ber for alle som kjempar for rettferd. Hald håpet deira oppe. Vi ber òg for kyrkja i verda og særleg for kyrkjelyden vår. Lat kyrkja alle stader gå alle menneske i møte og skape fellesskap prega av tillit og opne og varme hjarte. Vi roper til deg, Herre. Høyr vår bøn! Alle: Kyrie Kjelde: Jeg var fremmed (KUI 1998) 15

Syndevedkjenning refleksjon med bøn om tilgjeving L: Det er ikkje lett å seie velkomen til alle! Sjølv om vi ønskjer det, er det ikkje alltid lett å seie velkomen til alle som gjerne vil bu mellom oss, eller som ønskjer vår støtte. Gud, det er mange grunnar til at vi synest det er vanskeleg. 1. stemma: Ofte synest vi at folk er svært annleis enn oss i kultur, i utsjånad, i oppførsel, i politikk, i religion. 2. stemma: Eller vi synest at vi ikkje har nok å dele med dei på arbeid, heime, på skulen, av pengar, i gudstenesta 3. stemma: Ofte er vi trøytte og har ikkje overskot til å gi den omsorga eller tida som dei håpar på frå oss. Stille stund (der ein sjølv kan reflektere over grunnar til at det er vanskeleg). L: Tilgi oss, Gud, når vi er mindre sjenerøse enn vi burde vere. Vi takkar for din nåde, som vi har fått del i, og vi lengtar etter å vise nåde mot andre. Kjelde: Liturgy for Human Rights Sunday, 1996 I want to go home. Christian Council of Asia and Uniting Church in Australia. D. NATTVERD TAKKEBØN ETTER MÅLTIDET L : La oss takke og be fordi vi i ei verd med svolt og krig Alle: har fått feire lovnaden om overflod og fred, L: fordi vi i ei verd med undertrykking og tyranni Alle: har fått feire lovnaden om teneste og fridom, L: fordi vi i ei verd av redsel og forræderi Alle: har fått feire lovnaden om glede og lojalitet, L: fordi vi i ei verd av hat og død Alle: har fått feire lovnaden om kjærleik og liv, L: fordi vi i ei verd med synd og forgjengelegdom Alle: har fått feire lovnaden om frelse og fornying, L: fordi vi midt i døden Alle: kan smake oppstoda. Frå Lima-liturgien. NN:Heidi Strand Harboe / Oskar Stein Bjørlykke 16

E. SENDING TAKKEBØN/UTGANGSBØN (Holger Lissner) ( som takkebøn etter nattverden, som utgangsbøn like før velsigninga i gudsteneste utan nattverd) Herre, vi takkar deg fordi vi går herifrå med din fred, frie i din nåde og bundne i kjærleik til deg og vår neste. Bli hos oss med di velsigning og gi oss styrke til å leve etter din vilje. Amen. UTSENDING L: Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. (Matt 5,6 og 9) Gå i fred. Ten livsens Gud. F. SALMAR NoS 728: Herre du vandrer forsoningens vei NoS 731: (BM): For alle barn som ikke har NoS 732: (NN): For alle born som ikkje har NoS 733: Noen må våke i verdens natt S97, 122: På veiene ute i verden S97, 92: Vår himmelske Far Syng håp, 13: Kyrie frå Pakistan Khudaya, rahem kar Syng håp, 73: Be om fred (Irland/Sverige) Syng håp, 74: Fredens Gud Yarabba ssalami (Palestina) Syng håp, 76: I livets navn (Sverige) 17

V Søknad om kollekt send til norske kyrkjelydar Oslo 17.3.2010 Søknad om kollekt til TV-aksjonen Flyktninghjelpen søndag 24.oktober Den 24. oktober blir TV-aksjonen arrangert for 36. gongen. I år går dei innsamla midlane til Flyktninghjelpen, som var den første organisasjonen som hadde TV-aksjonen i 1974. Den norske kyrkja har vorte ein svært viktig støttespelar for NRKs TV-aksjon ved å rekruttere bøsseberarar og gjennom kollekten vi tek imot frå kyrkjelydar i heile landet. Vi håpar de også i år kan vere med i dette viktige arbeidet. TV-aksjonen har på mange måtar vorte eit felles møtepunkt for dugnad og frivillig arbeid i Noreg. Denne dagen gjer det norske folket ein viktig innsats for medmenneske over heile verda. Innsamlingsaksjonen er faktisk den største i verda målt i talet på deltakarar og resultat per innbyggjar. Denne nasjonale dugnaden har sterke tradisjonar i lokalsamfunn over heile Noreg. Det er her dei lokale kyrkjelydane er med og spelar ei viktig rolle. Midlane frå årets TV-aksjon skal gå til å hjelpe menneske på flukt frå krig og konflikt. 45 millionar menneske er i dag på flukt, og dei har på mange måtar alle odds mot seg. Halvparten er born og ungdom. Mange er mødrer som må flykte til fots med borna på armen medan krigen herjar rundt dei. Flyktninghjelpen er ein norsk organisasjon med 2600 tilsette som deler ut mat og naudhjelpsutstyr, gir husly og utdanning, driv leirar og gir fri rettshjelp. Dette har vi gjort i over 60 år. Mange av Flyktninghjelpens medarbeidarar har sjølve vore flyktningar og bruker si eiga erfaring til å hjelpe andre på beste måten. I år vil Den norske kyrkja utarbeide eit eige gudstenesteopplegg i samband med nord sør-søndagen som handlar om TV-aksjonen og arbeidet til Flyktninghjelpen. Dette opplegget gir ei fin ramme rundt gudstenesta søndag 24. oktober. Vi håpar de også denne gongen vil gi kollekten til TV-aksjonen og stille med bøsseberarar på aksjonsdagen. Pengane de samlar inn, betyr at vi kan hjelpe endå fleire menneske på flukt frå krig og konflikt. Med vennleg helsing Elisabeth Rasmusson Generalsekretær Flyktninghjelpen Christine Svanæs Aksjonsleiar TV-aksjonen 18

VI Annan informasjon Bli bøsseberar! TV-aksjonen Flyktninghjelpen er avhengig av din innsats for å lukkast! Ring Bøsseberartelefon 02025 og meld deg som bøsseberar for TV-aksjonen i år Kontakt ev. fylkeskontora (sjå nedanfor) Meir om informasjon og påmelding: www.tvaksjonen.no AKERSHUS: akershus@tvaksjonen.no OSLO: oslo@tvaksjonen.no BERGEN: bergen@tvaksjonen.no TRONDHEIM: trondheim@tvaksjonen.no STAVANGER: stavanger@tvaksjonen.no HORDALAND: hordaland@tvaksjonen.no TRØNDELAG: trondelag@tvaksjonen.no ROGALAND: rogaland@tvaksjonen.no AGDER: agder@tvaksjonen.no TELEMARK: telemark@tvaksjonen.no OPPLAND: oppland@tvaksjonen.no HEDMARK: hedmark@tvaksjonen.no VESTFOLD: vestfold@tvaksjonen.no BUSKERUD: buskerud@tvaksjonen.no NORDLAND: nordland@tvaksjonen.no ØSTFOLD: ostfold@tvaksjonen.no SOGN OG FJORDANE: sognogfjordane@tvaksjonen.no MØRE OG ROMSDAL: moreogromsdal@tvaksjonen.no TROMS OG FINNMARK: tromsogfinnmark@tvaksjonen.no TV-AKSJONEN SENTRALT: post@tvaksjonen.no Å gå med bøsse tek om lag to timar. Etter at du har meldt deg som bøsseberar, får du vite kvar og når du skal møte opp 24. oktober. Same kor gammal du er, kan du vere med på TV-aksjonen Flyktninghjelpen! Sjølv om du ikkje har høve til å gå med bøsse, kjem det ein bøsseberar på døra di om ettermiddagen søndag 24. oktober. Dersom du veit at du ikkje kjem til å vere heime på aksjonsdagen, kan du gi di støtte på www.tvaksjonen.no eller ringje 82 04 41 10. Innsamlingskonto: 8380.08.09005 Næringslivskonto: 8382.08.05200 19

20