Nørstelid Nordlia (gnr. 118)



Like dokumenter
Rind - Aamot (gnr. 9)

I Hualle Qval - Kval (gnr. 114)

Ranngard - Randgård (gnr. 51)

Høckelien Hauklia (gnr. 127)

Grønlia Grønlien (gnr. 134)

Myra - Myren (gnr. 102)

Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund.

Haustmælingen (gnr. 85)

Presterud (gnr. 146)

Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr )

b. Kari, døypt 1734, c. Ole, døypt 1736, d. Sessel, døpt 1738, e. Mons (Mogens), døypt

Vnisæimi - Onsum (gnr. 122)

Ersgard (gnr. 49) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9

Dal øvre (gnr. 170) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Om brøde og straf handlar ei leiermålssak fra Gaustum i Saka er i ei utskrift av tingboka referert slik:

De øvrige penger skylder Peder Fagstad for 200 pund tobak og 1 dusin piper. Han er ikke stevnt.

Rindal i Saksumdalen (gnr. 105)

Vingnes (gnr. 31) Av andre fornminne om manns ferd her på garden Vingnes er elles gravfunn frå vikingetida. Gravgodset var m.a. spjut, dolk og økser.

Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40)

Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane.

Hamarr - Lillehammer (gnr. 60)

Torgersrud (gnr. 147)

Dei 6 familiene på nedre Smestad var i same tid:

Oudenhuuss nordre (gnr. 2)

Hindklev (gnr. 97) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Tråset (gnr. 115) I skrivne kjelder fra mellomalderen er Tråset ofte nemnt alt på 1300-talet.

Oudenhuuss søndre - Sveen (gnr. 1)

A Vidhæimea Vedum (gnr. 124)

Lexhus - Lekshus (gnr. 4)

Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11)

Aspaasen Åsen (gnr. 99)

Rånerud (gnr. 121) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

Øver-Jørstad (gnr. 167)

Foreldre. Besteforeldre

Rudland Roland (gnr. 125)

Smedsrud (gnr. 148) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Lien (gnr. 130) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Dalby (gnr. 101) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9

Nordre Berg Vehlberje - Lilleberge (gnr. 37)

Fliflet (gnr. 129) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

a Vottestadhom Vottestad (gnr. 21)

Furo - Furu (gnr. 24)

Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163)

Hov i Vingrom (gnr )

Gellobergie Gilberg (gnr. 14)

Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn

Rusten Blackerust (gnr. 109)

Huse (gnr. 173) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8

Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107)

Bjørstad (gnr. 188) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Ulland (gnr. 103) Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande.

Midtjørstad (gnr. 166)

Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104)

Notat om historie og kulturlandskap

Kolberg (gnr. 116) Av same året er og ei merkeleg sak som etter utskrift av tingboka har denne ordlyden:

Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter

Notodden. Oversiktsbilde over husmannsplassane Notodden og Teksten og Hotell Victoria. F.v.: Victoria, Notodden, Teksten)

Lysgård (gnr. 50) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8

Dallerud (gnr. 94) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Gurustad Skog (gnr. 176)

Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Mo i Vingrom (gnr. 5)

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Skjedsvold nordre. Av Eirik Haugen, skrivi i 2017

Rentekammeret Ekstraskatt etter forordning Eidsvoll, Hurdal og Feiring

En gårds og slektshistorie

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

3-5 Opsal Opsal-gårdene. Gårdene. Opsal

I mellomtida er det elles opplyst t Christen Tråseth hadde fått skjøte på grd. Mælum for kjøpesum 600 rd. Det galdt truleg ein handel med

Tollersrud - Thorlæifsrud (gnr. 152)

Lundergarde Lundgård (gnr. 123)

Foreldre. Besteforeldre. Oldeforeldre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: MTR 66/1 Arkivsaksnr.: 16/317

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Røyni Røyne (gnr. 25)

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

1. Edvard Severin Henriksen, f i Krakenes, Nordreisa, Troms, 1 d i Holmen, Nordreisa, Troms.

Flygstad (gnr. 139) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 7

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Kinnlia Kinnlien (gnr. 20)

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

1. Ole Pedersen Skåre, f i Skåre, Stryn, 1 d i Skåre, Oppstryn, 2 gravlagt i Oppstryn, 2 dødsårsak 1912 Tæring.

Ofrene Ovre Ovren (gnr. 15)

Sæter i Saksumsdalen (gnr. 110)

Forfedre til: Side 1 av 6 Torgrim Nyland

Kulturhistoriske registreringar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Bringsen. Klaver. Note Fra koral til barcarole, s.82. CD Tonar frå Trøndelag, spor 19 Eg veit ei lita gjente, spor 15

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Berge - Storberge (gnr. 43)

Sjulerud - Sighurdrrudi (gnr. 154)

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Transkript:

Nørstelid Nordlia (gnr. 118) Nordlia og Sørlia er grannegardar i det gamle Strandens bygdelag i Fåberg. Nordlia og Sørlia må og ha vorte rydda samtidig. I Akershus lensrekneskap for 1621-22 er det såleis også innført om ein Amund Johnsen frå Fåberg at han hadde betalt 1. Bygsel, men av en ødeplads Nørstelie som nylig er lagt til landgilde til Kronen, 2 skinn. Da Amund i 1623-24 betalte dei bygselpengane som er kalla halding ell. 3 års tage, vart namnet på bruket hans skrive Nørstelid. Seks år seinare er gardane Sønstelid og Nørstelie båe ført i gruppa for Ødegaarde. Og den utlikna leiglendingeskatten var 1 dlr. Både for Amund Nørstelid og for Gregorius Sønstelid. I 1635-36 er det presisert at båe desse gardane framleis var krongods. - Av Odelsmanntalet 1657 går det elles fram at Amund forutan å vera brukar i Nørsteli og åtte jordegods til 7 ½ skinn skyld i Kindsett paa Birri. Av manntalet over kvegskatten 1657 går det vidare fram at det da hadde vore brukarskifte i Nørstelj, og at den nye husbonden heitte Bottel. Garden var da kome i god hevd, og buskapen der vart da oppgitt til å vera: 2 hopper, 12 naut, 5 geiter og 11 sauer. I Mannkjønnsmanntalet 1665 er elles namnet på brukaren skrive Bottolf, og det er oppgitt at han da var 46 år og hadde ein son som heitte Peder og var 13 år. I år 1665 kom den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det om Nørstelij fortalt at garden framleis var krongods og tilhørde Kongen allene. Buskapen av store husdyr var da 2 hestar og 2 naut, og korntienda vart utreidd med 2 tønner, som altså svara til ei årsavling på 20 tn. Vidare er det om Nørsteli og gardsbruket der fortalt at enga, innmarka var god, og at det var skog nok til gards nytte. Garden hadde eiga becheqern og ein liten humlehage, og det var seterbol og sommarbeite til krøtera på Rychasetter (Ruka), landskylda av garden var framleis 1 hud eller 1 ½ pund 4 merker smør, og her er namnet på brukaren atter skrive Bottell. Frå 10 år seinare er det under leilendingeskatten 1678 fortalt at Botel framleis var brukar i Nørstelj, men garden var da assignert major Reichwein. Assignert tyder nok her tildelt bruk. Hoppar vi så fram til år 1714, så er det vidare fortalt at da var det Oluf Svendsen Lien som var brukar i Nørsteli. Men ikkje nok med det: Oluf hadde da også tilhandla seg garden av George Catrine Reichvin og var dermed vorte både eigar og brukar av Nørsteli. Ved eit skifte på Nørstelie i Faaberg i 1717 er namnet på eigaren elles skrive Ole, og det var nok det namnet han til vanleg brukte. Av skifte på Nørsteli i 1717 går det vidare fram at Ole Svendsen hadde vore gift med Guri Bottelsdtr. Nørsteli, og det var henne det i 1717 var skifte etter. Arvingane ved skiftet var forutan enkemannen Ole Svendsen, dei to sønene i ekteskapet: 1. Christen Olsen, som da var 19 år, 2. Amund Olsen, 16 år. Ole Svendsen var framleis brukar av Nørstelie ved matrikuleringa av gardane i 1723. Det er da oppgitt at garden ligg i baklia, og at den for ein del er tungbrukt, men jordarten er god dog noget koldlent. Husdyrhaldet på garden var da 2 hestar, 12 naut, 12 sauer og 4 geiter, og den årlege utsæden av korn var kring 4 tønner, alt bygg. Det er vidare oplyst at det va var 1 husmannsplass med brukande jord til garden. - Ole Svendsen brukte så sjølv garden vidare til i 1730, da eldste sonen Christen Olsen tok over som eigar og brukar av Nørsteli. - Frå året Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

etter er eit tingsvitnemål av 1731 der det tydeleg går fram at i den tid var det dei to gardane Nørsteli og Roland som hadde seter på Ruken. Christen Olsen f. 1696 gifta seg med Anne Amundsdtr., og dei fekk 4 born. Dei var: 1. Ole f. 1725, 2 Amund f. 1741, død 1749, 3 Beret f. gift 1754 med Ole Eriksen Sønsteli, 4. Guri. I ei sak av 7. April 1736 er brukaren i Nordlien og kalla Christen Olsen Vesterlj. Saka, som elles gjeld bygsel av Stangevarpet, har etter utskrift av tingboka denne ordlyden: Stangevarpet. Bøxelseddel dat. 7.april 1736 tgl. 14. juni s.å. Fra Sogneprest til Stange T. Boesen til Christen Olsen Vesterlj, Erik Christensen Sønst, Joen Hofland, Even Moen og Thomas Svendsen Kolberg Stuen, samtlige av Fåberg sogn på et varp til Stange prestebol, i Vandet Laagen i Fåberg sogn, samme varp kaldet Sanden eller Stange-varpet. Derimot svarer disse til hr. Boesen en fjerding god lagsild. Christen Olsen Nørsteli var framleis brukar av garden i 1751. Han gav da bygselseddel til Halvor Larsen på en hans gård Nørstelie til og underliggende husmandsplads Svarteevjuen neden i gårdens eng ved elven beliggende mot årlig husleie 2 rd. 16 skill. Men i 1756 hadde Christen og Anne Nørsteli skifte med borna sine medan dei båe foreldra var i live. Ved dette skiftet vart garden Nørsteli taksert for 240 rd., og kvar av dei 3 borna arva 4 skinn for 80 rd. I samband med skiftet gav så Ole Eriksen Sønsteli skjøte til Ole Christensen på 8 skind i Nørsteli for 160 rd. Dette skjøtet er dat. 14. april 1757 og tinglese 18. juni s.å. Ole Christensen f. 1725, som da tok over drifta av garden, hadde i 1754 gifta seg med Kari Pedersdtr. Reistad f. 1729, og dei fekk 6 born. Dei var: 1. Christen f. 1756, død 1759, 2. Christen f. 1760, gift 1790 med Mari Halvorsdtr. Helleberg f. 1773. 3. Guro f. 1763, 4. Peder f. 1766, 5 Amund f. 1770, 6. Ane f. 1773, f. 1795 m. Jakob Olsen Snaghol. Ole Christensen brukte ættegarden til sin død i 1775. Ved skiftet i samband med dødsfallet, vart garden Nordlien, som namnet da er skrive, taksert for 320 rd., og det er opplyst at av borna til den avdøde levde da, dei to sønene Christen og Peder og dei to døtrene Guro og Ane. Enka Kari Pedersdtr. Nordlien gifta seg i 1778 oppatt med Asbjørn Asbjørnsen Skaarset f. 1743, etter at ho i 1777 hadde lånt 350 rd. av Lars Wormstuen mot pant i Nordlien av skyld i hud.- Men i 1790 fekk så odelsarvingen til garden, Christen Olsen f. 1760 skjøte frå Asbjørn Asbjørnsen på Nørstelie av skyld 1 hud for kjøpesum 399 rd. Christen Olsen Nørsteli f. 1760 gifta seg i 1790 med Mari Halvorsdtr. Helleberg f. 1773, og dei fekk 11 born. Det var: 1. Ole f. 1792, død 1794, 2 Randi f. 1794, g. 1820 med Christen Jensen Langset, 3. Kari f. 1796, g. 1819 m. Lars Jensen Langset, 4. Christence f. 1798, død 1801, 5. Ole f. 1801, g. 1828 m. Ingeborg Johannesdtr. Randgaard, 6. Christian f. 1803, 7. Anne Maria f. 1806, g. 1827 m. Kristian Olsen ved Fagstad, 8. Halvor f. 1808,g. 1832 m. Berte Larsdtr. Moen, 9. Amund f. 1811, g. 1840 m.anne Simensdtr. Kjetlien, 10. Matias f. 1813, 11. Simen (Brænden) f. 1816, g. 1846 m. Marthe Olsdtr. v/søndre Jørstad. Ei tingsvidnesak frå denne tid er litt utanom det vanlege og fortel dette ganske gemytleg: Fåberg 25. juli 1793. Tingsvidnesak, Peder Nørstelien kontra Simen Rønne og Jon Fougner. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 2 av 5

Vidnet Halvor Olsen Jevne forklarte på citantens spørsmål at Jon Fougner adskillige gange hadde lånt penge av vidnet på Simen Rønnes vegne. Pengene var tilbakebetalt av Simen Rønne. Det var 5-6 år siden siste gang. De andre vidner viste intet at opplyse i saken. Tingsvidnet sluttet. Den Peder Nørstelien som det her er tale om, var truleg Peder Olsen Nørsteli f. 1766. Det var da i ungdoms glade år dei hadde lånt pengar av kvarandre.- Frå denne tid er og ei sak av 1799, der Ole Christensen Lien skjøta eit kvernbruk under garden Lien til Peder Christensen, truleg broren, for 7 rdl. To år seinare kom i år 1801 påbodet om folketelling, og det budde da 6 familiar på og/eller ved Nørsteli. Det var: 1. familie: 1. Christen Olsen, husbonden, 39 år, 2. Mari Halvorsdtr., kona hans, 28 år, 3 Rundney, dottter deres, 7 år, 4. Kari, dotter deres, 5 år, 5. Christence, dotter deres, 2 år, 6. Peder Haagensen, tenestkar, 20 år, 7. Kari Iversdtr.. tenestekvinne, 22 år, 8. Kjersti Guttormsdtr., legdkvinne, 77 år. 2. Familie: 1. Asbjørn Asbjørnsen, føderådsmann, 60 år, 2. Kari Pedersdtr., kona hans, 72 år. 3. Familie: 1. Bendt Bendtsen, husmann med jord, 53 år, 2. Eli Arnesdtr., kona hans, 50 år, 3. Dorthe Bendtsdtr., dotter deres, 8 år. 4. Familie: 1. Svend Olsen, husmann med jord, 36 år. 2. Berthe Pedersdtr., kona hans, 27 år, 3. Ole, son deres, 6 år. 4. Johanne, dotter deres, 3 år, 5 Peder Pedersen, far til kona, Afskediget Sergeant med Pension, 69 år. 5. Familie: 1. Johannes Larsen, Husmand med jord og Kurvmaker, 40 år, 2. Ingebor Michelsdtr., kona hans, 53 år, 3. Lars Johannessen, son deres, 17 år, 4. Rasmus Johannessen, son deres, 10 år. 6. Familie: 1. Lars Michelsen, Inderste og nyder Almisse, 70 år, 2. Ingierd Thorsdtr., kona hans, 74 år. Av år 1806 er ei tinglyst delekontrakt, som etter utskrift er sålydande: Nørsteli. Delekontrakt, 1806, juli 21. Tgl. 1806, august 28. mellem Christen Nørstelie, Erich Raanerud, Johannes Onsum og Ole Lundgaard ang. skifte og deling imellem vores og ovenfor vores Hiemhaver havende eller eyende Sameje Skoug og Mark som strækker sig fra Sønstelies øvre og nordre Haffelde Hiørne derfra opefter til en Steen ved sæteren Dritens øverste og nordre Haffeldhiørne med Bogstav B, og derfra nordvestlig til en anden Steen med samme mærke B. Litt om storleiken på gardane i den tid går fram av matrikkelframlegget for Fåberg av 1819. Der er det om Nordlien fortalt at buskapen av store husdyr da var 3 hestar og 16 naut, og den årlege kornavlinga utgjorde kring 56 tønner, Det er vidare opplyst at Nordlien også da hadde 2 husmannsplassar med brukande jord. Ti år seinare skjøta i 1829 husbonden Christen Olsen fedrenegarden Nørsteli vidare til sonen Ole Christensen f. 1801, som samtidig gav føderådskontrakt til foreldra. Etter atter 10 år kom i 1838 den nye matrikuleringa, og landskylda vart omrekna i ei matrikkelskyld uttrykt i skylddalar, ort og skilling. Nørsteli fekk da som matrikkelskyld: 6 skylddalar, 1 ort og 8 skilling, som var nett det same som grannegarden Kolberg. Vidare er det opplyst at det framleis var Ole Christensen som hadde heile garden. Men tre år seinare gav i 1842 Ole Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 3 av 5

Christensen skjøte til broren Amund Christensen f. 1811 på halvparten av Nørsteli, Nørsteli av skyld 3 dalar 10 skilling. I mellomtida hadde det dessutan og vore ei utskifting av setra Rukens sameigemark, eit skifte som vart avslutta 9. Juni 1834, men tinglyst først den 9 april 1866. Vidare var det i 1851 ei skjøns- og delingsforretning i Nørsteli den 19. Juni 1851 mellom John Sønstelien, Hans Jørstad og Amund Christensen, slik at Ole Christensen gav skjøte til Hans Arnesen Jørstad på ein parsell brn. 2. Nørstelien for kjøpesum 100 spd. Samtidig gav og Ole Christensen skjøte til Amund Christensen på ein parsell av garden, brn. 3., Nordlien for kjøpesum 350 spd. I samband med folke- og jordbrukstellinga i 1865 vart det publisert fleire nyare opplysningar om gardane. Der er det om Nordlien oppgitt at det samla jordbruksareal av åker, eng og seterlykkjer da utgjorde 283 mål, og av dette var 59 mål jord av 1.klasse. Samtidig er det og oppgitt at husdyrhaldet i Nordlien med husmannsplassar tilsaman utgjorde 3 hestar, 14 storfe og 29 småfe, og at den årlege utsæd av korn var ca. 10 ½ tønner og av settepoteter ca.7 ½ tønner. Også i 1870-åra var det fleire handlar med parsellar av Nørsteli. I 1872 selde såleis Joh. P. Sønsteli sin del av løpenr. 67 Nørsteli og løpenr. 66 Sønsteli til sonen Peder Johansen for kjøpesum 900 spd. og eit føderåd verdsett til 300 spd. Året etter gav i 1873 Peder Johansen Sønsteli skjøte til trelasthandlarane Jakob Woxen og Mathias Gustum på eit skogstykke i Auggelien for kjøpesum 700 spd. To år seinare vart i 1875 parcellen brn. 3 Nordlien seld av faren Amund Christensen til sonen Mathias for kjøpesum 1 000 spd.+ føderåd verdsett til 500 spd. Av mai 1876 med påteikning av 1879 er ei tinglyst erklæring om å avstå grunn til den nye veigen mellom Vingnes og Storbrua. År 1886 kom den lenge forebudde nye norske matrikkelen, og gardane fekk nye gards- og bruksnummer og ny matrikkelskyld rekna i mark og øre og slik at det var 100 øre i 1 mark. garden Nørsteli i Fåberg fekk da gardsnr. 118 av samla skyld 8,71 mark, og det var da i alt 5 bruksnr. under gardsnr. 118. Det var: Grn. 118, brn. 1 Nordlien av skyld 0,82 mark, som Peder Johansen Sørlien framleis var eigar og brukar av, brn. 2 Nordlien, skyld 0,82 mark, som Thomas Hansen Jørstad da var eigar eller brukar av, brn. 3 Nordlien, skyld 5,19 mark, eigar ell. brukar Simen Fliflet, brn. 4 Lishagen av skyld 1,00 mark, eigar ell. brukar Kristian Amundsen, brn. 5 Ruka (Sæter) av skyld 0,88 mark, som Simen Fliflet og var eigar ell. brukar av. Da det kan vera av interesse tek vi her med at ved kommunevalet i 1901 budde det 5 personar med røysterett i og /eller ved Nordlien. Det var: 1. Mathias Amundsen Nordlie, Inderst, 54 år, 2. Kristen Olsen Storengen, sjølveigar, 69 år, 3. Husmor Matea Erlandsdtr. Storengen, 66 år, 4. Johannes Kristensen Lishagen, husmann, 31 år 5. Husmor Marie Rasmusdtr. Lishagen, 30 år. Etter ajourført matrikkel av 1904 var det da skjedd dei skifte i eigedomstilhøva at brn. 2 Nordlien var overtatt av Simen Andreassen Jørstad, og brn. 3 Nordlien var overtatt av P. Johansen Sørlien, vidare var ei brn. 6 Storengen av skyld 0,77 mark overtatt av Johannes Kristensen. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 4 av 5

Av handlar i seinare tid med grd. Nordlien ell. parsellar av garden tek vi elles med at ved ei skylddelingsforretning av 1908 og skjøte av 1909 vart pasellen brn. 3 Nordlien selt av faren Peder Sørlien til sonen Johan Pedersen Sørlien for kjøpesum kr. 15 000,- + føderåd til foreldra Peder og Ida Sørlien. I 1923 overtok så sonen Harald P. Sørlien garden etter foreldra, og elleve år etter overtakinga selde han i 1934 grn. 118, brn, 8 Øverli av skyld 0,54 mark til Johan H. Lishagen. Ved jordbruksregistreringa i 1939 var det da 3 gardsbruk som hadde eit jordbruksareal av åker, hage og eng på meir enn 10 mål (da.) Det var: Grn. 118, brn. 1,3 Nordlien med eit jordbruksareal på ca. 70 mål, som Harald P. Sørlien framleis var eigar og brukar av, grn. 118, brn. 6 Storengen, areal ca. 40 mål, eigar og brukar Johannes Storengen, grn. 118, 117, brn,8,3 Øverli, areal ca. 15 mål, eigar og brukar: Ole Lishagen. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 5 av 5