Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund.



Like dokumenter
I Hualle Qval - Kval (gnr. 114)

Rind - Aamot (gnr. 9)

Myra - Myren (gnr. 102)

Nørstelid Nordlia (gnr. 118)

Grønlia Grønlien (gnr. 134)

b. Kari, døypt 1734, c. Ole, døypt 1736, d. Sessel, døpt 1738, e. Mons (Mogens), døypt

Høckelien Hauklia (gnr. 127)

Haustmælingen (gnr. 85)

Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40)

Ranngard - Randgård (gnr. 51)

Presterud (gnr. 146)

Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr )

Rindal i Saksumdalen (gnr. 105)

Vnisæimi - Onsum (gnr. 122)

De øvrige penger skylder Peder Fagstad for 200 pund tobak og 1 dusin piper. Han er ikke stevnt.

Dal øvre (gnr. 170) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Oudenhuuss nordre (gnr. 2)

Om brøde og straf handlar ei leiermålssak fra Gaustum i Saka er i ei utskrift av tingboka referert slik:

Vingnes (gnr. 31) Av andre fornminne om manns ferd her på garden Vingnes er elles gravfunn frå vikingetida. Gravgodset var m.a. spjut, dolk og økser.

Torgersrud (gnr. 147)

Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane.

Ersgard (gnr. 49) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9

Dei 6 familiene på nedre Smestad var i same tid:

Aspaasen Åsen (gnr. 99)

Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11)

Lexhus - Lekshus (gnr. 4)

a Vottestadhom Vottestad (gnr. 21)

Hov i Vingrom (gnr )

Hamarr - Lillehammer (gnr. 60)

Hindklev (gnr. 97) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

Oudenhuuss søndre - Sveen (gnr. 1)

Tråset (gnr. 115) I skrivne kjelder fra mellomalderen er Tråset ofte nemnt alt på 1300-talet.

Furo - Furu (gnr. 24)

Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104)

Dalby (gnr. 101) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9

Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107)

Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn

Notat om historie og kulturlandskap

Rudland Roland (gnr. 125)

Ulland (gnr. 103) Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande.

A Vidhæimea Vedum (gnr. 124)

Gellobergie Gilberg (gnr. 14)

Nordre Berg Vehlberje - Lilleberge (gnr. 37)

Lien (gnr. 130) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Rusten Blackerust (gnr. 109)

Sæter i Saksumsdalen (gnr. 110)

Smedsrud (gnr. 148) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Rånerud (gnr. 121) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

Fliflet (gnr. 129) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Øver-Jørstad (gnr. 167)

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Kirkerud med Flokeli (gnr. 159)

Huse (gnr. 173) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8

Notodden. Oversiktsbilde over husmannsplassane Notodden og Teksten og Hotell Victoria. F.v.: Victoria, Notodden, Teksten)

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Lysgård (gnr. 50) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Skjedsvold nordre. Av Eirik Haugen, skrivi i 2017

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Mo i Vingrom (gnr. 5)

Kulturhistoriske registreringar

Røyni Røyne (gnr. 25)

«Ny Giv» med gjetarhund

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

JOHANNA NILSDATTER FØDT 14. MARS 1849 I HAFSLO I SOGN, DØPT 5. APRIL I HAFSLO, KONFIRMERT 1. OKTOBER 1865 I MÅLSELV.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Bjørstad (gnr. 188) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Andel i sameige/sams jakt

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Foreldre. Besteforeldre

Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik

Dallerud (gnr. 94) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Kva er økologisk matproduksjon?

Forfedre til: Side 1 av 6 Torgrim Nyland

Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Setring ved Håbakkselet Hareid

Midtjørstad (gnr. 166)

En gårds og slektshistorie

Guide. Valen Asyls Gravlund. Gøymt, men ikkje gløymt. til

Bustadområde i sentrum. Vurdering

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Eidegrend klyngjetun

Rindal øvre i Vingrom (gnr. 12)

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kinnlia Kinnlien (gnr. 20)

Sosial mobilitet Sosial mobilitet 1

3-5 Opsal Opsal-gårdene. Gårdene. Opsal

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Transkript:

Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund. I gamle skrivne kjelder finn ein gardane Birki i Fåberg omhandla i 2 diplom fra 1300-talet. Det eine er eit ennå bevara skinnbrev av 1381, som fortel om eit jordbyte mellom Nordre Birki og ein annan gamal gard i Vingrum av namn Uppsalir. Det andre skinnbrevet er av 1390 og fortel om ein handel med Sydre Birki. Båe dei gamle dokument viser altså til ein enda eldre udelt gard Birki på dei same tufter eller like ved. Som eit tydeleg døme på at vår norske bjørk sikkert framleis trivst her, tek vi elles her med eit bilete av Storbjørka på Børke som mange har sett ho. Biletet av Storbjørka I år 1442 var iallfall den eine av gardane Børke sikkert med ved det store jordbytet mellom Biskop Olav av Bergen og ridder Benkt Harniktsson. Gardnamnet er elles da skrive Byrkjer j Wingreme. Ved utlikningen av Bygningsskatten 1594 er garden ført i gruppa for Halllfue gaarde, og namnet er skrive Biercke. Ved utskrivinga av Tiendekorn 1604 var tienda av Biercke 1½ tønne som for Ravnum, Prestrud og Ovren. I 1603 går det fram at oppsittaren på garden heitte Oluff Biercke, og at han da var bygslar og brukar av 1 hud krongods og 1 hud fru Giørvilds gods. Men i 1645 hadde det atter vore brukarskifte, og den nye brukaren, Torgeir Bierche betalde den utskrivne ekstraskatten Kopskatten 1645 for kona si og seg sjølv med tilsm. 1 mark i pengar. Dette var under dei langvaruge krigane på 1600-talet, og i 1657 kom ein annan ekstraskatt: Kvegskatten 1657, så kalla fordi skatten da vart utrekna etter krøtertalet på gardom. Der er det så vidare fortalt om Bierche at Torgeir framleis var brukar der, og at husdyrhaldet der på Bierche da var: 1 hest, 2 hopper, 7 naut og 15 sauer. Men åtte år seinare var i 1665 Presten bruger på Biercke, og det er vidare oppgitt at den samla landskyld av garden da var 2 huder 4 skinn. År 1668 kom den første norske matrikkelen med namnande opplysningar om gardane. Der er gardnamnet skrive Bierche, og oppsittar på garden var i den tid Dortte Hansdåtter. Landskylda var som før nemnt i alt 2 huder 4 skinn, men eigarar av garden var da: Kongen for 1 huds landskyld, 1 hud var Cannonigods, og dei 4 skinn var kyrkjegods under Fåberg-kyrkja. Buskapen av store husdyr var da 3 hestar og 16 naut, og korntienda vart utreidd ved 3¼ tønne, som altså svara til ei årsavling på 32½ tønne. Eng, innmarka er oppgitt til å vera god, og garden Børke hadde da fått seter og sommarbeite for krøtera på Vismoesetter. Ein merker seg elles at Børke hadde eige kvern, kvernbruk, som det vart svara kverntoll av. Av Rulle over Gudbrandsdalens fogderis soldatlægder 1693, Fåberg Sogn går det vidare fram at Børke da hørde med i 5. lægd saman med Øyre, Vottestad og Rafneberg, og at dei rulleførde soldatar frå Børke i den tid var Ole Nielsen, bundens Søn, 15 år, og Ole Biørnsen, tjenestedreng, 20 år.

Tre år seinare fekk i 1699 bygselbonden Oluf Nielsen Bierche skjøte frå Oberst Reichwein på 1 hud gods i Bierche og bygsel over 1 hud cannonigods og 4 skinn kyrkjegods. Ni år seinare selde oberst Reichwein også odelsretten sin garden Bierke til Ole Nielsen for 50 rd. Fleire opplysningar om gardane kom med matrikkelframlegget av 1723. Der er det om Biercke vidare fortalt at garden ligg i sollia og at jordarten der er god, men noget tørlent. Husdyrhaldet på garden var da 4 hestar, 20 naut, 20 sauer og 16 geiter, og den årlege utsæd av korn utgjorde da 6-7 tønner bygg og litt rug. Det var skog nok til gjerdefang og brenneved, og setra hadde god hamn og slåttar til 2 lass høy. Ole Nielsen var framleis brukar på Bierke også i 1737. Han oppådde da å få kongeskjøte for seg og arvingane sine frå Friderich den fjerde konge til Danmark og Norge på deres eiende andel i gaarden Bierke av skyld 1 hud uten bøxel for sum 70 rd. Men etter nye åtte år var det i 1735 brukarskifte på garden, og eldste sonen Niels Olsen fekk da søskenskjøte på farsgardan Bierche, som namnet framleis kunne vera skrive i den tid. Den nye husbonden Niels Olsen vart elles ingen gamal mann. Han var alt død i 1745, og det var da arveskifte på Bjerke i Faaberg. Ved dette skiftet vart jorde-godset i Bjerke, da av skyld 2 huder, verdsett til 380 rd., og arvebuet utgjorde brutto 1597 rd. og netto 1550 rd. Arvingane ved skiftet var foruten enka Anne Olsdtr. f. Boro, dei 2 borna, sønene Ole, som da var 12½ år, og Christen, som var 9 år. Kyrkjeboka fortel elles at det og hadde vore to søner til, Ole Nielsen og Jo Nielsen, som båe døde i smittsam barnesjukdom i 1743. Frå den tid enka Anne Olsdtr. sjølv brukte garden, er elles eit auksjonsskjøte som her er av stor interesse, og som etter utskrift av pante-boka fortel dette: Bierche. Auksjons skjøte dat. 14. april 1745 tgl. 16. juni s.å. Hvorved 4 skind i grdn. Bierche i Faaberg prestegjeld belig. tilhørende Faaberg hovekirke og Lillehammer anneks blev solgt til den avdøde opsidders enke Anne Olsdtr. Bierche for 20 rd. Av denne sum har hun kontant betalt 11 rd. 2 ort 16 s. og de øvrige 8 rd. 1 ort 8 s. skal bli stående i bem. 4 skins i Bierche mot at svare årlig til kirken derav rente med 40 s. Enka Anne Olsdtr. Biercke gifta seg same året oppatt med Ole Halvorsen, og dei fekk i sitt ekteskap 3 born, nemleg: a. Niels f. 1747, b. Kari f. 1749, c. Karen f. 1751. Ole Halvorsen og Anne Olsdtr. Bierke brukte så garden til i 1758, da dei skjøta Bierke over til odelsarvingen Ole Nielsen f. 1733. Etter det døde den velkjende og særs dugande husfrua Anne Olsdtr. Bierke i 1759. Enkemannen Ole Halvorsen gifta seg oppatt med Siri Hansdtr., og dei to brukte så Børke saman til i 1764, da husfrua Sire Hansdtr. var død og det atter var arveskifte på Beirche i Faaberg. Ved dette skiftet er det elles opplyst at jordegodset i arvebuet, Beirche av skyld 2 huder 4 skinn vart verdsett til 400 rd. og at arvingane ved skiftet var enkemannen Ole Nielsen og avdødes eneste efterlatte søn Niels Olsen. Frå år 1766 er ei sak som på fleire måtar kastar lys over tida, og som etter utskrift av tingboka framstiller saka slik: Børke i Fåberg. 9. oktb. 1766 Ole Nielsen Bierche har ved sin beslektede Jørgen Barlund innstevnet sine naboer Amund Iversen og Johannes Olsen i anledning av deres dristige og meget formastelige gjerning, idet

de siste vinter angrep citanten og hans folk mens de arbeidet med å framdrive en del tømmer, så at de måtte forlate arbeidet og 9 tømmerstokker. De innstevnte leverte sitt skriftlige innlegg. Endel vitner ble avhørt. Efter vederpartenes begjæring utsattes saken til vårtinget. 31. mars 1767 Efter framlagt kontrastevnemål utsattes saken til sommertinget. Ole Nielsen Bierche f. 1731 brukte Børke til 1790, da han skjøta ættegarden av skyld 3 huder 4 skinn over til sonen Niels Olsen for kjøpesum 1195 rd. og føderåd for resten av levetida til faren Ole Nielsen og stemora Marthe Erichsdtr. Niels Olsen som kjøpte Børke i 1790, hadde ellers ættegarden i to år til 1792, da han skjøta Biercke av skyld 2 huder 4 skinn over til Samuel Akeleye for kjøpesum 2999 rd. År 1801 kom påbodet om folketelling, og det budde da 4 familiar på Børke. Dei 4 familiane var: 1. familie: 1. Samuel Acheleye, husbonden, Proprietair og Gardbeboer, 39 år. 2. Berthe Malene født Alberts, kona hans, 48 år, 3. Johanne Petronelle, dotter deres, 12 år, 4. Guttorm Sølvfæstsen, tenestkar, 42 år, 5. Iver Olsen, tenestkar, 20 år, 6. Anne Sølvfestsdtr., tenestkvinne, 47 år, 7. Gunnhild Pedersdtr., tenestkvinne, 18 år, 8. Marit Olsdtr., tenestkvinne, 38 år, 9. Sønnøv Olsdtr. tenstkvinne, 20 år, 10. Anne Pedersdtr., Pleye Barn, 10 år, 2. familie: 1. Ole Nielsen, Føderådsmann, 69 år, 2. Martha Erichsdtr., kona hans, 53 år, 3. Erich Olsen, son deres, 29 år, 4. Hans Olsen, son deres, 20 år, 5. Ole Olsen, skoleholder, 26 år, 6. Mari Olsdtr., dotter deres, 17 år. 3. famile: 1. Lars Olsen, husmann med jord, 56 år, 2. Inga Poulsdtr., kona hans, 49 år, 3. Ole Larsen, son deres, skomaker, 21 år, 4. Poul Larsen, son deres, 15 år. 4. familie: 1. Jon Arnesen, husmann med jord, 34 år, 2. Kari Sølvfæstsdtr., kona hans, 38 år, 3. Arne Jonsen, son deres, 2 år, 4. Anne Vincentsdtr., mor til mannen, Inderste og nyder almisse av Bøygen. Om plassen Bjerkestuen ved Bjerke handlar ei sak av 1806. Husbonden Samuel Acheleye gav da skjøte til Nils Olsen Bjerkestuen på plassen av samme namn Bjerkestuen tillikemed engen Rønningen av skyld 5 skind for kjøpesum 600 rd. Ein merker seg at husbonden tok at rett til halvdelen av det fiskeri som både er og kan bli på Bjerkestuens grund. Året etter gav den 7. juni 1807 Samuel Acheleye skjøte ril svigersonen Haagen Ouren på grd. Bjerke framleis av skyld 2 huder 4 skinn for kjøpesum 2000 rd. Samtidig lånte kjøparen Haagen Ouren 1000 rd. Av Tosten Tommesen Jørstad på Lunde mot 1. pr. pant i Bierke av skyld 2 huder 4 skinn. Året etter lånte elles Haagen Ouren også 1500 rd. av Tosten Jørstad, visstnok på Lunde i Gausdal, mot pant i Bjerche, da av skyld 3 huder 4 skind og pant i sitt løsøre på Bjerche som på Koteruud, samt 1 års avl og avgrøde på begge disse gårder. To år seinere selde elles Niels Olsen Bjerkestuen pl. Bjerkestuen til husbonde Haagen Ouren for kjøpesum 600 rd. Ein merker seg elles at i 1806 hadde fogden og innstemnt handelskarl Haagen Ouren for forøvet krohold, men saka vart utsett. Av 1819 er ein tinglyst obligasjon

frå Haagen Ouren til den nye Norges Bank for lån av 250 spd. mot pant i Bjerke og Bjerkestuen. Same året, altså 1819, kom det nye matrikkelframlegget for Fåberg med fleire nyare opplysningar om gardane. Der er det om Bjørke med Ravnumsbakken oppgitt at dei store husdyr der i den tid var: 5 hester og 24 naut, og at den årlege kornavlinga på desse to gardsbruk tilsaman var kring 90 tønner. Det er elles oppgitt at det da var berre 2 husmannsplassar til Børke. Ved matrikuleringa av gardane i 1838 var den gamle landskylda i huder og skinn, fisk og smør skifta ut med ei matrikkelskyld uttrykt i skylddalar, ort og skilling. Løpenr. 62 Børke med Ravnumsbakken fekk da som si nye matrikkelskyld: 12 skylddalar 2 ort 15 skilling, og det var da Samuel Ouren som var oppsittar på Børke. Dette at Børke i så lang tid tilhørde ein proprietærfamilie, som og budde der, sette snart sine tydelege merke på fleire måtar. Ikkje minst merkast det på tilbygging til og nybygging av meire moderne hus kring det etter måten flate og romslege tunet der på Børke. Her kunne dei da og ta imot og skaffe godt brukande lokale for Gudbrandsdalens Amtsskole da den på si flytting mellom bygdene også kom til Fåberg. Av 1860 er ei tinglyst sak mellom Samuel Ouren og K. Morterud m.fl. om ei lenseinnretning der af Sidstnevnte er opført i Strømmen, som herefter for Bjerkes Eiers Vedkommende tillades staaende mod en aarlig afgift av 40 firti Spdlr. m.m. I samband med folke- og jordbrukstellingane i 1865 vart det publisert fleire nyare opplysningar om gardane. Der er det om Børke da oppgitt at det samla jordbruksareal av åker, eng og seterlykkjer i den tid utgjorde 466 mål, og av dette var 153 mål av 1. klasse. Samtidig er det og oppgitt at husdyrhaldet på sjølve Børke gard i den tid var: 7 hestar, 20 storfe og 31 småfe, men dertil var det på husmannsplassane til garden tilsm.: 4 storfe og 14 småfe. Ført på denne måten var den årlege utsæd i den tid: a. på sjølve Børke gard: ca. 18½ tønner korn og 32 tønner settepoteter, men dertil var: b. utsæden på husmannsplassane til Børke: 1½ tønner korn og 3 tønner settepoteter. I 1800-åra var det to utskiftingsforretningar der Børke hadde gamle hevdvundne rettar. Den eine var utskiftinga av Skjelbrei- og Aalkjernmarkens Sameieskog i 1870-71, og den andre galdt ei utskifting av innmark mellom gardane Børke og Ravnum i 1873. Same året, altså i 1873, skjøta så brukaren Samuel Ouren grd. Børke over til svigersonen Bendik Evensen Baaberg for kjøpesum 4000 spd. Og eit føderåd til svigerforeldra Samuel Ouren og Kari Tostensdtr. verdsett til 500 spd År 1886 kom den lenge førebudde nye norske matrikkelen, og gardane fekk nye gards- og bruksnummer og ny matrikkelskyld rekna i skyldmark og øre og slik at det var 100 øre i 1 mark. Børke med Ravnumsbakken fekk da som sitt nye gardsnummer nr. 36 av samla skyld 22,55 mark, og det var da framleis Bendik Evensen Baaberg som var eigar og brukar av Børke. Fem år seinare vart det i 1891 tingleise ei semje mellom fleire gardbrukarar om eit veganlegg i Fåberg Vestfjell, og av 1898 er eit gavebrev frå Bendik og Johanne Baaberg til Faaberg Sognemenighet af hus på Bjerke kirkegaard.

Her ved hundreårsskiftet tek vi elles med at ved kommunevalet i 1901 budde det da 5 personar med røysterett på og/eller ved Børke. Dei fem personane var: 1. gardbr. Bendik Baaberg, 69 år, 2. husmor Johanne Samuelsdtr., kona hans, 64 år, 3. gardbr.son Samuel Bendiksen, 30 år, 4. gardbr.son Martin Bendiksen, 26 år, 5. husmann Martin Iversen Leirviken, 41 år. I manntalet er det elles oplyst at gardbr. son Even Bendiksen, som da var 28 år, ikkje budde på Børke dei to siste år. (USA) Av tre år seinare er ei Ærklæring fra Samuel Baaberg og Johanne Baaberg med tilladelse for Lillehammer Lændse til at opsætte Dopper fra Lændsens Spids mot nord efter strømmen. Av 1908 er ei Overenskomst mellom Eierne ad Lillehammer Lænse og Kristiania Tømmedirektion om Sidstnævntes Overtagelse af Lænsen for 15 år fra 1.1.1908. Av handlar i seinare tid med Børke eller parsellar av garden tek vi her elles med at i år 1900 hadde sonen Martin B. Baabeg tatt over og var brukar av garden, og i 1939 kjøpte så Halvard Steinum grn. 36 brn. 3 Strømnes av skyld 0,80 mark. Etter dette var det ved jordbruksregistreringa av 1939 3 gardsbruk under grn. 36 Børke med kar for seg eit jordbruksareal av åker, hage og eng på meir enn 10 dekar. Dei tre gardsbruk var: a. Grn. 36 brn. 1 Børke med eit jordbr.areal på ca. 200 dekar, som Martin Baaberg da var eigar og brukar av, b. grn. 36 brn. 3 Børkjedal med eit jordbr.areal på ca 20 dekar, som Isak Rindal var eigar av, c. grn. 36 brn. 3 Strømsnes, jordbr.areal ca 10 dekar som Halvard Steinum hadde.