Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken



Like dokumenter
Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk

Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

Gå ut og gjer disiplar

Skrive seg vegar inn i tekst rapport frå eit norskprosjekt

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Ivar Aasen nynorskens far

Frå novelle til teikneserie

Om skriftspråket vårt

Hermann Starheimsæter. Der nåden finst. Roman

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr November 2009

'Der var ruskut å leggja utpå 1

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Namnsetjing av gater og vegar

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning

Erfaringar med brukarstyrt innlegging ved psykosepost ein kvalitativ evalueringsstudie

Nye kapitalkrav for bankane

Dei formale ytterverka

a) Ungdom mot EU skal samla ungdom og studentar til kamp mot norsk EUmedlemskap, driva folkeopplysing om EU og kjempa mot snikinnmelding i EU.

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Tekstskaping som leseundervisning

Råd om språk i statlige stillingsutlysninger

Der rek det ferdafolk ifrå land og by Dialektlære

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Transkript:

Viktige prinsipp for ei god normering av nynorsken Hovudprinsipp Arbeidet til nemndi Nemndi har kome med eit dårleg framlegg, som i realiteten er vidareføring av samnorsknormeringi. Framlegget er basert på statistikk føre system, og er meir rotete og inkonsekvent enn nynorsken nokon gong har vore. Nemndi har gjeve høyringsinstansane og andre interesserte altfor kort høyringsfrist (under ein månad). Dei har i tillegg kome med upassande kommentarar på diskusjonsforumet (www.nynorsk2011.org), som at folk skriv ut ifrå sin personlege ståstad og manglar pedagogiske argument. Normering i hovudtrekk Me bør fylgja ljodlæra og oppretthalda ein viss valfridom. Midtlinjeformer og tradisjonelle former bør prioriterast. Me bør distansera oss frå samnorsken. Viktige prinsipp i normeringi 1) Det må leggjast vekt på pedagogikk og system. 2) I ord som omfattast av ljodlæra, kan me skjera ned på valfridomen ved å velja den formi som opnar for flest uttalemåtar. 3) I andre ord bør ein oppretthalda ein viss valfridom, og leggja stor vekt på former som er utbreidde i dialektane der nynorsk er skulemål. 4) Me bør vera rause med valfridomen i bøygning av substantiv, adjektiv og verb. 5) Markerte og/eller lite nytta tilnærmingsformer, samt former som øydelegg det nynorske skriftbiletet må strykast.

Innspel og meiningar Høyringsspørsmåli frå nemndi Nemndi har kome med nokre spørsmål som høyringsinstansane lyt svara på. Her er mine synspunkt kring desse. Berre -leg, ikkje -lig Det er fornuftig å gjera -leg til eineform. Denne formi har lang tradisjon, og er godt innarbeidd. Berre -stilling, ikkje -stelling Formene -stilling og -stelling bør framleis vera valfrie. Dersom me lyt velja berre ei av formene, er det -stelling som bør prioriterast. Førestelling bør framleis vera eineform. Valfri j i verb, som legg(j)a, søk(j)a Den j-lause formi må gå ut or rettskrivingi, slik at formi med j vert eineform. Det er av di dei j-lause formene øydelegg skriftbiletet. Verbalsubstantiv på -ing bør igjen få obligatorisk j. Det bør altso heita leggja leggjing og søkja søkjing. Dette vert meir konsekvent. Obligatorisk diftong i ord som drøyma, høyra og køyra Det er fornuftig å gjera diftongane til eineformer. Dette høver best i skriftbiletet. Eg er skeptisk til å stryka diftongformer som baune, laugsta og laup. Formi ty (verkty) bør verta eineform. Formene tog og trog må få stå. Enkle og doble konsonantar Nær alle enkelkonsonantformer bør få stå i rettskrivingi. Ein del former som kjøtt, kjøkken, bispedømme og bønn må gå ut or normi, av omsyn til tradisjonen og skriftbiletet. Det er enkelkonsonantformene som bør setjast i høgsætet, ikkje dobbelkonsonantformene.

Valfri samsvarsbøygning Samsvarsbøygning må vera obligatorisk! Ei slik utflating av nynorsken vil verkeleg øydeleggja skriftbiletet, og reglane for samsvarsbøygning er ikkje vanskelege å læra. Valfritt subjekt/objekt (de el. dykk dykk) Tidi for å tillata ei sams subjekts-/objektsform er ikkje inne endå. Skiljet finst framleis i dei fleste dialektane. Regelen er ikkje vanskeleg å læra. Dersom dokke(r)/dåkke(r) skal inn i normi, må skrivemåten vera med o. Objektsformi honom bør framleis få vera med i rettskrivingi. Stryking av dobbelformer i høgfrekvente ord Å stryka former som skole, mye, [noen] og [bare] er eit svært fornuftig grep for å føra nynorsken inn att på eigen grunn. Kløyvd infinitiv Kløyvd infinitiv bør framleis få vera med i rettskrivingi. I-målet I-målet må få stå! Dette målet er vakkert og har lang tradisjon. Det står sterkt i litteraturen og i mange talemål. Den minimale bruken i dag skuldast systematisk undertrykking. Moglegheiti for i-endingar er ikkje i vegen for dei som nyttar a-endingar, men gjer nynorsken lettare å lika for mange. Anna Ljodlæra Ljodlæra må fylgjast, og former som [sæter], brote, [grum], [bylgje], verkty, [plome] og daning må ikkje takast ut or rettskrivingi. I valet mellom y og ø bør y verta eineform i mange ord (syster, fyrst, fylgja). Former som [nå], kjøtt, møkk, kjøkken, bønn og [koppar] må strykast frå normi. Omsyn til talemåli der nynorsk er skulemål

Utbreidde tradisjonelle former som jarn, [horv], kvåe, kleppfisk, ikorn, [klyppa], sjoda, snòr, [tunn], [turr], mæla, tog, verkty, kikert, plome, gimber og verde må framleis få vera med i normi. Normering på eigen grunn Tradisjonelle former som framleis vert nytta må prioriterast. Ein heil del samnorsm må strykast. Former som lamb, vomb og timber kan med fordel takast inn att. Nemndi oppi det heile Nemndi seier at nynorsken skal normerast på eigen grunn. Dette gjer dei ved å stryka nokre fåe samnorskformer. Elles er framlegget deira eit langt steg nærare samnorsk. Arbeidet deira er dårleg, og argumentasjonen mangelfull. Nokre serleg viktige former Fylgjande delar av bøygningsmønstri er serleg viktige å halda på i rettskrivingi: I-målet (bygdi, husi, liti, opi) Auga-bøygningi (auga augo) Fleirtal på -ar, -ane i hankjønnsord på -a og -nad Kløyvd infinitiv Det er òg ynskjeleg å halda på fylgjande: A-ending i linne hokjønnsord (ei visa, ei jenta) Fleirtal på -or, -one i linne hokjønnsord Fylgjande delar av bøygningsmønstri er serleg viktige å stryka frå rettskrivingi: Fleirtal på -er, -ene i hokjønnsord som elv, myr og hes Inkjekjønnsformi [opent] Fylgjande former er serleg viktige å halda på i rettskrivingi: Jarn Klyppa sjoda (og liknande) nòt (og liknande) so

tunn turr tog og trog laup og laupar bøygning Fylgjande former er serleg viktige å stryka frå rettskrivingi: Samnorskformer som [nå], da, skole, mye, [noen] og [bare] Monoftongformer som køyra og røyr J-lause former som [bygga] og [tenka]