N Æ R T U R. i Førde

Like dokumenter
Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering

Turbok for Molde og Omegn

GJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Madeira MD4 MD1 MD5 MD3 MD6 MD2. 5 km

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Bispen. Trollstigen. Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av Trollstigen. Her sett fra Isterdalen.

Romsdalseggen. Vengedalen

UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE

1. Info om Sørre Brurskardknappen (1458moh)

1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY.

Skålatårnet. Stryn. Vår vurdering

Veibeskrivelser - 10 på topp 2019.

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

Sommervandring 2013 Nord-Aurdal

1. Gråhø (1779moh) Lengde: Ca 5 km ein veg Høgdeforskjell 729 meter Tid. Ca 2,5-3 timer opp

Aktuelt kart for området er Turkart Kristiansund 1:50 000, utarbeidet av Nordmøre - og Romsdal Friluftsråd

Ti-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt

TI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016

Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra 22,34 km 637 høydemeter

TURER I RISSA KOMMUNE. Med god tilrettelegging

Fotturer i Jostedalen

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Valtjednknatten. Foto: Hege Holm

Slotthø Sunndalsfjella

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Binnhøvdsknatten. Foto: Anne Berit Gunderhuset

Plassering av tong til klippekortet er omtala i teksten til kvar tur.

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014

Bli med i konkurransen Turmål i Ålesund og omegn! Alle som har funnet minst fem turkoder er med i trekninga av fine premier.

Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra

Turpostar i Sogndal. Namn:

Base Camp Rondane august. DNT fjellsport Arendal

Sommervandring Trillemål

Store Trolltind. Trollstigen

Utsikt fra Kattabergsfjell, tur 6. Foto: Thomas Førde

Furunebba. Sunndalsøra

Parkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue.

5 på topp i Storfjord

1. mai 4. oktober. Gratis! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Elizabeth og Finn Terje

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

Topptrimmen - Turbeskrivelser

STI GJENNOM LERKESKOG

Ut på tur i Vindafjord

Toppturer på Gautefallheia

10 Jamtfjelltinden/Njaarkensnjurhtjie Meget krevende

Sommervandring 2011 Nord-Aurdal

Bernia rundtur. Benidorm CB6

Sykling på Geilo like populært den gang som nå

Toppvandring, med orienteringsgruppa i Torpa IL. -for 26.gang-

Half Dome. Yosemite National Park, California,

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

Gjelder for perioden 5. juni 25. september

Sommervandring 2012 Nord-Aurdal

TRYSIL. Foto: Ola Matsson. Foto: utefoto.no

Start Mylla Dam - Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen 15,97 km 510 høydemeter

Eidsfjell 1333 moh. Eidsfjell Sone 32V Ø N

Kystfort. 1 km Start ved parkeringa oppe ved Storbakken. Følg traktorveien etter pekerne til kystfortet.

Landmannalaugar Innlandet

Wipavarid Kalland Vinnerbilde 4Fjell 2014

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Kreta. Turbok for Sydenferien Forkortede turbeskrivelser for: Turbokforlaget

Postvegen. Nordfjellet. Onarheimslia PÅ TUR. Populære turløyper i nærområdet

Gjelder for perioden 20. juni 30. september

Plassering av tang til klippekortet er markert med blå prikk på karta.

Gran Canaria II. Åtte turer på Gran Canaria GRII

Kjerringøy. Misttindane. Misten (ferjeleie) Misten (ferjeleie)

Beskrivelse løype 8 13 km Tønsberg

Sommervandring 2017 Vi har rydda, skilta og lagd kart! God tur alle sammen

Tur 1: Høgronden Midtronden 2 Midtronden 1 Digerronden

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012

* forutsatt 70 km og 1800 hm fra Mylla til Hønefoten (korrigeres etter at hele løypa er løpt)

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Costa del Sol. Turbok for Sydenferien Forkortede turbeskrivelser for: Turbokforlaget Innhold:

Symboler. Vandring Skigåing Tursykling

Opplev Trollheimens svar på Preikestolen

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Bokn kommune Fakta om kommunen (pr

VEGBESKRIVELSE. Turpost 1: JUTULSTEIN

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2016

Dolomittene. Turbok for Sydenferien Forkortede turbeskrivelser for: Turbokforlaget Innhold:

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

VEILEDER REGISTRERING PÅ

KARTLEGGINGSSKJEMA TURLØYPER Fotruter og skiløyper

KJENTMANN I AGDENES Vinterbilde fra Holmtjønna

Nybegynnere Middels godt trente turgåere. Grunnleggende turferdigheter

Utsnitt av komuneplanen med trasealternativ frå RAPPORT. Fjordstien Damskipskaia / Straumen. Datert

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2017

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Beskrivelse løype 9 10 km Tønsberg

POSTJAKTÅ Velkommen til Postjaktå Klepp 24

Transkript:

N Æ R T U R A R i Førde

Her finn du 16 flotte turar i Førde. Turane rangerer frå enkel til krevjande, så her er det noko for alle. Scroll, les om turen du skal på og trykk på linken for kart og meir informasjon. God tur!

1 2 3 4 Hafstadkleiva Hafstadfjellet Hafstadfjellet Hafstadfjellet (Bystien) - via Flatene - via Bruland via Hundstrasta Bekkjavatnet 5 6 7 8 Rundt Viefjellet frå Viefjellet frå Førdsnipa, frå Bekkjavatnet Vieåsen Soleide Hjelle via Hjellestølen 9 10 11 12 Førdsnipa, frå Eventyrstien frå Halbrendsnipa, Eikåsnipa, frå Grovene via Solsvingen til frå Reset Ryggjabrua Skeistølen Hornesstølen (bomveg) via Flugedalen 13 14 15 16 Fureviknipa frå Fauskevarden Fauskevarden Mostien Vasslia frå Vasslia - Flotevatna - Halbrendsnipa

Hafstadkleiva (Bystien) 706 m.o.h / 2,6 km Ekspert Hafstadkleiva (Bystien) går frå sentrum av Førde (krysset E39/ Langebruvegen), like ved rådhuset. I starten er det trapper, resten er ein brei, men bratt grusveg som svingar seg oppover til toppen av Hafstadfjellet. 1

Hafstadfjellet via Flatene 706 m.o.h / 4,4 km Krevjande Turen startar frå Flatene (parkering) og følgjer veg opp mot utløpet av Bekkjavatnet. Deretter austover langs nordbreidda av Bekkjavatnet, ca 700 meter. Stien går så til venstre, gjennom skog og noko myr opp før det etterkvart blir ganske bratt til toppen. 2

Hafstadfjellet via Bruland 706 m.o.h / 1,7 km Middels Turen startar på Bruland (parkering). Brei grusveg til toppen. Halvvegs er det eit kryss der skogs- og turvegen frå Langelandshøgda kjem opp frå sør. Rett før toppen møter ein turvegen frå sentrum (Hafstadkleiva). Turen er godt eigna for sykkel, men syklistar må passe farten. 3

Hafstadfjellet via Hundsrasta 706 m.o.h / 1,7 km Middels Turen tar til ved parkeringsplass langs E39, ved enden av Langelandsvatnet. Brei grusveg (stengt med bom) til Hundsrasta, som er ein tilrettelagt raste- og badeplass. Tilgjengeleg for barnevogn og syklistar inn til Hundsrasta. Frå Hundsrasta går det skogsveg mot Brulandsstøylane og Hafstadfjellet. 4

Rundt Bekkjavatnet 6,1 km Middels Turen startar ved vestre utløp av Bekkjavatnet ved E 39. Kan òg starte ved Langelandshøgda. Nordleg rute startar med fin og tydeleg sti langs vasskanten straks etter brua. Fleire fine rasteplassar langs ruta. I austre enden kjem du til friluftsområdet Hundsrasta. Stien held fram langs vasskanten og er godt synleg attende til parkeringsplassen. 5

Viefjellet frå Vieåsen 673 m.o.h / 1,7 km Krevjande Parkering ved barnehage/idrettspark i Vieåsen. Skilta veg/sti derifrå. God sti opp gjennom skogen og til toppen. Stien går nokså rett på stigninga og kan opplevast som ganske luftig. Det er to alternative vegar tilbake, anten nord-austover mot Flugedalen eller vidare sørover og ned til Soleide. 6

Viefjellet frå Soleide 673 m.o.h / 2,5 km Krevjande Stien er skilta frå Soleide, her kan du òg parkere. Den første delen opp gjennom småskogen kan vere litt kronglete. Ettter ca. 500 meter kjem eit skilta stidele, her tar du til venstre. Over tregrensa går stien langt ut mot kanten av fjellet og gir eit fantastisk utsyn over nesten heile Førde. 7

Førdsnipa frå Hjelle via Hjellestølen 863 m.o.h / 2,8 km Krevjande Stien går frå parkering ved Angedalsvegen, ved Hjelle. På Hjellestølen er det skilt mot Førdsnipa. Her er stien ikkje godt merka, men går i ope terreng og lett å følgje. Oppstiginga mot toppen er til dels bratt og luftig. Retur same veg, til Grovene eller Hornnes. 8

Førdsnipa, frå Grovene via Skeistølen 863 m.o.h / 4,0 km Krevjande Turen startar ved parkering øvst i Oliverlægda og går på grusveg opp til ein velteplass. Der er det skilta vidare mot Skeistølen og Førdsnipa. Frå Skeistølen er det ei litt bratt stigning opp til stikrysset vestover mot Hornnesstølen. Turen kan vere eigna for terrengsykling. Det er fleire alternative ruter tilbake. 9

Eventyrstien, frå Sol svingen til Hornesstølen 500 m.o.h / 1,5 km Krevjande Eventyrstien startar ved parkeringsplass i Solsvingen på Bergum og går gjennom skogen oppover til Hornnesstølen. Stien er godt skilta. På bratte stader er det laga trapper, rekkverk og spent opp tau til å halde seg i. Frå Hornnesstølen er det fin sti til Førdsnipa. 10

Halbrendsnipa frå Reset 801 m.o.h / 3,8 km Middels Start ved parkeringsplass på Reset, ved E 39. Første delen av turen går på grusveg som følgjer den gamle postvegen mellom Førde og Bergen. Det er tydeleg sti heile vegen opp, men berre delvis merka. To alternative ruter opp til toppen. 11

Eikåsnipa, frå Ryggjabrua via Flugedalen 826 m.o.h / 4,6 km (2,6 frå Flugedalen) Krevjande Parkering ved Ryggjabrua eller køyr ca 2 km på bomveg til Flugedalen. Her kan du betale med Vipps! Det er tydeleg sti og sikra med tau på nokre bratte og smale parti før Kvamsbakkestølen. Stien er godt merka opp til Eikåsnipa. 12

Fureviknipa, frå Vasslia 750 m.o.h / 1,3 km Middels Parkering ved Fv 609 mot Askvoll. Grei topptur utan særlege utfordringar. Stien går gjennom myrlendt skogsterreng og oppover mot øvre heisstasjon i alpinanlegget. Frå skiheisen og opp er det ope fjell og tydeleg sti med nokre vardar. 13

Fauskevarden, frå Vasslia 853 m.o.h / 2,5 km Middels Parkering ved Fv 609 mot Askvoll. Turen går på grusveg mot Øvrestølsvatnet, deretter går stien gjennom ope myrterreng. Tydeleg sti heile vegen. 14

Fauskevarden - Flotevatna - Halbrendsnipa 853/801 m.o.h / 4,5 km Krevjande Parkering ved Fv 609 mot Askvoll. Følg stien som er skildra i rute 14 til Fauskevarden. Vidare frå Fauskevarden går det sti rundt Flotevatna til Halbrendsnipa. 15

Mostien 3,9 km Enkel Mostien startar ved parkeringsplassen på Sunnfjord Museum og går på merka sti. Frå parkeringsplassen følgjer stien Den Trondhjemske Postvei, før den går ut i skogen og på ei høgde langs Movatnet inn til Hulde-fossen. Mostien er ein kultur- og natursti med informasjonstavler om kulturhistoria i Indre Sunnfjord, og høver både for born og vaksne. 16

God tur!