OSTERØY KOMMUNE HAUGE BARNEHAGE VELKOMSTSKRIV 2014-2015. Kontaktinformasjon:



Like dokumenter
OSTERØY KOMMUNE HAUGE BARNEHAGE VELKOMSTSKRIV Kontaktinformasjon:

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar

VELKOMEN TIL HAUS BARNEHAGE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Stryn Bedriftsbarnehage AS Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Kostholdsveileder for Pioner Barnehager

Bjørnehiet SFO - informasjon

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Du kommer sikkert til å stille deg selv spørsmålet: - Er mitt barn friskt nok til å være i barnehagen sammen med andre barn?

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Kosthold Barnas hus barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Kosthold og fysisk aktivitet i barnehagen- overordnede føringer. Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Bli kjent med Orre Barnehage

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

VEILEDER FOR MAT OG MÅLTIDER I BARNEHAGEN KOMMUNALE OG PRIVATE BARNEHAGER I HARSTAD KOMMUNE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEILEDER FOR KOSTHOLD -FOLKHEIM BARNEHAGE-

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEILEDER FOR KOSTHOLD FOR SOLVANG BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Plassebakken Barnehage

Transkript:

OSTERØY KOMMUNE HAUGE BARNEHAGE VELKOMSTSKRIV 2014-2015 Kontaktinformasjon: Telefon kontor/styrar: 56 19 27 65 Telefon Seljehaugen/Humlehagen: 945 08 708 Telefon Eikebakken/Bjørkehatten: 409 12 071

INNHALD 1. VELKOMMEN... 3 2. ORGANISERING... 3 3. PERSONALET... 4 4. INFORMASJONSRUTINAR... 4 5. OPNINGSTID... 5 6. PLANLEGGINGSDAGAR... 5 7. FERIE... 6 8. REDUSERT PLASS... 6 9. OPPSTART-TILVENNING... 6 10. FORELDRESAMARBEID... 7 11. DAGSRYTME... 8 12. LEVERE OG HENTE BARNET... 8 13. MÅLTID SATSER FOR MATPENGAR... 8 14. TRADISJONAR/MERKEDAGAR... 9 15. KLE... 9 16. LEIKEDAG... 10 17. BURSDAGSFEIRING... 10 18. SJUKDOM... 10 19. BILKØYRING... 11 20. VEDLEGG... 12 - VEDTEKTER... 12 - FAGELGE RÅD SJUKDOM HJÅ BARNA... 16 - RETNINGSLINJER FOR MAT... 18 - TILVENNING I BARNEHAGEN... 19 - Å VERA FORELDRE I BARNEHAGEN... 20 - ULIKE SKJEMA SOM LEVERAST BARNEHAGEN... 20-22 2

1. VELKOMMEN Hauge barnehage er ein 4 - avdelingsbarnehage for barn i alderen 1-6 år. Osterøy kommune er eigar og driv barnehagen i samsvar med gjeldande vedtekter og retningslinjer (vedlegg: vedtekter). I 2012 stod barnehagen klar for innflytting. Me har eit flott bygg som ligg fint og sentralt til på Hauge. I barnehagen er det plass til ca.70 barn. Me har naturen som næraste nabo og nyttar den dagleg til leik og opplevingar. Særpreget vårt er fokus på natur og friluftsliv, og sosial kompetanse me vil at alle barna skal oppleva glede ved å vera ute og å ferdast i naturen. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Saman gjer me kvarandre gode. Me har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar. Kvart enkelt barn skal få oppleva glede og vennskap i barnehagen. Gjennom samspel og leik lærer barna å ta omsyn til kvarandre, og får oppleva at dei er ein verdifull del av fellesskapet. Frå hausten 2014 har me felles årsplan for barnehageverksemda i Osterøy kommune. Denne gjeld alle dei kommunale barnehagane og er grunnlag for utarbeiding av barnehagen sin årsplan. Felles visjon for barnehagane er: SAMAN FÅR ME VERDAS VIKTIGASTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Personalet skal saman med foreldra, og i samspel med kommunen elles, leggja til rette for leik og læring Verdas viktigaste verdiar er barna våre, som skal forma framtida. Me vil at barna opplever meistring og glede Barnehagane våre skal vera prega av trygge barn som viser kvarandre respekt og omsorg og vennskap som gir rom for utvikling og gode opplevingar 2. ORGANISERING Barnehagen er organisert i 4 avdelingar: Humlehagen 1-2 år Seljehaugen 4-6 år Bjørkehatten 2-4 år Eikebakken 1-2 år 3

3. PERSONALET Styrar: Merethe Mongstad Kvamme Humlehagen: - Pedagogisk leiar: Aina Nakken - Barne og ungdomsarbeider: Hanne Gjøstein - Barne og ungdomsarbeidar: Laila Hagebø Seljehaugen: - Pedagogisk leiar: Henning Klovning Rød - Barnehagelærar: Ingrid Fagerbakke - Barne og ungdomsarbeider: Eli Soldal Hagebø 80% - Barnehagelærar: Anne Marie Bysheim Vevle 20% Bjørkehatten: - Pedagogisk leiar: Astrid Vevle - Barne og ungdomsarbeider: Tone Kleiveland - Barne og ungdomsarbeider: Cecilie Hopsdal-Hella 90% - Barnehagelærar: Anne Marie Bysheim Vevle 10% Eikebakken: - Pedagogisk leiar: Benedicte Mjøs - Pedagogisk leiar/sosionom: Lisa Auganæs - Barne og ungdomsarbeider: Bente Krakhella 80% - Barne og ungdomsarbeider: Linda Bratli 80% - Barnehagelærar: Anne Marie Bysheim Vevle 40% 4. INFORMASJONSRUTINAR Vi forventar at foreldre held seg oppdatert og føl med på det som skjer i barnehagen. Ikkje vér redd for å spørje om det er noko de lurer på. Korleis sikra seg nok informasjon? På kommunen si heimeside finn de kommunal årsplan og lenker til ulik informasjon som gjeld barnehage. Dersom nokon ikkje har tilgang til internett kan de få kommunal årsplan i papirversjon gje oss beskjed om de ønskjer papirversjon! Les velkomstskriv, vedtekter, årsplan og månadsplanar (desse blir levert ut til alle i papirversjon). Les på oppslagstavla i garderobe og infoskriv på døra Delta på foreldremøter, foreldresamtaler og arrangement i barnehagen. 4

Korleis gje oss informasjon? Me ønskjer å gje alle barn ein god kvardag i barnehagen. De foreldre er våre viktigaste samarbeidspartar fordi de kjenner barna best! Gje oss beskjed om det er noko gjeldande barna når de leverer og hentar. Viktig informasjon vert skrevet ned (t.d. om andre skal hente, medisinar og andre ting som kan påverke dagen). Når de hentar barna formidlar personalet kva barna har gjort på i løpet av dagen nokre avdelingar skriv dagsrapport og det vert jamleg hengt opp bilete frå ulike aktivitetar i garderobane. Viktig: Om de ønskjer å ta opp saker det ikkje høver seg å ta i garderoben be om ein prat eller ta ein telefon! Me ønskjer at de som foreldre skal ta opp saker med oss de er opptekne av sei i frå både om det som er bra og det som er mindre bra! 5. OPNINGSTID Barnehagen opnar kl. 07.00 og stenger kl. 16.30. Vi ber om at de viser respekt for tidene, då personalets arbeidstid startar og sluttar til desse tidspunkta! 6. PLANLEGGINGSDAGAR Barnehagen har fem planleggingsdagar i løpet av barnehageåret, der barnehagen er stengt. Dagane vert nytta til å utvikla den pedagogiske verksemda. Me har personalmøter kvar månad etter barnehagens opningstid. Som kompensasjon får personalet avspasere. I romjula og måndag, tysdag og onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open. Me gjer merksam på at julaftan og nyttårsaftan er barnehagen stengt. Onsdag før skjærtorsdag stenger me kl. 12.00. Me sender ut informasjon om dette i forkant og ber om tilbakemelding på kor mange som kjem personalet nyttar desse dagane til å avspasere. Om ein har gitt beskjed om at barnet skal ha fri, er dette bindande! Planleggingsdagar 2014/2015: 11. og 12. august 2. januar 6. februar 15. mai 5

7. FERIE I løpet av barnehageåret må barna ta ut 4 veker ferie. Barnehagen er stengd 3 veker i juli. Me har bindande påmelding til veka før og etter stenging grunna personalet sin ferie. Skjema for sommarferien sender barnehagen ut i månadsskifte mars/april. Den 4.veka skal takast ut heil eller i samband med romjul og påske (t.d. 3 dagar i jula og to dagar i påska eller omvendt). Helger og raude dagar tel ikkje som ferie. Foreldre vel sjølv når ferieveka skal takast. Skjema for melding om den 4.ferieveka må leverast barnehagen 1 veke før ferien skal avviklast (vedlegg). Barnehagen leverer ut skjema for påføring av fri/ferie i samband med jule- og påskeferien. Barna kan sjølvsagt ta fri utanom ferie når de møtte ønskje det! Ring eller gje oss munnleg beskjed. 8. REDUSERT PLASS Barn med redusert plass (3 eller 4 dagar) får det tilbodet som vert gitt dei dagane dei går i barnehagen. I tillegg vert dei invitert til å delta på tilstellingar som karneval, nissefest m.m., om dette hamnar på fridagar. 9. OPPSTART - TILVENNING Me ønskjer at barnet ditt skal få ein best mogeleg start i barnehagen. Nokre barn finn seg fort til rette, andre barn brukar lenger tid. Barna vil få ein fast kontaktperson som dei har mest kontakt med i byrjinga. Det er viktig at de som foreldre eller nokon barnet kjenner godt er med den første tida, og at barna får korte dagar. La gjerne barnet ha med ein kosebamse/sutteklut! Målet er at barn og foreldre skal bli trygge på personalet og barnehagen. Vi sett opp ei tilvenningstid på 3 dagar. Dag 1 (varighet 2 timar) - Første dagen er foreldre med barnet heile tida. De deltek aktivt i introduksjon av det nye miljøet, i lag med kontaktpersonen til barnet. Foreldre bør sjølv stelle barnet og være med på aktivitetar og leik. Me gjennomfører oppstartsamtale denne dagen. 6

Dag 2 (varighet 3 timar) - Personalet overtar meir av ansvaret for barnet, men foreldre er med på stell og måltid (ev. legging av barnet). Andre dag er det tid for å forlate barnet aleine i lag med personalet de treng ikkje vera lengre unna enn pauserommet. Dag 3 (varighet 5 timar) Det er tid for å forlate barnet i barnehagen. Kor lenge ein er borte avtales med personalet, men det kan vera lurt å vera borte så lenge at barnet får ete, sove og leika litt. Vêr tilgjengelege, slik at barnehagen lett kan ta kontakt om det er behov. For mange kan det vera vanskeleg å overlate barnet til nokon ein ikkje kjenner. Det er heilt normalt at ein føler usikkerheit i forhold til om ein gjer det rette for barnet, og om barnet vil trivast. Ring oss gjerne om de lurer på korleis det går! Tips til avskjed: Ikkje vis usikkerheit. Fortell barnet at du skal gå og gå når du har sagt du skal gjera det. Det er viktig at barnet får erfaring med at foreldre ikkje går før dei seier i frå og at dei kjem tilbake etter ei tid. Ikkje snik deg ut. Ikkje la deg freiste til å snike deg ut utan at barnet merker det. Det kan gjera barnet utrygt. Barnet skal erfare at foreldre går og kjem tilbake det skapar forutsigbarheit. Ikkje bli for lenge. Blir du verande i timevis kan barnet tru at du skal vera i barnehagen. Om barnet gret. Om du forlèt barnet gråtande, er det ikkje unaturleg at dette er vanskeleg. Erfaring i barnehagen tilseier at barnet sin gråt stilnar like etter at foreldre har dratt. Ring oss gjerne for å høyre korleis det går. Gode relasjonar. At barnet ser at foreldre er trygge på dei vaksne i barnehagen, kan gjere det lettare å godta at de forlèt barnehagen. Det er store individuelle forskjellar frå barn til barn, tilvenninga må derfor tilpassas den enkelte. Det blir gitt tre samanhengande dagar, uavhengig av kva dagar barnet elles skal gå. Når barnet har starta opp i barnehagen er det viktig at barnet kjem regelmessig slik at det vert kjend med dei andre barna og kjenner samhald med dei. Dei to-tre første vekene kan det vera lurt å la barnet ha litt kortare dagar. 7

10. FORELDRESAMARBEID Barnet skal føla seg velkomen i barnehagen, og vert møtt av ein vaksen i garderoben eller på avdeling om morgonen. Likeins er det viktig at de foreldre følgjer barnet inn i barnehagen. Den daglege kontakten mellom foreldre og personalet er viktig for barnet sin tryggleik, og dess meir me utvekslar av informasjon og erfaringar, dess lettare er det å imøtekome barnet sine behov i ulike situasjonar. Me har to foreldresamtaler kvart år med innhald som går på barnet si utvikling og trivsel. Har ein behov utover dette kan ein avtale ekstra tid med personalet. Tidspunkt for foreldresamtalar er innafor barnehagen si opningstid. I tillegg til den daglege kontakten og samtale, har me eitt til to foreldremøte i året. Eit om hausten og eit om våren. 11. DAGSRYTME 7.00: Barnehagen opnar. Frileik 7.30-8.30: Frukost for dei som ønskjer det. Frileik 09.30: Tilrettelagd aktivitet, leik inne/ute, frileik 11.00: Samlingsstund 11.30: Måltid 12.30: Uteleik 14.30: Frukt 16.30: Barnehagen stenger For dei yngste barna startar som regel samlingsstund og måltid ein halvtime tidlegare enn for større barn (kl. 10.30 og 11.00) dette vert tilpassa den enkelte avdeling og barna sine behov. Fram til kl. 9.00 og etter kl. 15.30 samarbeider avdelingane. Dette kan bety at barnet må leverast/hentast på ein anna avdeling enn det høyrer til. Informasjon om dette vert gitt ved oppstart. 12. LEVERE OG HENTE BARNET Dersom det er andre enn foreldre/føresette som skal hente barnet, må me ha melding om dette (vedlegg: skjema). Det er fint om de ringjer og gjev oss beskjed dersom barnet kjem seinare i barnehagen enn klokka 09.30 eller om barnet ikkje kjem i det heile. Ved levering og henting er det svært viktig at de foreldre ser til at ingen barn spring ut av porten porten skal alltid vera lukka! 8

Det kan til tider bli litt kaotisk på parkeringsplassen på grunn av sikkerheit vert det anbefalt at ein rygger inn i parkeringslommene. Hugs samtidig å tilpasse farten og la ikkje bilen stå på tomgang når de leverer! 13. MÅLTID Me har smørjemåltid i barnehagen og vektlegg eit rikt og godt kosthald (vedlegg: retningslinjer frå staten). Vi server middag ca. to gonger pr. månad, og barna får frukt på ettermiddagen. Vi er ein «5 om dagen barnehage», dvs at vi gjennom opplysningskontoret for frukt og grønt vert inspirert og motivert til å servere frukt og grønt dagleg. Om de vil lesa meir, gå inn på: frukt.no Betaling av matpengar kjem på same faktura som foreldrebetalinga. Turpengar vert kravd inn ved behov (gjeld ev. avslutningstur for førskulebarn). Satsar for matpengar: Kr. 250,- for 5 dagars plass Kr. 200,- for 4 dagars plass Kr. 150,- for 3 dagars plass Frukost: Dersom de ønskjer at barnet skal ete frukost i barnehagen må de sende med matpakke til dette måltidet. Det same gjeld om barna treng anna mat enn frukt på ettermiddagen. Vi tillèt ikkje yoghurt i barnehagen send med brødmat/frukt til eventuelt ekstramåltid! 14. TRADISJONAR/MERKEDAGAR Me markerer fest- og høgtidsdagar i barnehagen. Følg med på planar og oppslag i garderoben. Om det er nokon som ikkje ønskjer at barna tek del i markering av jul/påske eller andre arrangement, vêr vennleg å gje beskjed til personalet. 15. KLEDE Det er viktig at barnet er riktig og hensiktsmessig kledd i barnehagen - dei må ha klede til all slags vêr, og helst ull innerst. Me er mykje ute. Barnet bør helst ha 2 byttesett liggjande i barnehagen, i tillegg til ytterkle. 9

Barna er aktive i barnehagen dei leiker, klatrar, malar, et osv. Det er godt for dei å ha kle som er gode å bevege seg i og som tåler ein flekk eller to. Hugs å merke alle kle og sko! Barnehagen har ikkje erstatningsansvar på kle/sko. Kle og utstyr i barnehagen: Klesbyte: genser, bukse, underkle, sokkar, t-skjorte, kortbukse Regnkle, utekle, dress Støvlar/vanntette sko, «joggesko», innesko (sklisikker såle anbefales) Frå september: ekstra genser og bukse i ull/fleece, hals, ullsokkar, lue, vottar, vintersko og underkle i ull Bleier (me føretrekk vanlege bleier framfor «up and og») Vogn og pose. Barnehagen har nokre vogner, men ikkje nok til alle. Avtal med personalet om de skal ta vogn/pose med. Barnehagen kjøper inn solkrem (sensitiv utan parfyme) om de vil ha anna krem enn denne må de senda med barna. NB! Hugs likevel å smørje barna før dei kjem i barnehagen! Om det lurer på noko angåande kle spør personalet, dei har lang erfaring med barn og påkledning! 16. LEIKEDAG Me har leikedag/bokdag ein dag kvar månad. Barna kan denne dagen ha med eigne leiker i barnehagen det er ikkje lov å ta med leikevåpen og spelmaskiner/nettbrett. Barnehagen er ikkje ansvarleg om leiker vert øydelagd. Til vanleg tillèt vi ikkje at barna har med eigne leiker. Av erfaring veit vi at bruk av eigne leiker ofte skaper konfliktar. Barn som har behov for bamse/sutteklut/anna for å føle seg trygge kan sjølvsagt ha dette med! 17. BURSDAG Me feirar alle barna sin bursdag i barnehagen med flagg, krone, kort, song og leikar. Barnet er i sentrum i samling og ved måltid. Vi serverer ikkje kake eller anna søtt denne dagen. Dersom barnet skal feire bursdag heime og skal invitere barn frå barnehagen, så kan ikkje invitasjonar leverast via barnehagen! Vi ber og om at de tar omsyn til kven de inviterer inviter alle i same aldersgruppe/alle det er naturleg å invitere. 10

18. SJUKDOM Barn som er sjuke skal i utgangspunktet ikkje vera i barnehagen. Dette av omsyn til barnet sjølv og til dei andre barna. Ring og gje beskjed innan kl. 09.30 om barnet er sjuk (vedlegg: anbefalingar frå folkehelseinstituttet). Dersom barnet vert sjuk eller skadar seg i barnehagen, tek me kontakt med foreldre så snart råd er. Me må difor ha alle telefonnummer der me kan nå dykk, ev. besteforeldre el tanter/onklar (vedlegg: skjema). Skal barnet ha medisin i løpet av dagen ønskjer me at de foreldre skriv ned kva medisin, kor mykje og kor tid på dagen barnet skal få medisin. Barnehagen har i tillegg anna skjema som må fyllast ut. Om barnet har allergi av ein type som me i barnehagen må vera merksam på, ber me om at de som foreldre gjev oss melding om det første dag i barnehagen (vedlegg: skjema). Barnehagen er sertifisert som rein hand barnehage, dvs at vi er forplikta til å tilfredstilla nokre enkle krav til utstyr og rutinar i barnehagen. Alle barn MÅ vaske henda når dei kjem om morgonen dette må de foreldre hjelpa dei med. 19. BILKØYRING BILDE/FILMING Me køyrer av og til på turar i nærområdet på Osterøy med personalet sine bilar. Me vil gjerne ha skriftleg løyve frå dykk foreldre til å ta barna med oss på biltur. Barna er sikra som pålagd i trafikkreglane under turen. Me har også lyst til å kunne ta barna med på tur til sjøen. Då vil dei sjølvsagt ha redningsvest på seg, og det vil vera ein vaksen som har livbergingskurs (vedlegg: skjema). Me tar bilete av barna i leik og andre aktivitetar. Bileta vert nytta internt i barnehagen i garderobane, på avdelingane og på foreldremøta. Når barna sluttar i barnehagen får dei utdelt kvar sin perm med bilete frå tida i barnehagen. Me må ha skriftelg løyve frå dykk foreldre til å kunne ta bilete av barna (vedlegg: skjema). 11

20. VEDLEGG: OSTERØY KOMMUNE Sektor for oppvekst undervisning og kultur VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I OSTERØY 1.Eigartilhøve: Osterøy kommune står som eigar av dei barnehagane desse vedtektene omfattar. Barnehagane er administrativt knytta til Oppvekst, undervisning og kultur. Det daglege ansvaret er delegert til styrar ved kvar barnehage. 2.Lovverk: Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, gjeldande forskrifter og retningsliner, kommunale vedtak og planar for den einskilde barnehage. 3.Føremål: Er i samsvar med forskrifter til Lov om barnehagar m.v. 1 av 01.08.10. Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg, lek, og fremme danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barnehagane skal primært ivareta borna sine behov. Desse behova er igjen nært knytta til foreldre sine livsvilkår og samfunnsutviklinga elles. 4. Organisering Osterøy kommune fylgjer norm for pedagogisk bemanning jfr. Lov om barnehagar 18 og forskrift om pedagogisk bemanning. Bemanninga må vera tilstrekkeleg slik at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd. Osterøy kommune tilset personalet. Det vert utarbeida arbeidsavtale for alle tilsette. 5.Foreldremedverknad og Samarbeidsutval: For å sikra samarbeid med heimane til borna, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval/su - jfr. 4 Lov om barnehagar. Samarbeidsutvalet/SU er slik samansett: Foreldre/føresette og dei tilsette - vel sine representantar til SU og er likt representert. Det skal førast protokoll frå kvart møte i SU. Styrar ved barnehagen er sekretær for SU og har møte, tale og forslagsrett. Representant for dei tilsette og foreldre/føresette vert vald for 1 år om gongen. Kommunen sin representant vert vald for 4 år. 12

6.Opptak i barnehage Osterøy kommune har eit samordna hovudopptak for kommunale og private barnehagar. Opptak av born i den enkelte barnehage vert gjort av styrar ved kvar barnehage og spesialrådgjevar frå Oppvekst, undervisning og kultur. Søknad om barnehageplass fylgjer slik prosedyre: Ein søkjer elektronisk på fastsett skjema innan 1. mars d.å. og søknaden sender ein til Osterøy kommune. Styrar og spesialrådgjevar gjer hovudopptak og kontinuerleg opptak i barnehageåret etter vedtekne kriteriar. Opptaksvilkår for barnehagane Lov om barnehagar styrer opptaket til dei kommunale barnehagane. Kommunen er opptaksmynde - og opptakskrins er: Born busett i Osterøy kommune vert prioritert ved opptak jfr. 12 a Lov om barnehagar. Barn som fyller 1 år innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august, i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i den kommunen det er bosatt. a. Barn med nedsett funksjonsevne jfr. Lov om barnehager - 13. b. Barn som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester jfr. Lov om barnehager 13. Osterøy kommune tek også omsyn til fylgjande: Ei fagleg skjønnsvurdering ut frå alder, kjønn, barn til tilsette, minoritetspråklege barn, barn av einsleg forsytar. Opptakskriterie gjeld under føresetnad av at dokumentasjon ligg ved søknaden. Punkta a og b står i prioritert rekkefølgje. Klage på opptak Tildeling av barnehageplass skal skje i samsvar med fastsette opptakskriterier. Når der gjeld rett til å klage viser ein til 6-10 i Forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage jfr. Lov om barnehagar. 7. Barnetal og alder Borna vert rekna som 3 år frå 1. august det året dei fyller 3. år. 8. Oppseiing /reduksjon av tid Hovudopptak av barn vert gjort etter kommunen sine retningsliner og gjeld frå 1. august det året barnet får plass. Oppseiing må skje innan den 1. i kvar månad skriftleg til styrar, oppseiingstida er rekna frå den 1. i kvar månad Ved ny plass; dersom plassen vert sagt opp/redusert etter 15. juni må det betalast for heile august. 13

9.Opningstider Opningtida er mellom 07.00 16.30, men kan variere ulikt i barnehagane. Sektorleiing for oppvekst, undervisning og kultur avgjer i samråd med styrar korleis barnehagetilbodet skal organiserast i sommarferien. Tilbodet skal imøtekoma brukarane sin trong for eit barnehagetilbod, innafor økonomiske rammer - og eit forsvarleg pedagogisk tilbod. Barnehagen har 5 planleggingsdagar desse dagane er barnehagen stengt. Barnehagane er stengt for borna julaftan - og nyårsaftan. Ferie Borna skal sikrast 4 veker ferie - minst 3 av dei skal vera samanhengande. Den siste ferieveka skal takast ut heil. Nedre grense for å halde barnehagen open ei veke i sommarferien - er 10 born kvar dag. Barnehagane er til vanleg stengt 3 veker i juli. 8.Betalingssatsar Dei kommunale barnehagane fylgjer dei nasjonale satsane for foreldrebetaling og søskenmoderasjon. Foreldre/føresette betalar for 11 mnd. gjeldande frå 1. august Foreldre/føresette får tilsendt utfylt innbetalingskort med forfall. Etter 2 to - veker vert første purrebrev sendt. For skriftleg purring vert det lagt til kr. 50 i purregebyr. Rente ved forseinka innbetaling er 12% jfr. Lov om forseinka betaling 17.12.76. og Lov om inkasso av 13.08.88 nr.26 med forskrift. Etter 2 to - månader seier Osterøy kommune opp plassen gjeldande frå den 1. i månaden etter. Ny barnehageplass eller plass i SFO vert ikkje tildelt før barnehageavgifta er betalt, eller økonomisjefen har godkjent ei betalingsordning. 9. Permisjonsreglar Det kan gjevast permisjon frå barnehageplass ved brå endring i barnet sin livssituasjon. Permisjon vert gjeve etter søknad frå foreldre/føresette og med eventuell dokumentasjon. Den første fråværsmånaden vert det betalt etter vanlege satsar. 10.Arealutnytting Osterøy kommune har som minstenorm 4m2 leike og opphaldsareal per barn over 3 år. Born under 3 år har som minstenorm 5.33m2 leike og opphaldsareal per barn. Med leike og opphaldsareal, meiner ein det arealet som reelt står til rådvelde for barnehagen sine aktrivitetar. Følgjande rom inngår: Borna sin garderobe(ikkje grov) Leikerom Andre rom for borna sine aktivitetar; grupperom, sove/kvilerom 11. Teieplikt 20 Teieplikt for verksemder etter denne lov, gjeld reglane om teieplikt i Forvaltningslova 13 til 13f tilsvarande. 14

12.Uteareal Utearealet i barnehagen bør vere om lag seks gonger leike- og opphaldsarealet inne. 13.Internkontrollsystem Kvar barnehage skal ha eit internkontrollsystem som dokumenterar at helse, miljø og tryggleik er ivareteken jfr. Osterøy kommune sitt HMT system. 14.Politiattest Dei som arbeider i barnehage, skal legge fram tilfredsstillende politiattest jfr. Lov om barnehager 19. Vedteke i Osterøy Formannskap 8. mai 2013 gjeldande frå 1. august 2013. 15

NÅR BØR BARN HALDAST HEIME FRÅ BARNEHAGEN? FAGLEGE RÅD FRÅ FOLKEHELSEINSTITUTTET Anbefalinger om når syke barnehagebarn bør holdes hjemme De faglige rådene som Folkehelseinstituttet her presenterer er basert på tilgjengelig kunnskap om smittsomhet og risiko for sekundærtilfeller, varighet av eventuell bærertilstand, sykdommens alvorlighetsgrad, insidens av sykdommen og graden av vaksinasjonsdekning hos barnehagebarn. Anbefalingene er også basert på foreliggende utredninger og retningslinjer, samt relevante medisinske artikler. I tillegg har man konsultert nasjonale fagmiljøer og andre lands anbefalinger. For mange sykdommer kan det være vanskelig å angi en nøyaktig tidsperiode for når barnet kan vende tilbake til barnehagen. Dette gjelder f.eks. ved brennkopper. I slike tilfelle må det gjøres et klinisk skjønn. Skjønnet må utøves av behandlende lege eller av foreldrene. Denne oversikten dekker de vanligste symptomer og sykdommer som kan forekomme hos barn som går i barnehage eller de lavere klassetrinn i skolen. Oversikten dekker ikke tiltak ved utbrudd i barnehager eller skoler. For tiltak ved utbrudd henvises det til de ulike sykdomskapitlene. Generelle anbefalinger: I utgangspunktet er det barnets allmenntilstand som avgjør om barnet kan gå i barnehagen eller bør være hjemme. Vurdering av barnets allmenntilstand vil alltid måtte baseres på foreldres skjønn. Som hovedregel bør barnet være friskt nok til å kunne delta i normale aktiviteter i barnehagen. Feber Barns normale temperatur kan variere. Temperatur mer enn 37,5 om morgenen og 38 på kvelden anses å være forhøyet temperatur. Barn med feber bør først og fremst av hensyn til seg selv holdes hjemme til det er feberfri. I noen sammenhenger kan det være ønskelig av smittevernhensyn. Diaré med eller uten brekninger Barn med akutte diarétilstander kan vende tilbake til barnehagen 2 døgn etter at de har blitt symptomfrie. Dette gjelder også bleiebarn. Barn som konstitusjonelt har tendens til løs avføring trenger ikke holdes borte fra barnehagen. Det må være foreldrene som avgjør om barnet har en unormal diarétilstand. Ved diarétilstander hvor man mistenker næringsmiddeloverført mikrobe (for eksempel etter utenlandsreise) bør barnet undersøkes av lege og det bør sjekkes om andre barn i barnehagen har symptomer. Øyekatarr (konjunktivitt) Med dagens kunnskap er det ikke av smittevernhensyn grunnlag for å anbefale at barnehagebarn ved mild til moderat øyekatarr holdes hjemme. Bare ved kraftig øyekatarr med rikelig pussdannelse bør barnet av smittevernhensyn holdes hjemme inntil 16

pussdannelsen har avtatt. Ved kraftig øyekatarr vil det vanligvis være behov for legekontakt, og barnets allmenntilstand vil også i stor grad styre behovet for å være hjemme fra barnehagen. Det må være opp til barnets foresatte å avgjøre om et barn som har symptomer på konjunktivitt skal undersøkes av lege. Dersom behandling igangsettes kan barnet gå i barnehage dagen etter igangsatt behandling. Barnehageansatte kan generelt ikke forlange at barn med konjunktivittsymptomer skal undersøkes eller behandles med øyedråper før de kan få gå tilbake til barnehagen, men kan ved tvil drøfte dette med barnets foresatte. Ved usikkerhet bør smittevernlegen i kommunen kontaktes. Forkjølelse Forkjølelse er den vanligste infeksjonen hos barn. Snue, snørrdannelse, hoste, nesetetthet og rennende øyne er de vanligste symptomene. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilsier det. Influensaliknende symptomer Influensaliknende symptomer kan være feber med frysninger, tørrhoste, muskelverk og lett snue. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilsier det. Hoste og andre luftveissymptomer Hoste er et vanlig symptom ved forkjølelse og andre luftveisinfeksjoner. Ved hoste uten feber kan barnet gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilsier det. Ved langvarig eller kraftig hoste bør barnet undersøkes for bl.a. kikhoste. Ørebetennelse Ørebetennelse arter seg vanligvis som plutselig øreverk ofte kombinert med feber og forkjølelse. Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilsier det. Brennkopper Barn med brennkopper kan vende tilbake til barnehagen når hudlesjonene er under kontroll, Grunnlaget for skjønnet her må være at det ikke lenger er fare for at smitteførende sårsekret kan påføres andre barnehagebarn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkter. Ved få og små lesjoner vil dette kunne ivaretas gjennom god tildekking, men ved mer utbredte lesjoner vil det være nødvendig at lesjonene er tørre og i god tilheling. Hodelus Barnet kan vende tilbake til barnehagen så snart behandling er igangsatt. Mark (barnemark) / spolmark Barnet kan vende tilbake til barnehagen etter igangsatt behandling. Det er ikke grunnlag for å behandle alle barn i en barnehage ved påvist enkelttilfelle hos et barnehagebarn Norovirusinfeksjon Barnet kan vende tilbake til barnehagen 2 døgn etter symptomfrihet. Kontrollprøve ikke nødvendig Varicella (vannkopper) Barnet kan vende tilbake til barnehagen når utslettet har begynt å tørke inn. 17

RÅD OM MÅLTIDER I BARNEHAGEN - HELSEDIREKTORATET Barnehagen skal ifølge rammeplanen bidra til at barna tilegner seg gode vaner, holdninger og kunnskaper når det gjelder kosthold, hygiene, aktivitet og hvile. Arbeidet med mat og måltider i barnehagen bør skje i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem, og det bør forankres i barnehagens årsplan. Måltider Barnehagen bør: Legge til rette for minimum to faste, ernæringsmessig fullverdige måltider hver dag med medbrakt eller servert mat Sette av god tid til hvert måltid, minimum 30 minutter til å spise, slik at barna får i seg tilstrekkelig med mat Legge til rette for å kunne spise frokost for de barna som ikke har spist frokost hjemme Ha maksimum 3 timer mellom hvert måltid. Noen barn, særlig de yngste, kan ha behov for å spise oftere Legge til rette for at de voksne tar aktivt del i måltidet og spiser sammen med barna Legge til rette for et godt fungerende og trivelig spisemiljø Sørge for god hygiene før og under måltidene og ved oppbevaring og tilberedning av mat Ivareta måltidenes pedagogiske funksjon Mat og drikke Maten bør varieres over tid og gi varierte smaksopplevelser Måltidene bør settes sammen av mat fra følgende tre grupper: Gruppe 1: Grovt brød, grove kornprodukter, poteter, ris, pasta etc. Gruppe 2: Grønnsaker og frukt/bær Gruppe 3: Fisk, annen sjømat, kjøtt, ost, egg, erter, bønner, linser etc. Plantemargarin og olje bør velges framfor smør og smørblandede margarintyper Drikke til måltidene bør være skummet melk, ekstra lettmelk eller lettmelk Vann er tørstedrikk mellom måltidene, og bør også tilbys til måltidene Mat og drikke med mye tilsatt sukker bør unngås De fleste markeringer og feiringer bør gjennomføres uten servering av søt og fet mat og søt drikke 18

Tilvenning i barnehagen Det finst berre to varige gåver vi kan håpe å gje barna våre. Den eine er røter, den andre er vengjer. Hodding Carter Det første møtet med barnehagen legg grunnlaget for at barnet skal trivast. Foreldra og barnehagepersonalet gir saman barnet den beste starten i barnehagen. Både barnet og foreldra treng ein trygg kontaktperson i barnehagen. Gi barnet tid til å bli kjent med ute-og inneområdet i barnehagen, slik at det veit kvar det skal leike, ete og sove. Barnet har behov for både faste rutinar og spennande inntrykk, slik at det kan gle seg til å komme i barnehagen. Når barnet skal leverast er det viktig å ta seg god nok tid slik at det blir klart for å skiljast frå foreldrene og til å bli hos personalet. Gi barnet trøyst og medkjensle når det græt. Små barn blir meir stressa når dei blir avleidde. Skap gode leveringsrutinar og prøv å følgje dei. Når du har sagt ha det til barnet, bør du gå med det same. Ikkje blir verande for å snakke med personalet, det er forvirrande for barnet. Bruk tid saman med barnet la det bestemme tempoet i tilvenninga. 19

Å vite at du er der anten det er nært eller langt unna betyr at eg aldri er heilt åleine. Marion C. Garretty Å vere foreldre i barnehagen Når foreldra og personalet har ein open, tillitsfull og varm kommunikasjon, fører det til at barnet trivst betre i barnehagen. Hugs at positive foreldre = positive barn. Hels på og prat med barn, foreldre og tilsette. Tenk på korleis de omtaler andre familiar og barnehagen heime. Foreldre treng ikkje å vite alt, men engasjement påverkar trivselen og utviklinga til barnet positivt. Ver interessert i og nysgjerrig på korleis barnet har hatt det i barnehagen. La barnet få tid til å fortelje på sin eigen måte, og snakk om barnehagen heime. Foreldra er dei som kjenner barnet best, og dei må ha tru på si eiga rolle og på høvet dei har til å påverke. Foreldra må «lese» korleis barnet har det, og ta omsyn til at barnet blir slitent i barnehagen. God dialog skaper tillit mellom foreldra og personalet. Når saker oppstår, skal ein ta dei opp på ein open og ærleg måte. Kritikk er eit lite eigna verktøy for samarbeid. Bruk foreldrerådet og samarbeidsutvalet til barnehagen aktivt. Barnehagen skal informere foreldra og leggje til rette for samarbeid. Foreldra må engasjere seg i barnehagespørsmål og diskutere seg imellom. 20