Informasjon frå Den norske kyrkja. 2 12 Konfirmant. konfirmant.no

Like dokumenter
Prosti, fellesråd og sokn i Bjørgvin pr. 1. januar 2016

Prosti, fellesråd og sokn i Bjørgvin pr. 1. januar 2018

Informasjon frå Den norske kyrkja. Invitasjon til ein viktig del av livet.

Informasjon frå Den norske kyrkja SJÅ FILM

DOKUMENTASJON AV KIRKER I HORDALAND, SOGN OG FJORDANE OG SUNNMØRE. Frå arkivet etter Distriktsantikvaren på Vestlandet.

KIRKE OPPFØRT ARKITEKT/BYGGMESTER YTTERÅR- KORRESPONDANSE. Herman Major Backer/Schak Bull Ole Landmark Sverre Losnedal/

Konfirmant Den norske kyrkja

Velkommen som konfirmant i kirken!

Informasjon frå Den norske kyrkja SJÅ FILM

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Foto: Ina Lillegård Marchesan KONFIRMANT 2010 Informasjon fra Den norske kirke

Konfirmant Den norske kirke

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Konfirmant Den norske kyrkja

Til deg som er født i 2003 *) Invitasjon fra Den norske kirke. Se forklaring på baksiden

Informasjon fra Den norske kirke

Velkommen som konfirmant i kirken!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Dagens kommune Tidlegare inndeling Sorenskrivarembete Pantebøker i Statsarkivet i Bergen fram til 1951 dersom ikkje anna er oppgjeve her

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

k o n f i r mant 2013

Brødsbrytelsen - Nattverden

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Konfirmant Den norske kyrkja

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Kulturrekneskap for Hordaland 2008 April 2009

Informasjon frå Den norske kyrkja. Invitasjon til ein viktig del av livet.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Plan for undervisning

Konfirmant Den norske kyrkja

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Velkomen som konfirmant!

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. En måned

Konfirmant Den norske kirke

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. En måned

Om tabellene. Mars 2019

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. jan19

Om tabellene. Februar 2019

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Velkomen som konfirmant

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

SJÅ FILM. konfirmant.no. Informasjon frå Den norske kyrkja

Velkommen som konfirmant. i Tynset- menigheten e!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Til deg som bur i fosterheim år

Vår grøne. kyrkjelyd

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Valdres vidaregåande skule

Månadsplan for Hare November

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

mmm...med SMAK på timeplanen

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.


Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Status beredskap per Mattilsynet, region Hordaland og Sogn & Fj. Geir Jakobsen Underdirektør

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland - høyring av framlegg til område

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Jon Fosse. For seint. Libretto

Velkomen som konfirmant

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

Om tabellene. April 2016

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Konfirmant Den norske kirke

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Transkript:

Informasjon frå Den norske kyrkja 2 12 Konfirmant konfirmant.no

2 12 Konfirmant TIL DEG SOM FYLLER 14 I ÅR KYRKJA INVITERER DEG TIL Å VERE KONFIRMANT. NO ER VALET DITT. Enten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samstundes får du oppleve mykje nytt. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen. 3

Kan kjærleik overvinne alt? Finst Gud? Og gjekk Jesus på vatnet? Det er mange spørsmål, men ikkje alltid lett å finne svara. Konfirmasjonstida i kyrkja gir deg høve til å finne ut kva du trur lære meir om Bibelen samtale om kristen tru bli kjend med kyrkja få nye tankar om livet engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet 2

Kva skjer i konfirmasjonstida? Sjølve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerer avslutninga på ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. Opplegget for konfirmasjonstida varierer frå stad til stad. Men denne tida vil alltid innehalde ulike opplevingar, undervisning og samtalar om kristen tru og utfordringane i livet. Du vil også bli kjend med kyrkjeromet og vere med på gudstenester. 4

2 12 Konfirmant Alle har rett til ei god konfirmasjonstid. Dersom du har behov for tilrettelegging, tek du og familien kontakt med kyrkja di. Ein viktig del av konfirmasjonstida er å dele erfaringar med andre. Difor reiser dei fleste konfirmantgrupper på turar eller arrangerer andre aktivitetar. For mange er konfirmantleiren høgdepunktet dette året. Alle kyrkjelydar inviterer til registrering til konfirmasjon. Informasjon om tidspunkt for dette kjem direkte frå kyrkja der du bur. Dersom du lurer på kva for ei kyrkje du høyrer til, kan du sjekke det på konfirmant.no eller kyrkja.no. 5

Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Johannes fyrste brev 4,7 Kva er konfirmasjon? Bibelen fortel at dåpen er Guds gåve til oss. Dåpen er eit synleg teikn på Guds kjærleik, og på at den døypte er ein del av kyrkja. I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Det er ikkje ein føresetnad for konfirmasjonen at konfirmanten skal stadfeste noko, det er Gud som stadfestar lovnadene sine slik dei første gongen vart gitt i dåpen. Konfirmasjonstida gir deg eit høve til å bli kjend med trua. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane kjem fram og kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren din ber for deg. 6

2 12 Konfirmant Er du ikkje døypt? Om lag 41 500 ungdomar blir konfirmerte i Den norske kyrkja kvart år. 1400 av desse blir døypte under konfirmasjonstida. Alle kan delta i konfirmasjonstida. Dåpen er ein føresetnad for å ta del i den avsluttande forbønsgudstenesta. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. 7

Vi vil konfirmere oss i kyrkja fordi vi er døypte. Det kjennest naturleg og er ein fin tradisjon. Konfirmasjonsleiren, det å vere saman med vener og å bli kjent med nye menneske er det beste i konfirmasjonstida. Og så gler vi oss til selskapet! Mari (14) og Thea (14), konfirmantar 2011 Eg vil konfirmere meg fordi eg er nysgjerrig på Gud og på livet. Og så synest eg det litt trygt å tru på Gud. Det er spennande å lære meir om Gud og Jesus. Siri-Kirsti (14), konfirmant 2011 Eg vel å konfirmere meg fordi det er tradisjon i familien min. I mange år har eg gledd meg. Det beste med konfirmasjonstida var leiren. Det var fint å møte konfirmantar frå same område og å vere saman i grupper. Dei aktivitetane vi hadde på leiren var veldig artige. Vegard (14), konfirmant 2011 8

2 12 Konfirmant Døme på tema i konfirmanttida Gud, Jesus og Den heilage ande Gudstenesta Menneskeverd og menneskesyn Nattverd Bibel og bøn Kjensler og grenser Sorg og glede, godt og vondt Vennskap og relasjonar Song og musikk Tilgjeving og forsoning Kropp, sjølvbilde og identitet Sjølvstende og tilhøyring Rett og gale Kjærleik, seksualitet og samliv 9

Vi og verda Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmasjonstida. Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er mellom oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd lokalt og globalt. 10

Når du fyller femten år, er du religiøst myndig. Då kan du mellom anna bruke den kyrkjelege stemmeretten din ved kyrkjeval. Dette er ein av måtane du kan nytte for å påverke det som skjer i kyrkja. 2 12 Konfirmant Ung i kyrkja Du vel korleis du skal engasjere deg i kyrkjelyden etter konfirmasjonen. Du høyrer alltid til i kyrkja enten du vel å bli med i ungdomsarbeidet, eller du vel å kome til kyrkja ved dei store høgtidene. Dei fleste stader finst tilbod til unge i kyrkja og i organisasjonar som driv kristent ungdomsarbeid. Dette blir du kjend med i konfirmasjonstida. Vi håper det du får oppleve i konfirmasjonstida kan hjelpe deg når du gjer viktige val i livet. Velkomen som konfirmant i Den norske kyrkja! 11

Engasjer deg Menneske i Tanzania og Noreg bur i ulike land, men eigentleg er vi ganske like, seier dei to konfirmantane, Maria frå Moelv og Jostein frå Toten. Dei har vore i Tanzania. Der møtte dei Yohana og Leah. Gjennom Kirkens Nødhjelp sitt arbeid får dei nye sjansar. Konfirmantar over heile landet samla i fastetida inn pengar til dette arbeidet, og mange var med på underskriftsaksjonar. I konfirmanttida får du høve til å vere med på fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Det er jo genialt! Jostein frå Toten Om spare- og lånegruppene han og Maria vitja. www.kirkensnodhjelp.no/aksjonen Kirkens Nødhjelp kjemper saman med menneske over heile verda for å avskaffe fattigdom og urett. Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg organisasjon for global rettferd. Organisasjonen gir naudhjelp i katastrofar og jobbar på lang sikt for utvikling i lokalsamfunn. Kirkens Nødhjelp påverkar styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar for å fjerne grunnar til fattigdom. 12

2 12 Konfirmant Klart vi kan endre verda! Vi vil utfordre deg til å bli med og gjere noko med all uretten i verda. Synest du verda er urettferdig? I konfirmanttida kan du gjere noko med det! Changemaker er Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon, og mottoet vårt er «Klart vi kan endre verda». Vi jobbar med å påverke dei som bestemmer, både i Noreg og internasjonalt, til å fatte vedtak som skaper ei meir rettferdig verd. Vi håper å møte deg gjennom året. Klart vi kan endre verda! Alt anna er naivt å tru. Uretten er skapt av menneske, og difor kan menneske endre den. Changemaker har rundt 2000 medlemar mellom 13 og 30 år. Vi jobbar med tema som u-landsgjeld, handel, global helse, klima og fred. Har du lyst til å vere med og endre verda? Sjekk www.changemaker.no for å bli medlem eller for å delta i kampanjar. 13

VELKOMEN SOM KONFIRMANT! Eg hugsar ein gong eg hadde mi første samling med dei nye konfirmantane. Dei ramla inn og fylte rommet med mykje lyd og mykje rørsle. Eg strevde med å komme til orde. Endeleg vart det så pass roleg at eg slapp til med spørsmålet mitt: «Kvifor vil de vere konfirmantar i kyrkja?» Ei av jentene rekte da straks opp handa og svara: «Fordi eg trur på Gud og er nysgjerrig!» Eg seier det same til dykk no som eg svara henne den gongen: Velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja! Kanskje trur du på Gud, kanskje veit du ikkje kva du skal tru. Ein treng ikkje ha mange svar for å la seg konfirmere. Men det er lurt å vere nysgjerrig. Vi vil gjerne møte deg der du er nett no. Vi vil gjere deg kjent med den kristne trua og tradisjonen du er fødd inn i. Mest av alt vil vi gjere deg kjent med Jesus Kristus Mange har opplevd at konfirmanttida har vore ei fin tid der dei er blitt betre kjende med seg sjølv, med dei andre konfirmantane og med Jesus. Eg håper du og vil kjenne det slik. Venleg helsing Halvor Nordhaug biskop i Bjørgvin bispedøme 14

Lurer du på kven du skal ta kontakt med? Her finn du telefonnummeret til kyrkjekontoret der du bur. Der vil dei også kunne svare deg på når og kvar du kan melde deg inn. Dersom du ikkje veit kva for kyrkjelyd du høyrer til i, kan du gå inn på konfirmant.no eller kyrkja.no og søkje under «Finn menighet». Alversund 56 35 73 70 Arna 55 36 22 70 Arnafjord 57 69 82 91 Ask 56 15 71 00 Askvoll 57 73 06 02 Askøy 56 15 71 00 Aurland 57 63 29 95 Austrheim 56 16 72 90 Austevoll 55 08 26 00 Balestrand 57 69 15 48 Bergen domkirke 55 59 71 70 Bergsdalen 56 59 39 20 Berle 91 70 65 95 Birkeland 55 36 22 87 Biskopshavn 55 36 22 30 Bjordal og Ortnevik 57 71 41 10 Blomvåg 56 38 22 40 Breim 57 86 82 20 Brekke 57 78 20 70 Bremanger 91 70 65 95 Bremnes 53 42 32 80 Bru 57 75 25 30 Bruvik 56 19 22 80 Bygstad 57 71 63 33 Bømlo 53 42 32 80 Bønes 55 30 81 71 Dale/Luster 57 68 56 40 Dale/Vaksdal 56 59 39 20 Davik 91 70 65 95 Eid 57 86 17 55 Eid/Fjelberg 53 47 62 47 Eidfjord 53 66 52 51 Eidsvåg 55 30 81 90 Eikefjord 57 75 25 30 Eksingedalen 56 59 39 20 Erdal 56 15 11 82 Ervik (Selje) 57 85 85 49 Etne 53 77 11 70 Evanger 56 52 38 80 Fana 55 59 32 63 Fedje 56 16 43 35 Feios 57 69 15 48 Fet og Joranger 57 68 56 41 Fitjar 53 45 85 00 Fjaler 57 73 97 70 Fjelberg og Eid 53 47 62 47 Fjell 55 09 74 40 Fjærland 57 67 99 85 Fortun 57 68 56 40 Fresvik 57 69 15 48 Fridalen 55 30 81 20 Frøya 91 70 65 95 Frøyset 56 16 62 63 Fusa 56 58 01 81 Fyllingsdalen 55 59 71 43 Førde 57 82 81 80 Førde/Sveio 53 74 84 20 Gaupne 57 68 56 40 Gimmestad 57 86 82 20 Gjerstad 56 19 22 80 Granvin 56 52 58 50 Gulen 57 78 20 70 Hafslo 57 68 56 41 Haltestrand 53 48 11 82 Hamre 56 19 22 80 Haus 56 19 22 80 Helgheim 57 72 85 06 Herdla 56 15 71 00 Hjelme 56 38 22 40 Holmedal/Husnes 53 48 27 40 Holsen og Haukedalen 57 82 81 80 Hosanger 56 19 22 80 Hornindal 57 87 48 13 Hundvin 56 36 95 30 Husnes 53 48 27 40 Hyen 57 86 53 17 Hyllestad 57 78 85 65 Høyanger 57 71 41 00 Innvik 57 87 48 13 Jondal 53 66 84 37 Jostedal 57 68 56 40 Kaupanger 57 67 99 85 Kinn 57 75 25 30 Kinsarvik 53 67 15 40 Kjølsdalen 57 86 17 55 Kvinnherad 53 48 11 82 Kyrkjebø 57 71 41 00 Laksevåg 55 59 32 30 Landås 55 36 22 00 Lavik 57 71 41 10 Leikanger i Sogn 57 67 99 85 Leikanger (Selje) 57 85 85 49 Lindås 56 36 95 30 Loddefjord 55 30 81 60 Loen 57 87 48 13 Lygra 56 35 73 70 Lykling 53 42 32 90 Lærdal 57 64 12 41 Løvstakksiden 55 30 81 30 Meland 56 17 14 80 Midtgulen 91 70 65 95 Mjømna 57 78 20 70 Mo 56 59 99 61 Moster 53 42 32 90 Myking 56 36 95 30 Naustdal 57 81 82 40 Nedre Årdal 57 66 51 80 Nedstryn 57 87 48 13 Nes 57 68 56 40 Nesheim 56 59 39 20 Nordal 57 75 25 30 Nordsida 57 87 48 13 Norum 57 67 99 85 Nygård 55 30 81 80 Nysæter 53 40 34 30 Odda 53 65 09 00 Olden 57 87 48 13 Olsvik 55 30 81 70 Onarheim 53 43 71 20 Oppheim 56 52 24 73 Oppstryn 57 87 48 13 Os 56 57 24 00 Ostereidet 56 35 72 30 Radøy 56 34 98 40 Randabygd 57 87 48 13 Raundalen 56 52 38 80 Reksteren 53 43 71 20 Rugsund 91 70 65 95 Røldal 53 64 71 40 Salhus 55 36 22 40 Samnanger 56 58 90 10 Sande 57 71 63 33 Sandnes 56 16 62 63 Sandviken 55 59 71 30 Seim 56 35 73 76 Selje 57 85 85 49 Skare 53 64 71 40 Skjold 55 59 71 11 Skånevik 53 77 11 70 Slettebakken 55 59 71 52 Solheim 56 16 62 63 Solund 57 78 62 48 Solvorn 57 68 56 41 Stamnes 56 59 39 20 Stedje 57 67 99 85 Stord 53 40 34 30 Storetveit 55 30 81 18 Strandebarm 56 55 18 88 Strusshamn 56 15 71 00 Stårheim 57 86 17 55 Sund 56 31 90 80 Sveio 53 74 84 20 Sælen 55 59 71 95 Særdal 57 64 12 00 Søreide 55 59 71 84 Tveit 56 15 71 00 Tyssedal 53 65 09 00 Tysnes 53 43 71 20 Uggdal 53 43 71 20 Ullensvang 53 67 15 40 Ulvik 56 52 68 00 Uskedalen 53 48 27 40 Utne 53 67 15 40 Utvik 57 87 48 13 Vaksdal 56 59 39 20 Valestrand 53 74 84 20 Vangsnes 57 69 82 91 Varaldsøy 53 48 11 82 Vereide 57 86 53 17 Vevring 57 81 82 40 Vik 57 69 82 91 Vike 56 35 72 30 Viksdalen 57 71 63 33 Vikøy 56 55 18 88 Vinje 56 52 24 73 Voss 56 52 38 80 Vågsøy 57 84 51 70 Ytre Arna 55 36 22 70 Ænes 53 48 11 82 Ølve 53 48 11 82 Øvre Årdal 57 66 53 78 Øystese 56 55 18 88 Åkra 53 48 11 82 Ålfoten 91 70 65 95 Ålhus 57 72 85 06 Ålvik 56 55 18 88 Årstad 55 59 32 90 Åsane 55 36 22 50 15

Retur: Bjørgvin bispedøme Postboks 1960 Nordnes 5817 Bergen Tlf. 55 30 64 70 E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no www.kyrkja.no/bjorgvin Løyve til at dette heftet kan sendast til alle som er fødde i 1997 og adresseopplysningar er gitt av Staten ved Skattedirektoratet. Døvekyrkjelydane har eige konfirmanttilbod. Kontaktinfo. Døves menighet i Bergen: Telefon: 55 56 41 40 SMS: 91 69 08 63 E-post: doves.menighet.bergen@dovekirken.no www.dovekirken.no/bergen 9BbdNN Utanlands neste år? Du kan vere knytta opp til ei av sjømannskyrkjene rundt om i verda og ha konfirmasjon der eller i eigen kyrkjelyd i Noreg. Det er også mogleg å vere «nettkonfirmant». Kontakt www.sjomannskirken.no eller www.nettkirken.no. Anna kyrkjesamfunn? Tilhøyrer du eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja? Dei fleste kyrkjesamfunn tilbyr opplæring for deg som er i konfirmantalderen. Ta kontakt med den kyrkja/kyrkjelyden du tilhøyrer, og spør om informasjon. Konfirmant 2012 er utgitt av Kyrkjerådet og bispedøma i Den norske kyrkja, i samarbeid med og med støtte frå Kirkens Nødhjelp. MILJØMERKET Design: Tank Trykk: Nr1 Trykk Grefslie AS Foto: Sveinung Bråthen/Øyvind Haug/Torstein Ihle 241 Trykkeri 715