Alkoholpolitiske retningsliner for Askvoll kommune Perioden 2016 2020 Vedteke i kommunestyret 20.04.16, sak K 031/16
1. Innleiing Askvoll kommune sin alkoholpolitikk skal i løyveperioden 2016-2020 bygge på alkohollova sitt formål om å begrense skader forårsaka av alkoholbruk, og redusere forbruk av Dei alkoholpolitiske retningslinene skal til ei kvar tid ligge innanfor dei vedtekne gjeldande lover og forskrifter. Retningslinene skal vere styrande for alkoholpolitikken i kommunen under det sittande kommunestyret. Sal, servering og skjenking av alkoholhaldig drikk skal kun skje ved at det er gjeve kommunalt løyve til dette. Kommunen sin alkoholpolitikk skal vere eit viktig verkemiddel for i størst mogleg utstrekking å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere. Retningslinene skal samstundes vere med på å gje rammer for trygge og positive opplevingar rundt stader der det er naturleg å servere Kommunen sine retningsliner for sal og skjenking av alkohol er eit tydeleg signal om kommunen si haldning til rusmidlar. Retningslinene skal også vere eit viktig bidrag/verkemiddel i arbeidet med å skape bevisste haldningar til rusmidlar hos innbyggjarane i kommunen. Kommunen skal jobbe for, og legge til rette for eit trygt og godt lokalsamfunn for innbyggjarane, jfr Folkehelselova 4. Askvoll kommune tek avstand frå organisert kriminalitet. 2. Målsetting for kommunen sin alkoholpolitikk Avgrense samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere. Bidra til eit aktivt førebyggjande arbeid i kommunen. Gje innbyggjarane i Askvol ein kontrollert tilgang på alkoholhaldige varer innanfor dei lover og reglar som er gjeldande. 3. Ansvar og delegering Retningslinene vert godkjent av Askvoll kommunestyre, etter tilråding frå komitè for Helse og omsorg som har ansvar for saker etter alkohollova. 3.1 Delegering til Formannskapet Kommunestyret delegerer til formannskapet å gjere hastevedtak etter 13 i kommunelova ved særskilde høve. Når denne hasteparagrafen vert nytta skal vedtaket rapporterast ved første påfølgande møte i kommunestyret.. 3.2 Delegering til rådmannen Kommunestyret delegerer følgjande til rådmannen: Gje løyve til skjenking i slutta lag (ambulerande løyve). Gje løyve til skjenking ved einskildhøve. Før løyve kan gjevast skal der ligge føre vandelskontroll av styrar og avløysar, jfr. alkohollova 1-7c. Gje løyve til å flytte eit fast løyve til anna lokalitet i samband med einskildarrangement Gje utvida eller innskrenka opning- og skjenketider ved ambulerande og einskildhøve, likevel innanfor gjeldande lovverk og forskrift. Godkjenne utvida eller innskrenka skjenkeareal ved einskildhøve. Godkjenne endring av styrar og avløysar for alment kommunalt løyve. Fastsetje og krevje inn det årlege gebyret kommunen kan krevje av dei som har kommunalt sals- eller skjenkeløyve.
Ved særlege høve vurdere og godkjenne redusert løyvegebyr for frivillige lag og organisasjonar ved einskildhøve. Engasjere kontrollørar som skal kontrollere sals- og skjenkestadene slik alkohollova føreset. Gjennomføre reaksjonar og gjere einskildvedtak ved brot på lov og forskrifter. Løyvehavar skal i samband med vedtaket orienterast om konsekvensar ved ytterlegare prikktildelingar. Rådmannen rapporterer vedtekne reaksjonar og inndragingar til komitè og kommunestyre fortløpande. 3.3 Delegering til Formannskapet Askvoll kommunestyre delegerer til formannskapet å handsame klager på vedtak rådmannen har gjort etter alkohollova og serveringslova. Formannskapet kan gjere om rådmannen sitt vedtak til gunst for søkjaren. Fylkesmannen er klageinstans dersom vedtaket vert oppretthalde i formannskapet. 4. Løyveperiode I samsvar med endring av alkohollova 1-6, gjeldande frå 1. januar 2016, vert eksisterande løyver for sal og skjenking av alkohol vidareført i inntil 4 nye år utan krav om ny søknad, og vert gjeldande til 30. juni 2020. Nye løyver som vert søkt om i kommunestyreperioden vert gjort gjeldande i inntil 4 år og med opphøyr seinast 30. juni 2020. Etter neste kommuneval må kommunestyret igjen ta stilling til ei eventuell forlenging av løyva i inntil 4 nye år utan krav om ny søknad. 5. Vilkår for sals- og skjenkeløyver 5.1 Definisjonar: Alkoholfri drikk: Drikk som inneheld under 0,7 volumprosent Alkoholsvak drikk: Drikk som inneheld frå og med 0,7 til og med 2,5 volumprosent Alkoholhaldig drikke gruppe 1: Drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent Alkoholhaldig drikk gruppe 2: Drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent Alkoholhaldig drikk gruppe 3: Drikk som inneheld frå og med 22 til og med 60 volumprosent 5.2 Tidsrom for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gruppe 1 kan skje frå kl. 08.00 til kl. 20.00 på kvardagar og kl. 08.00 til kl. 18.00 på laurdagar og dag før helgedag, unntatt dagen før Kristi Himmelfartsdag. 1. og 17. mai er her ikkje å rekne som helgedagar. 5.3Vilkår for salsløyver Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar og andre spesialutsal. Vesentleg karakterendring av salsstaden i løyveperioden føreset ny løyvesøknad straks. 5.5 Tidsrom for skjenking av alkoholhaldig drikk 5.5.1 Opningstider Serverings- og skjenkestadene i Askvoll kommune kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 02.30. Skjenking av alkohol skal opphøyre seinast ein halv time før serveringsstaden si stengetid.
5.5.2 Skjenketider Skjenketida for alle typer skjenkeløyve er frå kl 09.00 til kl 02.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. For alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er skjenketida frå kl 13.00 til kl 01.00. 5.5.3 Konsumering All konsumering av alkoholhaldig drikk skal seinast vere avslutta ½ time etter skjenketids slutt for dei respektive alkoholgrupper. Dette gjeld både uteservering og inneservering. 5.6 Uteservering Skjenkeløyve kan gjevast for uteareal som er ein naturleg forlenga del av ein godkjent skjenkestad. Dersom skjenkestaden ikkje eig grunnen for omsøkt uteservering, må det føreligge godkjent leigeavtale med grunneigar før løyve kan gjevast. Skjenkeareal på uteservering må vere klart avgrensa mot areal som ikkje er skjenkeareal. 5.7 Avgrensingar ved handsaming av skjenkesøknader Det kan skjenkast alkohol i kombinerte anlegg for skule og andre føremål, men det er eit vilkår at anlegget ikkje vert nytta til skuleføremål når eventuell skjenking skal føregå Det skal som hovudregel ikkje gjevast skjenkeløyve på stader berekna kun for barn og ungdom, ungdomsklubbar og liknande. 5.8 Vilkår ved einskildløyve Den ansvarlege for eit einskildløyve må skal ha bestått kunnskapsprøven etter alkohollova skjenkeløyve. Arrangør av større einskildarrangement må ha tett dialog med politiet omkring sikring av området, kontroll, generelle ro- og ordensbestemmelsar og trafikale omsyn. Pålegg frå politiet skal her følgjast. 6. Inndraging av sals- og skjenkeløyver 6.1 Generelt Innføring av ordninga med prikktildeling vart vedteke i forskrift FOR-2015-10-26-1225, gjeldande frå 01.01.2016. Bestemmelsane om prikktildeling og inndraging gjeld der kontroll gjennomført i samsvar med alkoholforskrifta, eller rapport frå andre myndigheiter, avdekker at innehavar av kommunalt sals- eller skjenkeløyve ikkje har oppfylt sine plikter etter alkohollova, bestemmelsar gjeve i medhald av alkohollova, bestemmelsar i lov eller i medhald i lov som har samanheng med alkohollova sitt formål, eller plikter som følgjer av vilkår i løyvevedtaker. Ved overtredelsar som følgjer nedanfor, skal kommunen tildele løyvehavar eit bestemt tal prikkar. Likearta brot avdekka ved same kontroll skal vurderast som eitt einskild brot. 6.2 Overtredings- og inndragingsperiode Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunestyret inndra løyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden vert tildelt fleire enn 12 prikkar, skal kommunestyret auke lengda på inndraginga tilsvarande. Ved berekning av toårsperioden skal tidspunkta for overtredelse leggast til grunn. Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet er fornya i løpet av perioden. Ved overdraging starter ny periode ved overdragingstidspunktet.
6.3 Prikktildeling Følgjande overtredelsar fører til tildeling av 8 prikkar: Sal, utlevering eller skjenking til person som er under 18 år Brot på bistandsplikta Brot på krav om forsvarleg drift Hindring av kommunal kontroll Følgjande overtredelsar fører til tildeling av 4 prikkar: Sal og utlevering til person som er openbert påvirka av rusmidlar, skjenking til person som er eller må antakast å verte openbert påverka av rusmidlar Brot på sals-, utleverings- og skjenketidsbestemmelsane Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 3 til person på 18 eller 19 år Brot på alderskravet til den som sel, utleverer eller skjenker alkoholhaldig drikk Følgjande overtredelsar fører til tildeling av 2 prikkar: Det vert gjeve adgang til lokalet til person som er openbert påverka av rusmidlar, eller løyvehavar sørger ikkje for at person som er openbert påverka av rusmidlar forlet staden Manglar ved løyvehavar sin internkontroll Manglande levering av omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist Manglande betaling av løyvegebyr innan kommunen sin frist Brot på krav om styrar og avløysar Gjentatt narkotikaomsetnad på skjenkestaden Gjentatt diskriminering Følgjande overtredelsar fører til tildeling av 1 prikk: Brot på kravet om alkoholfrie alternativ Brot på reglar om skjenkemengde Konsum av medbrakt alkoholhaldig drikk Gjester tek med alkohol ut av lokalet Brot på krav om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstad Brot på vilkår i løyvevedtaket Brot på reklameforbodet Andre overtredelsar som er omfatta av alkohollova 6.4 Særlege omstende Dersom det ligg føre heilt spesielle og særs formildande omstende, kan kommunen tildele færre prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av oversikta i punkt 6.3. Dersom det ligg føre særleg skjerpande omstende, kan kommunen tildele fleire prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av oversikta i punkt 6.3. kommunestyret kan ved særs skjerpande omstende også auke lengda på inndraginga utover det som nemnt i punkt 6.2. I dei alvorlegaste tilfelle kan løyvet inndragast for resten av løyveperioden. Dersom ovannemnde omstende vert lagt vekt på, skal dette begrunnast særskilt i vedtaket. 6.5 Kommunen sine rutinar ved overtredelsar Der det ligg føre grunnlag for prikktildeling, skal kommunen sende ut førehandsvarsel om tildeling av prikkar, jfr. Forvaltningslova 16. Kommunen bør iverksette vedtak om inndraging innan fire veker etter vedtaksdato