Vi treng ressursane i framtida Avfall er ein nyttig ressurs! Takk for at du kjeldesorterer!
Kvifor skal vi kjeldesortere avfallet vårt? Ved å kjeldesortere tek vi vare på dyrebare ressursar for framtidige generasjonar samstundes som vi sparer miljøet! Mykje av avfallet vårt kan gjenvinnast og bli nytt råmateriale og nye produkt. For å få til det må vi kjeldesortere alt vi kan, både heime, på skulen og på arbeidsplassen. I denne brosjyren ønskjer vi å hjelpe deg til å sortere meir og sortere rett. Du finn også informasjon om kva som skjer med avfallet etter at det er henta inn av SSR og kva miljønytte kjeldesorteringa har. Du finn også god rettleiing og gode tips på SSR sine heimesider reinhaldsverket.no og sortere.no. Lukke til med sorteringa! OMBRUK Bruke ting om igjen AVFALLS- REDUKSJON Lage mindre avfall ENERGI- UTNYTTING Brenne MATERIAL- GJENVINNING Lage nytt av brukt Korleis minske avfallsmengda di? DEPONERING Legge på fylling AVFALLSHIERARKIET Avfallshierarkiet er ein illustrasjon av dei nasjonale måla for avfall. Det viktigaste målet i samband med avfall er avfallsreduksjon. Dette er det mest utfordrande målet fordi utviklinga i samfunnet med økonomisk vekst og rask utvikling på mange område fører til høgt forbruk og store mengder avfall. 1 Ikkje kjøp varer du ikkje har behov for 2 Vel produkt med lang levetid som kan reparerast 3 Kjøp brukt på loppemarknad, i bruktbutikkar eller over internett 4 Sel eller gi vekk ting du ikkje lenger har bruk for 5 Kjeldesorter alt avfall heime, på skulen og på arbeidsplassen 6 Pant alle flasker og drikkeboksar 7 Komposter eige matavfall og eventuelt hageavfall 8 Lag restemat av restane du har i kjøleskapet 9 Lever anna avfall til ein miljøstasjon
Kva skjer med restavfallet? Restavfallet blir sendt til Tafjord Kraftvarme i Ålesund. -Her blir det brent og gjort om til fjernvarme til hus, skular og kontorbygg. RESTAVFALL OG GROVAVFALL Det avfallet som ikkje kan sendast til materialgjenvinning kan du kaste i restavfallet (grønedunken). Miljøgevinst Ved å erstatte bruk av fossilt brensel med energi frå avfallsforbrenning vert utslepp av klimagassen CO2 redusert. På norsk avfall sparer ein rundt 800-1200 CO2 ekv. per tonn. Nasjonale mål for avfall seier at vi skal jobbe for at minst mogleg av avfallet endar i restavfallet! Restavfallet blir henta heime hos deg kvar 2. veke. Grovavfall er kasserte gjenstandar som er så store at dei ikkje får plass i grønedunken. Vi tek imot grovavfall på miljøstasjonane våre. Det vart samla inn 152 kilo restavfall per innbyggjar i 2014 i vår region (154 i 2013). Sjå side 8-9 som viser totalt avfall per innbyggjar. DØME PÅ RESTAVFALL ER: bleier/bind matrestar tilgrisa tørkepapir kattesand støvsugarposar tusjar/pennar hundeposar skitten emballasje bomull...med meir!
PAPP OG PAPIR Det meste av papp og papir er verdifulle råstoff. Det er difor viktig at det blir sortert ut og levert til gjenvinning. DØME PÅ PAPP OG PAPIR ER: blad aviser kopipapir konvoluttar (også med vindu) drikkekartong brosjyrer pappøskjer og mykje meir... Papp, papir og drikkekartongar skal du leggje rett i den blå papirbeholdaren som blir henta kvar 14. dag. Du kan sette så mykje papp du ønskjer ved sidan av dunken. Hugs å sikre for ver og vind! Glasert gåvepapir, sølete/feitt papir og papir som er samansett med for eksempel plast- eller metallrygg og/eller omslag skal sorterast som restavfall. Visste du at... Den mengda papir vi samlar inn i Noreg kvart år, sparer like mykje CO2 utslepp som frå 35000 bilar? Kva skjer med papiret og pappen? Det meste av returpapiret går til Norske Skog sin fabrikk på Skogn. Her blir papiret rive opp i småbitar og tilsett vatn slik at det blir ei grautaktig masse. Trykksverta blir fjerna, og massen som blir igjen blir tørka, pressa og rulla opp på store rullar. Rullane blir sendt ut på papirmarknaden som ny råvare. Mykje av returpapiret blir nytta i produksjon av avispapir. I Europa i dag er råvarene ca 50% fersk virke og 50% returpapir. I tillegg til produksjon av nytt papir og ny papp i Noreg, blir også mykje eksportert til Tyskland, Sverige, Danmark, Nederland og Asia der det er vanskelegare å få tak i naturressursane (tre) som ein lagar papp og papir av. Skyll-brett -stapp! Kva er miljøgevinsten? Ved bruk av returpapir er trefibrane allereie separert og det blir difor nytta mindre energi for å produsere papir frå returpapir enn frå tømmer. Trefibrane kan brukast om igjen 6-8 gongar før dei blir utslitne. Om ein samanliknar energiforbruket ved produksjon av papir frå returfiber med forbruket frå fersk virke, er energiforbruket ved bruk av returpapir i underkant av 40% av energiforbruket ved bruk av fersk virke. I tillegg sparar vi 14 tre per tonn gjenvunne papir. Bli med på Returkartonglotteriet og vinn flotte pengepremiar! Skyl, brett og stapp 6 drikkekartongar inn i ein sjuande og skriv namn og telefon nummer på utsida av kartongen. SSR har tidlegare hatt gleda av å dele ut pengepremiar på 10 000 kroner!
Kor mykje avfall produserer vi eigentleg? I oversikta under ser du kor mykje ein gjennomsnittleg innbyggjar i Sande, Herøy, Hareid og Ulstein produserer i løpet av eit år! 2,48 70,8 5,64 5,1 TREVERK 2013: 3 Inkl. impr. treverk PAPP/PAPIR BLÅDUNKEN 2013: 60 PLASTEMBALLASJE 2013: 6 FARLEG AVFALL 2013: 5 152 7,44 9,64 RESTAVFALL GRØNEDUNKEN 2013: 154 EE-AVFALL 2013: 7 METALL 2013: 8 Totalt: 42,96 11,21 112 423,24 KG GROVAVFALL 2013: 42 avfall per innbyggjar 2014 GLAS- OG METALL- EMBALLASJE 2013: 9 GREIN OG HAGEAVFALL 2013: 128 Avfall per innbyggjar 2014 2013 422 2012 494 2011 457
PLASTEMBALLASJE Nesten all plastemballasje frå norske husstandar kan materialgjenvinnast. Ved å kjeldesortere plastemballasje kan du redusere restavfallet med opp til 40 %! Omlag 80% av all innsamla plast blir sortert ut til materialgjenvinning og blir til nye plastprodukt. DØME PÅ PLASTEMBALLASJE: plastfolie plastbrett for matvarer plastbeger plastboksar plastflasker plastkanner blomsterpotter blomsterbrett i plast plastposar kaffiposar potetgullposar og mykje meir! Treng du nye sekkar? Ring oss tlf: 70 00 70 50 Kva skjer med plastemballasjen? Plastemballasjen blir sendt til sorteringsanlegg i Tyskland og Sverige. Rundt 80 prosent av det dei tek imot vert sendt vidare til ulike gjenvinnarar og blir til nye produkt. Resten er etikettar, produktrestar, andre sammensette plasttypar, fukt og liknande. Plasten som blir samla inn, går først gjennom ulike sorteringstrinn for å skilje dei ulike plasttypane frå kvarandre. Så blir plasten kverna ned og trinnvis vaska og tørka. Etter oppvarming blir nytt granulat produsert dvs små plastbitar av same type. Granulatet blir selt vidare til fabrikkar som nyttar det i produksjon av nye plastprodukt. Kva er miljøgevinsten? Mange lurer på om vinninga går opp i spinninga når plasten blir sendt til Sverige og Tyskland. Vi kan forsikre at det nyttar å kjeldesortere plastemballasjen på tross av lang transportveg og utsleppa dette medfører: Vi reduserer CO2 utsleppet med 2 2,7 kilo per kilo gjenvunne plast, avhengig av plasttypen. Total energisparing ved materialgjenvinning er 6,9 kwh pr innsamla plastemballasje. Med denne energien kan ein tørketrommel stå på i 2 timar. Når vi gjenvinner ein kilo plast, sparer vi to kilo råolje. DETTE ER IKKJE PLASTEMBALLASJE: leiker hagemøblar bøtter hageslangar kjøkkenreiskap oljekanner og -flasker Vi vil ha rein og tørr emballasje emballasje brukt til brannfarleg og giftig avfall isopor skal i eigne plastsekkar (ikkje blanda med plastemballasje). Isoporen blir samla inn på same måte som plastemballasje og pressa i isoporpressa på SSR. Har du store mengder isopor kan du levere isoporen på miljøstasjonen i Saunesmarka. Skyl i kaldt vatn! Visste du at. Både Brasil og Portugal har spelt i fotball-vm med drakter av resirkulerte plastflasker? 1 Skyl emballasjen i kaldt vatn. 2 Legg tørr og rein emballasje i retursekken. 3 Knyt sekken og set han ved papirdunken på hentedag. Vi vil ikkje ha våt, skitten og illeluktande plastemballasje: Denne skal i restavfallet. Bruk skjønn ved vasking av plast! Er du i tvil, eller er det for krevjande å gjere emballasjen skikkelig rein så gjer han betre nytte i restavfallet.
GLAS- OG METALL- EMBALLASJE All glas- og metallemballasje skal leverast til gjenvinning. Skyl emballasjen med kaldt vatn og la han tørke, eventuelle etikettar på glasemballasjen kan sitte på. Kva skjer med glas- og metallemballasjen? Det er selskapet Syklus som er ansvarlege for returordninga for glas- og metallemballasje i Noreg. Innsamla glas- og metallemballasje endar på Onsøy utanfor Fredrikstad. Der driv dei eit av verdas mest moderne anlegg for sortering av råstoff frå glas- og metallemballasje. Her går emballasjen gjennom tre ulike prosessar: 1 Separering av metall frå glaset. 2 Fjerning av forureining. 3 Fargesortering av glas. Når prosessen er ferdig, endar ein opp med råstoff som har same høge kvalitet som heilt nytt materiale. Glas kan gjenvinnast uendeleg mange gongar. Resirkulert glas blir brukt som råstoff til både Glasopor skumglas, Glava isolasjon og nye glasprodukt. Innsamla stål og aluminium går til gjenvinning ved at det blir sendt til smelteverk i Noreg og utlandet og blir selt som råvare til ny emballasje, syklar, bildelar, verktøy, bestikk og mykje meir. Kva er miljøgevinsten? DØME PÅ GLAS- OG METALLEMBALLASJE: Spart CO2 utslepp: glasflasker utan pant syltetøyglas babymatglas hermetikkboksar kaviar- og majonestubar aluminiumsfolie telyskoppar Obs! Bestikk, porselen, steintøy, eldfaste former, krystallglas og speglar kan øydelegge for gjenvinningsprosessen og skal difor sorterast som restavfall. Du leverer glas- og metallemballasje til eit returpunkt. Oversikt over desse finn du på nettsida vår. 0,2 CO2 ekv per kilo materialgjenvunne glasemballasje. 10 CO2 ekv per kilo materialgjenvunne aluminium. 1 CO2 ekv per kilo materialgjenvunne jern og stål. Spart energi: Når vi brukar kjeldesortert glas i glasproduksjon sparar vi 20 % energi. Ved å gjenvinne aluminium brukar ein berre 5% av energien det tek å utvinne nytt aluminium. Ved å gjenvinne stål brukar ein berre ein fjerdedel av energien det tek å utvinne stål frå malm.
MATAVFALL OG HEIMKOMPOSTERING Ein stor del av restavfallet er organisk materiale, og av dette kan du lage næringsrik hagejord! SSR tilbyr kurs i kompostering. Deltek du på dette kurset, samt har godkjend kompostbinge, får du redusert renovasjonsgebyr. Ta kontakt med oss om du er interessert i heimekompostering. EE-AVFALL Det finnast mange miljøgifter i elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). Når du leverer EE-avfallet ditt til gjenvinning unngår vi at desse blir slept ut. EE-avfall blir sortert og gjenvunne til nye produkt og energi. Alle produkt som går på straum eller batteri reknast som elektrisk og elektronisk avfall. Du kan levere EE-avfall gratis til forhandlarar som sel slike produkt, eller til ein av våre miljøstasjonar. FARLEG AVFALL Farleg avfall er produkt som måling, lim, lakk, hårspray, reingjeringsmiddel, gass, lysstoffrøyr/sparepærer, løysemiddel, bilprodukt og plantevernmiddel. Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjansar: lever det uansett som farleg avfall! Farleg avfall vert brukt som alternativt brensel i sementproduksjon der miljøgiftene blir uskadeleggjort i prosessen. Du kan levere farleg avfall til ein av våre miljøstasjonar. Levering av farleg avfall er inkludert i renovasjonsgebyret. Andre typar avfall For andre typar avfall, ta kontakt med oss eller besøk ein miljøstasjon. Vi tek hand om alt avfall frå privatpersonar og sørgjer for at det blir behandla på ein trygg og miljøvenleg måte. Du finn også informasjon om kva du skal gjere med mellom anna dekk, metall, grein- og hageavfall, sko og klede på våre heimesider: reinhaldsverket.no Søre Sunnmøre Reinhaldsverk Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik E-post: firmapost@reinhaldsverket.no Telefon: 70 00 70 50 Kva betalar du for? Gebyret inkulderer innsamling, sortering og transport av alt avfallet som blir samla inn, som per i dag er restavfall, plastemballasje og papir og papp. Behandling og vidareforedling av nokre typar avfall (sjå under) som blir levert inn på miljøstasjonane og på returpunkt er også inkludert. Gebyret dekkjer også bygg, bilar, maskiner og anna utstyr, administrasjon og informasjonstiltak. Kva kan du levere på miljøstasjonen utan ekstra kostnad? Metall (der størstedelen av gjenstanden er metall) Glas- og metallemballasje EE avfall Farleg avfall Papp og papir Plastemballasje Dekk utan felg Gras, greiner og trestammar under 25 cm i diameter Isopor
7 TIPS FRÅ RENOVATØRANE 1 På hentedag, set handtak ut mot vegen der det er mogleg. Dette gjer jobben mykje lettare for oss! 2 Loket på restavfallsdunken skal vere igjen. Om du ikkje får plass til avfallet i dunken, kan du kjøpe ekstra sekkar (bruk rett type sekkar). 3 Papirdunken bør vere halvfull før du set den ut for henting. Du kan sette pappkasser ved sidan av dunken, men pass på å sikre avfallet så det ikkje bles vekk. 4 Fyll godt opp plastsekken før du set han ut for henting. Knyt igjen plastsekken og bruk berre dei tileigna sekkane. Ikkje knyt sekken fast i dunken. Press den heller saman mellom dei to dunkane, eller legg han oppi blådunken om der er plass. 5 Vask gjerne dunken med jamne mellomrom med salmiakk. Då blir det trivelagare lukt både for deg, naboen og oss. 6 Er det sterk vind, hender det vi legg dunkane ned for å unngå at dei skal blåse vekk og gjere skade. 7 Sorter avfallet i hengaren din før du kjem til miljøstasjonen, slik at avlessinga går kjapt og greit. Tusen takk for hjelpa! Har du tips til oss? Ta gjerne kontakt! Layout: Spirdesign, Fotograf Ottar A. Breivik Anderson, Trykk: Tindetrykk. Takk til dei lokale modellane: Akasha, Sarah, Ellinor, Charlotte, Bror, Kari Janne, Ruben og Ivy SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS / Smårisevadet 20, N-6065 Ulsteinvik Tlf: 70 00 70 50 firmapost@reinhaldsverket.no reinhaldsverket.no