VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT

Like dokumenter
FORSVARSBYGG LIKESTILLING. VI BYGGJER FORSVARSEVNE KVAR DAG RAPPORT FOR

FORSVARSBYGG ÅRSRAPPORT VEDLEGG TIL. REDEGJØRELSE FOR LIKESTILLING

RAPPORT FOR LIKESTILLING

FORSVARSBYGG LIKESTILLING. VI BYGGER FORSVARSEVNE HVER DAG REDEGJØRELSE FOR

REDEGJØRELSE FOR LIKESTILLING

Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er:

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling

Attraktiv arbeidsgivar?

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Når LAMU drøftar fråværstala på individnivå i sine kvartalsvise møter vil utvikling, nivå og skilnader mellom kjønna vere tema.

2014/

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i Sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Høyanger kommune ved rådmann Arve Varden. Status pr

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Handlingsplan for likestilling og kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet

Rapportering frå verksemda per februar Vedlegg

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Styresak. Forslag til vedtak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Lønnsundersøkinga for 2014

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Sentraladministrasjonen Støtteeining fag og utvikling. Kopi: Livsfasegruppa

Likestilling og diskriminering

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 22. mars 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

VEDLEGG 2 TIL SAV STRATEGIPLAN Strategisk kompetanseplanlegging Bruk av nasjonal bemanningsmodell i SAV

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-15:00 Møtestad: Samnangerheimen

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Analyse av rapportering iht. aktivitets- og rapporteringsplikten 2011: Status, eksempler og utfordringer, foreløpige funn

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

DB

Plan for forvaltningsrevisjon

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

TYSNES KOMMUNE LIVSFASEPOLITIKK

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Rapportering frå verksemda per august Vedlegg

Alderspensjonistar som bur i utlandet

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Saksframlegg. Sjukefråvær 2. kvartal 2015 SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Det er knytt kommentarar til kvar av tabellane, den grad tala ikkje taler for seg sjølv. Generelt oppsummert:

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

MØTEINNKALLING. Utval: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Møterom servicetorget Herøy rådhus Dato:

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

tapte årsverk i 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen SAKA GJELD: Kommentar til rapport frå Internrevisjonen revisjon av bierverv

VEDTAK NR 37/19 I TVISTELØYSNINGSNEMNDA

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Transkript:

FORSVARSBYGG VEDLEGG TIL ÅRSRAPPORT 20 RAPPORT OM LIKESTILLING 18 www.forsvarsbygg.no

OPPFØLGING AV 1A I LIKESTILLINGSLOVA Likestilling er eit eige tema i Forsvarsbygg sin kompetanseog lønspolitikk i den overordna HR-politikken vår. HRpolitikken legg føringar for alle HR-tiltaka i verksemda, og inneheld også leiar- og medarbeidarprinsipp, livsfasepolitikk og arbeidsmiljøpolitikk. HANDLINGSPLAN FOR IA-ARBEIDET I 2018 er handlingsplanen for IA-arbeidet vidareført. Forsvarsbygg har utvikla eit eige HMS-kurs, som alle leiarar og HMS-aktørar skal gjennomføre. Inkluderande arbeidsliv og oppfølging av sjukefråvær er ein sentral del av dette kurset. I 2018 har vi halde eitt HMS-kurs, og vil følgje opp med to kurs i starten av 2019. Vi er i gang med å revidere modellen for HMS-opplæringa, for å sikre at ho skjer på ein mest mogleg effektiv måte. I 2019 startar vi eit nytt leiarutviklingsprogram, der HMS og praktiske utfordringar vil vere eitt av temaa. I 2018 var sjukefråværet på 4,4 prosent. Dette er innanfor målet vårt på fem prosent eller lågare. Sjukefråværet blant kvinnene var på 5,9 prosent, medan det blant mennene var på 3,9 prosent. Differansen i sjukefråværsprosent mellom kvinner og menn i Forsvarsbygg ligg under landsgjennomsnittet, som er på høvesvis 4,76 prosent for menn og 8 prosent for kvinner. 1 For ytterlegare å få ned differansen på sjukefråvær mellom kjønna, har vi i 2018 følgt opp temaet i Forsvarsbygg sitt sentrale arbeidsmiljøutval. Vi oppfordrar også leiarar til å leggje til rette for tilsette i alle livsfasar, medrekna å leggje til rette for eit familievenleg arbeidsliv og rekruttering av kvinner i leiande stillingar. Gjennom kommunikasjon, profilmateriale og stillingsannonsar skal Forsvarsbygg byggje opp under og styrkje arbeidet for mangfald i verksemda. Dette gjer vi mellom anna gjennom å kvalitetssikre rekrutteringsprosessane våre. Vi kallar inn underrepresentert kjønn og kandidatar som har bede om å bli vurderte på bakgrunn av etnisk minoritet, til intervju, så sant dei er kvalifiserte. Tillitsvalde blir inviterte til å delta i intervjua, for å syte for at kandidatane blir behandla rettferdig og likeverdig. Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, ha mangfald og vere likestilt. For å bidra til merksemd om kjønnsmangfald, skal vi i innstillingar til tilsetjingsrådet gjere greie for kjønnsbalansen. Vi utarbeider også jamleg HR-rapportar der det mellom anna blir framstilt tal for kjønnsbalanse totalt i verksemda, avdelingar, ulike stillingskategoriar, leiarstillingar, og turnover med kjønnsfordeling. Dette gjer vi for å skape medvit om kjønnsbalansen i verksemda, og for at kvar enkelt leiar skal kunne setje i verk tiltak for å betre kjønnsbalansen. AUKA KVINNEDEL I 2018 Ved utgangen av 2018 hadde Forsvarsbygg 1 312 tilsette (2017; 1 266), inkludert sjukevikarar, timeløna og tilsette på pensjonistvilkår. Kvinnedelen er på 26,6 prosent (2017,; 25,9 prosent). Ein auke av kvinnedelen på 0,7 prosent er ein positiv trend vi ønskjer å forsterke ytterlegare i åra framover. Dette skal vi gjere ved blant anna å oppfordre kvinner til å søkje i utlysingstekstar til stillingar der det basert på røynsle er få kvinnelege søkjarar, tilsetje kvinnelege søkjarar dersom desse er like godt kvalifiserte som menn til underrepresenterte stillingar, og delta på karrieredagar på universitet der det finst aktuell kompetanse og ein større del kvinnelege studentar. Delen kvinnelege leiarar var på 24 prosent ved utgangen av 2018, mot 21,9 prosent i 2017. Forsvarsbygg vil i åra framover jobbe vidare for å auke delen kvinnelege leiarar. For å auke delen må ein halde fram å jobbe systematisk med å oppfordre kvinner til å søkje på leiarstillingar i utlysingstekstar, og tilsetje kvinner dersom de er like godt kvalifiserte som menn. Vi ønsker også å jobbe konkret med interne kandidatar, ved til dømes å la kvinner få røynsle gjennom å fungere i leiarstillingar, skape breiare røynsle gjennom jobbrotasjon i andre avdelingar og oppfordre til å søkje interne stillingar. I 2018 byrja det 149 (2017; 72) nye medarbeidarar i Forsvarsbygg. Av desse var 50 kvinner (2017; 30), noko som utgjer 33,5 prosent (2017; 41,6) av dei som vart rekrutterte. Det er særleg krevjande å rekruttere kvinner til forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldsstillingar, noko som mellom anna kjem av ein lågare del kvinner i rekrutteringsgrunnlaget. I stillingane knytte til forvaltning, drift og vedlikehald er 5 prosent kvinner. Kvinner har 21,8 prosent av ingeniør-/ arkitekt-stillingane og prosjektleiarstillingane, ein auke på 2,8 prosent. Det er ein god kjønnsbalanse blant rådgjevarane i Forsvarsbygg, der 42,9 prosent er kvinner. I leiarstillingskodane er det 31,9 prosent kvinner. Det er ei overvekt av kvinner i administrative stillingar, der det ved utgangen av 2018 var ein kvinnedel på 57 prosent. I Forsvarsbygg er det 16 militært tilsette, alle desse er menn. SMÅ LØNSFORSKJELLAR Forsvarsbygg jobbar medvite med å halde fast ved ein god og rettferdig lønsbalanse mellom kjønna, noko som har resultert i ein låg innbyrdes lønsforskjell mellom kvinner og menn. Innanfor same stillingskode er det etter vurderinga vår ingen systematiske lønsforskjellar mellom kjønna. Innanfor dei ulike stillingskodane er det fleire ulike stillingar med ulike oppgåver, noko som gjer at det også vil vere noko ulik 2 Vedlegg til årsrapport 2018

løn innanfor ein gjeven stillingskode. I samanlikning av løn mellom kjønna har vi teke utgangspunkt i stillingskodar der det minimum er fire kvinner og fire menn i utvalet, for at resultatet skal ha statistisk verdi. Det er tretten stillingskodar i Forsvarsbygg der det er fire eller fleire av kvart kjønn. I seks av stillingskodane har kvinner høgast løn, medan menn har høgast løn i sju. I fire av stillingskodane er differansen i gjennomsnittsløna mellom kjønna mindre enn 5 000 kroner, og kvinnene har høgast gjennomsnittsløn i tre av desse. I dei andre tre stillingskodane der kvinner har høgast gjennomsnittsløn, har dei 10 000 33 000 kroner høgare løn enn mennene. I dei andre stillingskodane der menn har høgare løn enn kvinnene, har dei 18 000 32 000 kroner høgare gjennomsnittsløn. FORELDREPERMISJON Av dei som tok ut foreldrepermisjon i 2018, var delen 62 prosent menn og 38 prosent kvinner. 55 prosent av permisjonsdagane vart tekne ut av kvinner og 45 prosent tekne ut av menn. Den høge prosentdelen av permisjonsdagar tekne ut av menn, kjem av at menn utgjer over 73 prosent av dei tilsette. Kvinner i Forsvarsbygg tek ut langt fleire permisjonsdagar enn menn, og tala frå Forsvarsbygg er dermed i tråd med landsgjennomsnittet. Statistikk frå NAV tilseier at 70 prosent av fedrar tek ut den til kvar tid lovpålagde fedrekvoten. Fram til 1. juli 2018 var fedrekvoten på 10 veker av totalt 49 veker 2, noko som inneber at far i samsvar med landsgjennomsnittet tek ut cirka 20 prosent av den totale foreldrepermisjonen, medan mor tek ut dei resterande 80 prosenta. Frå 1. juli 2018 vart fedrekvoten auka til 15 veker. Endringa kan påverke fordelinga av permisjonsdagar mellom kjønna, men vi vil først kunne sjå ein eventuell effekt av dette i 2019. FORDELINGA AV STILLINGSTYPAR I Forsvarsbygg er 98,7 prosent av dei fast tilsette sivile, og 1,3 prosent er militære. Av den totale arbeidsstokken er 5,1 prosent mellombelse stillingar (5 prosent i 2017). Forsvarsbygg ligg dermed godt innanfor landsgjennomsnittet innanfor alle næringar på 8,7 prosent i 2018. 3 Vi ligg også under snittet for næring «offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring» på 5,6 prosent. Pensjonistar, sjukevikarar og timeløna er inkluderte i tala over. Mellombelse tilsette (utan pensjonistar og timeløna) er på 3,2 prosent i 2018, noko vi reknar å vere moderat. Det er ein noko lågare kvinnedel blant mellombels tilsette, med ein kvinnedel på 33 prosent. Deltidsstillingar er fordelte jamt mellom kvinner og menn i Forsvarsbygg. Deltidstilsette utgjorde 4,3 prosent (2017: 5 prosent) av arbeidsstyrken i 2018. Totalt 8,6 prosent av kvinnene og 2,6 prosent av menn jobbar deltid. TURNOVER Samla turnover i Forsvarsbygg vart på 9 prosent i 2018, 0,6 prosent lågare enn 2017. Turnover for kvinner i 2018 er 0,1 prosent lågare enn for menn, medan kvinnene hadde høgare turnover enn menn både i 2017 og 2016. Bakgrunnen for størsteparten av avgangen for kvinner er eiga oppseiing, medan avgangen for menn er jamt fordelt mellom eiga oppseiing og avgang med pensjon. Vi reknar omstillinga i 2017, der ei rekkje stillingar vart endra og avvikla, som ein viktig grunn til den høge turnoveren også i 2018. OVERTID Overtidsbruken i Forsvarsbygg utgjorde 2,4 prosent av total arbeidstid i 2018 (2017: 2,2 prosent). Kvinnedelen av det totale overtidsarbeidet utgjorde 17,8 prosent, som er nøyaktig same del som i 2017. Den mannlege delen av det totale overtidsarbeidet utgjorde dermed 82,2 prosent. Menn utfører ein større del av overtidsarbeidet enn kvinnene, men når ein tek høgd for at menn utgjer over 73 prosent av dei tilsette, er det liten forskjell mellom kjønna. 1 Statistisk Sentralbyrå 2 Med 100 % løn 3 Sjå Arbeidskraftundersøkelsen 2018 https://www.ssb.no/statbank/table/07205 SJÅ TALA Vedlegg til årsrapport 2018 3

Bemanning i 2018 1312 MEDARBEIDARAR 26,6 % KVINNER 73,4 % MENN Ein auke av kvinnedelen på 0,7 prosent er ein positiv trend vi ønskjer å forsterke ytterlegare i åra framover. 2000 TALET PÅ TILSETTE 1800 Talet på tilsette Årsverk, inkludert pensjonistar, sjukevikarar og timelønte 1600 1400 1312 Ved utgangen av 2018 hadde Forsvarsbygg 1312 tilsette fordelte på 1266 årsverk. 1200 1000 1266 800 600 400 200 0 2014 2015 2016 2017 2018 TURNOVER Menn Kvinner Pensjon, oppseiing og anna Totalt Eiga oppseiing Totalt 4 Vedlegg til årsrapport 2018 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

KJØNNSFORDELING FORDELT PÅ AVDELINGAR OG STABAR Kvinner Menn Avdeling / stab 2018 2017 2018 2017 prosjekt og avhending 34 % 33 % 66 % 67 % Eigedomsforvaltning 18 % 19 % 82 % 81 % Ressurssenteret 43 % 45 % 57 % 55 % Kampflybase 40 % 40 % 60 % 60 % Eigedomsstyring 35 % 19 % 65 % 81 % Verksemdsstyring og økonomi 42 % 50 % 58 % 50 % Anskaffingar* 50 % 50 % Fast og mellombels tilsette (ikkje timelønte og pensjonistar). * Anskaffingar er ei ny avdeling som vart oppretta i 2017. SMÅ LØNSFORSKJELLAR Stillingskode Gjennomsnittsløn kvinner Talet på kvinner Gjennomsnittsløn menn Talet på menn Forskjell Høgast løn Avdelingsleiar 775 688 17 773 292 39 2 396 Kvinner Seksjonssjef 926 791 12 925 496 31 1 295 Kvinner Driftsleiar 526 675 8 510 888 49 15 787 Kvinner Driftsteknikar 486 525 4 454 013 256 32 512 Kvinner Førstekonsulent 471 921 66 491 206 30 19 285 Menn Seniorkonsulent 529 913 29 562 002 39 32 089 Menn Ingeniør 544 475 4 547 675 25 3 200 Menn Overingeniør 584 342 21 602 558 83 18 216 Menn Senioringeniør 711 457 21 706 354 111 5 103 Kvinner Prosjektleiar 661 856 25 651 741 60 10 115 Kvinner Seniorarkitekt 718 580 5 737 400 4 18 820 Menn Rådgjevar 564 099 43 591 672 29 27 573 Menn Seniorrådgjevar 689 284 76 706 860 127 17 576 Menn Vedlegg til årsrapport 2018 5

RAPPORT FOR LIKESTILLING vedlegg til årsrapport 2018 FORSVARSBYGG