SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: 28.01.2015 Møtetid: 15:00-16.00 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Heidi Gjerde (Ap) I staden møtte: Gunnveig Loe (Ap) Andre som var til stades på møtet: Ordførar, rådmann, fungerande einingsleiar teknisk Møteleiar: Møtesekretær: Øyvind Strømmen (Bl) Tone Ramsli Merknader: Orienteringar/meldingar: Rådmannen orienterte om - Fylkesmannen har klaga på kommunen sitt vedtak om dispensasjon for sprenging m.m. for naust. - Det vert henta inn juridisk hjelp i handsaming av klage knytt til søknad om omgjering av naust til bustadhus. - I høyringsrunden til småkraftplan kom det inn omfattande merknader frå to instansar, ein av dei er fylkeskommunen. Administrasjonen har inngått avtale med konsulenten om å rette opp ein del feil. Ho vil ta kontakt med fylkeskommunen for dialog. Planen kjem opp i utvalet i løpet av våren. - Sjukemelding hjå einingsleiar Spørsmål/interpellasjonar: Strømmen viste til at vegen var stengd i Rolvsvåg v. Rolvsvågvatnet ein ettermiddag. Han spurde om nokon hadde kjennskap til kva som var grunnen til dette. Bogevik informerte om at vegen vart stengd fordi den rasa ut. Massane vegen ligg på er svært dårlege.
2 av 8 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 11.02.2015 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær
3 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/15 15/47 Faste saker 002/15 12/100 Bu- og driveplikt i landbruket. Uttale frå Samnanger kommune 003/15 14/945 Søknad om konsesjon for overtaking av GBNR 32/6, Kvitingen 004/15 14/868 Uttale til søknad om løyve til oppdrett av rognkjeks - Lerøy Vest AS 005/15 14/900 Dispensasjonssak. Bruksendring. Gbnr. 34/229. Eikedal 006/15 14/798 Byggesak GBNR 26/153 Haga - Oppdrag for båt 007/15 14/896 Dispensasjon til etablering av minirenseanlegg GBNR 33/92, Høysæter 008/15 14/921 Byggesak GBNR 3/28 -carport
4 av 8 SAKNR. 001/15 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-001/15 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 002/15 BU- OG DRIVEPLIKT I LANDBRUKET. UTTALE FRÅ SAMNANGER KOMMUNE Samnanger kommune meiner at høyringsnotatet ikkje synleggjer godt nok kva konsekvensar ei oppheving av konsesjonslova og buplikta vil få for landbruket generelt og for landbruket i kommunar med små bruk slik situasjonen er i Samnanger. Før det vert fatta endeleg vedtak i saka bør det derfor gjennomførast ei konsekvensutgreiing for oppheving av konsesjonslova og buplikta, og at ein på bakgrunn av denne gjennomfører ei ny høyring. Samnanger kommune kan ikkje ut frå den informasjonen som ligg føre no sjå at det er tilstrekkelege grunnar til å oppheva konsesjonslova og buplikta. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-002/15 VEDTAK: Samnanger kommune meiner at høyringsnotatet ikkje synleggjer godt nok kva konsekvensar ei oppheving av konsesjonslova og buplikta vil få for landbruket generelt og for landbruket i kommunar med små bruk slik situasjonen er i Samnanger. Før det vert fatta endeleg vedtak i saka bør det derfor gjennomførast ei konsekvensutgreiing for oppheving av konsesjonslova og buplikta, og at ein på bakgrunn av denne gjennomfører ei ny høyring. Samnanger kommune kan ikkje ut frå den informasjonen som ligg føre no sjå at det er tilstrekkelege grunnar til å oppheva konsesjonslova og buplikta.
5 av 8 SAKNR. 003/15 SØKNAD OM KONSESJON FOR OVERTAKING AV GBNR 32/6, KVITINGEN Samnanger kommune gjev Leon Espelid konsesjon til å kjøpe gnr 32 bnr 6 i Samnanger I møte informerte rådmannen at den omsøkte eigedomen ved ein feil er kalla bnr nr 2. Framlegg til vedtak vart vedteke mot 1 røyst (Monica Tjønna (Sp)). NAT-003/15 VEDTAK: Samnanger kommune gjev Leon Espelid konsesjon til å kjøpe gnr 32 bnr 6 i Samnanger. SAKNR. 004/15 UTTALE TIL SØKNAD OM LØYVE TIL OPPDRETT AV ROGNKJEKS - LERØY VEST AS Samnanger kommune har ingen merknadar til søknaden frå Lerøy Vest AS om løyve til oppdrett av 30 tonn rognkjeks på lokalitet 12131 Sagen. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-004/15 VEDTAK: Samnanger kommune har ingen merknadar til søknaden frå Lerøy Vest AS om løyve til oppdrett av 30 tonn rognkjeks på lokalitet 12131 Sagen. SAKNR. 005/15 DISPENSASJONSSAK. BRUKSENDRING. GBNR. 34/229. EIKEDAL Med heimel i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon til bruksendring frå bustad til fritidsbustad på gbnr. 34/229. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke
6 av 8 NAT-005/15 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon til bruksendring frå bustad til fritidsbustad på gbnr. 34/229. SAKNR. 006/15 BYGGESAK GBNR 26/153 HAGA - OPPDRAG FOR BÅT Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå planføremåla bustadområde og bruk og vern av sjø og vassdrag, samt bygging nedafor byggegrensa, til etablering av båtoppdrag på Gnr.26, Bnr.153 på Haga. Støypinga må avgrensast til eit minimum for det som er naudsynt for å ta inn båtar. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke NAT-006/15 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå planføremåla bustadområde og bruk og vern av sjø og vassdrag, samt bygging nedafor byggegrensa, til etablering av båtoppdrag på Gnr.26, Bnr.153 på Haga. Støypinga må avgrensast til eit minimum for det som er naudsynt for å ta inn båtar. SAKNR. 007/15 DISPENSASJON TIL ETABLERING AV MINIRENSEANLEGG GBNR 33/92, HØYSÆTER Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til etablering av minirenseanlegg på Gnr.33, Bnr.92 og 1. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke NAT-007/15 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til etablering av minirenseanlegg på Gnr.33, Bnr.92 og 1. SAKNR. 008/15 BYGGESAK GBNR 3/28 -CARPORT
7 av 8 Med heimel i Plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til etablering av carport til hytte på Gnr.3, Bnr.28. Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke NAT-008/15 VEDTAK: Med heimel i Plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til etablering av carport til hytte på Gnr.3, Bnr.28.
8 av 8 8