Hustavla. Der er en lykke i livet som ikke vendes til lede: Det at du gleder en annen, det er den eneste glede.



Like dokumenter
Hustavlen. Det er en lykke i livet som ikke vendes til lede: Det at du gleder en annen det er den eneste glede


ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Vigsling til andre tenester

BOKMÅL (for nynorsk, se side 3-5)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av evangelist

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Vigsel. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Brødsbrytelsen - Nattverden

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

/

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Vigsling av tilsynsmann

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

S.f.faste Joh Familiemesse

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Ei enkel vandring til deg som er med

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp utan at forsamlinga er til stades Dåp av vaksne...

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Ordning for SØRGEGUDSTJENESTE (Gudstjeneste ved katastrofer)

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

KONFIRMANT OG FØRESETTEMØTE. Vår 2018

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Helgatun / Danielsen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

I. samling 1 Førebuing

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica


Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Ordning for hovedgudstjeneste Modum menighet

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg.

Jon Fosse. For seint. Libretto

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Til deg som bur i fosterheim år

Liturgiske byggjeklossar

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunne deg. Kriste eleison, Herre Krist, miskunne deg. Kyrie eleison, Hellig Ånd, miskunne deg.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Informasjon til elevane

Månadsbrev for Rosa september 2014

Gudstjeneste med dåp og nattverd

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Transkript:

Hustavla Hustavletradisjonen i Noreg og Norden er ein del av vår kulturhistorie. Frå midt på 1800- talet og i minst hundre år framover, har hustavler hange på veggen i mange heimar. Somme har vore eit uttrykk for tru, medan andre har vore påminningar om verdiar og levereglar. Nokon har dei framleis. Teksten er gjerne eit bibelsitat, eit utsnitt frå et salmevers eller nokre ord til formaning eller trøyst. «Frykt ikkje», kan det stå, eller «Jesus lever». I hovudoppgåva «Skriften på veggen» skriv Helge Unneland at hustavla har same funksjon som jødane sine behaldarar med skriftord ved dørstolpane og ikonhjørna i kristne ortodokse heimar 1. Dimed kan hustavla ha ei eksistensiell meining. Ei hustavle kan også bestå av visdomsord, ordtak eller små dikt utan religiøs forankring, som Kardemommeloven eller Arnulf Øverland sitt dikt En hustavle frå 1929, om kva som er viktig i livet: Der er en lykke i livet som ikke vendes til lede: Det at du gleder en annen, det er den eneste glede. Der er en sorg i verden som ingen tårer kan lette: Den at det var forsent da du skjønte dette. Ingen kan resten av tiden stå ved en grav og klage. Døgnet har mange timer. Året har mange dage. Hustavla har også vore knytt til husflid. Ho er forseggjort, gjerne handbrodert, kanskje med silketråd, med rød skrift mot kvit botn eller gull mot svart. Materialet kan vera lin, lerret, ull eller stramei, og teknikken prydsøm, plattsøm eller krossting. Somme stunder er orda kransa med blomar eller andre dekorative element. Broderiet er ofte sett i glas og ramme, slik at det fortener si sentrale plassering eller heidersplass på veggen. Kirkelig Ressurssenter knyt an til denne tradisjonen med si hustavle. Ho vart brodert til Ressurssenteret si 15-årsmarkering i desember 2011 og vart lesen under den økumeniske jubileumsgudstenesta i Trefoldighetskirken, med kongen, statsråden og eit breitt samansett 1 Helge Unneland: «Skriften på veggen»: En studie i «hustavlenes» tilkomst, funksjon og folkelige resepsjon. Hovudoppgåve i kunsthistorie 2006, Universitetet i Bergen 1

kyrkjeleg leiarskap, samt engasjerte og rørte menneske til stades. Alle fekk kvart sitt trykte kort med same motiv. Ressurssenteret gjev si hustavle til kyrkjer over heile landet, slik at ho kan hengja godt synleg i våpenhus eller inngangsparti, på kyrkjetorg eller på ein annan eigna stad. Ho signaliserer solidaritet med utsette, og ho vert eit uttrykk for at kyrkjelyden ikkje vil tillata at overgrep skjer. Dessutan minner ho om at Kirkelig Ressurssenter finst og kan vera ein stad å venda seg. Det er mange som trenger å vita at dei ikkje er åleine om overgrepserfaringar, og det er naudsynt å gje støtte. Vi vil prata sant om livet. Vi vil hindra at krenkingar skjer hos oss, og vi vil bidra til oppreising der krenkingar har skjedd. Vi trur at Gud vil vera hos alle som kjempar mot urett og støtta oss i å skapa gode grenser. Gud vil gje nye moglegheiter til å oppleva respektfull omsorg og kjærleik. Nedanfor er eit forslag til ein enkel liturgi rundt hustavla. Han kan nyttast som innleiing eller avslutning på møter, stabssamlingar, med konfirmantar, bibelgrupper eller i andre samanhengar, og han kan nyttast i samband med at hustavla vert hengt opp og får sin synlege og faste plass. Liturgien kan gjerast heilt kort, eller han kan byggjast ut og bli til ei temagudsteneste. Ein kan trykka opp teksten og dela han ut til kvar einskild 2, eller ein kan ta ned biletet og lesa opp teksten. Hustavla kan lesast som ei vedkjenning til inngang eller ved utgang. Forslag til enkel liturgi: Musikk eller salme Inngangsord L: I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgjevaren. Hustavla vert lesen (her eller til utgang) Vert eit menneske krenkt vert Gud krenkt 2 Små kort kan også kjøpes fra Kirkelig Ressurssenter Ingen skal bære åleine Vi vil støtte Vi vil tru på Vi vil skape trygge rom Kyrkjene står saman mot vald og seksuelle overgrep 2

L: Det er gjort i stand eit rom for oss. Her kan vi vera med vår glede og vår smerte, med vår tru og vår lengsle. (Stille.) A: Til deg, Gud, kjem vi med alt vi ber på og legg det frå oss hos deg: Kyrie Lokalt val eller «Kvar var du då stormen raste» frå Beate Lech sin CD Min song og hjarteskatt, Kirkelig Kulturverksted 2011 L: Jesus seier: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Salme (forslag nedanfor) Bibeltekst (forslag nedanfor) Ei kort betraktning (noko frå introduksjonen og/eller noko anna aktuelt om overgrep/kyrkje) Eventuelt musikk/salme Bøn og lystenning (i lysglobe eller på annan måte) L: La oss be og tenna lys for noko eller nokon vi tenkjer på, og for den verda vi lev i. Lysa vert tent til musikk. L: Gud, vend deg til oss når vi nærmar oss deg, og sjå det synlege og usynlege vi ber på. Her er våre lys og våre bøner. Ta imot det som skapar sorg og sakn i liva våre. Ta imot det vi håpar på og det vi fryktar. Du som er lys for verda, ta imot våre lys. Eller ei fleirledda bøn. Mellom bøneledda kan ein syngja vers frå ei salme (sjå forslag). L: Saman ber vi den bøna Jesus har lært oss: A: Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, 3

og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen. Salme Velsigninga L: Ta imot velsigninga. Den Gud som famnar oss med kjærleik, omsorg og respekt, den Gud som høyrer og ser, og som ber oss, den Gud signe oss nå og til evig tid. Amen. Eller Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! Amen. Utgang: Hustavla vert lesen (her eller til inngang) Vert eit menneske krenkt vert Gud krenkt Ingen skal bære åleine Vi vil støtte Vi vil tru på Vi vil skape trygge rom Kyrkjene står saman mot vald og seksuelle overgrep Musikk 4

Tekstforslag: 1 Mos 32,21-30: Jakobs kamp Sal 31,15-25: Men eg set mi lit til deg, Herre Sal 43: Send ditt lys og di sanning Jes 42,5-9: Eg, Herren, har kalla deg i rettferd Jes 58,5-8: Nei, dette er fasta eg har valt Matt 5,1-10: Sæle er dei Matt 15,21-28: Den kanaaneiske kvinna Luk 4,16-21: Og ropa ut eit nådeår frå Herren Salmeforslag: Vær sterk min sjel (Svein Ellingsen 1971) Deg å få skode (Irsk tekst frå 700-tallet. Norsk omsetjing: Arve Brunvoll 1978.) Noen må våke (Svein Ellingsen 1975) Jesus från Nasaret går här fram (Anders Frostenson 1935) Vi rekker våre hender frem (Svein Ellingsen 1975) O Herre, i dine hender (Viola Renvall 1933. Norsk omsetjing: Svein Ellingsen 1989.) Ubi caritas (Med melodi frå Taizé.) Håpstango (Fredrico J. Pagura. Norsk omsetjing: Holger Lissner/Estrid Hessellund.) 5