VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA BRUKARRETTLEIING FOR KOPLING AV RUTER EG400 Gateway
2
TUSSAFIBER MONTERINGSRETTLEIING FOR INTERNETT, TELEFONI OG DIGITAL-TV Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang med internett, telefoni og digital-tv. Vi tilrår at du les gjennom heftet før du startar, og at du følgjer instruksjonane nøye. Får du problem kan du bruke sjekklista på side 14 for å finne ei løysing. Dersom du framleis står fast, kan du kontakte kundesenteret for å få hjelp. Fibermodemet 4 Ruter 5 Koplingsskisse 7 Kopling av internett, digital-tv og telefoni 8,9 Aktivere trådlaust nettverk 10 Aktivere internettilkopling 11 Kundeservice 13 Sjekkliste ved problem 14
TUSSAFIBER FIBERMODEMET Ein montør kjem og koplar opp fibermodemet hos deg. Det vert først montert ei utvendig veggboks. Frå den vert det trekt ein fiberkabel på inntil 12 meter inn til fibermodemet. Etter at fibermodemet er ferdig montert inne i huset, er det du sjølv som er ansvarleg for kabling internt i huset. Den monteringsvande kan kable og setje opp koplingspunkta sjølv. Treng du hjelp kan du hente inn tilbod frå godkjend installatør til jobben. Kontakt ansvarleg representant på anleggstaden eller avtal direkte med det firmaet du ønskjer å nytte. Viktig! Utstyret er ømfintleg for overspenning. Tussa tilrår difor at utstyret vert kopla til overspenningsvern. Sjå ikkje inn i fiberkabelen, dette kan skade augene. Fibermodemet DZS GPON 2301 a a) Fiberkabel b) Nettverkstilkopling (LAN) c) PWR - Straumtilkopling d) Power on/off b c d Lampeoversikt for fibermodem POWER - Skal lyse fast grønt. GPON - Skal lyse fast grønt. LOS - Skal ikkje lyse. Lyser denne indikerer det eit problem, eller at fiberen ikkje er tilkopla. Ta kontakt med oss om denne lyser. LAN - Skal lyse fast grønt når ruter er tilkopla. 4
RUTER Denne kan du enkelt kople sjølv. Opne pakken du har motteke og sjå etter at du har fått alt utstyret du ser på biletet nedanfor. Dersom du ser at noko manglar kan du kontakte Tussa sitt kundesenter, som vil sende deg det du saknar. Ruter EG400 Gateway Telefonkabel Nettverkskabel Nettverkskabel Straumforsyning Merk deg følgjande: Internett-abonnementet ditt må vere aktivt før telefonnummeret ditt blir flytta. Du får melding om kva dato dette skjer. Du må ha eit nettverkskort i PC-en din for å bruke internett. Har du bestilt digital-tv vert Get-boks sendt separat. 5
Lampar og knappar (trykk-panel) på toppen av ruteren 1. Status-indikator. Skal lyse fast grønt. 2. Broadband (WAN). Skal lyse fast grønt. 3. Internet-indikator (jordklode). Skal lyse fast grønt. 4. WiFi (knapp). Lyser blått når trådlaus funksjon er på. Du kan skru av WiFi ved å trykke på knappen. 5. Ethernet (LAN 1-4). Lyser grønt dersom noko er kopla til LAN-portane, t.d. Get boks eller PC. 6. WPS (knapp) for enkel WiFi-tilkopling av einingar (mobil/nettbrett/pc) med WPS-funksjon. 7. TEL1/TEL2. Lyser fast grønt dersom telefoni er kopla til via nettverkskabel. 8. DECT (knapp). Trykk ned for tilkopling/registrering av trådlause telefonar. 9. Extener, ikkje i bruk. 6
TUSSAFIBER KOPLINGSSKISSE Følg skissa under og dei nummererte punkta på neste side så unngår du problem under monteringa. Ruter Fibermodem 1 2 3 5 4 Sjå forklaring neste side. 7
KOPLING AV INTERNETT 1 Kopl til nettverkskabelen med raude pluggar frå uttaket merkt LAN på fibermodemet til uttaket merkt WAN på ruteren. Fibermodem Ruter 2 Kople straumforsyninga til ruteren, og sett stikkontakten i veggen. Skru på on/off-knappen. Ruteren er klar til bruk når status-indikatoren lyser grønt. Sjå oversikt over lampestatus på side 6. 3 Om du ikkje ønskjer trådlaust samband mellom PC og ruter skal du kople til nettverkskabelen med gule pluggar mellom ein av dei ledige uttaka merkt LAN 1-4 på ruteren og PC-en din. Sjå koplingsskisse side 7. Det er valfritt kva LAN-uttak du nyttar til PC. Treng du ekstra nettverkskabel kan du kjøpe det i butikk som sel tele- og dataprodukt. Bruk ein Cat 5.e-, Cat 6- eller Cat 7-kabel. 8
KOPLING AV TELEFONI 4 Dersom du har bestilt breibandstelefoni skal du kople telefonkabelen (grøne pluggar) i kontakten merkt TEL 1 på ruteren og LAN-port på telefonen din. Sjå koplingsskisse side 7. Eller du kan bruke DECT-knappen (dersom telefonen har støtte for DECT) for trådlaus tilkopling. Ref. oversikt over lampar og knappar på ruteren side 6. KOPLING AV DIGITAL-TV 5 Dersom du har bestilt digital-tv skal du kople til nettverkskabelen med gule pluggar mellom ein av dei ledige uttaka merkt LAN 1-4 på ruteren og til uttak merkt med Ethernet på Get-boksen. Sjå biletet under eller koplingsskisse side 7. Det er valfritt kva LAN-uttak du nyttar til Get-boks eller PC. Treng du ekstra nettverkskabel kan du kjøpe det i butikk som sel tele- og dataprodukt. Bruk ein Cat 5.e-, Cat 6- eller Cat 7-kabel. Ruter Get box Mikro Get-boks får du tilsendt separat. Rettleiing for kopling av digital-tv ligg ved Get-boksen. 9
TUSSAFIBER AKTIVERE TRÅDLAUST NETTVERK Ruteren har trådlaus funksjonalitet slått på som standard. Du kan kople einingar (pc, mobil, nettbrett osv.) til det trådlause nettet ved å følgje denne rettleiinga 1 Opne oversikta over trådlause nettverk på PC/mobil/nettbrett og prøv å kople til det trådlause nettverket ditt. Namnet til nettverket står under ruteren på lappen merkt Network Name. Noter namnet på det trådlause nettverket ditt her: T u s s a - 2 Det trådlause nettverket er sikra med såkalla WPA-kryptering. For å kople deg til må du difor leggje inn eit passord på alle einingar som skal nytte det trådlause nett verket. Du finn passordet (WiFi-key) på undersida av ruteren. 2 Her kan du notere nettverkskoden-koden din: PC, mobil, nettbrett osb. skal no vere klar med trådlaust samband. (Hugs å aktivere trådlaus-knappen på PC-en din). 10
AKTIVERE INTERNETTILKOPLING Du blir automatisk vist til aktiveringssida, https://portal.tussa.com/netlogin, når du opnar nettlesaren og går til ei nettside t.d. www.vg.no. Det gjeld både via kabel og trådlaust. Logg inn med kundenummeret ditt hos Tussa og PIN-kode. Dersom du legg inn rett informasjon er du ferdig aktivert. Det kan ta opptil 15 minutt før internett er klart til bruk. Dette er fordi fibermodemet må ta ein omstart. NB! Ikkje slå av straumen før du har fått aktivert internettilkoplinga. Dersom du manglar kundenummer og/eller PIN-kode, trykk på Manglar påloggingsinformasjon og følg instruks for å få informasjonen tilsendt. Gå deretter til aktiveringssida igjen og utfør aktiveringa som forklart over. 11
12
TUSSAFIBER KUNDESERVICE Erfarne medarbeidarar på Tussa Kundesenter er klare til å hjelpe deg dersom du får problem. Vi gjer merksam på at kundesenteret ikkje har høve til å yte kundestøtte for tenester som ikkje er leverte av Tussa. Dette gjeld t.d. trådlause ruterar, PC-ar og programvare (til dømes antivirus), brannmurar m.m. frå andre leverandørar. Dersom du treng hjelp til denne type ting, kan du kontakte leverandøren av utstyret, tenesta eller programvara direkte. Vi har dyktige medarbeidarar som kan hjelpe deg med dei fleste spørsmål knytt til Tussa og Tussafiber. Dersom det er spesielle tekniske årsaker til at du har problem, er det ikkje sikkert at kundesenteret kan løyse saka di på staden. I slike tilfelle blir saka di sendt vidare til Tussa si eiga teknikargruppe. ORD OG UTTRYKK Ruter: utstyr som overfører signal frå datamaskina til heimesentral. Fibermodem: omformar lyssignal frå fiberen til datasignal Ethernet: eit namn på den dominerande teknologien for lokale datanettverk. Dei vanlegaste hastigheitene er 10, 100 og 1000 Mbit/sekund (sjå LAN). LAN - Local Area Network: eit lokalt kommunikasjonsnettverk med printerar, datamaskiner, fil-serverar osb. WLAN - Wireless LAN (trådlaust nettverk) Nettverkskort: ei eining i datamaskina som gjer at ho kan kommunisere med ruter og andre datamaskiner. Kan også vere kopla til utvendig på maskina. RJ-45: namnet på pluggen som sit på nettverkskablar (større enn ein telefonplugg). IP-adresse: den unike elektroniske adressa til ei datamaskin som er kopla til internett. 13
TUSSAFIBER SJEKKLISTE VED PROBLEM Dersom du har problem med å få internett eller telefoni til å fungere, set vi pris på om du sjølv sjekkar desse punkta før du kontaktar kundeservice. 1. SLÅ AV OG PÅ RUTEREN, FIBERMODEMET OG PC-EN Slå av og på ruteren slik at han kan prøve å kople seg til fibermodemet og PC-en igjen. Slå av og på PC-en slik at han under omstarten eventuelt kan oppdage ruteren som er kopla til han. 2. KONTROLLER LAMPANE PÅ RUTEREN På ruteren din er det fleire lampar på toppen som signaliserer om ruteren har kontakt med mellom anna heimesentral og PC. Ved å sjå kva for lampar som lyser, kan du finne ut kvar feilen ev. ligg. Dei viktigaste er desse (komplett oversikt finn du på side 7): Lampeoversikt over ruter EG400 Gateway Status-indikator. Skal lyse fast grønt. Broadband (WAN). Skal lyse fast grønt. Internet-indikator (jordklode). Skal lyse fast grønt. WiFi (touch-knapp). Lyser blått når trådlaus funksjon er på. Ethernet (LAN 1-4). Lyser grønt dersom noko er kopla til LAN-portane, t.d. Get boks og/eller PC. TEL1/TEL2. Lyser fast grønt dersom telefoni er kopla til via nettverkskabel. 3. KOPLE PC-EN DIREKTE TIL RUTEREN Dersom du har ein trådlaus ruter eller andre typar utstyr mellom ruter og PC-en, fjernar du dette. Så koplar du PC-en direkte til ruteren sin LAN- eller Internet-utgang med ein nettverkskabel og ser om du får kontakt. Dersom du no får tilgang til internett, er det truleg feil i innstillingane i utstyret som var kopla mellom PC-en og ruteren. 4. KONTROLLER NETTVERKSINNSTILLINGANE PÅ PC-EN På neste side finn du nettverksinnstillingane du skal bruke i ulike Windows-versjonar. Kontrollér at innstillingane på maskina di stemmer overeins med det som står der. 14
PC MED WINDOWS 7 - Klikk på Start (Windows-logo nede til venstre). - Klikk deretter på Kontrollpanel - Klikk på Nettverk og Internett i ruta som kjem opp. - Klikk deretter på Nettverks- og delingssenter (Viss du har endra visinga til å bli sortert som ikon, går du direkte på Nettverks- og delingssenter ). - Klikk så på Endre innstillinger for nettverkskort i margen til høgre. - Høgreklikk på ikonet for Lokal tilkobling og vel Egenskaper i menyen. - Her vel du Internet Protocol version 4 i lista og trykkjer på Egenskaper - Vel Motta IP-adresse automatisk og Motta DNS-serveradresse automatisk. - Klikk på OK og steng alle opne vindauge. Du skal no kunne kople deg til Internett. PC MED WINDOWS 8/10 - Trykk på Windows-tasten på tastaturet for å bringe opp tiles-menyen i Windows 8 - Skriv inn ordet kontrollpanel og trykk enter - Trykk på ikonet Nettverk og Internett - Trykk på ikonet Nettverks- og delingssenter - Trykk på menyvalet Endre innstillinger for nettverkskort i menyen til venstre - Høgreklikk på ikonet for Lokal tilkobling og vel Egenskaper i menyen - Her vel du Internet Protocol version 4 i lista og trykkjer på Egenskaper - Vel Motta IP-adresse automatisk og Motta DNS-serveradresse automatisk - Klikk på OK og steng alle opne vindauge. Du skal no kunne kople deg til Internett. MAC/OSX - Klikk på Apple/Eple-ikonet i menylinja (øvst til venstre) - Vel Systemvalg i menyen - Klikk på Nettverk - Klikk på nettverkskortet i menyen til venstre - Sjekk at valet Konfigurer IPv4 er sett til Med DHCP - Klikk Bruk nede til høgre i vindauget - Lukk vindauget 5. DIGITAL-TV Dersom du etter oppkopling av digital-tv manglar ein eller fleire kanalar som du har abonnement på, får du automatisk oppdatering på boksen din ved å sende ein SMS med kodeord TV og SIM-kortnummer til 02123. SIM-kortnr. finn du på kortet som ligg i eska til Get-boksen din. Døme på melding vil vere: TV 000008632309 send til 02123 15
TUSSAFIBER ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON? Ring kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00, eller send ein e-post til fiber@tussa.no. tussa.no