INNBYDING til NORGESMEISTERSKAP i SKIFELTSKYTING 12. og 13. April 2013
Hornindal skyttarlag vart stifta i 1881, og Markane skyttarlag året før, i 1880. Det har dei siste 3-4 åra vore ein prosess i gong med det formål å slå saman dei to laga. NM Skifelt vert difor marknadsført under eit samla lag, Hornindal og Markane skyttarlag. Det nye laget vil ha rundt 200 medlemmar, og på anleggssida har ein ei flott, moderne miniatyrbane på Ytrehorn og 100/200 m. bane med elektroniske skiver på Sindre. Utanom LS og NC-stemner er Olsok-stemnet som vi arrangerer, det mest ettertrakta skytearrangementet på Nord-vestlandet. Dei to skyttarlaga har tidlegare arrangert NM Skifelt til saman 5 gongar; 1966, 1980, 1990 (på Ullsheim i Markane), 2000, 2007. Andre skifeltarrangement som må nemnast, er landskampen Norge-Sverige i 1998, samt fire NC-finaler. To utøvarar frå arrangørlaget som har gjort det særs godt i NM Skifelt dei seinare åra, er Roger Lillestøl med sine fire kongepokalar, og Jarle Tvinnereim, æresmedlem i Markane Skyttarlag, med to kongepokalar. Hornindal og Markane skyttarlag har med dette gleda av å ynskje velkomen til den 56. norske meisterskapen i skifeltskyting! Arrangørstaden Med sine godt 1200 innbyggarar er Hornindal ei svært hyggeleg kommune å bu i. Godt utbygd servicetilbod med tenester som dekkjer dei fleste behov. Hornindal er ei landbruks- og industrikommune med ca. 30% sysselsette i kvar av sektorane. Møbelkonsernet Ekornes er etablert i kommunen med ca. 100 arbeidsplassar. Det er óg fleire mindre møbel- og kunsthandverksprodusentar i kommunen. Nemnast må GRS riflestocks, scandinavias største skjefte produsent, leverer skjefter til jakt, konkurranse og langholds skyting til alle kontinenter. GRS en merkevare levert at Grodås Mønsterteknologi AS. Eit landemerke i Hornindal er Hornindalsvatnet som er Europas djupaste innsjø. Sjøormen i Hornindalsvatnet heiter «Horny» og vart sist observert i 2012. Kommunen har ein allsidig natur frå høgfjell til alle dei idylliske setredalane med mange godt vedlikehaldne setrehus. Hornindal er rekna som ein god kulturkommune, kjent for sin folkemusikk og Anders Svor-museumet. Idrettsmiljøet er aktivt og allsidig, med fleire godt utbygde anlegg. Knausen hyttegrend NM Arena Parker ing Innsky ting Fv60 Stranda/Ålesund Rennkontor (Smia) Raftevolds Hotel Huset vårt Fv60 Stryn
Innkvartering Raftevolds Hotel i Grodås sentrum vert NM-hotell. Rennkontor og informasjon i samband med meisterskapen vert i kommunehuset «Smia», og på arena. Laurdagskvelden vert det bankett på Raftevolds Hotel med premieutdeling. Hotellet gjev gode overnattingstilbod til deltakarar og andre. Elles er Huset Vårt og Knausen hyttegrend gode alternativ i Hornindal. Ber om at ein tinger rom tidleg då det er sammenfallande arrangement med Vårsleppen. Raftevolds Hotel tlf.: 57 87 96 05 Pris fredag - søndag inkl. frokost kr. 495 pr.pers i dobbelrom, tillegg for enkeltrom kr 250,- Dobbelrom kr 990,- (døgnprisar). Pris bankett, med to-rettars middag kr 325,- Knausen hyttegrend tlf.: 57 87 96 12 Huset Vårt (Hornindal) tlf.: 57 87 94 82 Grodås camping tlf: 918 14 092 Transport: Parkering: Praktiske opplysningar Ved trong for transport gje beskjed ved påmelding. Parkeringsavgift ved arena. Innskyting: Innskyting fredag og laurdag ved arena. Innskytingsavstand 100/50 m. Konkurransereglar: Konkurransereglar i samsvar med regelverk for skifeltskyting, unnateke at klassane aspirant og rekrutt skyt på 50 m (tilpassa feltfigurar).. Det vert ukjende avstandar på 4 hold for normalprogram (kun pappfigurar), og 1 hold kjend avstand (sjølvanvisar). Det vert såleis ikkje høve å besiktige løyper før konkurransen. Kun klassisk stilart begge dagar. På sprinten vert det brukt sjølvanvisar og 200 m strafferunde på grovfelten for alle klassar. Finfelt kl. E.rek. Jr og V65 skyt på pappfigurar 100m. Alle grovfeltklassar unnateke kvinner/skytterklasse skal bære våpen med seg i løypa. Alle finfeltklassar har våpenet liggande på standplass. NB! Aspirant er ikkje meisterskapsklasse. Påmelding sendast til: Påmeldingsavgift: NM Skifeltskyting 2013, v/jan Bakke, Flore, 6783 Stryn Innan 1. april. Påmelding kan og sendast på e-post: markane@skytterlag.no Senior kr. 300,- per distanse, inkl kr. 50 til DFS. Eldre junior kr. 250,- per distanse, inkl. kr. 50 til DFS. Asp/R/ER/J: kr. 150,- per distanse, inkl. kr. 25 til DFS. Innbetalast i lag med påmelding til bankkonto: 3820.20.04285, eller ved frammøte. Gåvepremiar: Kontaktperson: Vi vonar at lag og samlag vil gje gåvepremie til meisterskapen. Vi ønskjer primært pengegåver slik at vi kan kjøpe inn gåvepremiar. Paul A. Hatledal, mob: 900 35 489, e-post: paul.hatledal@c2i.net Web og e-post adresse: http://markane.skytterlag.no/ E-post: markane@skytterlag.no
Program for meisterskapen Fredag 12. april 12:00-21:00 Rennkontor ope 12:00-15:00 rennkontor Smia (kommunehuset) 15:00-19:00 rennkontor på arena (varmestova) 19:00-21:00 rennkontor Smia 12:00 16:00 Innskyting 100m Kattuglehogen (ved arena) 14:00 16:00 Innskyting 50m ved Skiskyttar standplass (arena) 15:00 Lagleiar- og deltakarmøte sprint i varmestova på arena 16:30 Offisiell opning av meisterskapen 17:00 Start NM-skifeltsprint Premieutdeling kl Asp, R, ER, J Blomstersermoni 20:00 Lagleiar- og deltakarmøte normalprogram i Smia (kommunehuset) Laurdag 13. april 09:00 16:00 Rennkontor på arena (varmestova) 08:00 10:30 Innskyting 100m Kattuglehogen (ved arena) 09:00 10:30 Innskyting 50m ved Skiskyttar standplass (arena) 10:30 Flaggheising på arena 11:00 Start NM-skifelt normalprogram pulje 1 Klassar: Kvinner, Skyttarklasse, AG3/HK, V65, Asp, R, ER, J 13:00 Premieutdeling kl. Asp, R, ER, J 13:30 Start NM Skifelt normalprogram pulje 2 Klassar: V55, Eldre Junior, Senior A+B Blomstersermoni 19:30 Premieutdeling på Best Western Raftevolds Hotel 20:00 Bankett på Best Western Raftevolds Hotel open for alle! To-rettars middag, kr. 325,- pr.pers. Påmelding direkte til hotellet, eller seinast på løparmøte fredag. Betaling skjer direkte til hotellet. Søndag 14. april Reservedag
Klassar og Konkurranseprogram Sprint Finfelt Klasse Alder Skyting Løype Tillegg Aspirant -17 år 2x6 skudd 2 km 30 sek R 11-13 år 2x6 skudd 2 km 30 sek ER 14-15 år 2x6 skudd 3 km 30 sek J 16-17 år 2x6 skudd 3 km 30 sek V65 65år - 2x6 skudd 3 km 30 sek Grovfelt Klasse Alder Skyting Løype Tillegg Skytterklasse 18 år - 2x6 skudd 3 km Strafferunde AG3/HK kl 1-20år 2x6 skudd 5 km Strafferunde AG3/HK kl 2 21-54 år 2x6 skudd 5 km Strafferunde AG3/HK kl 3 55 år - 2x6 skudd 5 km Strafferunde V55 55-64 år 2x6 skudd 5 km Strafferunde Eldre Junior 18-20 år 2x6 skudd 5 km Strafferunde Senior B 21-54 år 2x6 skudd 5 km Strafferunde Senior A 21-54 år 2x6 skudd 5 km Strafferunde Startintervall 1 minutt. Startar med:skyttarklasse, V65, Junior, Aspirant, Rekrutt og Eldre rekrutt ------ Senior kvinner, V55, Eldre junior, Senior A og Senior B
1 runde = 1 km, løparane skyt på same Normal figurnummer som startnummer. Finfelt Klasse Alder Skyting Løype Tillegg Aspirant -17 år 2x6 skudd 2 km 1 min. R 11-13 år 2x6 skudd 2 km 1 min. ER 14-15 år 3x6 skudd 3 km 1 min. J 16-17 år 3x6 skudd 4 km 1 min. V65 65år - 3x6 skudd 4 km 1 min. Grovfelt Klasse Alder Skyting Løype Tillegg Skytterklasse 18 år - 3x6 skudd 4km 3 min AG3/HK kl 1-20år 5x6 skudd 12 km 3 min AG3/HK kl 2 21-54 år 5x6 skudd 12 km 3 min AG3/HK kl 3 55 år - 3x6 skudd 8 km 3 min V55 55-64 år 3x6 skudd 8 km 3 min Eldre Junior 18-20 år 5x6 skudd 12 km 3 min Senior B 21-54 år 5x6 skudd 12 km 3 min Senior A 21-54 år 5x6 skudd 12 km 3 min Kvinner Klasse Alder Skyting Løype Tillegg Skytterklasse 18 år - 3x6 skudd 4km 3 min AG3/HK kl 1-20år 3x6 skudd 8 km 3 min AG3/HK kl 2 21-54 år 3x6 skudd 8 km 3 min AG3/HK kl 3 55 år - 3x6 skudd 8 km 3 min V55 55-64 år 3x6 skudd 8 km 3 min Eldre Junior 18-20 år 3x6 skudd 8 km 3 min Senior B 21-54 år 3x6 skudd 8 km 3 min Senior A 21-54 år 3x6 skudd 8 km 3 min Startintervall 1 minutt. Pulje 1 : Skyttarklasse, kvinner, AG3/HK, V65, Aspirant, Rekrutt, ER og Junior. Pulje 2: V55, Eldre Junior, Senior A og Senior B Figurane på normalprogrammet vert oppslegne på arena før start. Avstandane på hold A,B,C,D,F er på ukjent avstand. Hold E er på sjølvanvisar, oppgjeven avstand. Løparane er sjølv ansvarleg for å skyte på dei hold som er oppgjevne for sin klasse og i rett rekkefølgje. Det er ikkje tillatt å besiktige løyper og standplass før siste deltakar har starta.
NORGESMEISTERSKAP i SKIFELTSKYTING 2013 PÅMELDING FRÅ HV-avd. / Skyttarlag v/ Tlf.nr.: SAMLAG: NAMN Skyttar-ID KLASSE FØDT AVGIFT Fredag Laurdag ÅR Skifelt Sprint Påmelding: + Gåvepremie: SUM Innbetalt : Sum for påmeldingsavgift og eventuelt gåvepremie overførast til bankkonto nr. 3820.20.04285, eller ved frammøte. Påmeldingsadresse: NM Skifeltskyting 2013 v/jan Bakke, Flore, 6783 Stryn Eller epost: markane@skytterlag.no Påmeldingsskjema ligg også på heimesida http://markane.skytterlag.no/ Påmeldingsfrist: Påmeldinga må vere sendt seinast 1. april 2013 NB! Hugs å melde dykk på bankett direkte til hotellet, 5787 9605. Ved behov for transport kontakt Paul A. Hatledal, mob: 900 35 489.