LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)



Like dokumenter
STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Vedteken , sist endra )

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Framlegg til endring av lova

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter for Fusa Kraftlag

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

for NORDTVEIT VASSVERK SA

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Vedtekter for Revisjon

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold

SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

3 Det målpolitiske grunnlaget tufta vert slege fast gjennom særskilt vedtak på landsmøtet.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE

Reglement for Kvam kontrollutval

a) Ungdom mot EU skal samla ungdom og studentar til kamp mot norsk EUmedlemskap, driva folkeopplysing om EU og kjempa mot snikinnmelding i EU.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Vedtekter. for Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA. ajourført med endringar til og med generalforsamling

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna

VEDTEKT av februar 2007

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

Lover for 4H Norge. Vedtatt på landsmøtet juli 2016

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Framlegg til endring av lova

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Vedtekter for Vestland SV

Fortid & notid for framtid

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

Rødts landsmøte. Hjelpedokument fra vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Reglement for formannskapet

NYNORSK MAL FOR: Forholdet til kommunelov og vallov. Verkeområde. 1 Forholdet til kommunelova. 2 Forholdet til vallova.

Selskapsavtale for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Lover for Norges Bondelag 2014

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Transkript:

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) 1 LAGSFØREMÅLET Laget vil samla norsklyndt bondeungdom til samvære på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden vern og hjelp. Laget vi auka vyrdnaden for bonden og bondeyrket og arbeida for atterreising av det norske folkemålet, for edruskap og for nasjonalt sjølvstende i alle leier. 2 LAGSVERKSEMDA Lagsmøte (1), samkomer elles og anna verksemd tek styret (2) seg av. Laget held møte helst to gonger i månaden. I møteverksemda skal det vera godt rom for emne innan kultur- og samfunnsliv, leik og folkedans. Laget kan ha særlag (3) for lagsfolk (4). Særlagslovene skal godkjennast av laget etter tilråding frå styret. Rusmiddel må ikkje nytast der laget eller særlaga samlast. L = Lagslova S = Styringsføresegna (1) S 2, 22 og 23 flg. (2) L 4, 5, 6. (3) S 3, 18, 19, 21 (4) L 3. 3 LAGSFOLK Den som vil fremja føremålet (1) med laget kan verta medlem (2), og kan røysta (3) og veljast (4) frå tre månader etter at styret har godkjent innmeldinga (5). Før fylte 14 år er likevel ingen røyste- eller valfør. Årspengane skal medlemene gjera opp slik styret fastset, elles kan dei ikkje røysta eller veljast. Medlemer som har gjort ein særleg innsats for laget, kan etter samrøystes framlegg frå styret utnemnast til heiderslagsfolk. Styret grunngjev framlegg munnleg for laget, som tek avgjerda med røysting over kvart einskilt framlegg utan ordskifte. Medlem som motarbeider lagsføremålet (6), eller som trass i åtvaring ikkje vil retta seg etter lova og føresegnene, kan styret med fem røyster stengja ute frå laget. Medlemen kan klaga vedtaket inn for laget, og kan i klaga krevja at saka skal avgjerast av ei nemnd vald av laget. I særlag som ikkje har medlemer over 14 år, kan føresette som stør føremålet år Bondeungdomslaget og som har born i laget, veljast til ombod utan å vera medlem i Bondeungdomslaget. (1) L 1 (2) S 1 (3) og (4) L 12, S 25, 26, 27. Særlege unnatak frå å vera røyste- og/eller valfør, sjå S 8, 10 siste leden, S 20 siste leden, S 25 siste leden, sjå òg regelen i S 7. (5) S 1 (6) L 1. 1

4 STYRET, SAMANSETJING OG VAL Styret er lagsleiaren og fire styremedlemer med tre varamedlemer valde av årsmøtet (1). Lagsleiaren vert vald særskilt (2) for eitt år. Nestleiaren vert vald særskilt (3) mellom styremedlemene for eitt år. Til styremedlemer vert det kvart år valt ei kvinne og ein kar for to år (4). Til varamedlemer i rekkjefølgje vert det kvart år valt tre for eitt år (5), av dei skal det vera ei kvinne og ein kar. (1) L 11 (2) og (3) L 12, 4 leden (4) og (5) L 12, 2. leden. 5 STYREOPPGÅVER Styret står føre lagsarbeidet og gjer dei vedtaka som ikkje lova legg til eit lagsmøte (1) eller årsmøtet (2). Styret tilset i samråd med rådet tenestefolk og fastset vilkåra. Styret kan gjeva tilsette fullmakt til å binda laget i det daglege arbeidet deira, likevel ikkje i saker som går under 10. Innsende framlegg (3) frå lagsfolk til vedtak (4) i laget, skal styret gjeva tilråding om. Styret har innsynsrett i særlaga (5) og i dei økonomiske tiltaka laget driv. Styret set i verk alle vedtak. Laget vert bunde med underskrift av lagsleiaren og ein annan styremedlem saman. Lagsleiaren målber laget utetter. (1) L 10 jf. 2 og S 2 (2) L 11 (3) S 22 (4) L 10, 11, jf. 12, 1. leden og S 29 (5) L 2, 3. leden, S 3, 18, 21. 6 STYREMØTE OG VEDTAK Lagsleiaren kallar inn til styremøte (1) så ofte det trengst. Når ein styremedlem krev det, skal møte haldast. Medlemene av styret har skyldnad til å møta når dei ikkje har forfall, og til å røysta for eller imot når dei ikkje er ugilde. Det skal gå fram av møteboka korleis den einskilde har røysta. Styret er vedtaksført og gjer vedtak med vanleg fleirtal når minst tre styremedlemer møter og er røysteføre, dersom ikkje anna følgjer av lova (2). Står røystene likt, er røysta til lagsleiaren avgjerande, men i personval og tilsetjing skal det vera lutdraging. (1) Jf S 6 (2) L 3, 3. og 4. leden. 7 RÅDET, SAMANSETJING OG OPPGÅVER Rådet har 8 medlemer med 2 varamedlemer valde av årsmøtet. Kvart år vert det valt 4 medlemer for to år og 2 varamedlemer for eitt år. Går ein vald medlem ut av ombodet før tenestetida er omme, skal det haldast utfyllingsval i rådsvalet. Årsmøtet vel ein ordførar for rådet, mellom dei 8 medlemene, for eitt år. Medlemene i rådet kan ikkje samstundes sitja i lagsstyret (som medlem eller varamedlem) eller i styret for selskap som nemnd i 8, 5. leden. (1) L 11 nr. 9. (2) L 12, 2. og 3. leden og S 11 (3) L 12, 4. leden, S 7 og 8 (4) S 11, 4. leden. 8 RÅDSOPPGÅVER 2

Rådet skal ha overordna tilsyn med økonomien i laget, og i økonomiske tiltak laget eig eller er med i. Det skal gje råd til styret i saker som har monaleg økonomisk omfang og som styret legg fram for dei eller som rådet meiner er så viktige at rådet tek dei opp av eige tiltak. Rådet skal gje tilråding om rammene for lagsbudsjettet og i saker etter 10. Rådet fastset etter framlegg frå styret, og i god tid før årsskiftet, rammene for eit mellombels budsjett for lagsdrifta. Rådet skal nemna opp ettersynsfolk for lagsdrifta. Rådet saman med styret, skal gjera teneste som årsmøte for selskap som laget eig. Innkalling og sakliste skal sendast ut minst to veker før møtet. Dette organet er vedtaksført når minst 9 medlemer er til stades. Vedtak som gjeld pantsetjing, avhending eller bortleige for 10 år eller meir av fast eigedom treng to tredelar fleirtal. Vedtak om avhending eller bortleige for 10 år eller meir av Rosenkrantz gate 8 (heile eller delar) må godkjennast av eit årsmøte i laget. Det same gjeld for endring av vedtektene for selskap som laget eig, når endringa gjeld føremål, styringsmål eller alkoholservering. (1) og (2) S 17, 18 (3) Jf 1, 11 nr. 4, S 20 (4) L 11 nr. 7, S 17 (5) L 11 nr. 3, S 18 jf. 19 (6) S 17 jf. L 11 nr. 7 (7) S 19 (8) S 20 (9) L 3. 9 RÅDSMØTE OG VEDTAK Rådsordføraren kallar inn til møte så ofte det trengst. Når styret eller 3 rådsmedlemer krev det, skal møte haldast. Medlemene har skyldnad til å møta når dei ikkje har forfall, og til å røysta for eller imot når dei ikkje er ugilde. Rådet er vedtaksført når minst tre firedelar av rådsmedlemene møter og er røysteføre. Rådet gjer vedtak med vanleg fleirtal, dersom ikkje anna følgjer av lova. Lagsleiaren har rett til å vera til stades på møta i rådet. (1) L 7, 3. leden (2) jf. for lagsmøte S 26 (3) Minst 18 rådsmedlemer (4) Minst 10 røyster av dei 18 (5) L 7, 3. leden jf. 12, 4. leden. 10 EIGEDOM, LÅN OG ANNA Laget kan med to tredalar fleirtal vedtaka: 1. å bruka pengar eller binda laget til økonomiske skyldnader utanfor budsjettet (1) 2. å taka eller yta lån 3. å gjeva trygd med eller utan pant eller mot pant 4. å kjøpa eller avhenda verdepapir 5. å kjøpa eller avhenda fast eigedom eller part eller annan rett i fast eigedom 6. å setja i gang, leggja ned eller avhenda ei forretning (2) som laget driv sjølv. Før laget gjer vedtak, skal rådet ha gjeve tilråding (3). I sak etter første leden nr. 1 og 4 kan styret gjera vedtak utan å leggja saka fram for rådet og laget, når det gjeld etter måten ein liten sum. Til lagsmøte med sak etter denne paragrafen, skal styret senda innkalling med sakliste til medlemene minst to veker før møtet (4). (1) L 11 nr. 7 (2) S 20 (3) L 8, 2. leden (4) L 2 jf. 11, og S 2. 11 ÅRSMØTET 3

Årsmøtet skal haldast seinast i mars. Omframt årsmøte vert halde når styret meiner det er turvande eller det vert kravt skriftleg av minst 50 røysteføre medlemer. Til årsmøtet skal styret senda innkalling med sakliste til medlemene minst ein månad føreåt. Årsmøtet kan berre taka stode til saker som står på saklista. Årsmøtesaker (1) er: 1. Årsmelding frå styret og særlaga 2. Melding frå rådet 3. Rekneskap for laget og særlaga 4. Melding om forretningsverksemda og økonomiske tiltak laget er med i 5. Fastsetjing av årspengane 6. Arbeidsprogram for laget 7. Budsjett for laget, medrekna investeringar, løyvingar til særlagsarbeidet og andre løyvingar 8. Val til styret (2) jf. 4 9. Val til rådet (3) jf. 7 10 Val til andre ombod (4) i eller for laget 11. Val til utsendingar (5) og samskipnader 12. Lovbrigde (6) jf. 16 13. Endring (7) av styringsføresegnene jf. 14 Årsmøtet kan òg ha føre andre saker, om dei er viktige for laget. Val på utsendingar kan òg gjerast på lagsmøte. (1) Jf. S 9, 10, 22 (2) L 4 jf. S 12 (3) L 7 jf. S 11 (4) S 9, 10 (5) S 10 (6) og (7) S 31. 12 RØYSTING Laget gjer vedtaka (1) i open røysting (2) med vanleg fleirtal av dei som røystar for og imot, dersom ikkje anna følgjer av lova (3). Røysting skal likevel vera skriftleg (4) dersom lagsleiaren (ordstyraren) fastset det eller minst 5 røysteføre (5) medlemer krev det. I personval skal røystinga vera skriftleg, om ikkje alle røysteføre er samde i open røysting, og relativt fleirtal avgjer dersom ikkje anna følgjer av lova (6). Står røystene likt, avgjer røysta til lagsleiaren (ordstyraren), men i personval skal det vera lutdraging. Lagsleiaren (ordstyraren) skal stå for lutdraginga. I valet av lagsleiar og nestleiar (7), krevst det meir enn halvparten av røystene, og i summen av røystene reknar ein med både dei blanke og dei som vert vraka, men ikkje dei som let vera å røysta. Har ingen fått slikt fleirtal, skal det vera fritt omval mellom dei det var framlegg om. Får ingen det røystefleirtalet som trengst, skal det vera bunde omval mellom dei to eller fleire som fekk dei to høgaste røystetala i omvalet. Den som får flest røyster i det bundne omvalet er vald. Står røystene likt vert valet avgjort med lutdraging. (1) S 28, 29 (2) S 25 (3) L 10, 1. leden, 13, 1. leden, 16 1. og 2. leden jf. S 25, 26, 27 jf. òg S 23, 24 (4) S 25 (5) L 3, 1. og 2. leden (6) 4.leden i denne paragrafen, jf. 7, 3. leden (7) L 4, 2. og 3. leden. 13 INNMELDING I SAMSKIPNADER Laget og særlaga kan, med to tredelar fleirtal på eit årsmøte, meldast inn i samskipnad som har same hovudføremål, når ikkje noko med sakskipnaden kjem i strid med lagsføremålet eller andre interesser til laget. Laget og særlaga kan utanom Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag ikkje vera med i samskipnad som gjer lagsfolket til einskildmedlemer av samskipnaden. Laget kan på årsmøtet gjera unnatak for særlaga når det er viktig for dei. 4

14 STYRINGSFØRESEGNER Årsmøtet (1) fastset føresegner (2) til hjelp i styringa av laget. (1) L 11 og S 31, 2. leden. (2) Fastsett 06.02.91, med endring sist 20.03.96. 15 EIGA OM LAGET SLUTTAR Sluttar laget, skal alt det laget eig verta gjeve til å fremja dei hovudføremåla som laget har arbeidd for. 16 LOVBRIGDE Denne lova kan brigdast på eit årsmøte (1) med to tredelar fleirtal, når talet på røysteføre (2) til stades svarar til minst 8 prosent av alle som har røysterett i laget. Men til brigde i paragrafane 1, 15 og i dette punktet krevst det samrøystes vedtak. Framlegg med grunngjeving må kunngjerast i sending frå styret til medlemene minst ein månad føreåt. (1) L 11 nr. 12, S 31, 1. leden (2) L 3, 1. og 2. leden, jf. S 25. 5