KLUBBKOLLEKSJON KVAM LSK SEPTEMBER/OKTOBER 2018
Kle deg i klubbkolleksjon! Me ynskjer å stå fram som ein klubb som driv idretten vår på ein sunn og profesjonell måte. Då er det ikkje likegyldig korleis me ter oss og ikkje minst kler oss og representerer klubben på trening, reise, renn og elles i kvardagen. Ein klubbkolleksjon skapar samhald og byggjer ein positiv identitet til klubben vår. Sponsorane er viktige medspelarar for oss. Dei bidreg årleg med midlar og ressursar som er heilt avgjerande for at me skal kunne ha eit best mogeleg tilbod til medlemmane. Då er klubbkolleksjonen ei viktig flate for dei å vise att på. Me er så heldige at Sparebanken Vest, GBS, Botnen Entreprenør, Lingalaks og Mo Sport har gått i lag og sponsar oss ekstra på Bergans ytterjakke. Dessutan sponsar klubben med gratis når du bestiller eit heilt sett, samt at treningsdressen og konkurransedressen er delvis sponsa av klubben. I perioden 28. september til og med 4. oktober vil Mo Sport ha ein full prøvekolleksjon i butikken som alle medlemmer prøve og bestille utifrå til årets prisar. Samla bestilling må sendast til leverandørene seinast måndag 15. Oktober for at me skal vera sikra levering av kleda i god tid før jul. DÆHLIE er utstyrsleverandør på treningsklede, medan Bergans er leverandør på ytterjakkane. Me vonar klubbkolleksjonen fell i smak! Elles vert det som tidligare år arrangert klubbkveld på Mo Sport tysdag 20. november der dei vil ha spesialtilbod på ski og skiutstyr, samt gode rabatter på heile butikken. MEN, det er viktig å hugse på at toget for bestilling av klubbklede går no i oktober. Meir info om klubbkvelden kjem når det nærmar seg. Kvam LSK, 20. september 2018 Thor-Arvid Pedersen - Leiar
Oversikt klubbkolleksjon Kvam LSK Dæhlie Race suit (konkurransedress) Både heildress og to-delt dress i storleikar til senior. Juniordress er todelt. Farge: Azurblå Dæhlie Micro Allround (treningsdress) Jakke & bukse til herre, dame og junior Farge: Azurblå jakke og svart bukse Dæhlie Softshell Race (teknisk litt tykkare skidress) Jakke & bukse til herre og dame Farge: Azurblå jakke og svart bukse Dæhlie treningsvest Junior og senior Farge: Azurblå og sort Bergans Opeal og Ervik (2/3 lags skalljakker) - klubbjakke Dame, herre og junior Farge: Athens blue/ocean (vaksen) og Steelblue (junior) NB! Klubbkolleksjonen vert merkt med logo for SPV, Mo Sport og Kvam LSK, mens klubb skalljakke er ekstra sponsa av Lingalaks, Botnen Entreprenør og GBS Entreprenør og vert merkt med deira logo i tillegg.
Design Race Suit 2-delt
Design Race Suit heildress Kvam LSK klubbvest
Design Dæhlie Micro Allround og Softshell Race Kvam LSK klubbvest Kvam LSK klubbytterjakke vaksen Kvam LSK treningsdress
Design Training Vest
Bergans Klubb skalljakke Herre Dame Junior 6-14 år
Prisliste Kvam LSK klubbkolleksjon 2018-2019 Plagg Veiledande pris Klubbpris Jacket Softshell Race Men/Women kr 1 999 kr 1 100 Pant Softshell Race Men/Women kr 1 499 kr 700 Jacket Micro Allround Men/Women kr 1 499 kr 900 Pant Micro Allround Men/Women kr 999 kr 600 Jacket Micro Allround Junior kr 1 199 kr 600 Pant Micro Allround Junior kr 799 kr 400 Vest Training Men/Women (Gratis ved bestilling av heildress) kr 899 kr 500 Vest Training Junior (Gratis ved bestilling av heildress) kr 699 kr 300 Racesuit Elite 1-Piece Men/Women kr 2 599 kr 1 000 Racesuit Fast 2-Piece Men/Women kr 1 999 kr 1 000 Racesuit Fast 2-piece junior kr 1 499 kr 500 Bergans Oppdal skalljakke SR kr 2700 kr 1250 Bergans Ervik skalljakke JR kr 1800 kr 800 Me tek atterhald om at leiaren har «blingsa» litt på prislistene
Våre samarbeidspartnarar er: Dei støttar oss me støttar dei!