STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 20.10.2017 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - oppnemning av arbeidsutval, prosess og føringar for val av representantar ARKIVSAK: 2017/1062 STYRESAK: 108/17 STYREMØTE: 10.11. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret i Helse Vest RHF oppnemner følgjande personar til å utgjere arbeidsutval med oppgåve å utarbeide forslag til nye styremedlemmer i styra i underliggjande helseføretak: 2. Arbeidsutvalet blir oppnemnd for ein periode på 2 år. 3. Styret slutter seg til at dei føringar og moment som går fram av saka blir lagt til grunn ved samansetting av nye styre i helseføretaka 4. Forslag frå arbeidsutvalet blir lagt fram for behandling i styret i februar 2018. 1
Oppsummering Nye styre i helseføretaka i Helse Vest skal vere oppnemnde innan utgongen av februar 2018. Det er dei eigaroppnemnde representantane som skal oppnemnast i denne omgang. Helseføretaka forvaltar viktige samfunnsoppgåver og store ressursar på vegne av fellesskapet og er store verksemder i samfunnet vårt. Det er viktig at dei eigaroppnemnde styremedlemmene i helseføretaka har kompetanse som kan reflektere oppgåvene i styret og utfordringane helseføretaka har. Det er vidare viktig at det blir gjennomført ein grundig og god prosess fram mot oppnemning av styra. Formålet med denne saka er å: gjere framlegg om at styret oppnemnar eit arbeidsutval for å utarbeide forslag til nye styremedlemmer i HF-styra gjere greie for korleis prosessen fram til val av nye styre skal vere klargjere dei føringane og momenta som skal leggjast til grunn ved valet av styremedlemmer Fakta Styremedlemmer i helseføretak blir valde av føretaksmøtet som også skal utpeike styreleiar og nestleiar. Tenestetida for styremedlemmer vil normalt vere to år, men helseføretakslova opnar likevel for at nyval kan finne stad før toårsperioden er omme. Dei sitjande styra i helseføretaka under Helse Vest RHF blei oppnemnde i føretaksmøte i februar 2016. For to av styra er det gjort følgjande endringar i inneverande periode: Helse Førde HF: Agnes Landstad blei utpeikt som styreleiar frå februar 2017 (kst. frå hausten 2016 og medlem av styret frå 2014) Atle Hamar blei utpeikt som nestleiar frå februar 2017 (medlem av styret frå 2014) Aud Ingrid Espeland blei vald som nytt styremedlem i februar 2017 til erstatning for Jorunn Ringstad Reidar Sandal blei vald som nytt styremedlem får oktober 2017 til erstatning for Harry Mowatt Helse Stavanger HF: Nina Langeland og Ole Hetland blei valde som nye styremedlemmer frå februar 2017 til erstatning for Jan Friestad og Aslaug Mikkelsen. Helseføretakslova set rammer for styra sitt ansvarsområde og arbeidsoppgåver. Samansetting og utnemning av føretaka sine styre er eit viktig eigarverkemiddel. Føretaka er etablerte som sjølvstendige rettssubjekt med ansvarlege styre, men inngår i den samla føretaksgruppa eigd og leia av Helse Vest RHF. 2
I føretaksmøte 7. januar 2014 blei det gjort endringar i vedtektene til Helse Vest RHF om oppnemning av styremedlemmer. Kravet om at fleirtalet av dei eigaroppnemnde styremedlemmene til dei regionale helseføretaka og helseføretaka skulle bli oppnemnde blant politikare foreslått av fylkeskommunar, kommunar og Sametinget blei oppheva. Med dette som bakgrunn er prosessen vi tidlegare gjennomførte med å sende ut brev til kommunar, fylkeskommunar og Sameting med oppmoding om å foreslå kandidatar, avvikla. I Helse Vest RHF sine vedtekter heiter det følgjande i 8 a om oppnemning av styremedlemmer i helseføretak: «Eieroppnevnte styremedlemmer i helseforetakene, herunder styreleder og nestleder, velges av foretaksmøtet. Det enkelte styremedlem skal som styremedlem ikke representere geografiske områder, politiske organisasjoner eller andre interessegrupper. Styrene skal samlet sett ha en kompetanse som står i forhold til de oppgavene styret har og de utfordringene helseforetaket står overfor. Styret skal samlet sett ha en geografisk, partipolitisk og aldersmessig bredde, samt ivareta kravet til kjønnsmessig balanse etter reglene i aksjeloven 20-6, jf. helseforetaksloven 21 første ledd» Styra i Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har for inneverande periode alle ti medlemmer, der seks er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette. Styret i Helse Stavanger HF har elleve medlemmer, der sju er eigaroppnemnde. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette. Kommentarar Oppnemning av arbeidsutval Det er ønskjeleg å få lagt til rette for ein god involvering av styret i arbeidet med å utarbeide framlegg til nye helseføretaksstyre. Dette handlar både om prosess, arbeidsmåte og at det blir sett av tilstrekkeleg tid til arbeidet. Det er ein føresetnad for god involvering at styret er representert også i saksførebuinga og deltek i gjennomgang og vurdering av aktuelle kandidatar. For å sikre dette har det ved tilsvarande prosessar tidlegare år vore etablert ei ordning med bruk av arbeidsutval. Erfaringane med dette er gode, og det blir derfor i denne saka gjort framlegg om at styret, også denne gang, oppnemner eit arbeidsutval som saman med administrasjonen får i oppgåve å utarbeide forslag til nye styre. Forslaget blir deretter behandla av det samla styret i styremøte. Endeleg oppnemning skjer i påfølgjande føretaksmøte. Arbeidsutvalet har for inneverande periode hatt følgjande samansetting: Terje Vareberg, styreleiar 3
Lise Reinertsen, nestleiar Tone Berntsen Steinsvåg Tom Guldhav Denne samansettinga har sikra at alle deler av regionen er geografisk dekka samt at både eigaroppnemnde styremedlemmer og styremedlem valde av og blant dei tilsette er representerte i utvalet. Administrasjonen er sekretær for arbeidsutvalet. Styra i helseføretaka er underlagt krav om at dei skal evaluere eigen verksemd. Evalueringa er først og fremst eit verktøy for internt forbetringsarbeid i styret, men skal også gi eigar eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere korleis styret fungerer og korleis det er samansatt med tanke på dei oppgåver dei skal løyse. Det er frå departementet presisert at styra skal formidle deler av evalueringa til eigar. Det vil vere naturleg at gjennomgang av denne tilbakemeldinga også er ein del av arbeidsutvalet si oppgåve. Eit arbeidsutval vil kunne ha ein funksjon også ved moglege suppleringsval i tenesteperioden. Det blir derfor gjort framlegg om at arbeidsutvalet blir oppnemnd for ein periode på to år. Tidsplan for prosessen fram til val av nye styre Det blir lagt opp til at ein har god tid frå arbeidet startar til endeleg vedtak blir tatt i føretaksmøta. Dette for å sikre brei involvering og gode prosessar. 10.11.2017 10. november 2017. Styrevedtak - oppnemning av arbeidsutval, prosess og føringar for val av representantar nov. 2017 November 2017 - februar 2018 - Arbeidsutvalet utarbeidar forslag til nye styrer febr.2018 Februar 2018 - Forslag til val av styrer blir behandla i styremøte Styra blir oppnemnde i føretaksmøte Generelt om samansetting av styra i helseføretak Helseføretaka forvaltar viktige samfunnsoppgåver og store ressursar på vegne av fellesskapet og er store verksemder i samfunnet vårt. Det er viktig at dei eigaroppnemnde styremedlemmene i helseføretaka har kompetanse som kan reflektere oppgåvene i styret og utfordringane helseføretaka har. Styra skal vere kollegiale organ, og i tråd med føretaksmodellen representerer ikkje eigaroppnemnde styremedlem i helseføretak politiske organisasjonar, geografiske område eller andre interessegrupper. 4
Helseføretakslova er også bygd på ein føresetnad om at styra blir sett saman slik at dei har legitimitet i befolkninga, og at styret til saman innehar den naudsynte kompetanse til å ivareta det oppdrag og det ansvar styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar. Lova inneheld ingen nærare kvalifikasjonskrav til styre si samansetting, men det er likevel rimeleg klart at føretaksmøtet vil vere forplikta til å sørgje for at styra får ei samansetting av personar som til saman har den breie kompetanse og evne til å leie føretaket som er naudsynt. Tal styremedlemmer Etter gjeldande vedtekter i helseføretaka skal styra ha følgjande tal eigaroppnemnde styremedlemmer: Helseføretak Tal eigaroppnemnde styremedlemmer Helse Førde HF 6 Helse Bergen HF 6 Helse Fonna HF 6 Helse Stavanger HF 7 Sjukehusapoteka Vest HF 6 Ved val av styrer til dei regionale helseføretaka i 2014 gjorde departementet ein gjennomgang av tal styremedlemmer. For Helse Vest sin del blei styret redusert frå 12 til 9 medlemmer der tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette. I føretaksprotokollen frå føretaksmøtet 7. januar 2014 heiter det følgjande i tilknyting til sak om endring av vedtektene på dette punkt: «Det samla talet på styremedlemmer i helseføretaka bør òg reduserast». Spørsmålet om tal styremedlemmer blei drøfta og vurdert av arbeidsutvalet vinteren 2014, og det blei trekt som konklusjon at helseføretaksstyra skulle redusere tal eigaroppnemnde styremedlem frå sju til seks, jf. styresak 024/14. Med bakgrunn i reglane i helseføretakslova 23 medførte dette ingen endring i dei tilsette sin styrerepresentasjon i helseføretaka. Ved val av nye styrer i februar 2016 blei det for styre i Helse Stavanger gjort den endring at vi gjekk tilbake til sju eigaroppnemnde styremedlemmer, jf. styresak 019/16. Grunngjevinga for dette var knytt opp til at det gav ein meir hensiktsmessig samansetting av styret. Med bakgrunn i dei erfaringane som er gjort med omsyn til ulik storleik på styra vil det i denne saka bli gjort framlegg om at styra i Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna 5
HF har den same samansettinga som styret i Helse Stavanger HF. Ei utviding til sju eigaroppnemnde styremedlemmer gir ein større fleksibilitet ved suppleringsval, det bidreg til at det blir lettare å sette saman styra slik at styret som kollegialt organ innehar den breidde i kompetanse som er ønskjeleg, og ikkje minst gir det eit betre utgangspunkt for å sikre fornying og rekruttering til styrearbeid av yngre kandidatar. Sentrale moment ved oppnemning av helseføretaksstyra I tillegg til kravet om tilstrekkeleg samansatt kompetanse vil følgjande moment vere sentrale ved samansetting av helseføretakstyra: sikre kontinuitet og fornying sikre variasjon i kjønn, alder, utdanning og yrkesbakgrunn naturleg tilknyting til regionen habilitet RHF representasjon i helseføretaksstyra brukarkompetanse tid til å utføre styrevervet Det vil i det følgjande bli gitt utfyllande kommentarar til nokre av desse momenta. Representasjon av begge kjønn Helse- og omsorgsdepartementet har vore tydelege på at krava til kjønnsbalanse må bli ivareteke ved samansetting av helseføretaka sine styrer. Gjeldande regelverk krev at kvart kjønn skal vere representerte i styret med minst 40 %. Helse- og omsorgsdepartementet har uttrykt at det er eit siktemål å oppnå ein tilnærma 50:50 balanse ved oppnemninga av regionføretaksstyra. Tilsvarande ambisjon bør gjelde ved oppnemning av helseføretaksstyra. Geografisk tilknyting I helseføretakslova 21 tredje ledd er det slått fast at i regionale helseføretak skal styremedlemmer som blir valde av føretaksmøtet, ha tilknyting til regionen. Grunngjevinga for at det blei sett eit slikt krav i lova, var at det blei sett på som viktig at styra har kjennskap til den regionen dei skal tene. Lova fekk ingen tilsvarande føresegn for styra i helseføretaka. Det betyr likevel ikkje at ein står heilt fritt med omsyn til styremedlemmene sin lokale tilknyting. Grunnen til at spørsmålet ikkje blei regulert i lova, var at dei same omsyna ikkje alltid ville gjere seg gjeldande i forhold til HF-styra som for RHF-styra. Eit helseføretak vil ikkje nødvendigvis tena eit bestemt geografisk område. Lovgivar såg at det kunne tenkjast å vere stor variasjon mellom helseføretak, og det ville derfor vere uhensiktsmessig å utforme ei lovføresegn om lokal forankring for styra i helseføretak. I førearbeida til lova er det uttala at helseføretak som typisk utgjer eit lokalsjukehus, bør ha ei samansetting som har kjennskap til og tilknyting til det lokalmiljøet sjukehuset skal tena. I 6
tillegg er det understreika at ein la til grunn at dei regionale helseføretaka sjølv ville ivareta dette omsynet ved val av dei lokale HF-styra. Med dette som bakgrunn, og sett hen til den helseføretaksstruktur vi har i vår region, vil det vere mest i samsvar med lova sine intensjonar dersom styra i helseføretaka i hovudsak blir sett saman av personar som kjem frå det området som det aktuelle helseføretaket primært skal tene. Habilitet potensielle kommersielle interesser Helse- og omsorgsdepartementet har i brev av 10. juni 2005 klargjort at personar med potensielle kommersielle interesser som anten sjølv leverer, arbeider eller har sentrale posisjonar i selskap som leverer konsulent- eller advokattenester til føretak, ikkje vil vere aktuelle som styremedlemmer i helseføretak. Det bør derfor bli gjort ein habilitetsvurdering av aktuelle kandidatar. Styrerepresentasjon i eigne helseføretak for tilsette i Helse Vest RHF Det er frå helse- og omsorgsdepartementet tidlegare lagt til grunn at tilsette i Helse Vest RHF som direkte forvaltar sørgje for -ansvaret ikkje kan vere styremedlem i underliggjande helseføretak. For Helse Vest RHF inneberer det at administrerande direktør samt tilsette i fagavdelinga er utelukka frå å inneha styreverv i helseføretaka. I føretaksmøte 30. januar 2013 blei det i tillegg slått fast at det normalt ikkje skal vere oppnemnt interne styreleiarar for helseføretak. Brukarkompetanse Både eigar og Helse Vest RHF legg stor vekt på brukarmedverknad både i forhold til arbeidet i det regionale helseføretaket og i helseføretaka. I Helseregion Vest blir brukarmedverknad i første rekkje ivareteke gjennom brukarutvala. Departementet har samtidig understreka at styremedlemmer ikkje skal representere nokon spesiell gruppe, men ha eit heilskapleg syn på styret sitt arbeid. Det er ikkje stilt særskilte krav til brukarrepresentasjon eller pasienterfaring i styra. Frå 2017 er det lagt til rette for at representant frå brukarutvalet møter i styremøta som observatør med tale- og forslagsrett. Kompetansekrav Ved samansetting av helseføretaka sine styre er det ei rekkje kompetansekrav og andre behov ein må sjå hen til. Mellom anna er det i tråd med helseføretakslova sine førearbeidar viktig å ha tilstrekkeleg kompetanse om pasientrolla og pasientane sine interesser, om primærhelsetenesta og innsikt i forsking og utdanning. Helseføretakslova inneheld elles ingen nærare kvalifikasjonskrav, men den styringsmodell som er lagt og føretaka sine rammevilkår tilseier at følgjande kompetansekrav er viktige for helseføretaksstyra: 7
helsefagleg kompetanse innsikt i og relevant erfaring frå styrearbeid administrativ/organisatorisk kompetanse og erfaring frå organisasjonsutvikling og omstillingsprosessar økonomisk kompetanse bakgrunn frå helsefakultet/medisinsk fakultet, jf. Husebekkutvalet rolleforståing som styremedlem i eit dotterselskap i eit konsern evne til å balansere styret sitt arbeid/sine utspel for å sikre at føretaket skaper tillit og tryggleik hjå pasientar og innbyggjarar evne til å balansere i det opne landskap der ein må ta omsyn til politiske føringar, krav frå eigar og forventingar frå tilsette og pasientar evne til å ha eit heilskapleg perspektiv på oppgåveløysinga evne til å etterleve og iverksetje vedtak fatta av overordna organ Konklusjon Administrerande direktør vil rå til at det blir oppnemnt eit arbeidsutval med oppgåve å utarbeide forslag til nye styre i underliggande helseføretak i tråd med saksførelegget. Arbeidsutvalet bør bestå gjennom heile valperioden for å ta høgde for moglege suppleringsval i perioden. Administrerande direktør vil i tillegg rå til at dei føringar og moment som går fram av saka blir lagt til grunn ved samansetting av nye styrer i helseføretaka. 8