HAGGADAH SHEL PESACH. - Påskeforteljinga



Like dokumenter
HAGGADAH SHEL PESACH. - Påskeforteljinga

HAGGADAH SHEL PESACH. - Påskeberetningen

HAGGADAH SHEL PESACH - Påskeberetningen

HAGGADAH SHEL PESACH - Påskeberetningen

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

PÅSKEMÅLTID FOR FAMILIEN

Brødsbrytelsen - Nattverden

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

HAGGADAH SHEL PESACH - Påskeberetningen

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar


2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Lukas 24:44-48 No har eg stige ned for å fri dei ut or egyptarhanda. 2Mos 3:8

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Fire beger med vin - for livet, frelsa, velsigninga og håpet

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

G2 Høsten Preludium Det synges lovsanger fra kl Liturg tar plass bak alteret mot slutten av preludiet. 2.

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

I SAMLING 5 SYNDSBEKJENNELSE 1 FORBEREDELSE

Trosbekjennelsen, 1.artikkel: «Jeg tror på Gud Fader, den allmektige, himmelens og jordens skaper».

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica

Preken 2. s i åp.tiden. 10. januar Kapellan Elisabeth Lund

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

I. samling 1 Førebuing

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Nådehelsing. Samlingsbøn. Klokkeringing Informasjon Kort stille og tre klokkeslag

PÅSKEVANDRING PÅ SØNDAGSSKOLEN.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Misjonsbefalingene. 7. juni 2015

Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder.

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

BEGRAVELSEN BEGRAVELSESRITUALET

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Ordning for nattverd Hva nattverden er Nattverden i Luthers lille katekisme Noen praktiske råd Nattverdhandlingen...

Kurskveld 8: Hvorfor må tte Jesus dø?

Vigsling til andre tenester

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

DÅPEN - ett barn INNLEDNING ORDETS GUDSTJENESTE EVANGELIUM. Presten mottar dåpsbarnet og familien.

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Preken 28. februar S i fastetiden. Kapellan Elisabeth Lund. Lesetekst: 2. Kor. 12, Prekentekst: Luk. 22, 28-34:

Første del DE 10 BUD Første budet Du skal ikke ha andre guder enn meg. Det er: Andre budet Du skal ikke misbruke Guds navn.

SØNDAG Morgenbønn (Laudes)

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Lokal grunnordning for Familiegudstjenester uten nattverd (både «Sprell levende» og «Gubba»):

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Kilde Rose Publishing Bearbeidet: A. Solberg

VI TROR PÅ EN ALLMEKTIG GUD SOM SKAPTE ALT,

Ulsteinvik Bibelen

Herrens måltid. ImF-Bryne Mai 2008

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

INNGANG: PROSESJONEN KOMMER INN OG ALLE SYNGER: (Første vers gjentas inntil alterbordet er dekket) 2. 3.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp utan at forsamlinga er til stades Dåp av vaksne...

Kyrie eleison, Gud Fader, miskunne deg. Kriste eleison, Herre Krist, miskunne deg. Kyrie eleison, Hellig Ånd, miskunne deg.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Vi en menighet. En vakker kropp. Se på illustrasjonen av sirkler ut fra korset. Hvor opplever du at du er for øyeblikket? Hvor vil du gjerne være?

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

Vigsling av tilsynsmann

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

1.5 Luthers lille katekisme.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

HAGGADAH SHEL PESACH - Påskeforteljinga

1. INTRODUKSJON L1: Velkommen til påskemåltid til eit av dei eldste og mest kjende bordfellesskapa i verda. Velkommen til ei fellesskapsoppleving der vi får gripe dei lange linjene i frelseshistoria. Jesus og disiplane var skjærtorsdag samla til påskemåltid i Jerusalem. Dei feira måltidet etter ein orden som det jødiske folket gjennom generasjonar før dei hadde følgt. I denne fridomsfesten var det Jesus tok brødet og vinen og innstifta nattverden. Han gav påskefeiringa eit nytt innhald. Ved sin død og si oppstode etablerte han eit nytt paktsfellesskap eit fellesskap der også vi er blitt innlemma. Vi er samla for å feire eit kristent påskemåltid i bibelsk/jødisk tradisjon. Vi skal minne kvarandre om frelsesverket. Gjennom ord og handling, og gjennom smak, lukt, høyrsle og syn skal vi fortelje historia om frelsa. Eg skal leie måltidet. Replikkane mine er merka L1: L2: leiar saman med meg. A. B. og C. står for tekstlesarane. Der det står Alle: og Song: deltar alle saman. Vi skal byrje med å syngje ein song ved festreisene (Salme 120-134). Song: Jeg løfter mine øyne opp til fjellene (Salme 121) 2. FØRSTE BEGER LIVET SITT BEGER BLIR FYLT (Litt meir enn ein god munnfull) 3. TEKSTLESING A. Salme 114,1-4. B. Salme 114,5-8. 4. KIDDUSH - HELGING L1: Denne påsken skal vi minnast at Gud har fria oss frå synda, døden og den vonde si makt ved Jesu Messias død og oppstode, slik Han òg frelste og fria Israelsfolket frå slavekår i Egypt. Den gongen slakta folket sine påskelam. Dei strauk blodet på dørkarmane, og Gud spara husa deira og leidde dei ut av trældomen. Jesus Messias er det evige påskelammet vårt, ofra ein gong for alle. Vi er trygge mot Guds straffande vreide og den vonde sine hærar når vi er teikna med blodet hans. Han førte oss frå døden til livet, frå trældom til å tene han i fridom. Og vi ser fram til at han kjem att og løyser folket sitt og fører oss inn i sitt evige rike. Lat oss alle be Alle: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som har gjeve oss denne dagen då vi feirar høgtida for dei usyra brøda, ein fridomsfest, ei heilag samling, til minne om utfriinga frå Egypt og til minne om at Jesus Messias døydde for oss. Blodet hans blei aust ut for vår skuld. Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som ved den krossfeste og oppstadne Jesus Messias har gjeve oss livet, du som held oss oppe og gjev oss evig liv i han. 5. FØRSTE BEGER LIVET SITT BEGER BLIR DRUKKE Alle: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som skaper vintreet si frukt! Leiar: Dette er livet sitt beger. Difor seier vi: Alle: For livet! (L Chaim!)

6. KARPAS PERSILLE (Karpos = frukt/grøde) C: 1 Kor 10,1-4. Alle: (Tar ein persillekvast, og seier) Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som skaper grøde på jorda! Alle duppar persillekvasten i saltvatn og et han. L1: Vi duppar persille i salt vatn og minnest Israels tårar i Egypt og Jesu Kristi liding. Slik Israel gjekk gjennom Sivhavet, gjekk Jesus gjennom trengsler og dødsriket sitt djup til oppstoda sitt land. Gjennom vatnet i dåpen fører han oss saman med seg fram til livet i det gode landet. 7. AFIKOMANEN BLIR LAGT BORT L1: (tek den mellomste matza og seier) Dette er trengslene sitt brød som fedrane våre åt i Egypt og som Jesus åt den siste kvelden før han leid. Lat einkvar som hungrar, kome og ete. Lat einkvar som er i naud, kome og ta del i denne påskefesten. Dette året er vi her. Neste år i den komande verda, det nye Jerusalem. -> Det mellomste matza blir broten i to og den eine halvparten blir lagt bort til eit ettermåltid (afikoman). Viss det er barn med på festen, kan dei gøyme afikomanen. Det vankar då premie til den som klarer å finne den etter middagen. Afikomanen er brødet som seinare blir nytta under nattverden. 8. ANDRE BEGER FRELSA SITT BEGER BLIR FYLT 9. MA NISHTANA? KORLEIS ER DENNE KVELDEN ANNLEIS? L1: Under det jødiske påskemåltidet plar den yngste å syngje Ma nishtana?. Songen gjev fire svar på korleis påskekvelden er annleis enn alle andre. Fleire born kan også syngje den saman, eller songen kan syngast av alle. Song: Ma nishtana halaila haze mikol haleilot, mikol haleilot? 1. Shebechol haleilot anu ochlin chametz umatza, chametz umatza. /:Halaila haze, halaila haze kulo matza. :/x2 2. Shebechol haleilot anu ochlin she ar yerakot, she ar yerakot. /:Halaila haze, halaila haze kulo maror. :/x2 3. Shebechol haleilot en anu matbilin afilu paam achat, afilu paam achat. /:Halaila haze, halaila haze shetei pe amim. :/x2 4. Shebechol haleilot anu ochlin bein yoshvin uvein mesubin, bein yoshvin uvein mesubin. /:Halaila haze, halaila haze kulanu mesubin. :/x2

L2: Kva skil denne kvelden frå alle andre kveldar? - Alle andre kveldar et vi syra eller usyra brød, men denne kvelden berre usyra brød. - Alle andre kveldar et vi alle slags urter, men denne kvelden berre bitre urter. - Alle andre kveldar duppar vi ikkje så mykje som éin gong, men denne kvelden duppar vi to gonger. (Persille blir duppa i saltvatn og bitre urter i mursteinsdeig). - Alle andre kveldar sit vi oppreist eller lener oss til sida når vi et, men denne kvelden lener vi oss alle til sida. (Jfr skikken frå oldtida med å liggje til bords som eit teikn på fridom). L1: Vi var trælar for farao i Egypt, men Herren vår Gud førte oss med mektig hand ut av fangenskapet. Når vi i kveld et usyra brød og bitre urter, når vi duppar i fatet og lener oss til sida, skal det hjelpe oss å minnast utfriinga frå Egypt og Jesu trengsleveg ein annan påske. Lat oss høyre forteljinga om utfriinga frå Egypt. 10. HAGGADAH FORTELJINGA OM UTFRIINGA A. 2 Mos 12,3, 5, 8, 14-15. B: 2 Mos 12,21-28, 37, 42. L1: Vi markerer dei ti plagene i Egypt ved å duppe fingeren i frelsa sitt beger og så på ein serviett eller liknande. Med dette viser vi omtanke med dei som blei ramma av plagene. Alle: Blod Froskar Lus Klegg Pest Verkebyllar Hagl Grashopper Mørker Den førstefødde sin død C. 2 Mos 14,5, 9-14. Song: Herren skal stride for dere. Herren skal stride for dere. Og dere skal være stille for ham, stille for ham, stille for ham. (2 Mos 14,14) A. 2 Mos 14,19-25. B. 2 Mos 14,26-31. JESU LIDELSE L1: I kvart slektsledd skal kvar og ein tenkje at eg sjølv blei fridd frå trældom og slaveri. For Ordet seier: Den dagen skal du seia til son din: Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt (2 Mos 13,8). Han som berga Israel frå slaveri i Egypt, frelste oss ein annan påske frå trældomen under synda, så også vi kunne seia til borna våre: Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då han frelste meg på Golgata og bana veg for meg slik at eg kan arve evig liv. Lat oss nå høyre forteljinga om korleis Jesus blei slakta som påskelam. Lat oss høyre at han stod opp frå død til liv og at Gud gjennom Messias vil føre oss til sitt gode land.

A. Joh 19,17-22. Song: Were you there when they crucified my Lord? Were you there when they crucified my Lord? O-o-o-oh Sometimes it causes me to tremble, tremble, tremble, Were you there when they crucified my Lord? Were you there when they nailed him to the tree? Were you there when they nailed him to the tree? O-o-o-oh Sometimes it causes me to tremble, tremble, tremble, Were you there when they nailed him to the tree? Were you there when they laid him in the tomb? Were you there when they laid him in the tomb? O-o-o-oh Sometimes it causes me to tremble, tremble, tremble, Were you there when they laid him in the tomb? B: Joh 19,28-37. A: Mark 16,1-8. L1: Igjen og igjen vil vi takke Den allmektige: Han førte oss ut av Egypt. Han skilde sjøen for oss. Han sørgde for oss i førti år i øydemarka, han gav oss manna og førte oss inn i det lova landet. Ja, meir enn det! Han sende sonen sin, den einborne, Jesus Messias, for å sone syndene våre ved døden på korset og gje oss del i eit evig kongerike ved oppstoda frå dei døde. Song: Du er den høyeste over hele jorden 11. PESACH MATZA MAROR - (påskelam usyra brød bitre urter) L1: På påskebordet har vi ein lammeknoke, usyra brød og bitre urter, for å minnast Herrens ord til Israel: De skal steikje påskelammet på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt (2 Mos 12,8). Desse tre symbolrettane blir det rådd til å vie ekstra mykje merksemd. Lammeknoken minner oss om påskelammet som fedrane våre slakta i Egypt. Blodet frå lammet blei smurt på dørstolpane. På grunn av blodet gjekk den Eine og Heilage forbi israelittane sine hus (namnet Pesach/passover = å gå forbi). Sidan førte han folket ut av slaveriet. Lammeknoken minner oss òg om at Jesus er det evige påskelammet som er sendt av Gud. Det var om han Døyparen Johannes sa: Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda (Joh 1,29). Matza, det usyrte brødet, er trengslene sitt brød som minner oss om fedrane sine trengsler i Egypt. Då dei blei fria frå slaveriet, hadde dei usyrt brød med seg (2 Mos 12,39). Vi har brote det mellomste usyrte brødet og har gøymt det i eit klede. Jesus sa Eg er livsens brød. Jesu fysiske liv blei brote og lekamen hans blei lagt i eit linklede i grava for vår skuld.

Maror, dei bitre urter, minner oss om korleis egyptarane forbitra israelittane sine liv med slaveri og hardt arbeid (2 Mos 1,13-14). Dei minner oss òg om den bitre kvalen Jesus leid ved døden på krossen for vår skuld. Difor skuldar vi i dag å prise, lovsyngje og tilbe Han som gjorde alle desse undera, for fedrane våre og for oss. Ved Jesus Messias og Den Heilage Ande som Han har sendt, har Herren ført oss - Leiar: Frå slaveri frå fortviling frå sorg frå mørker frå trældom Alle: til fridom, til glede, til fest, til stort lys, til full forløysing. L1: Lat oss difor, slik Jesus gjorde det den siste kvelden han var saman med disiplane, stemme i Lovsongen. (Mark 14,26 Salme 113-118) Alle: Halleluja! 12. HALLEL - LOVSONGEN -> Her syng vi éin eller fleire lovsongar etter eige ønske. Vi kan også for eksempel lese utdrag frå Salme 113-118 og Salme 136 i veksel. 13. ANDRE BEGER FRELSA SITT BEGER BLIR DRUKKE Alle: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som skaper vintreet si frukt. L1: Dette er frelsa sitt beger. Difor seier vi: Alle: For vår frelse! 14. MÅLTIDET Matza Usyret brød Det øvste matza blir brote og gjeve til alle. Vi løftar kvar vårt stykke og seier: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som gjev oss brød frå jorda di! Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som har helga oss ved Jesu død og oppstode og som let oss feire denne festen for usyrte brødet! Alle et sitt stykke matza. Matza og Maror Usyrt brød og bitre urter #1 Alle tar bitre urter #1 mellom to stykke matza (av det nedste matza) og seier: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som let folket ditt ete bitre urter som eit teikn på dei trengslene Kristi kyrkje framleis skal bere og som vi ber saman med våre lidande søsken! Alle et usyrt brød og bitre urter #1. Chazeret Bitre urter #2 Alle tek bitre urter #2 og seier: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som berga Israel ut av bitre slavekår og som let Jesus gå lidinga si bitre veg for oss alle! Alle et bitre urter #2

Charoset Mursteinsdeig L1: Lat oss minnast teglarbeidet israelittane gjorde i Egypt. C: 2 Mos 1,11-14. Alle et mursteinsdeig saman med matza (av det nedste eller øvste matza). Egg (symboliserer høgtidsofringa i tempelet) Alle et kvart sitt stykke egg. 15. HOVUDRETT OG DESSERT -> Afikomanen blir teken fram etter måltidet. Viss barna har gøymt den, får dei ein liten premie for å levere den tilbake. L1: Tidlig under påskemåltidet braut vi det mellomste av dei usyra brøda, og det blei gøymt i eit klede. Jesus sa: Eg er livsens brød (Joh 6,35+48). Jesu fysiske liv ble brote og kroppen hans blei lagt i eit linklede i grava for vår skuld. 16. NATTVERD L1: Då Jesus feira påske med sine næraste innleia han festen med å seie Eg har lengta inderleg etter å ete dette påskemåltidet i lag med dykk. Det er éin som også i dag lengtar inderleg etter fellesskap med sine. Dette fellesskapet skal vi få erfare heilt konkret når vi nå skal feire nattverd saman. Herren dekkjer bordet for oss Han seier: Kom, for alt er ferdig. 17. TREDJE BEGER VELSIGNINGA SITT BEGER BLIR FYLT Song: Ære til Guds Lam L1: Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet (1. kor 10,16-17). Innstiftingsorda L2: Vår Herre Jesus Kristus, den natta han vart sviken, tok han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa: Ta dette og ét det. Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg. Likeeins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk til forlating for syndene. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg. (1 Kor 11,23-26). Fadervår Alle: Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

Nattverdbøn (henta frå Didache 9): L2: (Først for kalken) Vi takkar deg, vår Far, for din tenar David sitt heilage vintre, som du har late oss kjenne gjennom Jesus, tenaren din. Alle: Deg vere ære i all æve! L2: (Deretter for brødet) Vi takkar deg, vår Far, for livet og kunnskapen som du har late oss kjenne gjennom Jesus, tenaren din. Alle: Deg vere ære i all æve! L2: Likesom dette brotne brødet ein gong var spreidd ut over åsane, men er blitt samla og gjort til eitt, så la kyrkja di samlast frå heile verda inn i ditt rike. Alle: For di er æra og makta ved Jesus Kristus i all æve! L2: Kom, Heilage Ande, over desse gåvene dine! Brødet blir sendt rundt og vi seier til den som sit ved sida vår: Kristi lekam, gjeven for deg! 18. TREDJE BEGER VELSIGNINGA SITT BEGER BLIR DRUKKE L1: Lat oss drikke det tredje begeret, nattverden sitt beger, som er Kristi blod, aust ut for oss. Alle: Velsigna vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som skaper frukta på vintreet. L1: Dette er velsigninga sitt beger. Derfor seier vi: Alle: For velsigninga! Takkebøn (Henta frå Didache 10): L2: Vi takkar deg, heilage Far, for ditt heilage namn som du har late bu i hjarto våre, og for kunnskapen, trua og udøyelegdomen som du har late oss kjenne gjennom Jesus, tenaren din. Alle: Deg vere ære i all æve! L2: Allhærs Gud, du har skapt alt for ditt namns skuld, og du har gjeve menneska mat og drikke til å glede seg ved, for at dei skulle takke deg. Men oss har du i nåde gjeve åndeleg mat og drikke og evig liv ved tenaren din. Vi takkar deg for di makt og din velde. Alle: Deg vere ære i all æve! AVSLUTNING 19. FJERDE BEGER HÅPET SITT BEGER BLIR FYLT Leiar: Da Jesus innstifta nattverden, sa han til disiplane, Heretter skal eg ikkje drikka denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min. (Matt 26,29) SONG / ORDET FRITT L1: Vi nærmar oss slutten av påskemåltidet. Vi har i fellesskap opplevd at vi som etterfølgjarar av Kristus er tett kopla saman med dei som har levd med Gud før oss. Då Gud leidde Israel ut av Egypt, frelste han oss. Det som skjedde på krossen, skjedde for oss. Vi lever ikkje åleine. Vi er gjevne til kvarandre. Og vi lever ikkje utan fortid. Vi har djupe røter bakover i historia. Guds historie med oss. Dette er eit høve til å dele med kvarandre eit godt høve til å oppmuntre kvarandre og til å minne kvarandre om håpet vi eig!

-> Det blir sunge tilbedingssongar, og ordet er fritt. 20. SLUTNINGSBØN - (Henta frå Didache 10 og Op 22,20-21) L1: Jesus Messias, han som er den første og den siste, alfa og omega, seier til oss, Ja, eg kjem snart. Alle: Herre Gud, husk kyrkja di på jorda, så du frir henne frå alt vondt og gjer henne fullkomen i din kjærleik! Samla kyrkja som du har helga frå dei fire hjørna i verda og inn i riket ditt som du har gjort i stand for henne! Må nåden kome og denne verda forgå. L1: Hosianna, Davids Gud! Den som er heilag, han kome! Den som ikkje er det, han vende om! Marana ta! Kom, Herre Jesus! Alle: Ja, kom, Herre Jesus! Amen. L1: Må vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! L1: La oss drikke det fjerde begeret, håpet sitt beger, mens vi tenkjer på det håpet vi har om oppstode og evig liv gjennom vår Herre Jesus Messias. 21. FJERDE BEGER HÅPET SITT BEGER BLIR DRUKKE Alle: Velsignet vere du, Herre vår Gud, konge over universet, du som skaper vintreet si frukt. L1: Dette er håpet sitt beger. Derfor seier vi: Alle: For håpet vårt! L1: I år feirar vi påske her neste år i det nye Jerusalem! 22. VELSIGNINGA Song: (Alle reiser seg)

Brød & Vin Denne liturgien for påskemåltidet er utgjeven av Den Norske Israelsmisjon. Brød & Vin blei utvikla som ein samproduksjon mellom return2sender og Storsalen Menighet påska 2009. Opplegget byggjer delvis på tidlegare utgjevne liturgiar utvikla av Ole Christian Kvarme (Åtte dager i Jerusalem), Torleif Elgvin (Frikirkens Studiesenter) og Den Norske Israelsmisjon.