Norsk visearkiv 2012 Norske mellomalderballadar: Herre Per og Gjødalin (TSB D 169) Redaksjon: Velle Espeland, Maren Dahle Lauten, Elin Prøysen, Astrid Nora Ressem, Olav Solberg, Ellen Nessheim Wiger Utgitt med støtte frå Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bergesens Almennyttige Stiftelse. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no TSB D 169 Herre Per og Gjødalin Innleiing Oppskrift A (BIN 3559) Oppskrift B (BIN 6013) Oppskrift C (BIN 3555) Oppskrift D (BIN 3562) Forkortingar og litteratur Innleiing Mor til Herre Per spør kvifor han salar ut gangaren sin, og han svarar at han har sett ei hind som han vil jakte på. Mora svarar at det nok heller er Gjødalin sonen er ute etter, og ho åtvarar han: «Du reiser i skjurta kvit som krit / men ho bli bloutt før du kjem hit». Herre Per bryr seg ikkje om åtvaringa og rir til Gjødalins gard. Der sprenger han dørene og prøver å valdta henne, men ho stikk han til døde med kniven sin. Deretter set ho han på hesten og sender han heim til mora. Det finst meir enn tjue variantar av denne balladen, og mange av dei er i god tekstleg stand. «Herre Per og Gjødalin» har tydelegvis vore godt kjend i balladesongarmiljøet i Telemark ved midten av 1800-talet. Fleire av dei sentrale songarane med store repertoar kunne balladen, slike som Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland (1780 1865) frå Skafså, Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781 1869) frå Fyresdal og Olav Olsson Glosimot
(1786 1858) frå Seljord. Dei tidlegaste oppskriftene av balladen var det truleg Landstad og Olea Crøger som gjorde i 1840-åra, og Landstads oppskrift etter Olav Glosimot er trykt i Norske Folkeviser (Landstad 1968: 564 566). Men det var Sophus Bugge som feste dei fleste variantane av «Herre Per og Gjødalin» til papiret. I 1857 var han på besøk hos Dagne Ånundsdotter Lid i Fyresdal (f. 1804, emigr. 1861) og skreiv opp heile 35 balladar etter henne, og i tillegg nyare viser, gamlestev, vers og gåter. Bugge brukte tre av Dagnes tekstar i si eiga samling Gamle norske Folkeviser (1858). Syster til Dagne, Anne Ånundsdotter Homme (1806 1871), song balladar for Bugge ho også, og kunne likeeins «Herre Per og Gjødalin», men bare to strofer (Jonsson & Solberg 2011: 371 374). Det finst fleire melodioppskrifter av «Herre Per og Gjødalin». Dei to eldste vart skrivne opp av Olea Crøger i Seljord i 1840-åra. L.M. Lindeman skreiv ned etter Olav Olsson Glosimot i 1851, etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland og Tone Olsdotter Vistadbakken i 1861 og etter Ingebjørg Trondsdotter Troddedalen i 1863. Rikard Berge skreiv truleg ned ei melodioppskrift etter Hæge Postmyr i 1906(?) og Olav Sande skreiv ned heile seks melodiar i Sogn og Fjordane. «Herre Per og Gjødalin» er ikkje registrert i Norden elles. Tematisk er balladen i slekt med viser om sterke kvinner, som t.d. «Heiemo og nykken» (TSB A 48). Utsyn 85 Oppskrift A TSB D 169: Herre Per og Gjødalin Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark. Orig. ms.: NFS Jørgen Moe 9, s. 83 87 Oppgitt tittel: Herrepærs Viise 1. Høirer du Herrepær Sonen min So aarlig Kvi salar du so silde ud gangaren din Den Jomfru by æ te Naatte
2. Derfor Salar eg saa silde ud gangaren min Eg saag ei Hind paa Heio i sen 3. Derfor salar eg so silde ut gangaren graa Eg saag ei Hind paa Heio i gaar 4. Du saag ingo Hind paa Heio i gaar men du agtar deg ti Jøales gaar 5. Du saag engo Hind paa heio i sen men du agter deg ti Jøale ind. 6. Du hæv ei Skiurte æ kvit som Bein ho blive blodreje for du kjæm heim 7. Di Skiurte æ rudde e kvit som Krit ho blive blodreje udaf dit liv 8. Herepær kom seg riands i gaar Jøales Dynnar va slegne i laas 9. Han banka paa Dyne mæ Finger smaa Stat op Jøale skrei Lokun ifraa 10. Ingjen Stefne so hev eg lagt ingi lukker eg ind om Nat 11. Herepær spænde mæ karske Fot han spænte den Dynne o Naglemot 12. Jøale la seg mæ Stokjen ned Herepær springe at Vegjen te 13. Agtedeg Herepær de sei eg dig Jøale hev ein Sølvbonden Kniv 14. Eg hev stai for Børse aa brand aldrig agtar eg qvindehaand
15. Eg hev stai for Børse aa Piil aldrig agter eg qvinde Kniv 16. Herepær ha kje haltala ord for Sølvbondne Kniven i Hjarta stod 17. Jøale gjorest i Haando stærk ho sætte Herrepær paa sin Hest 18. rie du hit hel rie du dit, ri alli oftar aa truge deg Viv 19. Herepær kom seg riande i gaar has Moder uti for hannom staaer. 20. Høir du Herepær Sonen min Kvi rene der blod oto Ermen din 21. min Hestan va raske paa fire Fod han slog meg imot ei Linderod 22. min Hestan va raske paa fire Bein han slog meg imod ei Lindegrein 23. Du tar kje Herepær dylje for meg men Jøales Knivær hev skore deg 24. Kjære mi Moder du bit min Hest Kjære min Fader du hente meg Prest 25. Daa den Præsten kom seg for Land daa gav Herepær up si Aand Under tittelen står det: (Landst. nr. 68) Etter oppskrifta står det: Ende
Oppskrift B TSB D 169: Herre Per og Gjødalin Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Bendik Sveigdalen [Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland], Mo (Skafså) [Telemark]. Orig. ms.: NFS Sophus Bugge 2, s. 64 66. Oppgitt tittel: Herre Pær aa Jøali II. 1. [Aa høire du herre Per, sonen min] saa aarlig [kvi sadlar du sá] silde [ut gangaren din?] dæn Jomfru by o te Naattaa. 2. «Derfor salar eg saa silde ut Gangaren min, eg saag ei Hind paa Heio i sinn. 3. [«Derfor salar eg saa silde ut Gangaren] graa [eg saag ei Hind paa Heio i] igjaar. 4. «Du saag ingjo Hind paa Heio igjaar, men du akter deg ti Jøalis Gaar. 5. [«Du saag ingjo Hind paa Heio] i sinn, [men du akter deg ti Jøali] ind. 6. Du hev ei Skjurte, æ' rudda å kvit som Bein, ho blive blodregji, før du kjem heim. 7. Di Skjurte æ' rudda aa kvit som Krit, ho blive blodregji utav ditt Liv. 8. Herrepær kom seg riande i Gaar, Jøalis Dynna i r va' slegne i Laas. 9. Han banka paa Dynni mæ Fingar smaa: Statt upp Jøali, skrei Lokunn ifraa!
10. «Ingjen stevnealternativ lesemåte: stev na saa hev eg lagt, ingjen lukkar eg inn om Natt. 11. Herrepær spente mæ karske Fot, han spente dæn Dynni o Naglemot. 12. [Gjødalin sette seg] mæ Stokkjen [ned,] [Herre Per springe] han at Veggjen te. 13. «Herepær, Herepær, paase ditt lív!alternativ lesemåte: Akte deg, Herrepær, dæ sei eg deg Jøali hev ein sølvbunden kniv.» 14. «Eg hev sta'i for Byrse aa Brand, aldri aktar eg Kvinde nmann haand.» 15. [«Eg hev sta'i for Byrse aa] Pil[,] [aldri aktar eg Kvinnmann]Kniv[.»] 16. Herrepær ha'kje halltala Or, før sylvbundenretta frå: sølv bunden Kniven i Hjarta sto. 17. Jøali gjorest i Haando sterk, ho sette Herrepær paa sin Hest. 18. «Rie du hit hell rie du dit, ri alli oftar aa truge deg Viv!» 19. Herrepær kom seg riande i Gaar, hass Moder uti for haanom staar. 20. [Aa høire du herre Per, sonen min,] [kvi renne det blod] oto Ermen din[?] 21. «Min Hesten va' raske paa fire Fot, han slo meg imot ei Linderot. 22. [«Min Hesten va' raske paa fire] Bein[,] [han slo meg imot] ei Lindegrein.
23. «Du tar 'kje Herrepær dylje for meg, men Jøalis Knivar hev skori deg.» 24. «Kjære mi Moder du bitt min Hest, kjære min Fader, du hente meg Prest!» 24 b. Kjære mi syster, du rei upp seng, kjære min fader legg meg í den! 25. Daa dæn Presten kom seg til Land, daa gav Herrepær upp si Aand. Under tittelen står det: (J. Moe. (Bendik Sveigdalen): I str. 1 og str. 20 viser Bugge til Landstads trykte tekst, og klammeparentesane er derfra. Strofene er nummererte i manuskriptet. Teksten har fleire rettingar og overstrykingar. Namnet «Jøali» ser ut til å ha vore retta frå «Jyali». I margen ut for str. 21 og 22 står det i klammeparentes: Targjei Kosi: «Um d'æ så ti, eg lete Liv, så æ' dæ 'kje Gjøali, vene Vív.» «Um d'æ så ti, du lete Liv, så æ' dæ Gjøali, vene Viv.» Oppskrift C TSB D 169: Herre Per og Gjødalin Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Veum, Fyresdal, Telemark. Orig. ms.: NFS Sophus Bugge m, s. 54 55 (kladd) Utan oppgitt tittelreinskrifta har tittel: Hilebrand å Gialill. III 1. Hilebrand, Hilebrand, sonen min
så årleg kvi salar du Gangaren din? Dæn Jomfru by ho te Notte. 2. Fordi salar eg Gangaren min, eg såg ei Hind på Heio i sinn. 3. Du såg ingjo Hind på Heio i sinn, din Hugjen han stend i Gjialills Kinn. 4. Du reiser i Skjurta kvit som Krist men hó blí blóutt før du kjem hít. 5. [Du reiser i Skjurta kvit som] Bein [men hó blí blóutt før du kjem] heim 6. Hilebrand ut av Gari skrei hans Moder sto atte sine Hendar ho vrei. 7. H[ilebrand] kom seg riands i Går, Gjialills Dynnar va' slegne i Lås. 8. Han kl[appa] på Dynni mæ F[inganne] små: Statt upp Gj[ialill] skrei Lokunn ifrå. 9. Ingjen så hev eg i Stevnar lagt ingjen så lukkar eg inn um Natt. 10. Hilebrand stende på karsken Fot spende dæn Dynni o Naglemot. 11. H[ilebrand] H[ilebrand] vokte ditt Liv, vokte deg for min Kvindekniv. 12. [Hilebrand Hilebrand] vokte deg væl [vokte deg for mitt Kvinde]svær. 13. Eg heve sta'i fot Byrse å Kniv Pil
eg ræddast slett ingjen Kvindekniv 14. Gjialill tok upp sin syllbudde Kniv dæn set ho i Hilebrands unge Liv. 15. Så sveiper ho han i Kåpa blå, så sete hó han på Gangaren grå. 16. Du helsar heim i din Moders går, du sei du hev vori i Gj[ialill]s går. 17. Dæ såre gjore hass Hjarta'i Mein han va døe, før han kom heim. Reinskrift: NFS Sophus Bugge 2, s. 114 115 Sophus Bugge viser til Landstads Norske Folkeviser i str. 9 og 15. Klammeparentesane er sett inn etter Landstads tekst. Etter siste strofe i reinskrifta har Bugge skrive: Senere erklærte hun dette Vers for urigtigt. Sophus Bugge har også ei kortare oppskrift etter Dagne Lid. Oppskrift D TSB D 169: Herre Per og Gjødalin Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark. Orig. ms.: NFS Sophus Bugge, o, s. 28 a 29 Utan oppgitt tittel 1. Herepær Herepær sonen min so årlig kví salar dú so gangaren din. Den jomfú bý meg ti nåtti.
2. Di salar eg gangaren grå, eg såg ei hind på heió igjår. 3. De va væl kje onno heie-hind hell Gjøali leikar í hugjen din 4. Di skjurta æ bå tvegji å kvít blóutte blív hó av deg dregji 5. Herepær kom seg ríand i går, Gjøalis dynner va' slegne í lås. 6. Han klappa på dynne mæ finganne små statt upp G[jøali] skrei lokur ífrå. 7. Ingjó stevna so heve eg lagt, ingjen so lukkar eg inn um natt. 8. H[erepær] springe på karske an fót han spennte den dynne tiljar ímót. 9. Han rykkte æ G[jøali] uppi sengji ti seg 10. H[erepær] H[erepær] vare ditt lív G[jøali] heve so kvass en knív. 11. Eg hev sta'i fyr byrse, eg hev st[a'i] fyr kniv eg agtar ingjen kvennmannknív. 12. Eg [hev sta'i fyr] bål[, eg hev sta'i fyr] brand, [eg agtar] ingjo k[vennmann]hånd. 13. H[erepær] ha kje haltala ór, fyrr G[jøali]s knív í hjarta stó. 14. Hó tók út sin lindi små, hó batt íkring H[erepær]s døde-sår.
15. G[jøali] gjórest í håndó sterk, hó lyfte'n H[erepær] på sin hest. 16. Dú ríe dåalternativ lesemåte: no av, dú ríe dåalternativ lesemåte: no heim dú rí alli oftar å trúge di møy 17. H[erepær] kom seg ríand ígår hass moder úti fy' en står 18. H[erepær] H[erepær] sønnen min kví renne de bló'i ette ermó di. 19. Min heste va karske på fíran fót, han bar meg unde ei linderót. 20. Dú tar inkje H[erepær] dylje fyr meg G[jøali]s knívar hev skori deg. 21. Kjære min broder hente meg prest eg tvílar, at døden ær meg nest. 22. Kjære min syster rei meg upp seng kjære mi moder følg mig til den. 23. Ljósi blei 'kje í lofte tendt, fyrr H[erepær] han hav upp sí ånd. Forkortingar og litteratur NFS: Norsk Folkeminnesamling Utsyn: Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting, jf. litteraturlista Bugge, Sophus. [1858]. 1971. Gamle norske Folkeviser. Oslo. Universitetsforlaget. Heggstad, Leiv & Grüner Nielsen H. 1912. Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting. Kristiania. Olaf Norlis Forlag. Jonsson, Bengt R. & Solberg, Olav. 2011. «Vil du meg lyde». Balladsångare i
Telemark på 1800-talet. Oslo. Novus. Landstad, Magnus B. [1853] 1968. Norske Folkeviser. Oslo. Norsk Folkeminnelag/Universitetsforlaget.