Dato og stad Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018. Stord ligg på Vestlandet, mellom Bergen og Haugesund. Forhåpentlegvis vil spelarar frå både nord, sør og aust ta turen når det er NM! Turneringa skal spelast midt i Leirvik sentrum, nærare bestemt på Amfisenteret i Hamnegata. Turneringa går frå torsdag 21. til søndag 24. juni.
Speleområdet Stord Petanqueklubb feirar i 2018 femårsjubileum, og hadde i den anledning ønske om at me fekk arrangert eit kjempe-nm, midt i sentrum. Difor er det svært gledeleg at me kan invitere til eit Norgesmesterskap så sentralt i bysentrum ein kan koma. Banane vil bli laga på taket av parkeringshuset ved Amfisenteret. Der er det betong, og etter å ha prøvd oss fram med testbanar i 2017, har me falt ned på ei løysing. Dette blir både kjekt og utfordrande. Nokon vil elske banane, andre vil sikkert hate dei. Om spelarane treff på skudda sine her vil det vera svært få kuler rundt gris! Det blir laga til 60 banar her, 3600 kvadratmeter med grus. I utgangspunktet vil alle desse banane vere på 15x4 meter. Det blir eit tynt lag med subbus (0.3 til 10mm), og pådryssa småstein slik at det blir utfordrande. Skulle det koma rekordmange påmeldingar til årets NM, har me moglegheit til å lage 10 fulle banar i Stord Petanquepark som er 50 meter unna i luftlinje, mens me ved Andedammen 5 minutter unna vil kunne lage så mange me vil. Dette går bra!
Det er alltid fare for regn når ein er på vestlandet. Me likar å seie at det er betre hos oss enn nordover hos naboane våre i Bergen, men me har og fått testa banane under slike forhold. Det fungerer! Men det blir ikkje regn. Banane er altså på tredje høgda av parkeringshuset, som betyr me berre får sol, og kveldsol til finalane. Adressa til Amfisenteret er Hamnegata 11. Sidan det er eit parkeringshus, kan altså parkere i etasjane under. Eventuelt ved hotella og overnattingsstadene me har anbefalt i nærleiken, og så ta beina fatt.
Bilete av testbane
Slik kjem du deg til Stord Bil: Det er ca 470 kilometer frå Oslo til Stord, og det tek i ca sju timar med bil om det er gode forhold og lite trafikk. Det raskaste er over Haukeli, men ein kan og køyre rundt Sørlandet. Buss og tog: Ein kan ta Kystbussen frå Stord til både Bergen og Stavanger og eventuelt ta tog til Oslo (her er Bergen betre løysing enn Stavanger). Kystbussen tar litt over to timar nordover til Bergen, og litt over tre timar sørover til Stavanger. Det går og hurtigbåt (https://www.norled.no/hurtigbat/) men det er litt dyrare enn buss. Skal ein til Flesland er det den beste løysinga om det passar med flytidene, då den stoppar på Flesland kai. Buss frå Oslo til Bergen tek 9 og ein halv time, mens tog tek ca 7 timar.
Fly: Stordflyet (www.stordflyet.no) - Flyr direkte frå Gardermoen til Stord Lufthavn Stokken, som er 15 minutt unna spelestaden. Den lettaste løysinga, og den billegaste om ein er tidleg ute. Billettane for juni blir truleg lagt ut i januar. Dei har avgang kl. 08.30 og 18.00 onsdagar, 08.30, 14.30 og 18.00 torsdagar, og 15.30 og 18.45 fredagar. Frå Stord til Oslo flyr dei kl. 13.30 og 16.30 søndagar, eller 06.55 og 16.30 måndagar. SAS (www.sas.no) - Flyr Oslo-Haugesund fem gonger til dagen. Tilbake har dei tre avgangar søndag 24. juni, og fire avgangar mandag 25. juni. Frå Haugesund Lufthavn Karmøy til Stord tar det ca. 1 time og 15 minutt. - Flyr Oslo-Bergen 17 gonger til dagen. På Bergen-Oslo er det åtte avgangar søndag 24. juni, og 13 avgangar mandag 25. juni. Fra Bergen Flesland tar det ca 2 timar til Stord, inkludert ei ferje. Eventuelt kan ein ta hurtigbåt frå Flesland kai direkte til Leirvik sentrum (https://www.norled.no/hurtigbat/) * Ein kan og fly til Stavanger, men då er køyreturen til Stord litt lenger.
Norwegian (www.norwegian.no) - Flyr Oslo-Haugesund to gonger til dagen. Tilbake har dei ein avgang kl. 18.10 søndag 24. juni, og to avgangar mandag 25. juni. Kl. 06.30 og 16.10. Frå Haugesund Lufthavn Karmøy til Stord tar det ca. 1 time og 15 minutt. - Flyr Oslo-Bergen sju gonger til dagen. Søndag 24. juni har dei 12 avgangar Bergen-Oslo, og sju avgangar mandag 25. juni. Fra Bergen Flesland tar det ca 2 timar til Stord, inkludert ei ferje. Eventuelt kan ein ta hurtigbåt frå Flesland kai direkte til Leirvik sentrum (https://www.norled.no/hurtigbat/)
Overnatting på Stord Det er fleire alternativ til overnatting på Stord under NM. 1) Me har gjort ein avtale med Stord Hotell, som er det største hotellet på Stord. Det ligg ein spasertur på 200 meter unna spelestaden. For å få rabatten må du reservere rom via epost. Det gjer du til booking@stord-hotel.no. Oppgi «Norgesmesterskapet i Petanque» når du reserverer. Dette er prisane: Pris: kr. 995,- pr. døgn i standard enkeltrom Pris: kr. 1195,- pr. døgn i standard dobbeltrom Er det ynskjelig med ein oppgradering til business eller superiorrom vil da bli eit tillegg på kr. 200,-. Prisen gjelder ved ledig kapasitet og inkluderar frokostbuffet, trådlaust internett, kaffe/te tilgjengeleg i lobbybaren, samt hotellets fasilitetar. 2) Hotellet som ligg nærast spelestaden, og midt i sentrum, er Grand Hotell. Frå rommet vil du truleg sjå opp mot Amfisenteret der me skal ha turneringa. Reserver på epost til booking@grand-hotell.com. Dette er prisane: 895 kroner for enkeltrom, 1095 kroner for dobbeltrom. Begge er inkludert frukost.
3) Eit alternativ like ved Stord Hotell er Almås Hotell. Dette er eit noko mindre hotell, som og er litt rimelegare. Her har me ingen «NM-pris», men ein kan reservere rom på http://www.almaashotell.no/en/ 4) Sponavik Camping, eller «Sponavikjo» på folkemunne, ligg heller ikkje langt unna. Det er ca 10 minutt i gåavstand. Her er det hytter, noko som kan vera ei noko billegare løysing. Det kan reserveres på tlf. 40 07 17 44, via http://www.sponavik.no/ eller Booking.com. Har blitt brukt med god erfaring tidlegare, under Stordturneringa. 5) Det er fleire hus og leiligheter til utleige denne perioden på AirBnB. Det kan vera ei rimeleg løysing om ein går saman fleire. Hugs å sjekk at avstanden til Leirvik sentrum ikkje er alt for stor, om du ikkje har bil tilgjengeleg. Det er andre som har sagt dei kan vera aktuelle for å leige ut hus for denne perioden. Er ein ei gruppe på 5-6 personar kan det vere ei billeg løysing. Ta kontakt med Arild Skjæveland i Stord Petanqueklubb på skjaeveland@gmail.com så kan han setta deg i kontakt med dei. 6) Bobil: Me har fått tillatelse til at ein kan sette bobilen sin ved Utbjoa Auto som ligg like ved Almås Hotell og Stord Hotell, og veldig nært banen. Nedsida er at det ikkje er strøm eller tilgang på toalett. Skulle ein parkere på Sponavik Camping, 10 minutt unna banen, så er det der parkeringsplass med strømuttak, utvendige toalett og biotoalett-tømming. I tillegg er det tilgang på dusj for ein
tikroning. Løysinga er kanskje at ein har basen sin i Sponavik, men køyrer til Utbjoa Auto der ein kjem seg til banen med to minutts gange. 7) Telt: Det er mogleg å slå opp telt ved Andedammen, og då kjem du deg til banen på under fem minutt. Likevel vil me heller anbefale at ein gjer det i Sponavikjo, der ein kan ha tilgang på toalett og dusj via Sponavik Camping. Det er 10 minutters gange.