FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.11.2015 Tid: 11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Sindre Rolland Vegar Fosså Marthe Samnøen Marte Ekeberg Klippen Helge Mjånes Forfall og møtande varamedlemmer: Torbjørn Fosså hadde forfall. Det er ikkje oppnemnd vara. Anna Skaathun Epland møtte frå sak 38. Andre som var tilstade på møtet: Erik Vangsnes Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Sindre Rolland leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 24.11.15 Sindre Rolland Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 034/15 Godkjenning av møteprotokoll frå møte 29. september 035/15 Skriv og meldinger 036/15 Handsaming av søknad om fritak frå politisk verv i ungdomsrådet 037/15 Supperingsval til Fusa ungdomsråd 038/15 Endringar i kollektivtilbodet i fusa i 2016 039/15 Evaluering av Skyss te ferjo 040/15 Gbnr 36/4 og 34/3 Opsalmarka bustadområde- reguleringsendring Opsalmarka - kontor-, industri- og lagerområde 041/15 Rullering av trafikksikringsplan 042/15 Handlingsplan fusa kommune. Økonomiplan 2016-2019. Årsbudsjett 2016 med avgiftsbudsjett. 043/15 Skulestrukturen i Fusa kommune 044/15 Prioritering av spelemidlar 2016 045/15 Prosjektrapportering formannskapet 2015
034/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTE 29. SEPTEMBER Møteprotokoll frå møte 29. september vert godkjent. Møteprotokoll frå møte 29. september vart samrøystes godkjent. UNG-034/15 VEDTAK: Møteprotokoll frå møte 29. september vert godkjent. 035/15: SKRIV OG MELDINGER :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Skriv og meldingar vart samrøystes teke til orientering. UNG-035/15 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 036/15: Handsaming av søknad om fritak frå politisk verv i ungdomsrådet Fusa ungdomsråd gjev Kim André Trengereid fritak ut perioden (2014-2016) for kommunalt verv som medlem i ungdomsrådet grunna skulegang utanfor kommunen.
Fusa ungdomsråd gav samrøystes Kim André Trengereid fritak ut perioden (2014-2016) for kommunalt verv som medlem i ungdomsrådet grunna skulegang utanfor kommunen. UNG-036/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd gjev Kim André Trengereid fritak ut perioden (2014-2016) for kommunalt verv som medlem i ungdomsrådet grunna skulegang utanfor kommunen. 037/15: Supperingsval til Fusa ungdomsråd Fusa ungdomsråd vel: som ny medlem i Fusa ungdomsråd (1 år) som personleg varamedlem (1 år) som personleg varamedlem for Sindre Rolland (1 år) Fusa ungdomsråd oppmodar elevråda ved Fusa ungdomsskule og Fusa vgs om å oppnemna personlege varamedlemer innan 31. januar for: Torbjørn Fosså Vegard Fosså Marte Ekeberg Klippen Etter framlegg frå Sindre Rolland gjorde Fusa ungdomsråd slikt samrøystes vedtak: Fusa ungdomsråd vel Anna Skaathun Epland som ny medlem i Fusa ungdomsråd (1 år) Fusa ungdomsråd oppmodar elevråda ved Fusa ungdomsskule og Fusa vgs om å oppnemna personlege varamedlemer innan 31. januar for: Torbjørn Fosså Vegard Fosså Marte Ekeberg Klippen UNG-037/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd vel Anna Skaathun Epland som ny medlem i Fusa ungdomsråd (1 år) Fusa ungdomsråd oppmodar elevråda ved Fusa ungdomsskule og Fusa vgs om å oppnemna
personlege varamedlemer innan 31. januar for: Torbjørn Fosså Vegard Fosså Marte Ekeberg Klippen 038/15: ENDRINGAR I KOLLEKTIVTILBODET I FUSA I 2016 Saka vert teken til orientering. Fusa ungdomsråd gjorde framlegg om slikt samrøystes forslag til vedtak: Fusa ungdomsråd meiner det er uheldig at bussavgang kl 18.10 frå Bergen på rute 740 vert lagt ned. Dette er eit viktig tilbod for ungdom og nedlegginga vil auka presset på avgangen kl 16.00 som ofte er overfylt. Ungdomsrådet stiller spørsmål om denne nedlegginga er ei reell innsparing all den tid det er ein returskyss for pendlarbussen som går frå Framo til Arna. Fusa ungdomsråd vil be ordføraren om å ta saka opp med Skyss for å få ei ny vurdering. Ungdomsrådet er elles sterkt uroa over tryggleiken på skulebussane på ettermiddagstid. Ein må vurdera om ein skal setja opp fleire bussar på strekninga Eikelandsosen-Strandvik med avgang kl 14.25. UNG-038/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd meiner det er uheldig at bussavgang kl 18.10 frå Bergen på rute 740 vert lagt ned. Dette er eit viktig tilbod for ungdom og nedlegginga vil auka presset på avgangen kl 16.00 som ofte er overfylt. Ungdomsrådet stiller spørsmål om denne nedlegginga er ei reell innsparing all den tid det er ein returskyss for pendlarbussen som går frå Framo på Fusa til Arna. Fusa ungdomsråd vil be ordføraren om å ta saka opp med Skyss for å få ei ny vurdering. Ungdomsrådet er elles sterkt uroa over tryggleiken på skulebussane på ettermiddagstid. Ein må vurdera om ein skal setja opp fleire bussar på strekninga Eikelandsosen-Strandvik med avgang kl 14.25.. 039/15: Evaluering av Skyss te ferjo
Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Fusa ungdomsråd samla seg om slikt samrøystes framlegg til vedtak: Fusa ungdomsråd ønskjer å vidareføra ordninga med Skyss te ferjo ut 2016. Ny frist for å bestilla drosje er innan kl 20.00 same kveld. Informasjonen om ordninga må bli betre og ein må ta i bruk sosiale media og digitale verktøy i marknadsføringa. UNG-039/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd ønskjer å vidareføra ordninga med Skyss te ferjo ut 2016. Ny frist for å bestilla drosje er innan kl 20.00 same kveld. Informasjonen om ordninga må bli betre og ein må ta i bruk sosiale media og digitale verktøy i marknadsføringa. 040/15: GBNR 36/4 og 34/3 OPSALMARKA BUSTADOMRÅDE- REGULERINGSENDRING OPSALMARKA - KONTOR-, INDUSTRI- OG LAGEROMRÅDE Fusa kommune godkjenner å leggja reguleringsendringa for deler av eksisterande reguleringsplan Opsalmarka bustadfelt gbnr. 36/4 og 34/3, Fusa, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket kan heimlast i kommuneplanens arealdel vedteke 15.10.2015 og i Plan- og bygningslova 12-10 pg 12-11. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG-040/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd tek saka til orientering.
041/15: RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN Framlegg til trafikksikringsplan for Fusa kommune for 2016 2019 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 11 i plan og bygningslova. Fusa ungdomsråd gjorde slikt samrøystes vedtak i saka: Fusa ungdomsråd meiner planframlegget framleis er for lite konkret og forpliktande, særleg i tiltaksdelen: Kva er tidsplanen, kven har ansvar og følgjer opp, kva er kostnadane og kven betaler? UNG-041/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd meiner planframlegget framleis er for lite konkret og forpliktande, særleg i tiltaksdelen: Kva er tidsplanen, kven har ansvar og følgjer opp, kva er kostnadane og kven betaler? 042/15: HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2016-2019. ÅRSBUDSJETT 2016 MED AVGIFTSBUDSJETT. Saka vert lagt fram for handsaming slik det framgår i saksutgreiinga. Fusa ungdomsråd samla seg om ei slik samrøystes fellesfråsegn: Fusa ungdomsråd er sterkt uroa av den vanskelege budsjettmessige stoda i Fusa kommune. Ein må no ta naudsynte grep for å få ein bærekraftig økonomi i åra som kjem. UNG-042/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd er sterkt uroa av den vanskelege budsjettmessige stoda i Fusa kommune. Ein må no ta naudsynte grep for å få ein bærekraftig økonomi i åra som kjem. 043/15: Skulestrukturen i Fusa kommune
Alternativ A: 1. Med verknad frå 01.08.2016 opphevar Fusa kommune inndeling i noverande skulekrinsar. Forskrift om oppheving av skulekrinsar vert lagt ut på høyring med 6 vekes frist til å koma med merknader. Formannskapet får fullmakt til å godkjenna høyringsframlegget. 2. Endring i skulestrukturen vert gjennomført i to trinn: a. Skulane Holdhus og Eikelandsosen vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen. Skulane Strandvik og Fusa vert slått saman til ein skule med skulestad Fusa frå skulestart 2016. b. Barneskulane i Fusa kommune vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen frå skulestart 2018. 3. Økonomiske konsekvensar vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan. Alternativ B: 1. Med verknad frå 01.08.2016 opphevar Fusa kommune inndeling i noverande skulekrinsar.. Forskrift om oppheving av skulekrinsar vert lagt ut på høyring med 6 vekes frist til å koma med merknader. Formannskapet får fullmakt til å godkjenna høyringsframlegget. 2. Endring i skulestrukturen vert gjennomført i to trinn: a. Skulane Holdhus og Eikelandsosen vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen. Skulane Strandvik og Fusa vert slått saman til ein skule med skulestad Fusa frå skolestart 2016. b. Barneskulane i Fusa kommune vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen og Søre Fusa frå skulestart 2018. Avdeling Søre Fusa skule vert oppretthalden så lenge det er elevgrunnlag. 3. Økonomiske konsekvensar vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan. Fusa ungdomsråd samla seg om ei slik samrøystes fellesfråsegn: I ei vanskeleg økonomiske stode for Fusa kommune så ser Fusa ungdomsråd at ein må gjera endringar i skulestrukturen for å spara pengar. Fusa ungdomsråd meiner likevel at Fusa kommune i spørsmålet om skulestruktur må leggja avgjerande vekt på at det vert akseptable reiseavstandar for elevane. Ungdomsrådet meiner vidare at reine klassar gjev eit betre læringsmiljø og eit større sosialt miljø som vil auka trivselen for elevane. Fusa ungdomsråd vil fremja eit alternativ C: 1. Med verknad frå 01.08.2016 opphevar Fusa kommune inndeling i noverande skulekrinsar.. Forskrift om oppheving av skulekrinsar vert lagt ut på høyring med 6 vekes frist til å koma med merknader. Formannskapet får fullmakt til å godkjenna høyringsframlegget. 2. Endring i skulestrukturen vert gjennomført i to trinn:
a. Skulane Holdhus og Eikelandsosen vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen. Skulane Strandvik og Fusa vert slått saman til ein skule med skulestad Fusa frå skolestart 2016. b. Frå skulestart 2018 vert Nore Fusa skule slått saman med Eikelandsosen skule med skulestad Eikelandsosen. 3. Økonomiske konsekvensar vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan. UNG-043/15 VEDTAK: I ei vanskeleg økonomiske stode for Fusa kommune så ser Fusa ungdomsråd at ein må gjera endringar i skulestrukturen for å spara pengar. Fusa ungdomsråd meiner likevel at Fusa kommune i spørsmålet om skulestruktur må leggja avgjerande vekt på at det vert akseptable reiseavstandar for elevane. Ungdomsrådet meiner vidare at reine klassar gjev eit betre læringsmiljø og eit større sosialt miljø som vil auka trivselen for elevane. Fusa ungdomsråd vil fremja eit alternativ C: 1. Med verknad frå 01.08.2016 opphevar Fusa kommune inndeling i noverande skulekrinsar.. Forskrift om oppheving av skulekrinsar vert lagt ut på høyring med 6 vekes frist til å koma med merknader. Formannskapet får fullmakt til å godkjenna høyringsframlegget. 2. Endring i skulestrukturen vert gjennomført i to trinn: a. Skulane Holdhus og Eikelandsosen vert slått saman til ein skule med skulestad Eikelandsosen. Skulane Strandvik og Fusa vert slått saman til ein skule med skulestad Fusa frå skolestart 2016. b. Frå skulestart 2018 vert Nore Fusa skule slått saman med Eikelandsosen skule med skulestad Eikelandsosen. 3. Økonomiske konsekvensar vert innarbeidde i budsjett og økonomiplan. 044/15: Prioritering av spelemidlar 2016 Fusa kommune vil prioritera søknader om spelemidlar slik for 2016: Ordinære idrettsanlegg Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Ombygging av rulleskibane Holdhus Fusa kommune 4. 2 Krøllgras med lys Eikelandsosen Eikelandsfjorden 3. 11-bane IL 3 Idrettshall - Eikelandsosen Fusa kommune ny hovudbygg 4 Idrettshall- Eikelandsosen Fusa kommune ny styrketreningsrom 5 Idrettshall- Eikelandsosen Fusa kommune ny
sosialt rom 6 Krøllgras med lys Holmefjord Ådlandsfjorden IL ny 7-ar 7 Ridebane Strandvik Fusa hestesportlag ny Nærmiljøanlegg: Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Friluftsanlegg Fusa Bergen og ny Fusaneset omland 2 Skaterampe Opsalmarka friluftsråd Fusa Opsalmarka vel ny Utbetalingsplan for kommunale tilskot til private utbyggingsoppgåver, og oversyn over kommunale løyvingar til kommunale prosjekt vert teke til orientering. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG-044/15 VEDTAK: Fusa ungdomsråd tek saka til orientering. 045/15: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Prosjektrapporten vart samrøystes teken til etterretning. UNG-045/15 VEDTAK: Prosjektrapporten vert teken til etterretning.