MØTEPROTOKOLL Utval: Stad: Formannskapet Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 10.05.2016 Tid: 13:30 19:25 Medlemer som møtte: Arnulf Goksøyr Leder H Ole Brubakk Medlem KRF Solveig Helen N. Båtsvik Medlem FRP Svein Gjelseth Medlem AP Per Kristian Furø Medlem AP Kjell Runde Medlem FOLK/SP Forfall: Ann-Kathrin (Tine) Storøy MEDL H Camilla Storøy NESTL KRF Reidun S Myrvågnes MEDL AP Varamedlemer som møtte: Stig Arne Helsem Sævik Camilla Storøy H Margaret Leinebø Ann-Kathrin (Tine) Storøy H Olaug Andreassen Reidun S Myrvågnes AP Andre: Rådmann Olaus-Jon Kopperstad Politisk sekretær Lisbeth Moltu Espeseth Eigedomsleiar Robert Myklebust Bustadkonsulent Ida Myklebust Økonomileiar Geir Egil Olsen Skatteoppkrevjar Jan Driveklepp Utviklingsleiar Jarl Martin Møller Skuleleiar Sølvi Lillebø Remøy Til å skrive under protokollen saman med ordføraren/leiaren vart desse valde: Kjell Runde og Per Kristian Furø
F-sak 82/16 skal vere offentleg. Olaug Andreassen kom til møtet kl. 14:30 under handsaminga av F-sak 84/16. Orienteringar: - Marine grunnkart - Runde Miljøsenter v/nils Roar Hareide. underskrifter Kjell Runde Arnulf Goksøyr Per Kristian Furø ordførar
OFFENTLEG SAKLISTE: Saksnr PS 79/16 PS 80/16 PS 81/16 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte Referatsaker PS 82/16 Godkjenning av låneopptak i Husbanken - Startlån 2016 PS 83/16 Søknad om startlån (U.off. 13) PS 84/16 Budsjettkontroll per 31.03.2016 PS 85/16 Skatterekneskapen 2015 PS 86/16 PS 87/16 PS 88/16 PS 89/16 PS 90/16 PS 91/16 PS 92/16 PS 93/16 PS 94/16 PS 95/16 PS 96/16 PS 97/16 PS 98/16 PS 99/16 PS 100/16 PS 101/16 Rutine for eigarskapsstyring Plassering av deponi Fosnavåg hamn - svar på kommunestyret sitt vedtak frå 18.2.2016 Detaljreguleringsplan for gnr. 35, bnr. 31 mfl. i Fosnavåg - stadfesting av planprogram Revidering av handlingsprogram til trafikktryggingsplan 2016 - Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn Leine bustadfelt - støttemur og snuplass Leigeavtale for landfeste til flytebrygge gnr 25 bnr 19 i Leinevika fiskerihamn Ny slamforskrift Økonomisk avslutning. Trafikktryggingstiltak etablering av lys og ledegjerde i Sævikane. Trafikktryggingstiltak ved Einedalen skule - prosjekt 51300 - Økonomisk avslutning Økonomisk avslutning av prosjekt 51923 Leidningsanlegg Moltu. Kvardagsrehabilitering i Herøy kommune Søknad om økonomisk tilskot til drift av Senter mot Incest og seksuelle overgrep Møre og Romsdal. Innleige av lokale - IKT-avdelinga Innleige av lokale - Eigedomsavdelinga Innleige av lokale - Skuleavdelinga Prosjekt 61602 - Industrivegen 19 finansiering (U.off. 23, 1. ledd)
Referatsaker RS 27/16 F-sak 5/16 Særutskrift - Servicetorget våren 2016 RS 28/16 RS 29/16 RS 30/16 RS 31/16 Husk at det skal vere representasjon av begge kjønn i styret i kommunal kontrollerte aksjeselskap. Protokoll fra ordinær generalforsamling 31.03.16 Kystvegen Måløy - Florø AS Oversending av dokument som gjeld Dragsundbygg IKS Herøy kyrkjeleg fellesråd - val av medlemer til partsamansett utval RS 32/16 Herøy kyrkjelege fellesråd - driftsrekneskap/investeringsrekneskap 2015 - årsmelding 2015 RS 33/16 Rammeavtale anleggsprosjekt - utfyllande informasjon
PS 79/16 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling. Til saklista: F-sak 82/16 skal vere offentleg. PS 80/16 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE Protokoll frå førre møte låg føre. PS 81/16 REFERATSAKER Referatsaker frå avdelingane låg føre og vart tekne til vitande. PS 82/16 GODKJENNING AV LÅNEOPPTAK I HUSBANKEN - STARTLÅN 2016 Eigedomsleiar Robert Myklebust og bustadkonsulent Ida Myklebust møtte i saka. Saka skal vere offentleg. Kommunestyret godkjenner låneopptak i Husbanken, stort kr. 3 000 000,- til vidare utlån til startlån på dei vilkår som går fram av tilsagnsbrev og låneavtale frå Husbanken.
PS 83/16 SØKNAD OM STARTLÅN PS 84/16 BUDSJETTKONTROLL PER 31.03.2016 Økonomileiar Geir Egil Olsen møtte og orienterte i saka. Informasjonen vert tatt til vitande. PS 85/16 SKATTEREKNESKAPEN 2015 Økonomileiar Geir Egil Olsen og skatteoppkrevjar Jan Driveklepp møtte og orienterte i saka. Herøy kommunestyre tek skatterekneskapen for 2015 til vitande. PS 86/16 RUTINE FOR EIGARSKAPSSTYRING Skatteoppkrevjar Jan Driveklepp møtte og orienterte i saka. Per Kristian Furø (Ap) kom med slikt framlegg til nytt pkt. 3: «I saker som skal opp i generalforsamlingar, representantskap og årsmøter, og som er at prinsippiell karakter, m.a. vedtektsendringar, styresamansetning, økonomi, osv, skal ordføraren (eller hans stedfortreder) avklare mandatet sitt på førehand med kommunestyret.» Arnulf Goksøyr (H) kom med framlegg om slik endring i pkt. 2: «Ordføraren/varaordføraren får fullmakt til å oppnemne andre frå formannskapet dersom ordføraren eller varaordføraren er forhindra frå å møte.
Formannskapet får fullmakt til å oppnemne representant utanfor formannskapet.» Punktvis røysting: Pkt. 1 i rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Pkt. 2 i rådmannen si tilråding med endringsframlegget frå H vart samrøystes vedteke. Framlegget til nytt pkt. 3 frå Ap fall mot 3 røyster. 1. Kommunestyret godkjenner «Rutine for eigarskapsstyring». 2. Ordføraren får delegert fast fullmakt til å møte på vegne av Herøy kommune som eigarrepresentant på generalforsamlingar, representantskap og årsmøte m.v. Ordføraren/varaordføraren får fullmakt til å oppnemne andre frå formannskapet dersom ordføraren eller varaordføraren er forhindra frå å møte. Formannskapet får fullmakt til å oppnemne representant utanfor formannskapet. PS 87/16 PLASSERING AV DEPONI FOSNAVÅG HAMN - SVAR PÅ KOMMUNESTYRET SITT VEDTAK FRÅ 18.2.2016 Stig Arne H. Sævik reiste sitt habilitetsspørsmål. Han er leiar i Herøy Fiskarlag som har kome med merknader i saka. Han gjekk frå under handsaming av habilitet. Stig Arne H. Sævik vart samrøystes kjend habil. Utviklingsleiar Jarl Martin Møller møtte og orienterte i saka. Svein Gjelseth (Ap) kom med slikt framlegg: «1. Herøy kommunestyre gjer om inkje vedtak om deponi Fosnavåg hamn av 10.12.2015 pkt. 1. 2. Herøy kommunestyre vedtek at alternativ indre hamn Fosnavåg skal nyttast til deponering av masser i samband med mudring av Fosnavåg hamn.» Det vart halde gruppemøte. H, Frp og Krf v/arnulf Goksøyr (H) kom med slikt framlegg: 1. Herøy kommunestyre vedtek at alternativ 2 ytre- del av Fosnavåg skal nyttast til deponering av ureine masser i samband med mudring av Fosnavåg hamn. 2. Reine masser skal nyttast til oppfylling av næringsareal i tilknytning til Fosnavåg Pelagic. 3. Herøy kommunestyre går inn for miljøoppryddingsprosjekt som skissert i saka. Administrasjonen skal i det vidare arbeidet søkje etter gode finansieringsløysingar for prosjektet. 4. Herøy kommune vedtek at det vert sett i gang reguleringsarbeid som legg til rette for deponi i ytre del av hamna.
5. Indre almenningskai til og med Fosnavåg Pelagic. Der må ein sette i gang reguleringsarbeid for å få på plass meir areal til utviding av areal til næring. Framlegget frå H, Frp og Krf vart vedteke mot 4 røyster. Svein Gjelseth, Per Kristian Furø, Olaug Andreassen og Kjell Runde røysta imot. 1. Herøy kommunestyre vedtek at alternativ 2 ytre- del av Fosnavåg skal nyttast til deponering av ureine masser i samband med mudring av Fosnavåg hamn. 2. Reine masser skal nyttast til oppfylling av næringsareal i tilknytning til Fosnavåg Pelagic. 3. Herøy kommunestyre går inn for miljøoppryddingsprosjekt som skissert i saka. Administrasjonen skal i det vidare arbeidet søkje etter gode finansieringsløysingar for prosjektet. 4. Herøy kommune vedtek at det vert sett i gang reguleringsarbeid som legg til rette for deponi i ytre del av hamna. 5. Indre almenningskai til og med Fosnavåg Pelagic. Der må ein sette i gang reguleringsarbeid for å få på plass meir areal til utviding av areal til næring. PS 88/16 DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 35, BNR. 31 MFL. I FOSNAVÅG - STADFESTING AV PLANPROGRAM Rådmannen si tilråding vart vedteke mot 4 røyster. Svein Gjelseth, Per Kristian Furø, Olaug Andreassen og Kjell Runde røysta imot. Herøy kommunestyre stadfestar, i medhald av plan- og bygningslova 12-9, forslag til planprogram detaljreguleringsplan for gnr. 35, bnr. 31 mfl. i Fosnavåg, datert 2.2.2016. Planprogrammet skal leggjast ved forslag til reguleringsplan ved utlegging til offentleg ettersyn. PS 89/16 REVIDERING AV HANDLINGSPROGRAM TIL TRAFIKKTRYGGINGSPLAN 2016 - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN Maritim og teknisk komite si tilråding vart samrøystes vedteke.
Vedtak i Formannskapet - 10.05.2016 Formannskapet viser til vedtak i F-sak 37/16 om oppstart av revidering av trafikktryggingsplanen og vedtek i medhald av plan- og bygningslova 11-13, at vedlagt forslag til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn i minimum seks (6) veker. PS 90/16 LEINE BUSTADFELT - STØTTEMUR OG SNUPLASS Maritim og teknisk komite si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak i Formannskapet - 10.05.2016 1. Administrasjonen får i oppdrag å gjennomføre omregulering av vegen Leinebakkane slik at det kan etablerast snuplass som skildra i saksutgreiinga. 2. Kostnaden med forlenging av veg og bygging av snuplass vert å innarbeide i budsjett/økonomiplan for perioden 2017-2020. PS 91/16 LEIGEAVTALE FOR LANDFESTE TIL FLYTEBRYGGE GNR 25 BNR 19 I LEINEVIKA FISKERIHAMN Vedtak i Formannskapet - 10.05.2016 1. Kommunestyret godkjenner leigeavtalen mellom Herøy kommune og Ole Johnny Vattøy om bruk av landfeste til flytebrygge på gnr 25 bnr 19 i Leinevika fiskerihamn. 2. Ordfører får fullmakt til å signere avtalen på vegne av kommunen. PS 92/16 NY SLAMFORSKRIFT Margaret Leinebø reiste sitt habilitetsspørsmål. Ho er medlem i styret i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Ho gjekk frå under handsaming av habilitet. Margaret Leinebø vart samrøystes kjend inhabil etter KL. 40, Fvl. 6.
Herøy kommune går inn for at dagens ordning med at SSR står for innhenting av anbod og gjennomføring av slamtøminga på vegne av medlemskommunane vert vidareført. PS 93/16 ØKONOMISK AVSLUTNING. TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK ETABLERING AV LYS OG LEDEGJERDE I SÆVIKANE. 1. Prosjektrekneskapen 50014 for utbygging av belysning langs gangveg, vegkryss og oppføring av ledegjerde i Sævikane, vert godkjent med eit netto forbruk på kr 171.771,- 2. Meirforbruket på kr 46.771,- vert dekt av midlar avsett i budsjett til trafikktryggingstiltak 2016. PS 94/16 TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK VED EINEDALEN SKULE - PROSJEKT 51300 - ØKONOMISK AVSLUTNING Arnulf Goksøyr (H) framlegg om slik endring i pkt. 2: «Mindreforbruk på.» Rådmannen si tilråding med endringsframlegget frå H vart samrøystes vedteke. 1. Prosjektrekneskapen vert godkjent. 2. Mindreforbruk på 55.391 kroner vert i rekneskapen tilbakeført til unytta lånemidlar.
PS 95/16 ØKONOMISK AVSLUTNING AV PROSJEKT 51923 LEIDNINGSANLEGG MOLTU. 1. Prosjektrekneskapen vert godkjent med eit totalforbruk på kr. 9.754.279,- 2. Prosjektet er finansiert med tidlegare løyvingar til kloakkrammeplanprosjekt. PS 96/16 KVARDAGSREHABILITERING I HERØY KOMMUNE Komite for helse og omsorg si tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Plan for kvardagsrehabilitering vert vedtatt. 2. Utviding av stillingar må takast opp i samband med budsjetthandsaminga. PS 97/16 SØKNAD OM ØKONOMISK TILSKOT TIL DRIFT AV SENTER MOT INCEST OG SEKSUELLE OVERGREP MØRE OG ROMSDAL. Komite for helse og omsorg si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak i Formannskapet - 10.05.2016 Herøy kommune har etter ei ny samla vurdering funne å kunne gi støtte til SMISO for 2016. Søknaden for 2016 vert innvilga. I samband med budsjett 2017 vert det teke opp om kommunen vil inngå ei meir langsiktig avtale med organisasjonen. Kommunen si støtte på kr. 44.670,- belastast bundne fond.
PS 98/16 INNLEIGE AV LOKALE - IKT-AVDELINGA Eigedomsleiar Robert Myklebust møtte i saka. 1. Formannskapet godkjenner innleige av lokale for IKT-avdelinga og gir ordføraren fullmakt til å signere avtale med Vestbygget AS om innleige av lokale for 5 år med opsjon på ytterlegare leige i 5 nye år. 2. Innleiga vert finansiert over driftsbudsjettet til Eigedom og IKT. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. PS 99/16 INNLEIGE AV LOKALE - EIGEDOMSAVDELINGA Eigedomsleiar Robert Myklebust møtte i saka. 1. Formannskapet godkjenner innleige av lokale for eigedomsavdelinga sin seksjon byggdrift og gir ordføraren fullmakt til å signere avtale med Vestbygget AS om innleige av lokale for 5 år med opsjon på ytterlegare leige i 5 nye år. 2. Innleiga vert finansiert over eigedomdavdelinga sitt driftsbudsjett. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. PS 100/16 INNLEIGE AV LOKALE - SKULEAVDELINGA Eigedomsleiar Robert Myklebust og skuleleiar Sølvi Lillebø Remøy møtte i saka. 1. Kommunestyret godkjenner innleige av lokale for skuleavdelinga og gir ordføraren fullmakt til å signere avtale med Igero AS om innleige av lokale for 3 år med opsjon på ytterlegare leige i 3 år. 2. Leigekostnadene vert finansiert frå statlege tilskot slik det går fram av saksutgreiinga. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar.
PS 101/16 PROSJEKT 61602 - INDUSTRIVEGEN 19 - FINANSIERING MØTET SLUTT KL. 19:25