10. - 11. august 2012 meieriparken årdalstangen



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

The Waterboys. Karpe Diem DDE august 2011 meieriparken årdalstangen. Strupetakarane Honningbarna Yoga Fire Beinkjør. Tyyl! w w w.malrock.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Stemnehandboka for NKSF

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brukarrettleiing E-post lesar

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

mmm...med SMAK på timeplanen

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Informasjon Mangerfestivalen

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

INFORMASJON om førestellinga:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

5 stk flotte bustadtomter til sals

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Velkommen til songarstemne i Florø!

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

TIL DELTAKANDE KORPS:

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Brukarrettleiing. epolitiker

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

6-åringar på skuleveg

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Plassebakken Barnehage

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Informasjonshefte Tuv barnehage


Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for Rosa september 2014

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Sandeid skule SFO Årsplan

Finansiering av søknaden

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Rådgjevarkonferanse 2009

Bruk av reiserekning i Agresso

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjon Mangerfestivalen

Jon Fosse. For seint. Libretto

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Sommartur til Sverige,

Storleiken på brevet avg jer prisen. Prisar Les meir på: posten.no

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Velk0mmen til Årdal 0c Målr0ck. Det er ei glede å ynskja alle velkommen til Målrock Eg ynskjer alle ei kjekk Målrockhelg!

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INFORMASJON FOR OPPMENN

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Transkript:

målrock 10. - 11. august 2012 meieriparken årdalstangen Kaizers orchestra Madcon Raga rockers Susanne Sundfør Jan Eggum Lars Vaular Jahn Teigen Bjørn eidsvåg dunderbeist Strupetakarane John Olav Nilsen & Gjengen åshild mundal stuv www.malrock.no

målrock 2012 For tiande året på rad er det ei stor ære å få ynskje velkomen til Målrockfestival på Årdalstangen. Noregs einaste festival som fokuserer på og prioriterer artistar som syng på sitt eige språk og dialekt, slår ut mellom fjellsidene inst i Sognefjorden i august kvart år. Våre ivrige dugnadsarbeidarar legg sjela si i å skape ein herleg festival, og festivalen byrjar for alvor å finne sin plass i lokalmiljøet. Festivalen som byrja særs forsiktig i 2003 har no blitt eit stort prosjekt som stadig når nye høgder, og vi er like glade, stolte og slitne etter festivalen kvart einaste år. Målrock vert på øvste hald leia av ei stifting med fem frivillige styremedlemmer som har festivalarbeidet som sitt einaste føremål. I tillegg har vi stor hjelp til sjølve festivalgjennomføringa gjennom IL Jotun og Årdalstangen IL, samt Reisemål Årdal. Vi har òg samarbeid med Vikadalen Ungdomslag som tek vare på deg på den obligatoriske festivalcampen vår, og Hugin Musikkforum er òg innom og hjelper til der det trengs. Suksessen med egg og bacon til frukost og nattmat på campen i regi av Årdalstangen Musikklag held også fram. Vi ser på det som utruleg viktig at vi yter noko attende til lokalsamfunnet, og dugnadsarbeidet som blir lagt ned gir laga solide inntekter som dei i sin tur kan nytte til noko godt for oss alle. Stiftinga vil òg takka sponsorane som stiller opp år etter år nokre av dei har faktisk vore med i alle ti åra. I år er det tredje året vi tek Målrock ut i naturen og til Skåri, og i år trur vi det blir ei heilt særeigen oppleving der framme med Susanne Sundfør på plakaten. Plakaten for den tiande Målrocken tykkjer vi famnar breitt og godt i år også. Litt spesielt er det at vi går inn i den tiande Målrockfestivalen utan ein av dei som var med på å starte festivalen, Kari Vigen gjekk dessverre bort i mars. Vi takkar Kari for innsatsen ho brukte på Målrock, både som styremedlem og seinare som musikar ved fleire høve. Vi skal uansett ære minnet om Kari Vigen med glede, god musikk og ei fantastisk festivaloppleving der Sognefjorden går på land 10. og 11. august! Velkommen! På vegne av Stiftinga Målrock, Katrine C. Fredheim Følg Målrock på Facebook: facebook.com/maalrock Twitter: twitter.com/#!/maalrock eller sjå nettsida for meir info: www.malrock.no Målrockmagasin 2012 Trykk: UnitedPress Trykkeri Distribusjon: Bring as Grafisk design: Skrivargarden as GRATULERer MED 10-ÅRSJUBILéE T Indre Sogn Sparebank har vore generalsponsor og medspelar i Målrock heilt sidan den spede starten for 10 år sidan. Banken har òg hatt gleda av å samarbeide direkte med Målrock, m.a ved Årdal Sparebank sitt 100 års jubileum. Det er banken både stolte og glade for. Målrock har synt seg å være ei rett satsing frå Indre Sogn Sparebank si side. Festivalen har i alle år synt ei god utvikling og har etter kvart blitt eit svært viktig kulturarrangement med verdiar som banken kan stå inne for. Arrangementet gjev m.a store inntekter til idretten i Årdal. Indre Sogn Sparebank gleder seg til årets Målrock som i år kan syne til eit fantastisk program som er eit 10-årsjubileum verdig. Banken ynskjer arrangørane lukke til med 10-årsjubiléet, og oppmodar folk frå distriktet og elles i landet til å besøke denne flotte og viktige festivalen på Årdalstangen. Mvh Indre Sogn Sparebank Egon M. Moen velkomen til målrock Det er ei glede å ynskje velkomen til Årdal og Målrock 2012. Målrock 2012 feirar 10-årsjubileum, og kan sjå tilbake på like mange år som ei positiv merkevare for bygda vår. Årdal kommune tildelte Målrock kulturprisen i 2011 som teikn på det positive arbeidet som vert gjort for å sette Årdal på kartet når det gjeld musikk, språk og kultur. Festivalen har dei siste åra hatt eit klårt standpunkt mot rus mellom yngre, noko som mellom anna blir markert med Blås Grønt-aksjonen. Det er flott at ein festival også har fokus på positive haldningar både mot yngre og eldre. Målrock er avhengig av ein formidabel dugnadsinnsats gjennom heile året, og det er difor viktig at næringslivet og lagslivet stør opp om Målrock også i framtida. Alle kommunar ynskjer å profilere seg på ein positiv måte, og gjennom Målrock får Årdal ei positiv merksemd som vi er djupt takksame for. Gjennom arrangementet i Skåri i Utladalen har Målrock lukkast med å skape ein arena for musikalsk oppleving med vakker og frodig natur som råme. Det er viktig for Årdal at ein gjennom Målrock får vist fram heile bygda vår. Årdal skal vere ein god og trygg plass å bu, leve og arbeide. Målrock er med på å stø opp under denne visjonen på ein svært god måte. Eg ønskjer lukke til med 10-årsjubileum, og ser fram til ei god Målrockhelg i Årdal. Beste helsing Arild Ingar Lægreid Ordførar BSU PLUSS Er du BSU-kunde i Indre Sogn Sparebank? No kan du dobla sparinga di til god rente! Indre Sogn Sparebank tilbyr no BSU Pluss. Dette gir banken sine BSU-kundar høve til ekstra sparing til same gode innskotsvilkåra som BSU. Dessverre gir ikkje styresmaktene skattefrådrag for denne sparinga. Ta kontakt med ein av våre dyktige rådgjevarar, så hjelper me deg i gang med sparinga. www.indresognsparebank.no

På lag med Målrock Telehuset Sogndal og MobilData Årdal er stolte av å vere med som hovedsponsor for årets Målrock som feirar 10 år i år. Vi gratulerer og ønskjer lykke til med arrangementet!! AV E N S I S A v ens i s f r a : 2 9 3. 5 0 0,- * Telehuset og MobilData er dine lokale mobil- og dataekspertar. Vi tilbyr eit stort utval innan mobil, data og tilbehør, og ikkje minst service på desse produkta. Prøv oss du også. A v e n s i s A dv a n c e 2.0 D - 4 D 1 2 4 h k s t v. f r a : 3 4 2. 9 0 0,- * Stort utval innan mobil og data!! A v e n s i s A dv a n c e 1. 8 V V T- i 14 7 h k a u t. s t v. f r a : 3 5 2. 9 0 0,- * Avensis Advance - Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon uten tillegg i prisen. Verdi 9 600,- RAV4 f r a : 3 9 2. 0 0 0,- * Fritt valg av utstyr for 15 000,- inkludert i prisen. RAV4 Executive - Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon uten tillegg i prisen. Verdi 9 600,Delskinn/Alcantarainteriør med elektrisk justerbart førersete. Kun 2 200,- N Y E YA R IS Ya r i s f r a : 1 8 4. 2 0 0, - * Inkludert kr 50,- ringetid. Telenor Kontant Yaris - Touch & Go *Veil pris inkl. serviceavtale i 3 år/50.000km, samt frakt, lev- og reg. omkostningar. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Avensis 2.0 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 119 g/km, frå 164 mg/km. Avensis 1.6 VVT-i: frå 0,65 l/mil, frå 150 g/km, frå 9,7 mg/km. Yaris 1.4 D-4D: frå 0,39 l/mil, frå 104 g/km, frå 0,141 g/km. Yaris 1.0VVT-i: frå 0,48 l/mil, frå 111 g/km, frå 0,02 g/km.rav4 2.2 D-4D: frå 0,60 l/mil, frå 159 g/km, frå 0,160 g/km. RAV4 2.0 VVT-i: frå 0,77 l/mil, frå 178 g/km, frå 0,014 g/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil. **Tillegg for tingl./etabl.gebyr kr 3 999,-. Skarpeteigvegen 1-6854 Kaupanger Tlf. 57 67 66 66- www.toyotasogn.no Telehuset Sogndal Sogndal MobilData Årdal Øvre Årdal SKRIVARGARDEN.NO Yaris Active med multimediaskjerm,ryggekamera og bluetooth som standard

artistar målrock jan eggum Jan Eggum fylte nyleg 60 år og feirar det med å gi ut, ikkje berre ei, men seks plater med samling av karriera. Eggum er ein bauta innanfor norskspråkleg musikk, og har naturlegvis stått på ønskjelista vår i fleire år. No vonar vi Målrockarane vil gje Jan Eggum ein varm velkomst, særleg sidan han skal opne årets Målrock! Fredag står Jan Eggum på scena i Meieriparken for fyrste gong. Meieriparken, fredag kl. 19.00. jahn teigen I løpet av 2012 skal Jahn Teigen ut med eit band på 8 personar og spele ei rekke konsertar i Noreg, og naturlegvis skal han òg spele på Målrock! Jahn Teigen er ein av artistane som høyrer naturleg inn under Målrock-fana, og når han kjem vil han framføre sine største hits frå heile si 40 år lange og innhaldsrike karriere. Dette er første gong Jahn Teigen set sine bein på festivalen, og ei ekstra gulrot for alle! Meieriparken, fredag kl. 20.15. ta med dine tilsette på tippeligakamp! legg personalsamlinga til fylkesarenaen Fosshaugane Campus og opplev meir enn 2x45 min. med toppfotball. Gode konferanse- og møterom. Vi kan tilby: VIP-losje. Vårt mest eksklusive produkt Billettpakkar med servering: Uformell samling for dei tilsette i di bedrift Billettpakkar: 2x45 minutt med Tippeligafotball Møterom/konferanse: Bruk heile kampdagen på Fosshaugane Campus. Frå små møter til store seminar. lars vaular Bergensrapparen Lars Vaular er ein av våre aller fremste hiphop-artistar om dagen. Han vann Spellemannspris for både beste hiphop-plate og årets tekstforfattar ved utdelinga no i 2012, og har gjort reint bord med låtar som «Rett opp og ned», «Fett» og «Som i en siste dans» med blant anna John Olav fra John Olav Nilsen & Gjengen. No er altså Spellemannsprisvinnaren Lars Vaular klar for Målrock, og kven veit kanskje dukkar det opp overraskingar med både Lars Vaular og John Olav Nilsen & Gjengen på same kveld? Meieriparken, fredag kl. 21.45. Kaizers Orchestra Kaizers Orchestra er nærast Målrockveteranar, og er ein naturleg artist å tenke på i eit tiårsjubileum. Bandet som om dagen er blant Noregs desidert største rockeband, er for tida ute på ein omfattande turne som ein del av utgivinga av andre plata i trilogien om Violeta. At dei samstundes står stødig på trona som Noregs beste liveband, gjer at vi er trygge på at deira fjerde besøk på Målrock blir like bra som dei tre første! Meieriparken, fredag kl. 23.00. For meir informasjon og bestilling ring 57 62 90 00. sogndalfotball.no Fotocredits: Jan Eggum - pressefoto, Jahn Teigen - pressefoto, Lars Vaular - Michael Angeles, Kaizers Orchestra - pressefoto.

artistar målrock artistar målrock john olav nilsen & gjengen Loddefjordbandet John Olav Nilsen & Gjengen slo gjennom i 2009 med albumet «For sant til å være godt» og låtar som «Hull i himelen» blei omtrent ein farsott over heile landet dette året. I 2011 kom andreplata «Det nærmeste du kommer», og bandet frå Loddefjord spelar fengjande gatepop. Det var god stemning då vi hadde gjengen på besøk til festivalen i 2010, og denne gongen avsluttar dei fredagskvelden i Meieriparken. Meieriparken, fredag kl. 01.00. stuv Legendarisk kultband frå Årdal, som spelar rock med trøkk og glede. Dei lagar sine eigne låtar, der tekstane blir skrivne og framført på årdalsdialekt. På Målrock vil dei spela flest mogleg av sine eigne låtar og kanskje krydrar dei spelelista med nokre coverlåtar frå andre kjende norske band som anten har spelt eller skal spela på Målrock. For å gje desse låtane særpreg, vil dei sjølvsagt framføra dei på dialekt. Stuv gler seg til å stå på scena i Skåri! Under Skåri, laurdag kl. 13.00. åshild mundal Åshild Mundal er frå Luster, kom nyleg ut med si debutplate «Fritt Fall», og er eit friskt pust i norsk pop. Ho skreiv først låtane sine på engelsk, før ho blei utfordra til å nytte sognedialekta og skrive på norsk, noko ho aldri har angra på. Laurdag føremiddag står ho på scena under Skåri! Under Skåri, laurdag kl. 14.00. susanne sundfør Vi inviterar til ei heilt særeigen oppleving under Målrock i år Susanne Sundfør står øvst på plakaten under Skåri. Med sitt unike uttrykk innanfor musikken er Susanne Sundfør, på tross av engelskspråkleg musikk, noko du ikkje vil gå glipp av. Dette blir ei konsertoppleving du seint vil gløyme i spektakulære omgjevnader! Under Skåri, laurdag kl. 15.00. bjørn eidsvåg Bjørn Eidsvåg var sist på Målrock i 2009, og den gongen var han og fyrste artist ute laurdag ettermiddag i parken. «Rockepresten» har vore artist heilt sidan 1971 og er framleis aktiv i kulturlivet, seinast med utgjevinga av «Rundt neste sving» som kom i 2010. Låtar som «Eg ser», «Mysteriet Deg» og «Skyfri Himmel» kjem mest sannsynleg til Meieriparken laurdag kveld saman med Bjørn Eidsvåg. Meieriparken, laurdag kl. 19.00. strupe takarane Strupetakarane er nærast blitt husband på Målrock, men kvifor endre på noko som fungerer? Strupetakarane er velkjende innad i Årdal, men til og med dei tilreisande legg godt merke til kultfenomenet vi hentar frå vår eiga bygd. Sjå opp for gamle slagerar som «Bungalowvegen», «Passasjer» og «Ta ein tur fram i dalen». Kari Vigen var bassist i Strupetakarane, men dei resterande medlemmene har aldri vore i tvil om å stille til årets festival for å skape allsang med lokale utgåver og variantar av kjende melodiar likevel. Vi gler oss! Meieriparken, laurdag kl. 20.30. raga rockers I 2012 er det 30 år sidan Raga Rockers såg nattas lys første gong, og seks år sidan deira hittil fyrste og einaste opptreden på Målrock. Det markerer dei med festivalturné og utgjeving av konsertopptak. Dei opprinnelege medlemmane er Michael på vokal, Livio på bass og Jan på trommer. Dette er grunnstamma i Raga Rockers, og det er nettopp grunnstamma i bandet vi får besøk av i år! Med seg har dei gitarist Eivind Staxrud, og i 2012 skal dei ut og sette fotfeste rundt sin solide posisjon som ein av rockens fire store. Dette blir ein konsert ingen bør gå glipp av. Meieriparken, laurdag kl. 21.45. dunderbeist Frå Hedmark får vi besøk av eit av dei sterkaste livebanda som finst i Noreg om dagen, skurkeorkesteret Dunderbeist! Nyleg ga Dunderbeist ut si fjerde plate, Black Arts & Crooked Tails, og står no på kanten av ei internasjonal lansering. Bandet er for alvor på veg opp og fram med sin hardtslåande rock og heftige liveshow, og for Målrockarar anbefalar vi særleg å sjekke ut den tredje plata, Dunderbeist, som er ei heil plate med deileg rock på brei Hedmarking. Vi har sjølvsagt spurt om dei kan spele nokre ekstra låtar frå denne. Vi lovar uansett ei oppleving du seint vil gløyme med Dunderbeist som nest siste band ut i den tiande utgåva av Målrock! Meieriparken, laurdag kl. 23.15. madcon Madcon, beståande av Tshawe Baqwa og Yosef Woldemariam, er godt kjende innanfor pop og hiphop, men òg for ein del andre krumsprang som til dømes i «Skal vi danse» og «The Voice». Som duo slo dei for alvor gjennom i 2007 med singelen Liar, og har etter den tid stadig levert nye, fengande låtar som set seg på hjernen. I august skapar dei fest heilt til slutt i den tiande utgåva av Målrock. Meieriparken, laurdag kl. 00.30. Fotocredits: John Olav Nilsen & gjengen - pressefoto, Stuv - pressefoto, Åshild Mundal - pressefoto, Susanne Sundfør - Sofia Fredricks Sprung, Bjørn Eidsvåg - pressefoto. Fotocredits: Strupetakarane - pressefoto, Raga Rockers - pressefoto, Dunderbeist - Roger Johansen, Madcon - pressefoto.

EIGEDOMSMEKLING KJØPE ELLER SELJE EIGEDOM? TURTAGRØ Hyttetomter i eksklusivt fjellområde Vår visjon i NorSun er å bli ein verdensledande leverandør av monokrystallinske silisium-skiver (wafere) for høgeffektive solceller. NorSun har langsiktige kontrakter med sol-industriens ledande og mest krevjande produsentar av solceller. NorSun har for tiden 250 tilsette i Oslo og Årdal. Vi ønskjer at vårt selskap og produkter skal symbolisera det ypparste innanfor produktyting, kvalitet, teknologisk innovasjon og soliditet innanfor vårt industriområde. Våre ansatte er vår største ressurs, og vi ønsker gjennom teamorientering, involvering, syste-matikk og standardisering, samt stort initiativ og engasjement at vi utvikler både mennesker og teknologi. - vi brenn for det gode nærmiljøet! Skal du kjøpe eller selje? Ta kontakt med ditt lokale meklarkontor Tlf. 57 66 46 00 VIK I SOGN Hyttetomter ved fjorden Ta kontakt med din lokale eigedomsmeklar! DIN HEIMSTAD - VÅRT LOKALENGASJEMENT VI STØTTAR MÅLROCK! Terra Eigedomsmegling Årdal, 57 66 46 00 Rinde hyttefelt Priser.: kr 525 000,- Omkostn.: kr 16 780,- Boligtype: Hyttetomt Tomt: inntil 1 mål Hyttetomter med full infrastruktur - flott beliggenheit- med nærheit til både fjord og fjell! Eiendomsmegler MNEF/Fagansvarlig: mobil: 97 97 71 91 line.moen@terraeiendom.no - www.terra.no Skagastølstindene TYIN/NYSTUEN Møblerte fritidsboliger Turtagrø Priser fra.: kr 300 000,- Omkostn.: kr 13655,- Boligtype: Hyttetomt Tomt: fra ca 1 mål Eiendomsmegler MNEF/Fagansvarlig: mobil: 97 97 71 91 line.moen@terraeiendom.no - www.terra.no Nystuen Priser.: kr 1 290 000,- kr 1 690 000,- Omkostn.: ca kr 2,7% Felleskost.: kr 1 200,-/mnd Boligtype: Fritidsbolig P-rom: 42/50kvm Ant. rom: 2 Byggeår: 2006 Eiendomsmegler MNEF/Fagansvarlig: mobil 97 97 71 91 line.moen@terraeiendom.no - www.terra.no HYDRO ENERGI Kabel TV Frå kr. 255,- pr. mnd. KVALITET TIL RETT TID! Hydro er et globalt aluminiumsselskap med 23.000 ansatte i 40 land og virksomhet i hele verdikjeden fra fornybar energi til ferdige produkter for bygg, transport og emballasje. Energi forvalter Hydros fornybare energiressurser - vannkraft. Kraftproduksjon har ansvar for en mest mulig optimal drift og utvikling av Hydros vannkraft i Norge. Breiband Frå kr. 219,- pr. mnd. Rask levering og raske linjer! Rekneskapsføring frå A-Å Remittering (betaling av rekningar) Fakturering Løn, løns og trekkoppgåve. Innmelding AA-register m.m Perioderekneskap med naudsynte pliktige oppgåver, samt rapportering Komplett årsavslutning med innsending av likningspapir og årsoppgjer til rekneskapsregisteret Hjelp med styrearbeid, protokollar m.m Hjeper til med stifting av selskap Budsjettering og økonomisk planlegging Rådgjeving Anna førefallande arbeid SKRIVARGARDEN.NO Bruk lokale leverandørar, også på breiband og Tv! Tel. 57 66 44 00 www.ardalsnett.no w w w. c l a u s e n r e k n e s k a p. n o wenche@clausenrekneskap.no Tlf. 915 24 662

festival info festival info BILLET TSAL OPNINGSTIDER BILLETTSAL (PRISANE GJELD FØREHANDSSAL/KJØP I PORTEN) EKSKL. AVG.: Kan kjøpast via Billettservice.no, Posten, Narvesen eller 7-11. Merk at reserverte billettar på Billettservice ikkje kan hentast hjå Post i Butikk. Dersom du bestiller billettar tilsendt i Posten og ikkje har motteke desse innan ca. 1 veke, ta kontakt med Billettservice. Kvittering på kjøp er ikkje gyldig som billett. Lokalt vert det lagt ut billettar for sal hjå MIX Årdalstangen og Skrivargarden i Øvre Årdal. Dagsbillett fredag: 600,- / 700,- (+ avgift) Dagsbillett laurdag: 600,- / 700,- (+ avgift). Inkludert inngang i Skåri. Festivalpass fredag og laurdag: 950,- / 1100,- (+ avgift). Inkludert inngang i Skåri. Kulturkort for ungdom (gjeld til og med 19 år), festivalpass: 750,- (+ avgift). Ver merksam på at ungdomsbillett ikkje kan kjøpast i døra på festivalen. Om ein kjøper billett med kulturkortrabatt må ein syne gyldig legitimasjon ved bandpåsett for å kvalifisere for ordninga. Mellomlegg kr. 350,- må betalast dersom dette ikkje er tilfelle. Førehandssalet på utsalsstadene vert avslutta torsdag 9. august kl. 16.00. Vi sel førehandsbillettar mellom kl. 12 og 15 saman med bandpåsett på Årdalstangen fredag 10. august, detaljar om dette vert lagt ut på nettsidene. Alle kjøpte billettar må bytast om i eit armband med farge etter type billett og om ein er over/under 18 år. Billettar kan bytast inn i band slik: Øvre Årdal ved Skrivargarden torsdag 9. august frå kl. 14 16. Årdalstangen fredag 10. august frå kl. 12 15. Ved inngang til festivalen 30 minuttar før portane opnar og fram til kl. 01.00 kvar kveld. Særleg fredag ettermiddag vil det ofte bli kø ved bandpåsett dei første timane på kvelden, så spar deg for mykje tid ved å få band før festivalstart og gå rett inn! Dersom du skal rekke ein særskilt konsert oppmodar vi deg om å rekne god tid. DAGARRENGEMENT I SKÅRI Tilslutningsbussar vert sett opp. Arrangementet er familievenleg og gratis for alle med festivalpass eller laurdagsbillett. Inngang til Skåri kostar kr. 150,- for alle andre, men er gratis for born under 16 år. Tidspunkt og andre detaljar vert offentleggjort på www.malrock.no så snart desse er klare. SERVERING Det er servering av øl og vin på festivalen. Alt sal skjer ved hjelp av bongar, som må kjøpast i eigne utsal under festivalavviklinga. Det er høve til å kjøpe så mange bongar som ønskeleg, og bongane er gyldige både fredag og laurdag. Betaling her kan skje både med kort og kontant, men ver merksam på at ubrukte bongar ikkje vert refunderte. Idrettslaga Årdalstangen og Jotun serverer grillmat på området under festivalavviklinga. Denne må òg kjøpast med bongar. Årdalstangen Musikklag står for frukost og nattmat på campingen. Desse tilboda har eigne prisar som blir annonsert på www.malrock.no ALDERSGRENSE Målrock har i utgangspunktet ingen aldersgrense, men festivalen er generelt lite eigna for born. Alle under 15 år må vera i følgje med føresette. Legitimasjon må førevisast ved bandpåsett for å få band med riktig farge. Alle under 18 får eigne band som ikkje gir adgang til å kjøpe alkohol, og dersom mindreårige vert observerte med alkohol vert festivalbandet klipt av og den mindreårige vist vekk frå området. Det same gjeld personar over 18 som gir alkohol til mindreårige. Det er nulltoleranse for alkoholinntak blant personar under 18 år. Dersom ein ved inngang vert oppfatta som berusa, vil ein bli nekta inngang, uavhengig av om ein har gyldig billett. Billetten vert då ikkje refundert. FESTIVALCAMP Festivalcampen blir organisert av Vikadalen Ungdomslag, og er lokalisert i Saltviki, rett ved sida av festivalområdet. Inngang på campen krev eige campband som blir utlevert ved ankomst og betaling av plass. Det er ikkje høve til å nytte campen utan at det er løyst festivalbillett til ein eller fleire av festivaldagane. Det er ikkje mogleg å førehandstinga plassar på festivalcampen. Grunna kapasiteten, er festivalcampen berre for tilreisande. Pris for overnatting heile festivalhelga er kr. 200,- Oppdatert informasjon om festivalcamp vil til ei kvar tid vere tilgjengeleg på malrock.no Fasilite tar: Toalett Dusj- og bademoglegheiter i det kommunale badeanlegget like ved camp- og festivalområdet (ope frå kl. 12 18, billettar kostar 40,- for vaksen og 20,- for born), samt i garderobeanlegget på Tangen Skule. Frukost og nattmat: Årdalstangen Musikklag stiller opp med god og heimelaga frukost på campområdet fredag, laurdag og søndag. Natt til laurdag og søndag stiller dei òg med nattmat! Prisane på dette vert annonsert på www.malrock.no. TRANSPORT Til og frå Sogn går det fleire bussruter, dei fleste i regi av Nor-Way Bussekspress. Nor-Way har daglege avgangar til Årdal direkte frå Oslo og Bergen. Sjå www.nor-way.no og www.ruteinfo.net for rutetider og prisar på ekspress- og lokalbuss. Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. For flytider og tilbod sjå www.wideroe.no. Lokalt i Sogn vert det satt opp festivalbussar både til og frå festivalen. Bussane frå festivalen har eigne takstar, og går kort tid etter at festivalen er avslutta for kvelden. Rutetider og prisar vert lagt ut innan 1. august på www.malrock.no. Festivalområdet er ope slik: Fredag 10. august frå kl. 18.30-02.15 Laurdag 11. august frå kl. 18.30-02.15 Ledsagarbevis vert akseptert på festivalen. Festivalen har inga garderobeløysing eller tilsvarande oppbevaring av saker og ting, så følgjande ting er det lurt å la ligge heime når du reiser på festival: Paraply (ta med regnjakke!) All mat og drikke Profesjonelle fotoapparat Medisinar og liknande RUTETIDER MÅLROCK 2012 Eventuelle endringar vert annonsert på malrock.no. RUTE TIDER: Fredag 9. august Tid Avgang frå Til Pris 18.00 Lærdal sjukehus Årdalstangen Sjå heimesida 18.15 Utladalen årdalstangen Sjå heimesida 02.00 Årdalstangen Lærdal via Fodnes* ** 02.15 Årdalstangen Øvre Årdal Sjå heimesida Laurdag 10. august Tid Avgang frå Til Pris 12.15 Årdalstangen Hjelle/Skåri 20, 16.00 Hjelle/Skåri Årdalstangen 20, 18.00 Lærdal sjukehus Årdalstangen Sjå heimesida 17.35 Sogndal skysstasjon Årdalstangen Sjå heimesida 18.15 Utladalen årdalstangen Sjå heimesida 02.00 Årdalstangen Lærdal via Fodnes* ** 02.15 Årdalstangen Øvre Årdal Sjå heimesida * Bussen til Lærdal/Fodnes har forbindelse med ferje over til Mannheller. Frå Mannheller vert det satt opp buss/maxitaxi etter behov som køyrer til Kaupanger og Sogndal. ** Pris på ruta avheng av kvar ein skal. Sjå heimesida vår for meir informasjon om bussprisar.

Det mest moderne trykkeriet i Sogn og Fjordane! DESIGN Magasinlayout, fontval, utforming av tekst, medlemsblad og brosjyrer. TRYKK Konvoluttar, skjema, visittkort, brosjyrer, bøker og folderar. KOPI Størst i Sogn og Fjordane på digitalprint. RASK LEVERING Me hjelper deg med å få distribuert dine trykksaker dit du vil, når du vil. 19. RUNDE TIPPELIGAEN: Sogndal - Rosenborg Fosshaugane Campus Søndag 12. august kl. 18.00 NB! Kamptidspunkt kan bli endra på grunn av TV-rettigheiter. Følg med på sogndalfotball.no Avslutt Målrock-helga med storkamp på Fosshaugane Campus! Billettprisar SOGNEKRAFTTRIBUNA: Sognekraft Øvre og Nedre: 300,- Saftkokarar: 150,- Jentelosjen: 150,- Honnør: 150,- Bestilling familiepakkar: Send kodeord FAMILIE til 2229 etterfølgd av ditt navn og tal billettar. Billettane vil ligge klar til avhenting i billettluka på kampdag. Uavhenta billettar blir lagt ut for sal kl. 17.30. Førehandsal av billettar: Statoil Sogndal og sogndalfotball.no FYLKESTRIBUNA/FAMILIETRIBUNA: Ordinær: 250,- Student/ungdom: 150,- Born: 100,- Familiepakkar (3 stk eller fleire) pr stk. 100,- FAMILIE- TRIBUNA ny plassering nytt opplegg I år er Familietribuna flytta over til «kremplass» på den nye fylkestribuna. Her kan du trygt plassere ungane dine, medan du sjølv har tribuneplass rett utanfor leikeromma. Barnepass (inkl. i bill.prisen) Eige leikerom for 0-5 år Eige aktivitetsrom for 6-12 år BILLETTAR & BESTILLING Barn 100,- Vaksne 250,- Familie (3 eller fleire) 100,- pr stk. Bestilling: Send kodeord FamiliE til 2229 etterfølgd av ditt navn og tal billettar. Førehandsal av billettar: Statoil Sogndal og sogndalfotball.no Sjå meir på www.skrivargarden.no

3 om målrock! festivalcampen i saltviki målrock under skåri Laurdag et termiddag har du høve til å få med deg Stuv, Åshild Mundal og Susanne Sundfør under Skåri. EIRIK BAKKE Skal du på Målrock i år? Det håpar eg at eg får tid til. Eg har kamp mot Rosenborg søndag, men får ta på meg eit raudt kort helga før, slik at eg kjem meg på Målrock for første gang. Kva gler du deg mest til å høyra i år? Det hadde vore moro å fått med seg Jahn Teigen, Kaizers Orchestra og John Olav Nilsen & gjengen. Kva tykkjer du om årets program? Årets program er topp. Eg tykkjer det er veldig bra å få til eit så stort arrangement på ein så liten plass. Å få så mange bra band er rett og slett imponerande. Eg håpar eg kan ta turen innover, for det er alltid moro å koma til Årdal. Vikadalen Ungdomslag er ansvarlege for festivalcampen i Salt viki. Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: Aleksander Øren Heen Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: Sofia Fredricks Sprung ODD EINAR NORDHEIM Skal du på Målrock i år? Ja, eg skal på Målrock i år. Kva er ditt beste Målrockminne? Mitt beste Målrockminne må vera då eg sjølv spelte der. Det var ei fantastisk oppleving. Elles minnes eg Bob Hund og Valkyrien Allstars frå same år med glede. Kva tykkjer du om årets program? Årets program ser særs spanande ut! Kva gler du deg mest til å høyra i år? Eg gler meg spesielt til Lars Vaular, Kaizers og Dunderbeist. Men høgdepunktet for meg vert likevel Susanne Sundfør under Skåri. Kva må ein få med seg på årets Målrock? Seansen under Skåri er magisk og flott! Reis dit! Kva er det beste med Målrock? Det beste med festivalen må vel være at den finn stad i vakre Aordal! Festivalcampen er open frå torsdag 9. august kl. 15.30 til søndag 12. august kl. 12.00, og er då open heile døgeret. Det er ingen førehandsbestilling, så her blir det «fyrstemann til mølla», seier Lars Grenager i Vikadalen Ungdomslag. Han er likevel sikker på at dei skal få plass til alle tilreisande som vil bu på campen denne helga. Grunna kapasiteten, er festivalcampen som tidlegare berre for tilreisande. Pris for overnatting heile festivalhelga er kr. 200,- per person. I fjor hadde dei omlag 400 besøkande på festivalcampen, noko dei trur dei vil klara i år òg. Me kan tilby våre besøkande reine og ryddige toalett med god standard. I tillegg er det høve til å ta seg ein dusj mellom klokka 10 og 12 laurdag og søndag, fortel Grenager. HEGE BAKKEN WAHLQUIST Skal du på Målrock i år? Eg er ikkje heilt sikker på om me har fri frå handballen den helga eller ikkje, men dersom me har fri frå så kjem eg. Kva er ditt beste Målrockminne? Eg har ikkje eit spesielt minne, men det beste må vera å koma heim og møta utflytte årdøler som er heime til Målrock, i tillegg til at eg får møta alle venene som bur heime i Årdal. Kva tykkjer du om årets program? Programmet ser veldig bra ut. Det er mange gode artistar og grupper som er samla, og eg trur det blir ei kjempehelg. Eg kunne godt tenkt meg å få høyrt på alle saman, både i Meieriparken og under Skåri. Kva gler du deg mest til å høyra i år? Det er mange eg gler meg til å høyra, og eg klarar ikkje å velja ut ein. Men Kaizers, Madcon og Susanne Sundfør trur eg bli spanande. Kva må ein få med seg på årets Målrock? Det må vera opp til kvar og ein, sidan folk har forskjellig smak. Men eg trur nok dei fleste kjem til å kosa seg med alle artistane som skal vera på scena i år. Kva er det beste med Målrock? Som eg har nemnt ovanfor så synes eg det beste med Målrock er å møte vener og bekjente, og ha det morosamt ilag med god musikk. ynskjer fokus på rus Bl ås Grønt-aksjonen er eit samarbeid mellom Årdal Tenk Tryggleik, Politie t, Ungdomsråde t i Årdal og Målrockleiinga, der måle t er å få unge til å utse tja sin debut med alkohol. Tekst: Ane Aga Geithus Blås Grønt-aksjonen er eit tilbod for ungdom frå 15 19 år, som også i år, for tredje året på rad, vert arrangert under Målrock. Politiet låner ut utstyr til aksjonen, og det er ungdom frå Ungdomsrådet i lag med sekretær Gunvor Haug Moen som gjer jobben. Det vert fine premiar til dei som bles grønt, og desse er det festivalen sjølv som betalar, saman med lokalt næringsliv, fortel folkehelsekoordinator i Årdal kommune, Steinar Drægni. Politiet vil òg tilby gratis, friviljug promillekontroll under festivalen, der dei som har tenkt å køyra bil, men er litt i tvil om kor reint blodet er for alkohol, kan testa seg. Dette vert annonsert, mellom anna med løpesetlar på festivalcampen. Det er òg mogleg at politiet dukkar opp med ordentlege promillekontrollar, slik dei har gjort tidlegare. Arrangementet som finn stad laurdag 11. august kl. 12.30 er eit samarbeid mellom Stiftinga Målrock, Hugin og Utladalen Naturhus. Dette er eit familiearrangement, med fokus på ei oppleving i lag med familien i flotte omgjevnader, seier leiar i Hugin Musikkforum, Thomas Norheim Moen. Det er det lokale bandet Stuv som startar showet, med eigne låtar framført på årdalsdialekt. Deretter er det klart for Åshild Mundal, som er aktuell med debutplata «Fritt Fall». Susanne Sundfør avsluttar arrangementet i Skåri, og i følgje Moen vert dette høgdepunktet her framme. Eg har høyrt mykje på Susanne Sundfør. Ho er fantastisk live, og eg gler meg svært mykje til å høyra ho. Musikken hennar passar godt til omgjevnadene rundt, og det er nok mange som vil ta turen fram i Skåri for å få med seg denne konserten, seier han. Han legg til at Hugin òg vil prøva å få eit band med nokre av dei yngre medlemmene deira til å spele der framme. Målrock under Skåri er gratis for alle som har laurdagsbillett eller festivalpass, og for born under 16 år. Dersom du ikkje har festivalpass eller laurdagspass, er billettprisen 150 kroner. Det går bussar til arrangementet, og prisen for ein bussbillett er 20 kroner, uansett om du reiser frå Tangen eller Øvre. Det vert også sal av mat og drikke. Målrock under Skåri vert i år arrangert for tredje året på rad. I fjor tok omlag 450 personar turen, og med eit knallbra program håpar arrangørane på enno fleire i år. Det blir også i år guida tur til Avdalen, i regi av Utladalen Naturhus. Turen går opp Avdalskori gamlevegen opp til fjellgarden Avdalen frå Skåri. Denne spesielle gardsvegen går opp den bratte lia fram til toppen av Avdalsfossen, delvis i ei naturleg hylle i den bratte fjellveggen. Vegen følgjer Avdøla vidare oppover ovanfor fossen, fram til brua ved kvernhuset over tunet i Avdalen. Avdal Gard har vore bebudd i mange hundre år, heilt til den vart fråflytt i 1962, men er no ein fullt renovert hyllegard der ingen skulle tru at nokon kunne bu. I dag blir garden drive som ein betent turistgard med husdyr om sommaren. Vel oppe i Avdalen er det kvile på tunet, med høve til å kjøpe mat eller drikke. Frå Avdalen går turen nedatt kløvvegen frå forrige århundre, via husmannsplassen Hagaberg til Vettisvegen ved Avdalsbrui. Derifrå er det kort veg attende til Utladalen Naturhus, fortel turleiar Rigmor Solem. Turen tek omlag to timar med pause.

Difor skal du velge oss Høg fagleg kompetanse Fokus på kvalitet Held det me lovar Gode referansar eimen h n u t o J il t n e d Frå Sognefjor Stort fagområde Positive haldningar Årdal Serviceinnstilte Konkurransedyktig på pris YIT AS Årdal Årdalsvegen 22 2 etg. Byggmakker 57 64 88 02 / 90 79 79 01 Together we can do it. Nye B-Klasse! Nye M-Klasse! DEN NYE FOLKEMERC `EN KLASSEKONGEN Terningkast 6 i VG - 7/2-2012 Terningkast 6 i VG - 21/2-2012 dal - Luster takkar AL Fjellvegen År mifrå innsats! fra for an art Kj Nye B-Klasse Frå kr REISEMÅL ÅRDAL 323.560,- Nye M-Klasse inkl. lev. Som første modell i segmentet blir nye B-Klasse levert med radarbasert kollisjonsvarsling som standard. Det gjev ekstra tryggleik for deg og din familie. Opplev det beste interiøret i klassen og bagasjeplass på inntil 666 l. FRÅ SOGNEFJORDEN TIL JOTUNHEIMEN ÅRETS SUV Finansavisen MOTOR 18/2-2012 Frå kr 808.877,- Nye M-Klasse 250 BlueTEC 4MATIC med 204 hk og 500 Nm har 7% meir kraft og opptil 25% lågare forbruk enn forgjengaren. I tillegg reinsar BlueTEC teknologien lokale utslepp (NOX ) med 65%*. Ein helt ny M-Klasse. Berre 158 CO2 g/km. Me støttar Målrock - velkomen til prøvekøyring! Der Sognefjo rden Mercedes service og formidling via Toyota Sogn, Kaupanger. går på land inkl. lev. * I forhold til forgjengaren ML 300 CDI 4MATIC. Pris inkl. lev. Førde. Forbruk blanda køyring: 0,44-0,80 l/mil. CO2-utslepp: 115-206 g/km. NO X utslepp 0,052 g/km. Bildet kan avvike fra tilbod. Importør: Bertel O. Steen AS. Bilhuset BilhusetFørde, Førde,Øyrane Øyrane6,6,6800 6800Førde, Førde,Tlf. Tlf.57 5772 7241 4100, 00,www.bilhusetforde.no www.bilhusetforde.no

Bruk heile helga i Sogn! 10. 12. august Foto: paal audestad Din totale vedlikeholdsleverandør i Sogn & Fjordane Årdal: 57 66 25 75 Svelgen: 57 79 67 80 Høyanger: 90 20 93 29 Mekanisk: Elektro/Automasjon: Elektroinstallasjon og Ingeniørteneste innan Automasjon, Gr. L og H Tavlebygging Idriftsettelse Opplæring Elektronikk verksted Tele og radioinstallasjoner Varmepumpeinstallasjoner Internkontroll /El-sjekkUtstyrsleveranser Platearbeid/ Sveising Maskinering Tilstandskontroll / smøring Røyrleggar Bilmekanikar Ingeniørteneste og prosjektledelse Opplæring og Sakkyndig kontroll innan: Kranar og løfteutstyr Liftar Truck Fallsikringsutstyr Varmt arbeid Ildfast vedlikehold/ Bygg & servicetenester Støyperiovnar Elektrolyseovnar Anodebrennovnar Betongarbeid Flislegging/tapetisering/maling Vaktmesterteneste Treng du hjelp i hus og hage? Kontakt oss! HMS Pol målrock 10. - 11. august 2012 meieriparken årdalstangen Kaizers orchestra Madcon raga rockers John olav nilsen & gjengen susanne sundfør Jan eggum lars vaular Jahn teigen BJørn eidsvåg dunderbeist strupetakarane åshild Mundal stuv www.malrock.no Vårt mål er et arb 12. august 2012 kl. 18 og mes kunnskap FoSShaugane CampuS står i fokus, slik a og negative helse vs. www.sogndalfotball.no www.skrivargarden.no

DET SOM ER VIKTIG FOR DEG ER VIKTIG FOR OSS Besøk oss på www.frisorstova.net for fleire gode tips og tilbod! LOKALE KULTURARRANGEMENT ER VIKTIG BDO er eit revisjons- og rådgivingsselskap med over 1.000 tilsette over heile landet som jobbar hardt kvar dag for å bidra til eit sunt og velfungerande næringsliv i vekst. BDO i Sogn og Fjordane med sine 13 tilsette tilbyr tenester innan revisjon, rådgiving, skatt og avgift. Vi har kontor i Årdal med Harald Husabø som leiar. Ta kontakt for ein uformell prat, eller kom innom vårt kontor på Årdalstangen. Tlf. 57 66 58 00 post@klingenberghotel.no www.klingenberghotel.no Norges største tverrfaglige rådgiver, med 40 kontorer i Norge Harald Husabø - Tlf.: 950 28 150 Les meir på: www.bdo.no BDO_103x153_Malrock-annonse.indd 1 11.06.2012 15:49:28 Tlf.57 66 40 15 Fax 57 66 40 16 Mobil 91 58 95 51 Ved kjøp og sal av bolig kontakt Årdal Boligbyggelag på tlf.: 57 66 32 79 oversikt over sponsorar 2011 Generalsponsor: Indre Sogn Sparebank Samarbeidspartnar: Sogndal Fotball, Årdal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune Støttespelarar: BIS, Clausen Rekneskap, Frisørstova, Hydro Energi, Norconsult AS, Reisemål Årdal, Terra Eigedom, YIT Årdal, Årdal Boligbyggelag, Hydro Aluminium Hovudsponsorar: Budservice, BDO, Klingenberg Hotell AS, Mobildata Årdal/Telehuset Sogndal, Norsun AS, Skrivargarden, Sparebank 1 SMN/LO favør, Toyota Sogn, Årdal Energi KF, Årdalsnett, Rema 1000 Juniorsponsorar: Elektromontasje AS, Kleiven Sogn AS, Sogn kran & transport AS, Årdal Byggservice Minisponsorar: Fretland Bygg AS, Hestetun Gartneri, Interoptik Årdal Optikk AS, 2tal elektro, Økonomiservice AS, Årdalstangen Industriforening, Tangen Sport

program fredag 10. august meieriparken 19.00: Jan Eggum 20.15: Jahn Teigen 21.45: Lars Vaular 23.00: Kaizers Orchestra 01.00: John Olav Nilsen & gjengen laurdag 11. august under skåri 13.00: STUV 14.00: Åshild Mundal 15.00: Susanne Sundfør laurdag 11. august meieriparken 19.00: Bjørn Eidsvåg 20.30: Strupetakarane 21.45: Raga Rockers 23.15: Dunderbeist 00.30: Madcon www.malrock.no