Forvaltning av verneområder og kommunane si rolle Alf Erik Røyrvik, verneområdeforvaltar Naustdal-Gjengedal LVO og Ålfotbreen LVO
Agenda Ny verneområdeforvaltning Rollefordeling Erfaringar Tiltak Kommunane si rolle Midlar til tiltak
Ny forvaltning av verneområder I 2009 vart det bestemt at det skulle innførast ein ny modell for forvaltning av verneområder Fram til då var det Fylkesmannen si miljøvernavdeling som var forvaltningsstyresmakt og stod for all sakshandsaming og alle vedtak Ein gjekk no over til meir lokal forvalting Vedtak skal no fattast av eit lokalt styre, samansett av lokalpolitikarar
Ny forvaltning Sakshandsaming, informasjonsarbeid, oppfølging mm. leggast til lokale verneområdeforvaltarar Lokale forvaltningsknutepunkt i nærleiken av verneområdet Kortare avstand mellom forvaltninga og grunneigarar / brukarar Meir satsing på forvaltinga av verneområda Både meir folk og meir pengar
Ulike instansar og roller Nasjonalparkstyre/Verneområdestyre: Forvaltningsstyresmakt Fattar vedtak Definerer satsingsområder Nasjonalparkforvaltar/Verneområdeforvaltar: sekretær for styret og sakshandsamar informasjonsarbeid rådgjeving til grunneigarar og brukarar Koordinere forvaltninga Samarbeid med Statens naturoppsyn
Ulike instansar og roller Naturoppsyn (SNO) Oppsyn med verneområda (politimynde) Kontroll og førebygging av miljøkriminalitet Skjøtsel Tilrettelegging Informasjonsarbeid Samarbeid med VOF Kort fortalt er SNO feltmannskapet til forvaltninga Skal og vere eit verktøy for kommunar og lokale lensmannskontor
Ulike instansar og roller Fylkesmannen: Personalansvar for VOF Klageadgang på vedtak Har framleis forvaltninga av dei fleste mindre verneområde (naturreservat, små landskapsvernområde og naturminne) Miljødirektoratet Kompetanseutvikling for VOF Koordinere forvaltninga på nasjonalt nivå Fagleg støtte til forvaltarane Miljøverndepartementet Premissleverandør Klageinstans (klager førebudd av Miljødirektoratet)
Ulike instansar og roller Fagleg rådgjevande utval Samansett av grunneigarar, brukar- og interesseorganisasjonar Rådgjveande organ for styret Ikkje vedtaksmynde Kjem tilbake til kommunane si rolle
Erfaringar med lokal verneområdeforvaltning Gjennomgåande gode erfaringar med forvaltningsansvaret og praktisk forvaltning Veldig godt samarbeid i styret, og med verneområdeforvaltar og naturoppsyn God dialog med kommunar, grunneigarlag, beitelag mm Handlingsorientert og praktisk retta forvaltning
Tilbakemeldingar frå lokalmiljøa Mange var nok i utgangspunktet i mot vern, men dei fleste er positive til korleis forvaltninga fungerer når det først er verna Dei mest positive er dei som forvaltninga har hyppig kontakt med Nokre få er negative, som regel dei vi ikkje har kontakt med Aukande interesse kring midlar til tiltak
Døme på tiltak Skjøtsel ta vare på verneverdiane
Døme på tiltak Tilrettelegging
Døme på tiltak Informasjon
Kommunane si rolle og oppgåver i verneområdeforvaltninga Kommunane har representantar i styra Kommunane peikar ut sine representantar (ein mann og ei kvinne) MD oppnemner (ein repr og ein vara, kjønnsbalanse i styra) Det å vere styremedlem er ei statleg oppgåve, men ein sit der som repr frå kommunen / fylkestinget Kommunane handterer sektorlover i heile kommunen både innanfor og utanfor verna områder. Det er på ingen måte slik at staten «overtar» styring av dei verna areala frå kommunen Kjem eit «ekstra» regelverk for dei verna områda Parallell sakshandsaming med NP-/VO-styre Men; kan vere saker som krev løyve frå verneforskrifta, men ikkje treng løyve frå kommunen, og omvendt
Kommunane si rolle og oppgåver Veldig mange saker gjeld både verna og ikkje-verna område (til dømes motorferdsel): Verneområdeforvaltninga har berre mynde innanfor verneområda Kommunane sitt ansvar å ta vare på verdiar og interesser utanfor verneområda Kommunane kan i mange tilfelle vente til verneområdeforvaltninga har gjort si vurdering, men det er likevel viktig at kommunane gjer ei grundig sakshandsaming og sine vurderingar.
Kommunane si rolle og oppgåver Fagfolk i kommunane er viktige støttespelarar for forvaltarane og styra Fagkompetanse Lokalkunnskap Historikk Innspel i enkeltsaker, til planer, bestillingsdialog osb. Fagfolk i kommunane i Administrativt kontaktutval Styremedlemmane har høve til å ha med seg bisitjar i møta Støttespelarar i gjennomføring av tiltak og prosjekt
Midlar til tiltak i verneområda To typar midlar: Bestillingsdialog og tiltaksmidlar Begge deler er statlege investeringsmidlar bruken må vere i tråd med intensjonen for budsjettposten Bestillingsdialog er ei «ønskeliste» over tiltak og investeringar som styra sender til M- dir kvar haust. M-dir fordeler på ulike VO/NP og på ulike tiltak Her ligg mesteparten av midlane Tiltaksmidlar er ein pott som kvart styre får tildelt Kan dele ut til ting som dukkar opp eller til tiltak som styret vi satse på Mindre pott enn bestillingsdialog, men står litt friare i bruken av midlane
Midlar til tiltak i verneområda Viktig å merke seg: Dette er ikkje tilskotsmidlar som kan annonserast Heller ikkje driftstilskot Bruken skal forankrast i tiltaksplaner, skjøtselsplaner, forvaltningsplan Kan komme med innspel til desse planene
Spørsmål? Takk for merksemda!