Bjerkreimsnytt April 2014

Like dokumenter
UKE 3 15, OG 11 APRIL:

VIKESÅGATA 57A! BLI STERK I MAGE OG RYGG?

Velkomen som konfirmant!

Bjerkreimsnytt Mai 2014

Velkomen som konfirmant

Bjerkreimsnytt. April 2013

Bjerkreimsnytt Mars 2014

Bjerkreimsnytt. April 2015

Bjerkreimsnytt. Mai 2015

Bjerkreimsnytt September 2014

Til deg som går i 5.klasse!

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

Bjerkreimsnytt Januar 2014

JULEVARENE ER PÅ PLASS I BUTIKKEN.

Veterinærer på Nytorget 3. w Kraftverket i april. Heste- og stordyrpraksis. Opningstider

Bjerkreimsnytt Februar 2014

Bjerkreimsnytt Juni 2014

Referat frå kystgardsamlinga på Langøy i Fitjarøyane 2019

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

COOP EXTRA VIKESÅ MAN-FRE LØR COOP BYGGMIX MAN-TORS FRE

Bjerkreims. info til bjerkreimbuen

Foreldremøte 19. september 2018

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Velkomen til konfirmanttida

BJERKREIMS NYTT INFO TIL BJERKREIMBUEN MARS

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Bjerkreimsnytt April 2012

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

BJERKREIMS NYTT 17. MAI I år er feiringa på Bjerkreim skule. Konferansierar: Maria Kydland og Årunn Henriksen

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Møteprotokoll for møte i

aktivitetar for folk flest våren 2014

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Plan for undervisning

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

INFORMASJON BJERKREIMS

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Gilje og Thormodsæter Bedehus HAUST

Strategidokument Varhaug Misjonshus

BJERKREIMS NYTT. Ragnar Bjerkreim, 30 år som komponist

KONFIRMANT OG FØRESETTEMØTE. Vår 2018

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Månedsbrev april 2015

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Bjerkreims. 17. mai info til bjerkreimbuen

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

BJERKREIMS NYTT INFORMASJON. Kraftverket treningssenter INNGANG PARKERING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bjerkreimsnytt. November Årets gang. Ruta forbi Vikesdal ved leet mot Svelavatnet. Nyt hausten. Foto: Alf S. Ognedal

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Bjerkreimsnytt Mai 2012

Bjerkreimsnytt. Mars 2010

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Veterinærer på Nytorget 3

Månadsbrev for Blå, april 2016

Kommunestyret i Bjerkreim : Kjetil Bente Gro Haldis Karin Grude Marius Slettebø M. Slettebø Hagen Frøyland Solberg

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

Bjerkreimsnytt. Mars Bilete som gjekk vidare frå UKM lokalmønstring til fylkesmønstring:

Bjerkreimsnytt. Januar Godt nytt år!

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Bjerkreimsnytt. Desember 2013

Bjerkreimsnytt. September 2013

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Bjerkreimsnytt. Februar 2015


ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Samnanger kommune Møteprotokoll

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

Bjerkreimsnytt. Oktober 2014

Stemnehandboka for NKSF

COOP EXTRA VIKESÅ MAN-FRE LØR COOP BYGGMIX MAN-TORS FRE LØRDAG

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

KONTROLLUTVALET I BJERKREIM KOMMUNE PROTOKOLL

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Strategidokument

Vennatunet PROGRAM HØSTEN. Vennatunet tlf.:

DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Transkript:

Bjerkreimsnytt April 2014

2 Kommunehuset Opningstider: Måndag- fredag kl 08-15 Tlf 51 20 11 00 www.bjerkreim.kommune.no DIM-renovasjon: Mottak av avfall frå hushaldningar og landbruk på Vikesdalsmoen gjenvinningsstasjon kvar onsdag kl 13-18. Dersom onsdag er heilagdag eller dag før heilagdag er gjenvinningsstasjonen stengd. Produksjonsavfall må leverast på Svåheia. Retur av glas og metall ved Coop på Vikeså og Bjerkreim. Biblioteket tlf 51 45 93 20 Opningstider: Måndag-tysdag-onsdag 15.00-19.00 Torsdag-fredag 12.00-15.30 Laurdag Stengt Neste nummer: Tidleg frist! Stoff til mainummeret må vere inne seinast 8. april kl 08 pga påske, men gjerne før. Skriv kort! Legg gjerne med bilete, helst i eiga fil. Innsendt stoff kan bli redigert. Send til: postmottak@bjerkreim.kommune.no Kva skjer? Skal du arrangere noko? Send ein epost til kommunen, så vert det lagt inn i kulturkalenderen. Framsidefoto: Lerkeblom. Foto: Alf S. Ognedal Utgjevar: Bjerkreim kommune, e-post postmottak@bjerkreim. kommune.no Trykking: Jærprint Ansvarleg: Kulturkontoret Kontaktperson: Astrid Apalset Vassbø. Bladet kjem ut med ti nummer i året og kjem ut den 1. i kvar månad. Bjerkreimsnytt kan lastast ned frå kommunen sine heimesider: www.bjerkreim.kommune.no Ordføraren sitt hjørne Gode sambygdingar! Hevdalukta riv i nasen, men det er eit sikkert teikn på at våren er i anmarsj. Graset blir grønt og trea sprett, ja, då er det godt å leva. Krik hadde fotballcup fredag 7. mars der dei spelte fotball frå klokka seks om kvelden til to om natta. Det var mange lag som deltok og mykje publikum. Etter lyden i hallen å dømma var trivselen på topp. Legekontoret og fysioterapien har flytta inn i nye, flotte og lyse lokale i Hallen. Der har dei fått det romsleg og godt. Særleg for fysioterapien som hadde det svært trongt, var det bra at fekk ny plass. At dei flytte frå Nesjane og opp til hallen var ikkje mitt ynskje, men for all del; dette kan bli veldig bra og eg ynskjer dei lykke til. Nokre politikarar og nokre fra landbrukskontoret var på landbrukskonferanse i Haugesund. Der var mykje skepsis til den nye landbruksministeren og kva det vil bety for jordbruksoppgjeret til våren. Men hvis Sylvia Listhaug har høyrt den flotte sangen Kæ seie bonden? som Bondelaget har laga, så må ho ta til vitet og sjå kva rammevilkår dei som produsera maten for oss treng. Me kryssar fingrane for det. Nortura treng nytt slakteri, og i lag med Eigersund kommune vil me laga til eit tilbod til dei på Eigestad. Det hadde vore flott å få ei så stor bedrift til Dalane. Forsikringsselskapet som hadde forsikra skulen prøvde å avkorta forsikringssummen med 30 prosent. Det enda i rettsalen, og me har no endeleg fått dommen - som me vann med glans. Det dreiar seg om ca 9 millionar kroner. Dommen kan ankast, men me håpar det beste. Noko som er litt trist, er at rådmannen har fått ny jobb i Sirdal kommune. Det ynskte eg ikkje, men når det var det han ville, så ynskjer me han lykke til. Me må ut på marknaden og prøva å finna ny rådmann. Så håpar eg at sola snart varmar i bakkane og at alle kan nyta ein ny god vår. Plast og rusk overalt Vinterstormane som herja tidlegare i år førte plast, isopor og anna rusk utover i grøfter, fast i gjerdingar og opp i tre. Dersom alle ryddar litt kvar vert det så mykje penare rundt omkring i Bjerkreim. Politiske møte våren 2014 Kommunestyret: 9. april, 21. mai, 18. juni (D) Administrasjonsutvalet: 31. mars Formannskapet: 31. mars, 28. april (K), 19. mai, 10. juni (K) LMT-utvalet: 26. mai Levekårutvalet: 12. mai (K) Felles råd for eldre og msk med nedsett funksj.evne: 24. april, 12. juni Kontrollutvalet: 7. april, 2. juni Regionråd Dalane: 12. mai (i Egers.) Kommunestyremøta startar kl. 19.00. Dagmøta (D) i formannskapet, levekår og LMT startar vanlegvis kl 13.00, og kveldsmøta (K) kl. 19.00. Møta i fellesrådet startar kl. 13.00, og møta i kontrollutvalet startar kl 08.30, i Regionråd Dalane kl 09.00. Innkallingar/protokollar finn du på kommunen sine heimesider: www. bjerkreim.kommune.no

Kommunal informasjon 3 Full seier til Bjerkreim kommune! Dalane Tingrett har i en dom fastslått at kommunens forsikringsselskap, AIG (Chartis), ikke hadde anledning til å avkorte forsikringsutbetalingen etter brannen på Vikeså skule i romjula 2010. Dommen kan påankes og er foreløpig ikke rettskraftig. AIG (Chartis) mente at kommunen hadde overtrådt sikkerhetsforskrifter i forsikringsavtalen ettersom skadevolderne i sine politiforklaringer forklarte at de hadde tatt seg inn på skolen gjennom et åpent vindu. Med bakgrunn i påståtte brudd på sikkerhetsforskrifter ville forsikringsselskapet avkorte kommunens erstatning med 30 prosent. En slik avkortning ville utgjort ca. 9 millioner kroner + renter. Bjerkreim kommune mente at kommunen ikke hadde overtrådt sikkerhetsforskriftene og kommunen ikke var å klandre for manglende sikkerhet. Bjerkreim kommune gikk derfor til sak mot AIG (Chartis) for å få slått fast at selskapet ikke kunne avkorte kommunens erstatning. Kommunen fikk medhold i sin argumentasjon og vitneførsel i tingretten. Tingretten dømte AIG til å dekke kommunens saksomkostninger. Bjerkreim kommunes sak ble ført av advokat Atle Helljesen. AIG (Chartis) er et av verdens største forsikringsselskaper. Nybygg Vikeså skule 4. desember 2012, 7. januar 2013, 13. januar 2013, 8. februar 2013, 26. februar 2013, 5. mars 2013, 8. mars 2013, 24. april 2013, 30. april. 2013, 27. mai 2013, Rådmannen Foto: Astrid Apalset Vassbø

4 Kva skjer? April 2014: Vikeså misjonshus www.misjonshus.no 02. kl 20.00 Bønesamvér 04. kl 19.30 Møte Kristen Muslimmisjon 04. kl 20.00 Fredagsklubben 10. kl 18.30 Basar NMS 11. kl 18.00 Familietreff 18. kl 19.30 Langfredagsmøte 25. kl 18.30 Vårfest Vikeså Pre-/SoulChildren 27. kl 10.20 Søndagsskulen 28. kl 19.00 Yngres og korvetten Bjerkreim bedehus www.bjerkreimbedehus.no 3. kl 19.30 Kristen Muslimmisjon 6. kl 10.30 Søndagsskule 7. kl 19.30 Yngres 11. kl 19.00 Basar, Jente- og gutelaget 11. kl 21.00 Fredagstreff 12. kl 18.00 Laurdagskveld v/yngvar Nilsen 14. kl 19.00 Jentelaget 17. kl 19.30 IMF skjærtorsd.møte v/torgeir Lauvås 18. kl 19.30 Fokus 19. kl 19.30 Ungdomslaget 21. kl 19.30 Påskemøte, NLM, v/birger Helland 22. kl 19.30 NLM, kurs for leiarar 26. kl 18.00 Kristen Muslim Misjon, i samband med regionårsmøte. v/david Svendsen, Anna/Olene syng 27. kl 19.30 KMM, Herdis Heimdal 28. kl 19.00 Jentelaget Bingo! Kvar 2. onsdag i månaden arrangerer Bjerkreim helselag bingo i Børgestova. Det kostar kr 50 og då får du bingobrett, kaffi og heimelaga kaffimat. Alle er hjarteleg velkomne! Sosialt samver med trim Stad: Børgestova, omsorgssenteret Tid: kl 15 kvar 4. onsd. i månaden Bjerkreim helselag inviterer til sosialt samver med litt trim. Kaffi og litt å bite i. Alle velkomne! Vikeså taxi: 51 45 19 00 Sliter du med hørselen? Vi kan kanskje hjelpe deg! Siste onsdag i hver måned er vi å finne på sjukeheimens kantine i 1. etasje fra kl 14.00-16.00. Der kan du òg få kjøpt batterier. Marit og Toril (likemenn HLF) 3G Godt humør, Godt kledd, Godt miljø Tid: Kvar 1. onsdag i månaden Oppmøte: Esso kl 9.30, tilbake kl 13.00. 2. april tek Tora Birkeland oss med på tur til Storavatnet på Birkeland. Gunhild Vassbø og Gaute Skretting er turleiarar og har med kaffi og noko å bite i. Alle er velkomne! Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Kristen muslimmisjonsmøte Kristoffer Ueland talar på desse møta, alle byrjar kl 19.30 og har kollekt og misjonsinformasjon: Tysdag 1.april Espeland Onsdag 2.april Eikeland Torsdag 3.april Bjerkreim Fredag 4.april Vikeså Song og musikk v/sylwia og Torunn Laurdag 5.april BKU-lagsmøte Velkommen Sal av klede Bente Larsen kjem til Bjerkreim omsorgssenter og sel klede 4. april kl 10.30. Alle kan kome innom. Bjerkreim pensjonistlag - gildt samvere! Tid: Torsdag 24. april kl 14-17 Stad: Litlesalen, samfunnshuset Musikk v/john Sjursen og Arnulf Fuglestad og Nicolas Mc Gowan Albretsen. Karl Gjedrem snakkar om viktigheten og verdien av frivillighet, t.d. dugnad. Bussen kostar kr 25 pr. veg. Buss 1: Bjerkreim, Tengesdal, Vinningland, Bjerkreim, Eikeland om Tysland, Svela, Statoil, sjukeheimen, samfunnshuset Buss 2: Eik, Malmei, Ivesdal, Eikeland, samfunnshuset Buss 3: Birkeland, Bue, samfunnshuset Vi takkar SR-bank for sponsing av husleiga. Alle over 60 er velkomne! Styret i Pensjonistlaget Basar Vikeså NMS Velkommen til basar på Vikeså Misjonshus torsdag 10. april kl 18.30 (merk tida!). Andakt, sang, salg av nummer til hovedtrekning og til kaker. Vikeså NMS Jente- og gutelagsbasar Tid: Fredag 11. april kl. 19.00 Stad: Bjerkreim bedehus Andakt av Hilde Malde. Song av Bjerkreim barnekor. Åresal og hovudtrekking. Velkommen til små og store! Årsmøte i Bjerkreim idrettslag Tid: Onsdag 2. april 19.30. Stad: Bjerkreim samfunnshus. Styret Barnefriidrett frå 1-8. klasse Friidretten startar opp igjen måndag 28. april for 1.-4. klasse kl 17.15 til 18.15. Nytt av våren: trening for 5.-8. klasse kl 17.45 til ca kl 19. Oppmøte 1-8. klasse på stadion. Varierte treningar med hopp, kast og løp. Frå 9. klasse kan ein delta på springetreningane for menn og damer kl 19, oppmøte kjellaren på samfunnshuset. Seniortrening Kraftverket startar opp med seniortrening onsdag 8. april kl. 10.00-11.00. Dette er eit tilbod til seniorar, uansett kva fysisk nivå dei har. Aldringsprosessen er ein naturleg del av livet. Kroppen vår er skapt for å brukast, difor er det svært viktig at seniorar brukar kroppen og brukar han rett. Seniortrening brukar treningsprinsipp for å oppnå treningseffekt med lågast mogeleg risiko for skade. Ta kontakt med Laila på tlf 976 15 114 for informasjon om opplegg og pris. Velkommen! Autismedagen 2. april er verdas autismedag. Autisme vil seia at ein har vanskeleg for å forstå menneska omkring seg. Asperger syndrom er ein type autisme. Skulane og helsetenesta i Bjerkreim vil markera autismedagen saman med Barne- og Ungdomspsykiatrisk avdeling. Elevane får informasjon i løpet av skuledagen. Det vert informasjonsmøte i kulturbanken onsdag 2. april kl 18.30. To gutar som har autisme vil fortelje korleis det er. Ei mor vil fortelje frå sin ståstad. I tillegg vil ein representant for Autismeforeningen vera til stades. Det vert litt å bita i. Spørsmål? Ta kontakt med helsesøster Elise Kristin Koldal på 400 01 159.

Tur til Finnøy og Tyskerhålene På frigjeringsdagen den 8. mai er det 69 år sidan Noreg igjen vart eit fritt land. Kva passar vel betre enn å feira dette med det krigshistoriske vandreteateret i festninga Tyskerhålene på Finnøy? Det er ennå ledige sete i bussen, så bli med! Påmelding snarast til Olaug Nevland tlf. 95 73 04 76. Bjerkreim bygdekvinnelag Krafttak mot kreft 2014 Onsdag 12. mars var 36 damer frå Bjerkreim bygdekvinnelag med på denne store innsamlinga. Me banka på alle dører i bygda. Det ga eit kjemperesultat; i bøssene låg det kr 84 797, som er ny rekord! Bygdekvinnelaget vil på vegne av Kreftforeininga takka alle som ga pengar og alle bøsseberarane som tok turen rundt i bygda. Pengane går uavkorta til forsking og det gir resultat. Vi takkar òg Elsa Vaule, ho er navet i denne innsamlinga! Bjerkreim bygdekvinnelag Familiedag med Farmen på Kløgetvedt Søndag 15. juni kl. 12.00. Her blir mange forskjellige oppgåver som skal løysast i lag av stor og små. Fine premiar. Sett av dagen. Meir info i juni-nummeret Ḃjerkreim bygdekvinnelag KRIK Fotballcup Tid: Fredag 25. april kl. 17.30 Stad: Bjerkreimshallen Påmelding: krikbjerkreim@hotmail.com eller 40494797 innan onsdag 23. april kl. 18. Info: Aldersgrense 8. klasse. Herre-klasse, Dameklasse og U16- klasse (ungdomsskulealder). Pris kr. 50 (gratis for betalande medlemer) for kvart lag ein deltek på. Meir info på www.bjerkreim.krik.no. Ættesogelaget Tid: Torsdag 3. april kl 19. Stad: Kommunestyresalen Håkon Bjorland viser film og fortel frå kommunestyret på 1980-talet. Det vert og bilete og historier frå Storrsheia og Storrsheibakkane. Alle velkomne! Berseløpet og løpskarusellen Friidrettsgruppen inviterer til en fin gåeller springetur i den 5,5 km lange løypen rundt Berse søndag 27. april. Oppmøte og påmelding: Bjerkreim skule. Det blir salg av brus, sjokolade og is. Berseløpet Start kl. 13.00, påmelding senest kl. 12.00. Egen Trimklasse. Barn/ungdom, 11-14 år, kan også delta, uten rangering. Barn under 11 år, som ønsker å delta, kan springe sammen med en voksen. Vi ber om forhåndspåmelding til g_vaule@hotmail.com. innen 25. april. Forhåndspåmelding koster kr 100. Påmelding på løpsdagen koster kr 200. Betales på selve løpsdagen. Mulighet for betaling med visakort. Løpskarusellen Start ved oppmøte mellom kl. 11.30 og 12.30. Pris: kr 30 per deltaker. For de barna som deltar i løpskarusellen: kr 150. Dette dekker alle løp i 2014. Hva er løpskarusellen? Kanskje noe for deg? Alle jenter og gutter fra 3 år og oppover kan delta på karusellen. Det blir arrangert 5 stk karuseller i løpet av vår/høst, og for å få utdelt premien på karusellfesten i oktober må en ha deltatt 4 ganger. Alle som deltar i løpskarusellen vil få utdelt et klippekort, med et klipp for hvert løp og oversikt over datoer og steder for resten av løpene i år 2014. Dette koster kr 150,- ved første gangs påmelding. Den første karusellen blir arrangert 27. april og løypen er rundt Berse (gåtur med hele familien.) Det er sosialt og kjekt for barn og voksne å delta på karusellen. Dersom det ikke passer å være med 27. april, så møt opp til neste karusell. Senere karuselløp: Mandager: 26. mai, 16. juni, 25. august og 8. september. Vel møtt! Friidrettsgruppen i B.I.L Internasjonal kvinnegruppe I kjellaren på samfunnshuset onsdag 9. april kl. 18.30 Velkommen Kva skjer? 5 Presentasjon av medlemmer i Bjerkreim næringsforening: Uninor AS Stiftet: 1990 Datterselskap: AKS as Antall ansatte: 59 Samlet omsetning: Ca. 60 mill. Bedriftens virkeområde: Utvikling av mennesker og arbeidskraft (attføring og tilrettelagte arbeidsplasser). Hva virksomheten består i: Uninor har en allsidig vareproduksjon innen områdene trevare, mekanisk, montering og pakking, silketrykk, samt ulike serviceoppdrag for kommuner, bedrifter og private. Kulturbanken torsdag 1. mai 19 30 Bjerkreim kommune mot 2020 Næringsliv og gode tenester i nærmiljøet Samarbeid nordover eller sørover? Viktige val for Bjerkreim - kva meiner du? Vel møtt til diskusjon og ein matbit! Greatest Hits KONSERT KORKOmpaNiET sammen med BjERKREim BRaSS BaNd Forsterkninger: dansegrupper og solister Soknatun: Torsdag 3. april og SOKNaTuN: fredag 4. april kl 19.00 Bjerkreim samfunnshus: Lørdag 5. april og søndag 6. april kl 19.00 Salg av kaker, kaffi og brus i pausen. Billettpris kr 150 Billetter kan kjøpes fra 14. mars på Esso Vikeså Veiservice og Horjen

6 Kyrkjenytt www.bjerkreimkyrkja.no Velkomen til gudsteneste Sundag 6. april kl. 10.30. G2 gudsteneste. Påskevandring saman med sundagsskulen. Oppmøte ved Samfunnshuset/stadion Sundag 13. april (Palmesundag) kl. 11.00. Familiegudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Takkoffer: Misjonsalliansen. Torsdag 17. april kl. 11.00. Skjærtorsdagsgudsteneste i Ivesdal kapell. Takkoffer: ACTA barn og unge i Normisjon. Song ved Synnøve Grøtteland Helland Same dag kl. 19.30. Skjærtorsdagsgudsteneste i Ørsdalen kapell. Takkoffer: Misjonsalliansen Fredag 18. april kl.11.00. Langfredagsgudsteneste i Bjerkreim kyrkje Sundag 20. april (Påskedag) kl. 11.00. Høgtidsgudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Takkoffer: Indremisjonsforbundet i Rogaland. Song ved Valborg Bakke Laurdag 26. april kl. 19.30. Ungdomsgudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Nattverd. Takkoffer: Trusopplæringa Sundag 27. april kl. 11.00. Høgmesse i Ivesdal kapell. Nattverd. Takkoffer: NMS Sundag 4. mai kl. 11.00. G3 gudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Nattverd. Barnesamling. Takkoffer: Stefanusalliansen Døypte 09.03.14 Vegard Klippenberg Frøyland Døde 21.02.14 Are Magne Gåsland 28.02.14 Inger Svela Fjerning av vinterdekket på gravplassane Søppelstativa på gravplassane rommar ikkje vinterdekket og kransar. Derfor er det sett ut tilhengar på austsida av kyrkja. Kompostbingane står nå på parkeringsplassen til den nye kyrkjegarden. På Ivesdal er avfallskasse plassert til venstre etter inngang ved ny port (v/bårehuset). Fasteaksjonen Kirkens Nødhjelp arbeider saman med kvardagshelter over heile verda som reddar liv og skapar endringar. Gjennom fasteaksjonen vil ein fortelje historiene til nokre av desse menneskja. Arbeidet byggjer på deira kunnskap og engasjement. Dei sikrar bærekraftige løysningar som er forankra i lokalsamfunna deira. Dei får det til! For 100 kroner kan du sikre 50 nødhjelpsrasjonar til katastroferamma. For 200 kroner kan du gje eitt menneske sikker tilgang til rent vann. For 1000 kroner kan du sørgje for at éin landsby får ei vasspumpe. Ta vel imot konfirmantane som går med bøssene i bygda, tysdag 8. april! Det er verdt å gje di støtte, ikkje sant? Tusen takk! Markering av grunnlovsjubileet i Bjerkreim kyrkje, fredag 9. mai kl. 20.00. Sopranen Bodil Arnesen akk. av Tim Rishton. Forfattar Paal Andrè Grinderud. Diktlesing. Kollekt. Set av kvelden alt nå. Meir info i mainummeret av Bjerkreimsnytt. Ver ikkje redd I skrivande stund står Maria bodskapsdag for døra. Dagen foregrip jula med 9 månadar - eit svangerskap. Maria vart utvald av Gud. Bodskapen og oppgåva ho fekk gjorde henne først redd. Men engelen roa henne med desse orda: Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud - Luk 1, 30 Det kan vere mangt som uroar oss også. Usikker framtid, pengar og arbeid, ja, det meste. Og kanskje kjenner ein seg redd om ein sjølv er blant dei som eig frelsa. Trygve Bjerkreim skreiv i 1971 nokre vers som både minnar om Maria si nådehelsing og påsken sin bodskap om frelsa gjennom Jesus. Han nyttar dei tre orda som også blei gjevne til Maria: Ver ikkje redd! Ein frigjerande, vidunderleg og velsigna Guds helsing også for urolege menneske i dag: Ver ikkje redd! Du har ein Frelsar som kjøpte deg til Gud med blodet sitt. Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar. Guds barn du vert. Eit evig liv er ditt. Ver ikkje redd! Di synd er sona, di gjeld betalt, og Jesus leid din død. For Kristi skuld du kvila kan, og vona. Han sjølv di rettferd er, og livsens brød. Ver ikkje redd! For faderhanda deg verna vil. Den armen fast deg held. Han skal deg losa til du står på stranda. For Kristi verk i tid og æva gjeld. Ver ikkje redd for framtidsdagen, for solefallet og di siste stund! Din frelsar fører deg til livsens-hagen. Der du for evig står på sikker grunn. Framleis god faste, og god påske. Velkommen til gudsteneste i påskehøgtida!

Tilskot til grøfting og SMIL-tiltak Fylkesmannen i Rogaland har no fordelt ein statleg pott på 15,9 og 6,9 millionar til kommunane. Bjerkreim har fått ei løyving på 200.000 kr til grøfting og 400.000 kr til spesielle tiltak i kulturlandskapet som t.d. restaurering av verneverdige hus, høyløer og merking av turstiar. I fjor fekk vi ei tilleggsløyving slik at vi kunne innvilga grøftetilskot til alle dei 18 innkomne søknadene, med totalt 183.300 kr. No er det opp til dykk å fremja grøfte- og SMIL-søknader! Landbruksnytt mm. Verneverdig hus på Steinsland. 7 Visste du at... I 2000 var det 172 bønder som produserte mjølk på 2.660 kyr her i kommunen. I 2013 var talet på produsentar redusert til 103, med 2.552 kyr. Kutalet pr. bruk har på desse åra auka frå 15,5 til 24,8 kyr, mens talet på aktive produsentar har vorte redusert med 40 prosent. Talet på produsentar er her aktive bønder som leverer mjølk frå sitt gardsbruk. Passive eigarar som leiger ut mjølkekvoten eller er medeigarar i ei samdrift, er dermed ikkje medrekna her. Våronnferie Svein Olav Tengesdal skal som vanleg ha ferie for å ta seg av lemminga og våronna på heimegarden. Han er ikkje å treffa på kontoret frå 31. mars til 5. mai. 1814-2014: Grunnlovsfering i Bjerkreim Linda Eide kjem til Vikeså 22. oktober. Teppe med motiv frå Rogaland. Jubil èet vert mellom anna markert: fredag 9. mai - kyrkjekonsert med forfattarbesøk (sjå s. 6) måndag 19. mai - Ættesogelaget og kulturkontoret har ei felles markering i kulturbanken med teppeutstilling som viser Noregs historie dei siste 200 åra, Lisabeth Risa vert med mm. onsdag 22. oktober - felles Dalanemarkering i samfunnshuset med komikaren Linda Eide og Dalane Brassband m.fl. Førehandssal av billettar.

Informasjon Norges mest kjøpte dekk Sparekonto med bonus spar når du vil, til hva du vil Sparekonto med bonus gir deg mulighet til å spare når det passer deg. Du velger selv om du vil spare et fast beløp, eller om du vil spare det du har til overs på lønnskontoen hver måned. Lar du pengene stå urørt i ett år, belønnes du med en bonus på 1,5 % i tillegg til renten du allerede har. Start sparing i dag på sr-bank.no Matope Vikeså 0830-20 (09-18) Bjerkreim 09-18 (09-15) Mens han sover trygt i stolen kan du trygt stole på oss Tester viser at ved nedbremsing fra 80 til 0 km/t på vått føre, kan bremselengden på nye dekk være opp mot 20 meter kortere enn dekk med minimum tillatte mønsterdybde 1,6 mm. Med nye Continental dekk vil risikoen for en S t a t o i l V i k e s å 51 45 23 23 Alltid gode tilbud pådekk. Sjekk lang og farefull nedbremsing være vesentlig lavere. God sommer med sikker kjøring! Veterinærer på Nytorget 3 Siril Nyland, Maren Ommundsen, Tore Malmei S t a t o i l V i k e s å 51 45 23 23 Alltid gode tilbud på dekk. Sjekk pris Coop MasterCard: 7 % utbytte på daglegvarer Tid for hagestell! Vi er nå forhandler av Sprayfo Plantejord: Tilsatt jern - lett 1 sekk å blande kr 49, - 5 klar sekkar til bruk kr Ingen 219, fettavleiring i Lammebar / smokker 10 Ikke sekkar diare kr hos 395dyret Hagebark: 1 sekk kr 49, 4 sekkar kr 189 Større tilvekst - lavere kostnader - høyere Kugjødsel: komp. 1 sekk kr 69 dekningsbidrag - tidligere slaktemodne Hagekalk: 1 sekk kr 85 Vi forhandlar Kontakt Fiskars oss for og referanser! Gardena 51 49 13 04 Vi tilbyr indremedisinsk og kirurgisk behandling, tannbehandling, røntgen/hd-fotografering, ultralyd, vaksinering, blodanalyser, ID-merking og som den første klinikken i Rogaland: shockwave-behandling til degenerative muskel- og knokkellidelser Nå er flått-sesongen igang, ta kontakt for forebyggende behandling! Heste- og stordyrpraksis: Maren Ommundsen mob 95 89 94 62 Tore Malmei mob 90 05 92 22 Vikeså Veterinærkontor: Alltid på vakt 51452165 Softisen er komen! Hjelp i lamminga, kvelder og netter? Ring vaktnummeret og nå den som har vakt! For hjelp med hund eller katt, ring Marit Brevik 95141920 kl 08-16, mandag-fredag. www.dyrlegebrevik.wordpress.com