Årdal kommune Farnes skule Vigdis Lio, Øystein Jarle Wangen, Unn Merete Hauge, Gunn Bukve Skaret, Ingrid Gildseth, Per Kristian Pedersen Forfall: Dina Ålsberg Nesse, Sara Hollevik Brandsdal, Kjell Ove Skarsbø Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 08/74-29 5766 5350 26.10.2015 Referat SU 20.10.2015 1. Konstituering/oppgåver/årshjul Vigdis Lio: Leiar FAU Øystein Jarle Wangen:Nestleiar Ingrid Gildseth: Sekretær Det er 9 medlemer i SU. Det blir valt eit nytt medlem frå kommunestyret då Gunn går ut etter valet. Ei hovudoppgåve til SU er å vere eit rådgivande organ til internt bruk på skulen. SU har uttalerett, i tillegg til å vere høyringsorgan i skulepolitiske saker. SU kan tilkjennegi sine synspunkt til rådmann og ordførar. Årshjulet viser desse møta i SU: 8. des. 2015 9. febr. 2016 31. mai 2016 2. Orden-og åtferdsreglement(endring om bruk av sykkel til/frå skulen) Endring av nokre punkt under fellesreglar: Energidrikk og brus vert ikkje tillete på skulen Foreldra avgjer om eleven får sykle på skulevegen eller ikkje.(forskrift til opplæringslova 12-1.) Skulen rår til at elevane kan bruka sykkel eller sparkesykkel åleine på skulevegen frå slutten av 4. klasse. Skulen oppmodar alle om å bruka sykkelhjelm. På skuleturar skal både elevar og lærarar bruka hjelm. Endring av regel på ungdomssteget: Du kan berre bruka rulleskøyter/rullebrett på tilvist plass. Sikringsutstyr skal nyttast. Av omsyn til sikkerheit er det ikkje tillete å nytta motoriserte utgåver. En del elevar saknar å sitja i klasserommet sitt for å eta nista si i matfriminuttet på ungdomssteget. Dette må takast opp på husmøte. 3. Plan mot mobbing Forslag om at skulen burde få ein aktivitetsleiar/trivselsleiar på skulen, men dette er eit budsjettspørsmål. Dette er saker som kan takast opp på neste møte. Postadr.: Telefon: 57 66 50 00 Bankgiro: Org.nr E post: Heimeside Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen Telefaks: 57 66 50 15 3730.07.00153 954 679 721 postmottak@ardal.kommune.no ardal.kommune.no
4. Ymse Skulemjølk på ungdomssteget. SU tok opp tidlegare erfaringar med utdeling av skulemjølk samt tilgangen elevane har til å kjøpe mjølk sjølve. SU konkluderte med å ikkje gjenninnføre utdelinga av skulemjølk på-steget. Skulen bør få nye lærebøker i basisfaga. Dei vi har byrjar å bli for gamle. Det er og behov for nye datamaskiner. Skulen bør bli flinkare til å oppdatere heimesida. Prisar på SFO er ikkje oppdatert. SFO leiar Hanne Britt Eldegard orienterte om korleis situasjonen er ved påmelding av elevar til SFO i skuleferiane etter at kommunestyret har laga nye vedtekter. FAU sender eit nytt innspel. Hanne Britt sender tilbakemelding om korleis ordninga blir. Bedriftshelsetenesta organiserer førstehjelpskurs for lærarar annakvart år. FAU har sendt innspel til kommunestyret om fornying av leikeapparat på barne-og ungdomssteget. Paviljongen skal rivast før jul 2015. Arne Hovland arbeider med korleis området der skal nyttast og er mottakeleg for innspel til dette. Ingrid Side 2 av 5
Ordensreglement FOR FARNES SKULE (Vedteke i Samarbeidsutvalet 21.10.14) endring 20.10.15 Vi vil at skulen vår skal vera ein trygg og triveleg arbeidsplass. Vi må vera venlege og syna omtanke for kvarandre. Både vaksne og eldre elevar har eit særleg ansvar overfor yngre elevar. Mottoet vårt er: DET NYTTAR Å BRY SEG FELLESREGLAR: Du skal møta presis til timane og passa på at du har med deg skulesakene dine. Du skal ha bokbind på alle bøker og ta godt vare på alt utstyr. Du skal visa respekt for det andre eig. Du må vera roleg i timane slik at alle kan få gjort arbeidet sitt. Leksene du får, gjer du skikkeleg til avtalt tid. Du skal ikkje kalla eller plaga nokon eller godta at andre blir plaga. Det er viktig at du løyser konfliktar ved å snakka med andre. Du må ta ansvarsveka på alvor og syta for at det er fin orden både inne og ute. Du må følgja reglane for bruk av inne- og utesko. Du skal ikkje ha med deg farlege leiker på skulen. Du må ikkje ha med deg eller bruka tobakk eller rusmiddel på skulen. Eting og drikking skal ikkje føregå i timane utan særskild løyve frå læraren. Tilsvarande gjeld for bruk av elektronisk utstyr i timane. Energidrikk og brus vert ikkje tillete på skulen. I timane skal mobiltelefonen vere avslått, og leggjast på avtalt plass i klasserommet. Det er ikkje lov å kommunisera munnleg, skriftleg eller digitalt med andre enn lærarar under prøvar. Foreldra avgjer om eleven får sykle på skulevegen eller ikkje. (Forskrift til opplæringslova 12-1) Skulen rår til at elevane kan bruka sykkel eller sparkesykkel åleine på skulevegen frå slutten av 4. klasse. Skulen oppmodar alle om å bruka sykkelhjelm. På skuleturar skal både elevar og lærarar bruka hjelm. Side 3 av 5
BARNESTEGET: Du skal ikkje ha med deg rulleskøyter/rullebrett på skulen. Det er ikkje lov å springa eller bråka i gangane/undervisningsareala. Du skal vera ute i friminutta. Om vinteren kan du leika deg i snøen, men snøballkasting må skje i eit bestemt område. Du må ha særskilt løyve til å gå utanfor skulen sitt område i skuletida. Det er til vanleg ikkje høve til å eta snop på skulen, utan ved særskilde høve. UNGDOMSSTEGET: I friminutta kan du gå frå skulen sitt område utan særskild løyve. Ytterklede og utesko skal oppbevarast på tilvist plass. Når du kjem utanfrå, skal du bruka tilvist inngang. Respekter klassar i arbeid når du skiftar rom. Du kan berre bruka rulleskøyter/rullebrett på tilvist plass. Sikringsutstyr skal nyttast. Av omsyn til sikkerheit er det ikkje tillete å nytta motoriserte utgåver. Du må passa på at sykkelen/sparkesykkelen vert parkert på rett plass og låst. Ordenselevane har eit særleg ansvar for å halda orden i klasseromma/landskapa på ungdomssteget Berbare pc-ar skal vera innelåst i klasserom i friminutta. KVA SKJER OM VI BRYT ORDENSREGLEMENTET? Det kan bli kravd erstatning om du skadar eller øydelegg noko som tilhøyrer skulen eller noko som høyrer til ein annan elev. Jfr. Lov om skadeerstatning. Når større ting vert stolne, blir spørsmålet om melding til politiet tatt opp med foreldra. Brot på vedtekne ordensreglar for bruk av mobilt samband på Farnes skule fører til at lærar tek frå eleven mobiltelefonen. Varigheit minimum ein halv dag. Dersom saka gjentek seg eller vert vurdert som alvorleg, som t.d. krenking av personar, vert telefonen dregen inn for ein dag. Det vert skrive åtferdsmerknad og dei føresette vert varsla om hendinga. Føresette vert og orientert om retten til å melde saka til politiet. Brot på reglane kan og føra til: - irettesetting frå lærar, rektor eller andre tilsette - merknad - brev heim - bortvising * - utelukking ** - nedsett ordens- og åtferdskarakter på ungdomssteget Du har rett til å få forklara deg før desse konsekvensane vert tekne i bruk. Side 4 av 5
* BORTVISING 2.10 i Opplæringslova: «Kommunen kan fastsetja i ordensreglementet at elevar på klassetrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på klassetrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruka andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.» ** UTELUKKING - Rektor kan også gjera vedtak om å utelukka deg frå ekskursjonar o.l. viss du har vist ei åtferd som tilseier at dette kan vere aktuelt. KARAKTERAR I ORDEN OG ÅTFERD. 3.7 i Forskrifta «I orden og åtferd skal desse karakterane nyttast: - God (G). Eleven syner vanleg god orden og åtferd - Nokså god (Ng). Eleven syner under vanleg god orden og åtferd. - Lite godt (Lg). Karakteren skal nyttast berre i særhøve. Den vurderinga skulen gir av orden og åtferd, må haldast skild frå vurdering av dei reint faglege prestasjonane. Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggja avgjerande vekt på enkelthendingar. Hovudgrunnlaget skal vera orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret. Ved fastsetjing av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skule. Ugyldig fråvær skal reknast som brot på ordensreglane. Ved fastsetjing av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggja vekt på korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen.» Det er fastsett nærare kriterium for fastsetjing av karakterar i orden og åtferd. Desse vert delte ut på foreldremøtet om hausten. Side 5 av 5