MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 01.02.2018 Tid: kl.12:00-19:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakspapir vart gjort tilgjengeleg elektronisk 23.01.2018. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Agnete Digranes Årvik Turid Glesnes William Sandven Lindborg Lars Erik Dalland Ranveig Næss Herborg Borgen Nordtveit Jan Birger Landøy Gustav Folkestad Parti Ap Ap Ap H H Sp Sp V Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Magne Djuvik Frp Toralv Huse, Krf Møtenotat: Frammøte: Andre som var tilstades: Frå administrasjonen møtte: Arild Knutsen og Torgeir Berge byggesakshandsamarar Helle Holte Bruland arealplanleggar Øystein Svalheim landbrukssjef Jan Egil Leirstein plan- og bygningssjef Synfaring: Det var synfaring i sak 10-11-12/2018 med oppmøte/avreise frå kommunetunet kl 1200.
Orienteringar: Administrasjonen ved arealplanleggar Helle Holte Bruland orienterte utvalet om pågåande planarbeid og status sett i høve til arealplanen vedteken 2015, og korleis kommuneadministrasjonen ser for seg planarbeid/fokus kan prioriterast framover mot kommunesamanslåing. Plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein orienterte om andre aktuelle saker på avdelinga kva som for tida har fokus forutan vanleg tenesteproduksjon. Aktuelle arbeidsoppgåver/tema er kvalitetsheving av matrikkel avslutte eldre saker fullføre adresseprosjektet som er heilt i sluttfasen arbeide for å halde prosjektstillinga på oppmåling i eitt år til og til slutt kort om ulovlighetssaker. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Utvalsleiar Magne Djuvik hadde gyldig forfall. Nestleiar Gustav Folkestad leia difor møtet. Tilslutt i møtet vart det drøfta korleis møtelokalet bør organiserast, og utvalet slutta seg til at tilhøyrarar og utvalsmedlemer/administrasjon kan plasserast litt i frå einannan. Vidare slutta utvalet seg til at under møtet ved pausar bør evt gruppemøter ikkje foregå i sjølve møtelokalet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 9/2-2018 Gustav Folkestad Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 001/2018 Godkjenning av møteprotokoll 002/2018 Skriv og meldingar 003/2018 Delegerte saker 004/2018 GBNR 40/3 - Nedre Skjørsand - Handsaming av klage på planvedtak 005/2018 GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Godkjenning av detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde aust 006/2018 GBNR 11/11 - Samnøen ytre - Dispensasjon frå 1-8 i pbl. - Tilkomstveg på landbrukseigedom - Godkjenning 007/2018 Gbnr. 73/2 - Åse - etablering av tilkomstveg til hytte - handsaming av klage 008/2018 Gbnr. 88/20 - Særvoll østre - handsaming av klage på politisk vedtak - frådeling av grunneigedom og bygging av bustad og garasje 009/2018 GBNR 89/50 - Legland - Gjennoppbygging av naust etter brann - Godkjenning 010/2018 Gbnr. 124/91 - Sundfjord handsaming av klage på politisk vedtak - dispensasjon for bygging av naust og oppføring av kai 011/2018 Gbnr. 124/25 - Sundfjord - handsaming av klage på avslag - søknad om bygging av hytte 012/2018 Gbnr. 124/44 - Sundfjord - handsaming av klage på politisk avslag - søknad om bygging av hytte 013/2018 GBNR 114/10 - Femanger - Oppgradering/vedlikehald av røyrgate og kar - Godkjenning 014/2018 Gbnr. 78/1 - Vinnes - handsaming av klage i dispensasjonssak - bygging av gardshotell Side 3
001/2018: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 23.11.2017 vert godkjent. UPM- 001/2018 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 23.11.2017 vert godkjent. 002/2018: Skriv og meldingar Rådmanne sitt framlegg til vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. UPM- 002/2018 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 003/2018: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. UPM- 003/2018 Vedtak: Side 4
Delegerte saker vert tekne til etterretning. 004/2018: GBNR 40/3 - Nedre Skjørsand - Handsaming av klage på planvedtak 22.06.2017 vedtok Fusa kommune detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg. Det er kome inn ein klage på vedtaket av planen, klagen er omtala og kommentert av rådmannen i saksutgreiinga. Konklusjonen er at Fusa kommune meiner at klagen ikkje kastar nytt lys over problemstillingar som har vore svart på under den tidlegar handsaminga av plansaka, og tek dermed ikkje klagen til følgje. Kommunen sender klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 004/2018 Vedtak: 22.06.2017 vedtok Fusa kommune detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg. Det er kome inn ein klage på vedtaket av planen, klagen er omtala og kommentert av rådmannen i saksutgreiinga. Konklusjonen er at Fusa kommune meiner at klagen ikkje kastar nytt lys over problemstillingar som har vore svart på under den tidlegar handsaminga av plansaka, og tek dermed ikkje klagen til følgje. Kommunen sender klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne 29.01.2018: Følgjande felles framlegg fremja av Eirin Bergheim vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet tar saka til orientering. RAAD- 003/2018 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet tar saka til orientering. Ungdomsrådet 29.01.2018: Ungdomsrådet tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 007/2018 Vedtak: Ungdomsrådet tek saka til etterretning. Side 5
005/2018: GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Godkjenning av detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde aust Fusa kommune godkjenner detaljregulering for Lambaneset bustadområde aust, med plan- ID 1241201706. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-12. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Utvalet for plan og miljø slutta seg til tilråinga frå ungdomsrådet og ynskjer at kommunen arbeider for redusert fart i vegkrysset ved hovudvegen. Utvalet tilrådde samrøystes at kommunestyret godkjenner planen. UPM- 005/2018 Vedtak: Utvalet for plan og miljø slutta seg til tilråinga frå ungdomsrådet og ynskjer at kommunen arbeider for redusert fart i vegkrysset ved hovudvegen. Utvalet tilrådde at kommunestyret godkjenner planen. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne 29.01.2018: Følgjande felles framlegg fremja av Eirin Bergheim vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet påpeikar antall parkeringsplassar. Som regelverket seier skal det vere 2 stk parkeringsplassar - det ser me på som positivt her. La dette også bli håndheva ved framtidige prosjekt. Senior- og funksjonsrådet viser til uttalelse frå Fylkeskommunen ang. universell utforming og ber om ei utgreiing. RAAD- 002/2018 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet påpeikar antall parkeringsplassar. Som regelverket seier skal det vere 2 stk parkeringsplassar - det ser me på som positivt her. La dette også bli håndheva ved framtidige prosjekt. Senior- og funksjonsrådet viser til uttalelse frå Fylkeskommunen ang. universell utforming og ber om ei utgreiing. Side 6
Ungdomsrådet 29.01.2018: Etter ei drøfting av saka kom FUR fram til ein slik samrøystes uttale: FUR kan ikkje sjå at ungdomsrådet sine tidlegare innspel i saka er vurdert. FUR ser at Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune peikar på dei same manglane i rosanalysen. Det er ikkje forsvarleg at barn og unge - og vaksne - må kryssa fylkesveg i 80-sone til og frå buss-stopp i eit område med dårlege sikttilhøve. FUR meiner 50-sona må utvidast og det må vera eit fotgjengarfelt for dei som skal kryssa vegen. Dette må vera på plass før ein kan ta nye husvære i bruk. UNG- 006/2018 Vedtak: FUR kan ikkje sjå at ungdomsrådet sine tidlegare innspel i saka er vurdert. FUR ser at Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune peikar på dei same manglane i rosanalysen. Det er ikkje forsvarleg at barn og unge - og vaksne - må kryssa fylkesveg i 80-sone til og frå buss-stopp i eit område med dårlege sikttilhøve. FUR meiner 50-sona må utvidast og det må vera eit fotgjengarfelt for dei som skal kryssa vegen. Dette må vera på plass før ein kan ta nye husvære i bruk. 006/2018: GBNR 11/11 - Samnøen ytre - Dispensasjon frå 1-8 i pbl. - Tilkomstveg på landbrukseigedom - Godkjenning Fusa kommune gjev dispensasjon frå 1-8 og gjev løyve til bygging av tilkomstveg på gbnr 11/11, Samnøen ytre på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i samsvar med innsend søknad, og i samsvar med vedlegg til denne. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. UPM- 006/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon frå 1-8 og gjev løyve til bygging av tilkomstveg på gbnr 11/11, Samnøen ytre på fylgjande vilkår: Side 7 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner.
2. Tiltaket må vera i samsvar med innsend søknad, og i samsvar med vedlegg til denne. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 007/2018: Gbnr. 73/2 - Åse - etablering av tilkomstveg til hytte - handsaming av klage Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på vedtak i sak (UPM-079/2017) og held fast på sitt vedtak om å gje dispensasjon for rammeløyve til bygging av veg over gbnr. 73/2, for å etablera tilkomstveg til hytte på gbnr. 73/10, Åse. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1, 19-2 og 20-3. Jan Birger Landøy sette fram fylgjande framlegg: Fusa kommune gjev medhald i klage på vedtak i sak (UPM-079/2017) og omgjer sitt vedtak om å gje dispensasjon for rammeløyve til bygging av veg over gbnr. 73/2, for å etablera tilkomstveg til hytte på gbnr. 73/10, Åse. Fusa kommune gjev dispensasjon for rammeløyve til det omsøkte tiltaket på følgjande vilkår: 1. Tiltaket må følgje den traséen som er anbefalt av Bjørnefjorden Landbrukskontor jamfør landbruksuttale. 2. Nøyaktige kartutgreiingar, og beskrivelse av utføring av veg skal foreligge før det vert gjeve igangsettingsløyve. 3. Det må takast omsyn til utvidingsplanar som ligg føre for driftsbygningen på gbnr 73/3. 4. Tiltaket skal følgje gjeldande lover og føresegner.vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 20-1 og 19.2 Dette framlegget fekk 1 røyst, Jan Birger Landøy, Sp. Rådmannen sitt framlegg fekk 8 røyster. UPM- 007/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på vedtak i sak (UPM-079/2017) og held fast på Side 8
sitt vedtak om å gje dispensasjon for rammeløyve til bygging av veg over gbnr. 73/2, for å etablera tilkomstveg til hytte på gbnr. 73/10, Åse. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1, 19-2 og 20-3. 008/2018: Gbnr. 88/20 - Særvoll østre - handsaming av klage på politisk vedtak - frådeling av grunneigedom og bygging av bustad og garasje Fusa kommune gjev medhald i klage og dermed dispensasjon frå plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for frådeling av grunneigedom og bygging av bustad og garasje, på gbnr. 88/20, Særvoll østre. Frådeling og bygging må følgja gjeldande lover og forskrifter, og vil ikkje kunna skje før følgjande vilkår er på plass: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med løysing skissert i klagebrev, dagsett 22.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. At bygningsmassen tek plass i forskriftsmessig avstand frå kraftlinja som går over eigedomen. 4. At Fusa kommune får ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. UPM- 008/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage og dermed dispensasjon frå plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for frådeling av grunneigedom og bygging av bustad og garasje, på gbnr. 88/20, Særvoll østre. Frådeling og bygging må følgja gjeldande lover og forskrifter, og vil ikkje kunna skje før følgjande vilkår er på plass: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med løysing skissert i klagebrev, dagsett 22.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. At bygningsmassen tek plass i forskriftsmessig avstand frå kraftlinja som går over eigedomen. 4. At Fusa kommune får ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. 009/2018: GBNR 89/50 - Legland - Gjennoppbygging av naust etter brann - Godkjenning Fusa kommune gjev løyve til oppføring av eit naust på 55,8 m2 på Gbnr. 89/50, Leigland. Side 9
Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 06.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når naustet står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. UPM- 009/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til oppføring av eit naust på 55,8 m2 på Gbnr. 89/50, Leigland. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 06.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når naustet står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 010/2018: Gbnr. 124/91 - Sundfjord handsaming av klage på politisk vedtak - dispensasjon for bygging av naust og oppføring av kai 1. alternativ, framlegg til vedtak: Fusa kommune gjev delvis medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for rammeløyve til å fortøya landgang og leggja ut flytebryggje på gbnr. 124/91, Sundfjord. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad/klagebrev som er signert 15.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Det skal søkjast om igangsetjingsløyve før arbeidet vert sett i gang. 3. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på avslag til søknad om dispensasjon frå Side 10
byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for å etablera kaifront og støypa båtoppdrag på gbnr. 124/91, Sundfjord. Vedtaka er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4 og i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune. 2. alternativ, framlegg til vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for rammeløyve til å støypa båtoppdrag, fortøya landgang og leggja ut flytebryggje på gbnr. 124/91, Sundfjord. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad/klagebrev som er signert 15.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Det skal søkjast om igangsetjingsløyve før arbeidet vert sett i gang. 3. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på avslag til søknad om dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for å etablera kaifront på gbnr. 124/91, Sundfjord. Vedtaka er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4 og i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune. Rådmannen sitt framlegg, alternativ 2, vart samrøystes vedteke. UPM- 010/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for rammeløyve til å støypa båtoppdrag, fortøya landgang og leggja ut flytebryggje på gbnr. 124/91, Sundfjord. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad/klagebrev som er signert 15.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Det skal søkjast om igangsetjingsløyve før arbeidet vert sett i gang. 3. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på avslag til søknad om dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for å etablera kaifront på gbnr. 124/91, Sundfjord. Vedtaka er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4 og i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune. Side 11
011/2018: Gbnr. 124/25 - Sundfjord - handsaming av klage på avslag - søknad om bygging av hytte Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for bygging av hytte på gbnr. 124/25. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad som er signert 19.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1 og 19-2, og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune. UPM- 011/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for bygging av hytte på gbnr. 124/25. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad som er signert 19.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1 og 19-2, og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune. Side 12
012/2018: Gbnr. 124/44 - Sundfjord - handsaming av klage på politisk avslag - søknad om bygging av hytte Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for bygging av ei hytte med BYA på 79 m2,, på gbnr. 124/44, Sundfjord. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad som er signert 19.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1 og 19-2, og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune. UPM- 012/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage, og dermed løyve til dispensasjon frå byggjeforbodet innanfor hundremetersbeltet til sjøen, for bygging av ei hytte med BYA på 79 m2,, på gbnr. 124/44, Sundfjord. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med endra søknad som er signert 19.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1 og 19-2, og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune. Side 13
013/2018: GBNR 114/10 - Femanger - Oppgradering/vedlikehald av røyrgate og kar - Godkjenning Fusa kommune gjev løyve til oppgradering og vedlikehald av røyrgate, smoltkar med overbygg og oppgradering av inntakskum med tilhøyrande overbygg på Gbnr. 114/10, Femanger. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 06.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når arbeida står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. UPM- 013/2018 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til oppgradering og vedlikehald av røyrgate, smoltkar med overbygg og oppgradering av inntakskum med tilhøyrande overbygg på Gbnr. 114/10, Femanger. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 06.12.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når arbeida står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 014/2018: Gbnr. 78/1 - Vinnes - handsaming av klage i dispensasjonssak - bygging av gardshotell Side 14
Fusa kommune gjev medhald i tiltakshavar sin klage i UPM-sak 101/2017, slik at vilkår med privatrettsleg referanse vert sletta frå vedtaket om dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8 for bygging av gardshotell, riving av eldre kårhus, planering av uteplass/tun, amfi og parkeringsplassar, uteplass med basseng, bygging av lagerbygg og oppføring av skrivestove på gbnr. 78/1, Vinnes. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 21-6. Fusa kommune gjev òg medhald i naboklage i UPM-sak 101/2017, og gjer med dette om sitt vedtak og gjev dermed avslag på søknad om dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8 for bygging av gardshotell, planering av uteplass/tun, amfi og parkeringsplassar, uteplass med basseng, bygging av lagerbygg og oppføring av skrivestove på gbnr. 78/1, Vinnes. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1 og 19-2 og i forvaltningslova 41. Fusa kommune held fast på sitt vedtak i UPM-sak 101/2017, om å gje dispensasjon frå planog bygningslova 1-8, for riving av eldre kårhus på gbnr. 78/1, Vinnes. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2. Framlegg frå Lars Erik Dalland, H: Saka vert utsett og utvalet for plan og miljø skal gjennomføra synfaring på staden før neste møte i utvalet den 15.3.2018. Til dette møtet må administrasjonen syta for å innhenta det som vert karakterisert som manglande dokumentasjon i søknaden frå tiltakshaver. Utvalet ynskjer vidare at partane må få høve til å gje uttale til den nye saksframstillinga i saka. Dette vart samrøystes vedteke. UPM- 014/2018 Vedtak: Saka vert utsett og utvalet for plan og miljø skal gjennomføra synfaring på staden før neste møte i utvalet den 15.3.2018. Til dette møtet må administrasjonen syta for å innhenta det som vert karakterisert som manglande dokumentasjon i søknaden frå tiltakshaver. Utvalet ynskjer vidare at partane må få høve til å gje uttale til den nye saksframstillinga i saka. Side 15