Ordning for dåp i hovudgudstenesta



Like dokumenter
Ordning for dåp i hovudgudstenesta

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Dåp i eiga gudsteneste Fastsett av Kyrkjemøtet Gjeld frå 1. s. i advent 2011 og skal takast i bruk seinast 1. s.

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

Om ordning for dåp Om dåpen Dåp av barn Dåp ved neddykking Dåp utan at forsamlinga er til stades Dåp av vaksne...

i. Samling 1 Preludium 2 Inngangssalme 3 Inngangsord Ordning for Dåp i eiga gudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017

De følgende tekstene leses gjerne av en fra dåpsfølget eller av en annen medliturg.

Dåp i hovedgudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012.

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP

3. Prosesjon og inngangssalme kan eventuelt kombinerast. På same vis kan forsamlinga eventuelt gå ut i prosesjon under postludiet.

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

I. MOTTAKELSE TIL DÅP

Dåp i hovudgudstenesta Fastsett av Kyrkjemøtet Gjeld frå 1. s. i advent 2011 og skal takast i bruk seinast 1. s.

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

i den hellige dåp. I dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Dåp Skaunmenighetene

dåpen tar Gud imot oss og forener oss med den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus.

Ordning for dåp i hovedgudstjenesten. Ordning for dåp i hovedgudstjenesten. 1 Mottakelse til dåp. 1 Mottakelse til dåp

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

FYLLINGSDALEN MENIGHET

Vigsling av tilsynsmann

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Høringsforslag Forslag fra komité A Komitéens kommentarer Et lite flertall ønsker. dåp. og Den hellige ånds navn. Alternativt kan benyttes:

Ordning for hovudgudsteneste Radøy sokn

ORDNING FOR HØGMESSE MED DÅP OG NATTVERD

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Ordning for Dåp i hovedgudstjeneste vedtatt av Kirkemøtet 2017

Ordning for hovudgudsteneste (med ordning for dåp 2017) Radøy sokn

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE MED NATTVERD

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Reform av kirkens gudstjenesteliv Forslag til ny dåpsliturgi


Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

FYLLINGSDALEN MENIGHET

ORDNING FOR GUDSTENESTER I KONFIRMASJONSTIDA. Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar som høyrer til i kyrkjelyden

Vigsling til andre tenester

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Vigsling av evangelist

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Gudsteneste. Redigert av Kjetil Kringlebotten

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

I. samling 1 Førebuing

I. MOTTAKELSE TIL DÅP

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Dåp i egen gudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet Gjelder fra 1. s. i advent 2011 og tas i bruk senest 1. s. i advent 2012.

ORDNING FOR HØGMESSE MED NATTVERD

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Forslag til revidert dåpsliturgi i hovedgudstjenesten. (Vedlegg til sak KR 24/10 Dåpsliturgi Kirkerådets møte mai 2010)

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Brødsbrytelsen - Nattverden

Da psbrosjyre ver nov :03:33

I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille, i ettertanke og bøn.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Vigsel. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

i. Samling 1 Preludium 2 Inngangssalme Ordning for Dåp i egen gudstjeneste Vedtatt av Kirkemøtet 2017

ORDNING FOR KONFIRMASJON

1. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA

Nådehelsing. Samlingsbøn. Klokkeringing Informasjon Kort stille og tre klokkeslag

2. Utøvelsen av fadder- og forbederansvaret utføres i tråd med veiledningsbrosjyren: Fadder- og forbederansvar i Frikirken.

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

STRUKTUR FOR FAMILIEMESSE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

DEN NORSKE KIRKE Kirkemøtet 2013

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

VELSIGNELSE AV HUS OG HJEM

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Dåp. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Dåp. Dåp av born

Transkript:

Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.2/15 Omsetjing til nynorsk av NFGs framlegg til revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta, vedteke i møtet 18.juni 2015 Ordning for dåp i hovudgudstenesta 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. L I dag skal NN/(talet på) born døypast. I tillit og glede kjem vi med henne/han/dei til Kristus i den heilage dåpen. L I dag skal NN døypast. I tillit og glede kjem vi til Kristus i den heilage dåpen. L Lat oss takka og be: L Evige Gud, vi takkar deg for dette barnet/desse borna som du har gjeve oss. Du har skapt oss i ditt bilete og i dåpen får vi del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død. Vi bed deg: Ver hos NN/henne/han med din kjærleik og ta henne/han/dei inn i di kyrkje. Amen. L Evige Gud, vi takkar deg for NN/dei som skal døypast i dag. Du har skapt oss i ditt bilete og i dåpen får vi del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død. Vi bed deg: Ver hos NN/henne/han med din kjærleik og ta henne/han/dei inn i di kyrkje. Amen. Her, før den avsluttande lovprisinga (1.Pet 1,3) kan presten kort seia noko om den aktuelle dåpshandlinga. 2 Dåpssalme Ein dåpssalme kjem anten her, før 4 Dåpsforpliktinga som avslutning av dåpshandlinga. Det kan eventuelt vera korsong solosong på ein av desse stadene.

3 Skriftlesing Dei følgjande tekstane kan gjerne lesast av ein i dåpsfølgjet ein annan medliturg. L Lat oss høyra kor venleg Jesus tek imot borna og opnar Guds rike for dei: ML/L Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei. Mark 10,13 16 Ved dåp av større born, unge vaksne kan denne teksten erstattast med: L Apostelen Paulus seier om dåpen: ML/L Det vart openberra kor god vår Gud og frelsar er, og kor han elskar menneska: Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde og bli arvingar til det evige livet, som er vår von. Tit 3,4 7 L Jesus seier at vi blir fødde på nytt i dåpen: ML/L Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.» Joh 3,1 5 L Lat oss høyra vår Herre Jesu Kristi ord om dåpen og trua: ML/L Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Matt 28,18 20 Ved dåp av større born, unge vaksne kan Mark 10,13 16 eventuelt lesast her.

4 Dåpsforpliktinga Ved dåp av born: L Vil foreldre og fadrar reisa seg. De skal vera vitne om at NN / dette barnet/ desse borna er døypt/døypte med den kristne dåpen. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja får de del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg for henne/han/dei, be for henne/han/dei og hjelpa henne/ han/ dei til sjølv/sjølve å be, kjenna Guds ord og delta i den heilage nattverden, så ho/han/dei kan bli verande hos Kristus når ho/han/dei veks opp. Foreldra og fadrane blir ståande. L Vil (foreldre og) fadrar reisa seg. De skal vera vitne om at NN/desse er døypt/døypte med den kristne dåpen. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja får de del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg for henne/han/dei, be for henne/han/dei og hjelpa henne/han/dei til å kjenna Guds ord og delta i den heilage nattverden, så ho/han/dei kan bli verande hos Kristus. Foreldra og fadrane blir ståande. 5 Forsakinga og trua Ved dåp av born: L Lat oss saman vedkjennast forsakinga og trua, som vi blir døypte til. Alle reiser seg. L Vil du saman med denne kyrkjelyden vedkjennast forsakinga og trua, som vi blir døypte til? Dåpskandidaten Ja. Dåpskandidaten kan om nødvendig her og ved dåpshandlinga gje stadfestande svar på andre måtar enn med verbalt språk. Dei som sjølve kan svara på spørsmålet, blir først spurde. Når alle har svara, seier liturgen: L Lat oss saman vedkjennast forsakinga og trua, som vi blir døypte til. Alle reiser seg.

A Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. Den apostoliske truvedkjenninga. 6 Dåpshandlinga Ein h vatnet i døypefonten. Anten L Miskunnsame Gud, du som i dåpen frir oss frå mørkrets makt og gjer oss til born av lyset, vi bed deg: Send din Ande, så dette vatnet blir ei nådens kjelde der ho/han/dei som blir døypt/døypte, blir reist/reiste opp til det nye livet med Jesus Kristus, vår Herre. L Miskunnsame Gud, vi takkar deg for at dåpsvatnet ved ditt ord er ei nådens kjelde, der du reinsar oss frå synd og skuld og gjev oss vona om det evige livet i Jesus Kristus. Vi bed deg: Lat den nye fødselen koma ved din skapande Ande. Mellom kvar dåp kan ein syngja eit vers frå ein høveleg salme. Dåpsfølgjet går fram til døypefonten.

Ved dåp av born: L Kva heiter barnet? Den som ber barnet, seier fornamnet på barnet. L Vil de at NN skal døypast til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua? Den som ber barnet, foreldra /dei føresette og fadrane svarar: Ja. L Kva heiter du? Den som skal døypast, svarar sjølv ved å seia fornamnet sitt. Om nødvendig kan ein annan seia namnet. L NN, vil du bli døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og leva i den kristne forsakinga og trua? Den som skal døypast, svarar: Ja. Liturgen bed bøna før og etter krossteikninga med open handflate vend mot andletet til barnet/dåpskandidaten. L Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Eg teiknar deg med det heilage krossmerket. Du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til. L NN, etter vår Herre Jesu Kristi ord og bod døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Medan dette blir sagt, auser liturgen med handa rikeleg med vatn over hovudet til den som blir døypt, tre gonger. Liturgen legg gjerne saman med foreldra / dei føresette og fadrane handa på hovudet til den døypte og seier: L Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, fødd deg på nytt og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg. Dåpsbarnet kan lyftast opp og vendast mot kyrkjelyden av den som ber barnet av liturgen. Ved dåp av større born vaksne kan desse venda seg mot kyrkjelyden. Ein kan seia følgjande ord: Dette er NN (fornamn), Guds barn og vår syster/bror i Kristus. 7 Tenning av dåpslys Etter at alle er døypte, kan det tennast ei lys for kvart barn/kvar dåpskandidat. Lyset set ein i ein lyshaldar og det brenn til gudstenesta er ferdig. Når alle dåpslysa er tende, seier liturgen:

L : Jesus seier: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» Joh 8,12 8 Bøn og lovprising Ein bed ei av dei følgjande bønene L Lat oss takka og be. Anten. L/ML: Trufaste Gud, vi takkar deg for dåpen, der du gjev oss ein heim i di kyrkje. Vi bed for NN/borna/dei som er døypt/døypte i dag. Hald di vernande hand over henne/han/dei, og gje kjærleik og visdom til alle som har ansvar for henne/han/dei. Vend auga våre mot deg, så vi aldri mister vona du har gjeve oss i dåpen. L/ML Trufaste Gud, vi takkar deg for dåpen, der du tek imot oss og kallar oss med namn. Vi bed for NN/borna/dei som er døypt/døypte i dag. Ver med henne/han/dei gjennom livet, i medgang og i motgang, og vara henne/han/dei i dåpens nåde. Styrk foreldra og fadrane i ansvaret dei har fått. Hjelp oss alle å strida den gode striden i trua, med kjærleik til nesten vår og alt du har skapt. L/ML Trufaste Gud, vi takkar deg for dåpen, og for lovnaden om at Jesus er med oss alle våre dagar. Vi bed for NN/borna/dei som er døypt/døypte i dag. Ver hennar/hans/deira ly og vern gjennom livet, og vara dei i trua på deg. Vis oss alle kjærleikens veg, så vi ikkje tener oss sjølve, men deg og kvarandre.

Fadervår blir sagt fram. Dersom det er nattverd i gudstenesta, kan Fadervår falla bort her. L Lat oss saman be den bøna Jesus har lært oss: A Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1977-liturgien og etter 1920-liturgien. L Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde. 1 Pet 1,3 Dåpsliturgien blir eventuelt avslutta med song, jfr. rubrikk til punkt 2.