VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

Like dokumenter
Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Barnehagebruksplan

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Vedtekter for kommunale barnehagar

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Revidert Oppvekst og omsorg,

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Transkript:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå 19.10.2017. Vedteke i kommunestyret 19.10.2017, sak: 070/17.

Innhold Innleiing:... 3 1. Eigartilhøve:... 3 2. Drift og forvaltning:... 3 2.1 Eigar og drift:... 3 2.2 Kommunalt forvaltningsorgan:... 3 2.3 Styre og foreldreråd :... 3 3. Arealutnytting:... 4 3.1: Leike og opphaldsarealet i barnehagane i Vik kommune:... 5 3.2 Kravet til areal:... 5 4. Barnehageopptak:... 5 4.1 Hovudopptak:... 5 4.1.1 Suppleringsopptak:... 6 4.1.2 Retten til barnehage:... 6 4.1.3 Søknad:... 6 4.2 Gjennomføring av opptaket:... 7 4.3 Opptaksperiode:... 7 4.5 Opptaksmynde:... 7 4.6 Plasstilbod:... 7 4.7 Klagehandsaming:... 8 4.8 Kriteria for prioritering av opptak i hovudopptaket:... 8 4.9 Opptaksutval:... 9 4.10 Oppseiing:... 9 5. Retningsliner for endring av opphaldstid/byte av barnehage:... 9 6. Foreldrebetaling:... 10 6.1 Friplass:... 10 6.2 Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga:... 10 6.2.1 Gratis kjernetid for 3, 4 og 5-åringar frå 1.august 2016:... 11 6.3 Kjøp av einskild - dagar:... 12

6.4 Tap av plass:... 12 7 Barnehageåret:... 12 7.1 Opningstider:... 12 7.2 Feriar:... 12 8 Politiattest:... 13 Innleiing: I vedtektene finn de det som er bestemt om drifta av barnehagane, samt annan informasjon som gjeld forholdet mellom dykk som foreldre og barnehagane. 1. Eigartilhøve: Desse vedtektene gjeld barnehagar som Vik kommune eig og driv. Barnehagane skal drivast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande Lov om barnehagar med tilhøyrande forskrifter og elles retningsliner fastsette av Kunnskapsdepartementet, kommunale vedtak og plan for den einskilde barnehage. 2. Drift og forvaltning: 2.1 Eigar og drift: Vik kommune eig og er ansvarleg for drift av dei barnehagane i kommunen som er omfatta av desse vedtektene. 2.2 Kommunalt forvaltningsorgan: Rådmannen er det kommunale forvaltningsorganet for all barnehageverksemd i Vik kommune. 2.3 Styre og foreldreråd :

Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd i samsvar med Lov om barnehagar. Samarbeidsutvalet skal vera eit samarbeidsorgan for foreldre, personale og eigar og skal ha ansvar for den alminnelege drifta i nær kontakt med styrar i barnehagen. Der barnehage og skule er samlokalisert (oppvekstsenter), skal det vera felles samarbeidsutval og/eller foreldreråd. Då skal foreldre/føresette og tilsette både frå barnehage og skule vera representerte i utvalet. I) Samarbeidsutval for Valsvik, Feios, Fresvik og Vangsnes barnehagar 1 representant med vara for eigar, 4 års valbolk. 1 representant med vara for tilsette, 1 års valbolk 1 representant med vara for foreldra 1 års valbolk II) Samarbeidsutval for Vik barnehage: 2 representantar med vara for eigar 4 års valbolk 2 representantar med vara for dei tilsette 1 års valbolk 2 representantar med vara for foreldra 1 års valbolk Vik formannskap har delegert mynde frå kommunestyret til å velja kommunen sine representantar og vararepresentantar til barnehagane sine samarbeidsutval. III) Foreldreråd: Foreldreråd er foreldre/føresette til alle borna i vedkomande barnehage. Ved røysting vert det gitt ei røyst for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld. 3. Arealutnytting:

3.1: Leike og opphaldsarealet i barnehagane i Vik kommune: Leike og opphaldsarealet i barnehagane i Vik kommune er fastlagd slik: Valsvik barnehage 76 m2 Feios barnehage 51 m2 Fresvik barnehage 55 m2 Vangsnes barnehage 114m2 Vik barnehage avd Tripp 56 m2 «avd Trapp 70 m2 «avd Tresko 99 m2 «avd Soria 83 m2 «avd Moria 83 m2 «avd Bødalen 80 m2 3.2 Kravet til areal: Tek utgangspunkt i sentralt gjevne normer/retningsliner. 4m2 per barn over 3 år, 1/3 meir for barn under 3 år. 4. Barnehageopptak: 4.1 Hovudopptak: I Vik kommune er det eitt hovudopptak på våren, kvart år. Søknadsfristen er 1.mars. Fristar og rutinar vert kunngjort gjennom oppslag, annonse og internett. Som hovudregel vil opptak fylgja forskrift om opptaksområde ( skulekrins) for barnesteget. Som hovudregel kan ikkje eit barn dela ein 100% plass mellom to avdelingar.

4.1.1 Suppleringsopptak: Kontinuerleg opptak. Etter at hovudopptaket er avslutta og alle med rett til barnehageplass har fått plass, har me kontinuerleg opptak og nye søkjarar vert registrerte og handsama fortløpande. Ledige plassar i løpet av året vert ikkje utlyste. 4.1.2 Retten til barnehage: I samsvar med Lov om barnehagar ( Barnehagelova) 12a, gjeld følgjande: Retten til barnehage gjeld for alle som søkjer innan fristen for hovudopptaket og som fyller 1 år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass. Born som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om plass i barnehagen, har etter søknad rett til å få plass i barnehagen frå den månaden barnet fyller eitt år. Kommunen har ansvaret for å oppfylla retten til barnehageplass. Foreldra må sjølve vurdera når retten til barnehage gjeld og søkja om plass i barnehage til fristen for hovudopptaket, 1.mars. 4.1.3 Søknad: Ordinær søknad om opptak skal sendast Vik kommune på fastlagd skjema innan fristen som er sett i utlysing. Søknader som kjem inn etter fristen, vert vurderte etter dei søknadene som kjem inn i rett tid. Unntaket er dersom det ligg føre tilråding frå PPT, Barnevern/NAV eller helsesyster ( jamfør opptakskriteria).

4.2 Gjennomføring av opptaket: Det er barnehageadministrasjonen i kommunen som gjennomfører opptaket, ilag med styraren i barnehagen. I opptaket vert det tildelt plassar ut i frå to lister. Ei for born under 3 år, og ei for born over 3 år. Borna som har søkt og som tilfredsstillar retten til barnehage, vert tekne inn i hovudopptaket. Ein syner her og til gjeldande kriteria ( pkt 4.8). Ledige plassar etter at born med rett til barnehage 12 er sikra, vert tildelte kontinuerleg gjennom året. Ein syner også her til gjeldande kriteria ( pkt 4.8). Tildelt plass gjeld frå nytt barnehageår ( medio august). Born som får plass i hovudopptaket må ta plassen i bruk innan 15.september. 4.3 Opptaksperiode: Barn som har fått barnehageplass, beheld denne til han vert sagt opp eller til barnet når skulepliktig alder. Tildelt plass gjeld frå det tidspunktet som står på tildelingsbrevet/kontrakten. Plassen må då og betalast i tråd med tildelingsbrevet. 4.5 Opptaksmynde: Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Vik kommune fylgjer opptaksområda til skulane. 4.6 Plasstilbod: Plasstilboda i barnehagen er 50% og 100%. Tilbodet om dagar må tilpassast drifta og gruppesamansetjinga i kvar einskild barnehage. Dei som søkjer

redusert plass, kan ikkje alltid rekna å få oppfylt ynskje sitt om barnehagedagar. 4.7 Klagehandsaming: Vedtak om tildeling av barnehageplass er eit einskildvedtak, og kan soleis klagast på. Klaga skal vera skriftleg og grunngjeven. Vik formannskap er klageinstans. Klagen skal sendast Vik kommune. 4.8 Kriteria for prioritering av opptak i hovudopptaket: Følgjande grupper vil verta prioriterte ved opptak: a. Barn med nedsett funksjonsevne der det ligg føre sakkunnig tilråding og barn med vedtak frå barnevernet, jamfør Lov om barnehagar 13. b. Born som grunna sosiale eller språklege tilhøve treng ein barnehageplass der det ligg føre tilråding frå sakkunnig instans. c. Barn av framandspråklege med særleg trong for norskopplæring. d. Born med einslege forsytarar. e. Born med sysken i barnehagen. f. Born som er busette i krinsen g. Eldre born går føre yngre born. h. Born der det er særlege grunnar for plass i næraste barnehage. i. Barn som ikkje har bustadadresse Vik kommune. Det skal takast omsyn til gruppesamansetjing ved opptak. Ved søknad om opptak etter prioritert kriterium skal det leggjast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som barnevern, lækjar, PPT. I dokumentasjonen skal det klårt gå fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass.

4.9 Opptaksutval: Etter at innstilling frå den einskilde styrar ligg føre, står eit eige opptaksutval for opptaket. Dette er samansett slik: Oppvekstsjef Styrar i vedkomande barnehage Helsesyster ( i hovudopptaket) Tenestetorget held sekretariat. 4.10 Oppseiing: Plassen er bindande til den vert sagt opp skriftleg, eller ut barnehageåret det året barnet byrjar på skulen. Oppseiing av barnehageplassen skal sendast skriftleg, med minst 1.månad varsel. For tidsrommet 1.februar til 1.august er oppseiingstida 3 månader, men likevel slik at oppseiingstida går ut det inneverande barnehageåret. 5. Retningsliner for endring av opphaldstid/byte av barnehage: Hovudregelen er at foreldra må søkja om endring av barnehageplassen innan 15.februar, dersom dei ynskjer å auka eller redusera storleiken på barnehageplassen. Barn som er tildelt kommunal barnehageplass har førerett til auke av opphaldstid når dei har starta i barnehagen, dersom det er praktisk og pedagogisk mogleg. Søknad om dette skal sendast barnehagen, og tildeling av ny opphaldstid vert gjort av styrar. Dersom det er fleire søkjarar til ledig plass, vert søkjarane prioriterte etter gjeldande opptakskriterium.

Søkjarar som har plass og som ynskjer å byta til ein annan barnehage/anna avdeling, må søkja på nytt og vert vurdert som ny søkjar. 6. Foreldrebetaling: Betaling og søskenmoderasjon vert regulert gjennom 15 i Lov om barnehagar ( barnehagelova) og til ei kvar tid gjeldande forskrift. Kost-betaling kjem i tillegg til foreldrebetalinga. Kommunestyret fastset foreldrebetaling og reglar for søskenmoderasjon: 30% moderasjon for barn nr 2 og 50% for barn nr 3 og fleire. Det vert kravd betaling for 11 månader. Betalingssatsane vert justerte i samsvar med endringar i maksprisen. Born opptekne i april og mai månad, har ikkje betalingsfritak for juli månad (gjeld berre for Vik barnehage). 6.1 Friplass: Det kan søkjast om friplass i spesielle høve. Søknaden vert avgjort av NAV/barnevernet. Avslag kan klagast til Vik formannskap. 6.2 Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga: Redusert foreldrebetaling: Frå 01.mai 2015 skal ingen hushaldningar betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Dvs at foreldrebetalinga skal per år maksimalt utgjera 6 % av hushaldninga si samla skattepliktige person og kapitalinntekt. Gratis kjernetid:

Frå 01.august 2016 har alle 3, 4 og 5 åringar, og born med utsett skulestart, som bur i hus haldning med låg inntekt, rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen per veke. Vik kommune syner her til ei kvar tid gjeldande forskrift for dette. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig av om du har deltid eller heiltids plass. Dersom nokon vel å nytta berre dei 20 timane, er tilbodet gratis. Retten til gratis kjernetid gjeld frå starten av barnehageåret, uavhengig av når kommunen gjer vedtak om dette. For nærare informasjon og søknad om redusert pris kan ein venda seg til Vik kommune: tlf: 57698200 eller gå inn på heimesida til kommunen: www.vik.kommune.no Ein søkjer om reduksjon i foreldrebetalinga for eitt barnehageår om gongen. Foreldrebetalinga er og avgrensa til gjeldande makspris. 6.2.1 Gratis kjernetid for 3, 4 og 5-åringar frå 1.august 2016: Frå 01.august 2016 har alle 3, 4 og 5-åringar, og born med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen per veke. Inntektsgrensa er sett til kr 417.000 ( frå 01.08.2016). Inntektsgrensa skal vedtakast av Stortinget i samband med det årlege budsjettarbeidet, på lik linje med maksimalprisen. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om ein har deltid eller heiltids plass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen. Dersom nokon vel å berre bruka dei 20 timane, er tilbodet gratis. Retten til gratis kjernetid gjeld frå oppstart av kvart barnehageår, uavhengig av når kommunen gjer vedtaket. Jamfør forskrifta 3, fjerde ledd. Det er Vik kommune som barnehagemyndigheit som har ansvaret for å oppfylla foreldra sin rett til reduksjon av foreldrebetalinga og gratis kjernetid.

6.3 Kjøp av einskild - dagar: Som eit supplement til tilbodet om 50% plass kan foreldra søkja om å få kjøpa einskilddagar ved barnehagen på den gruppa/avdelinga som barnet har plass i frå før av. Pris per einskilddag vert sett til kr 270,-. 6.4 Tap av plass: Ved misleghald av betaling er det Rådmann som gjer vedtak om oppseiing av barnehageplassen. 7 Barnehageåret: Barnehageåret varer frå medio august. Barnehagane er stengde på offentlege helge og høgtidsdagar samt 5 planleggingsdagar i laupet av barnehageåret. Barnehagane held ikkje ope på planleggingsdagane. Desse vert freista lagt til grunnskulen sine fridagar/planleggingsdagar. Tilbodet må ha ein oppslutnad på 4 born eller fleire for å kunna takast i bruk. 7.1 Opningstider: Alle barnehagane har i utgangspunkt eit heildags tilbod. Tilbodet vert organisert innanfor ei dagleg opningstid på maksimalt 9 timar (Vik barnehage 8 timar og 45 minutt), og held ope måndag fredag når dette er vanlege yrkesdagar. Det reduserte tilbodet vert organisert i heile dagar som 50% opningstid. 7.2 Feriar: Borna skal ha 3 veker samanhengande ferie. Hovudregelen er at ferien vert avvikla innan igangverande barnehageår. Barnehagane i Fresvik, Feios, Vangsnes og Valsvik er stengde 3 veker i fellesferien.

Vik barnehage er heilårsopen. Foreldre/føresette må kvart år gje melding til barnehagen innan 01.mai om kor tid dei tek borna i ferie. Dei som ikkje melder i frå om ferie innan fristen, går ut av barnehagen i fellesferien. 8 Politiattest: Tilsette i barnehagen skal levera tilfredsstillande politiattest jamfør Lov om barnehagar ( Barnehagelova) 19.