RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2011 INNHALD: 1. Rauland statsallmenning 2. Rauland fjellstyre - samansetjing m. v. 3. Rauland fjellstyre sine hytter. 4. Villreinjakt 5. Småviltjakt. 6. Fiske.
1. Rauland statsallmenning: Rauland statsallmenning ligg i Vinje kommune i Telemark fylke og er på omlag 67000 dekar høgfjell 1300-1600 m. o. h. Heile allmenningen ligg innafor Hardangervidda nasjonalpark. Allmenningen ligg langt frå allfarveg og turist løyper, difor er det heller liten trafikk der. Fjellstyret har 3 hytter som alltid står oppe for allmugen. 2. Rauland fjellstyre: Fjellstyre er for perioden 2008-2011 samansett slik: Dorthe Huitfeldt leiar. vara Marie Veslestaul Halvor Fehn nestleiar vara Ågot Storlid Svein Rorgemoen styremedlem vara Svein Helge Loftsgarden Magnhild Sæbø styremedlem vara Leena Godal Rune Kåsa styremedlem vara Aslak Dale Fjellstyret hadde i 2009 2 styremøte + årsmøte og handsama 19 saker. Fjellstyre har heller ikkje i år vurdert å ta ut møtegodtgjersle. Infoside for Rauland statsallmenning ligg på SfH heimeside. Salg av kort til småviltjakt og fiske er på inatur.no Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda (SfH). 7 fjellstyre er med i SfH. Røldal fjellstyre Odda fjellstyre Ullensvang fjellstyre Ulvik fjellstyre Eidfjord fjellstyre Øvre Numedal fjellstyre Rauland fjellstyre. Dorthe Huitfeldt var leiar i SfH. Noregs Fjellstyresamband (NFS). Alle fjellstyra i Norge er med i NFS (92 fjellstyre). Dorthe Huitfeldt var nestleiar i NFS. Hardangervidda fjelloppsyn as (HFas) HF as er eigd av alle fjellstyra på Hardangervidda. HF as v/ Helge Bitustøyl var kasserar og sekretær for Rauland fjellstyre fram til november. Helge Bitustøyl var sjukemeldt frå november. Sveinung Olsnes overtok som sekretær frå november.
3. Rauland fjellstyre sine hytter: Alle hyttene står opne med ved, propan og anna naudsynt utstyr. Hytteleige betalast på hyttene i eigne kasser eller på bankgiro. Hytteleige: Raulendingar. Andre: Kr. 50,- Kr. 150,- Born under 16 år gratis. Alle hyttene er utstyrt med madrasser, kjøkkenutstyr, propan og ved. Solcelleanlegg er det på alle hyttene. Det vart transportert inn 50 sekkar med ved (80 l). Halvor Fehn sto for organiseringa av transporten og transporten føregjekk på dugnad. Store Meinsvatn 1420 m.o.h. Hytta ligg i sørenden på Store Meinsvatn, er på 35 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Hytta har eige oppsynsrom som Hardangervidda fjelloppsyn as leiger. Kostveitvatn 1400 m.o.h. Hytta ligg i sørvestre delen av Kostveitvatn, er på 28 m2 og har 5 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Saltpytt 1430 m.o.h. Hytta ligg på øvre del av Saltpyttflotti, er på 42 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta.
4. Villreinjakt: Samjaktavtaler: Alle innanbygdsbuande i Rauland som hadde kort på andre vald kunne nytte dei frå fyrste dag mot eit gebyr på kr. 200,-. Dei som hadde kort på allmenningen kunne nytte kort frå andre vald vederlagsfritt frå fyrste dag. Alle som ville jakte på allmenningen måtte ha underskrift av ein av medlemmene i fjellstyret for at kortet var gyldig. Det vart også opna for eit begrensa antall utanbygds dersom forholda låg til rette for det. Tildelt kvote 2011 : Fritt dyr Simle/ungdyr Kalv Total 6 23 13 42. Fellingsresultat: Vaksen bukk 11/2 års bukk vaksen simle 11/2 års simle Bukkekalv Simlekalv Total 3 5 6 2 4 22 Felling 52,4 % Prisar på fellingsløyve av rein: Raulendingar: Fritt dyr 1500,- Simle/ungdyr 1000,- Kalv 500,-. 5. Småviltjakt: Andre: Det vart gjeve løyve til småviltjakt utan hund f.o.m. 13. september Prisar småviltjakt: Raulendingar Andre 3 dagar Kr.150,- Kr. 300,- vekekort Kr.320,- Kr. 650,- Sesongkort Kr.400,- Kr. 800,- Fyrste perioden 13. t.o.m 19.vart det slept inn 20 jegerar, 20. t.o.m. vart det også slept inn 20 jegerar, etter den dato vart kortsalget ubegrensa. Betre tilbakemeldingar på fangst i år. Mindre fugl er observert i år enn nokon gong tidlegare. Fangstrapport. Hare: 1 Rype: 78 Observert vilt: 570 Jaktdagar: 21
6.Fiske Fiske: Det vert seld fiskekort for stong og isfiske. det er ingen avgrensing i tid for fiske på allmenningen. Prisar fiske: 3 dagar Kr. 60,- Vekekort Kr. 100,- Årskort Kr. 300,- Fastbuande i Rauland som løyser fiskekort, kan fiske med 5 garn med fri maskevidde. Det er båt i Store Meinsvatn. Fjellstyret er også med i ei felles fiskekortordning saman med ein del grunneigarar i Vinje. Alt for liten tilbakemelding på fiskekorta og på grunn av fellesordninga med fiskekort har ein ingen oversikt over mengde fisk som er teken opp i vatna på allmenningen. Fjellstyret vil takke alle for den flotte dugnadsinnsatsen dei gjorde i 2010 Rauland 28.03.12 ------------------------------------ --------------------------------- Dorthe Huitfeldt Helge Bitustøyl Leiar Sek.