Nissedal kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: 01.03.2018 Tidspunkt: 08:30 11:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Halvor Homme Ordførar AP/KRF Geir Christian Enger Varaordførar AP/KRF Runa Vee Tveit Medlem AP/KRF Ian Parry-Jones Medlem SP/H Kristine Sandall Medlem SP/H Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Følgjande frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Sverre Sæter Rådmann Sissel Bronken Einingsleiar skule (sak 25/18) Frå saksnr.: 18/18 Til saksnr.: 25/18 Halvor Homme ordførar
Saksliste Utvalssaksnr PS 18/18 Innhald Saker til behandling N - Reguleringsplan, detaljregulering Tveitsund bru- Sommarsletta - Nisser brygge - plan til offentleg ettersyn PS 19/18 N - 4/1 - Grovum nordre - frådeling av areal til bustadbygging - plankrav - dispensasjon PS 20/18 N - 38/88 - Støylsheia nord 2 - Anneks for overnatting - rekkefylgjekrav m.m. - dispensasjon - avslag - klage PS 21/18 Fordeling av pott for fellestiltak PS 22/18 Søknad om midlar til Klatrefestival 2018 PS 23/18 PS 24/18 Søknad om motorferdsel i utmark for transport av utstyr til privat hytte. Referat- og drøftingssaker Lukka PS 25/18 Behov for spesialundervisning X
Saker til behandling PS 18/18 N - Reguleringsplan, detaljregulering Tveitsund bru- Sommarsletta - Nisser brygge - plan til offentleg ettersyn Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Tveitsund bru-sommarsletta-nisser brygge, ut til offentleg ettersyn, og sender han på høyring til aktuelle høyringsinstansar. Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Tveitsund bru-sommarsletta-nisser brygge, ut til offentleg ettersyn, og sender han på høyring til aktuelle høyringsinstansar. PS 19/18 N - 4/1 - Grovum nordre - frådeling av areal til bustadbygging - plankrav - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsplankravet, og godkjenner i medhald av pbl 20-1 m) ei frådeling av byggeområdet for heilårsbustader tilhøyrande g/bnr 4/1, slik det er søkt om. Det må ligge føre ein godkjent veg- og tomtedelingsplan over det frådelte området før det kan frådelast nye tomter her. Votering: samrøystes for rådmannen si tilåding. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsplankravet, og godkjenner i medhald av pbl 20-1 m) ei frådeling av byggeområdet for heilårsbustader tilhøyrande g/bnr 4/1, slik det er søkt om. Det må ligge føre ein godkjent veg- og tomtedelingsplan over det frådelte området før det kan frådelast nye tomter her. PS 20/18 N - 38/88 - Støylsheia nord 2 - Anneks for overnatting - rekkefylgjekrav m.m. - dispensasjon - avslag - klage Formannskapet tek ikkje klaga på dispensasjonsavslaget i sak 007/18 til fylgje. Klaga blir sendt Fylkesmannen i Telemark til endeleg avgjerd.
Formannskapet tek ikkje klaga på dispensasjonsavslaget i sak 007/18 til fylgje. Klaga blir sendt Fylkesmannen i Telemark til endeleg avgjerd. PS 21/18 Fordeling av pott for fellestiltak Ian Perry-Jones ba om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann samrøystes Perry-Jones habil i å vere med på å handsame saka. Dersom det under handsaminga av saka kjem fram endringsframlegg på tildeling av tilskott til nærbutikkar, vil formannskapet vurdere habiliteten på nytt. Omforeina endringsframlegg: Som rådmannen si tilråding med endring at løyvingane til Felle løypelag, Velausfjell løypelag og Fjone høgfjell blir redusere med kr. 5000 til kvar av løypelaga. Treungen idrettslag får kr. 15 000 knytt til utbetring av tursti til Skuggenatten. Votering: samrøystes for endringsframlegget. Pott for fellestiltak vert fordelt slik: Turistinfo i nærbutikkar: kr. 50.000 driftstilskot (Nissedal/Felle kr. 20', Fjone kr. 10') Treungen idrettslag kr. 15.000 investeringstilskot (søkt om kr. 59.000) Gautefall Løypelag: kr. 200.000 investeringstilskot (søkt om kr. 300.000) Felle Løypelag: kr. 15.000 investeringstilskot (søkt om kr. 120.000) Vedlaus/S.fjell løypelag: kr. 15.000 investeringstilskot (søkt om kr. 75.000) Løypelaget Fjone høgfjell: kr. 15.000 investeringstilskot (søkt om kr. 95.000) Totalt kr. 310.000 Ein gjer spesielt merksam på pkt. 4. i vedtektene: "Det er eit krav om budsjett til prosjektet det søkast på. Rekneskap/dokumentasjon på utgifter skal sendast kommunen i etterkant." PS 22/18 Søknad om midlar til Klatrefestival 2018 Nissedal kommune ser positivt på søknaden frå Fri Flyt AS, og løyver kr. 20.000,-.
Ein legg særleg vekt på at løyve vil kunne gje Nissedal kommune stadsutvikling, profilering og marknadsføring som ein friluftsdestinasjon. Løyvinga vert tatt frå Nissedal kommunale næringsfond, konto 14703-1410-3250. Nissedal kommune ser positivt på søknaden frå Fri Flyt AS, og løyver kr. 20.000,-. Ein legg særleg vekt på at løyve vil kunne gje Nissedal kommune stadsutvikling, profilering og marknadsføring som ein friluftsdestinasjon. Løyvinga vert tatt frå Nissedal kommunale næringsfond, konto 14703-1410-3250. PS 23/18 Søknad om motorferdsel i utmark for transport av utstyr til privat hytte. Hytta ligg ca 800 moh og det er behov for å kunne bruke motorkøyretøy for å frakte bagasje / utstyr opp til hytta. Køyringa følgjer eksisterande traktorveg / køyrespor, dette er spor etter forsvaret når dei hadde anlegget oppe på Hjasufsknatten. Søknaden er vurdera opp mot reglane i motorferdselslova og naturmangfaldslova 8 til 12. Vurderinga er at køyringa, slik det vert søkt om, ikkje fører til noko skade på naturen eller miljøet. Vurderingane er basert på lokalkunnskap og området er vurdert opp mot dei registreingane som er i Naturbasen og Artsdatabanken, jf. 8. Køyringa går ikkje gjennom spesielt sårbart område og den totale belastninga er liten i området, jf 9 og 10. Val av trase og type køyretøy er vurdert til å vera miljøforsvarleg jf 12. Anne Aarak får løyve til å bruke ATV for å frakte bagasje og utstyr opp til hytta på Hjasufsknatten. Løyve gjeld fram til 31. desember 2020. Køyringa skal følgje eksisterande traktorveg / køyrespor fram til hytta. Løyv gjeld for køyring med eit køyretøy ( ein ATV ). Reservesjåfør er Inge Holtan Saga. I rådmannen si tilråding gårdet fram at det er Anne Aarak som får løyve. Det rette er at det er Andrea Aarak Andrea Aarak får løyve til å bruke ATV for å frakte bagasje og utstyr opp til hytta på Hjasufsknatten. Løyve gjeld fram til 31. desember 2020. Køyringa skal følgje eksisterande traktorveg / køyrespor fram til hytta.
Løyve gjeld for køyring med eit køyretøy ( ein ATV ). Reservesjåfør er Inge Holtan Saga. PS 24/18 Referat- og drøftingssaker Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande. D: Styremøte IATA E: Status Høgefoss kraftstasjon F: Kompensasjon til kommunar som ikkje skal busette flyktningar G: Høyring fylkesvegar H: Kapasitet barnehagar i kommunen I: Næringsfiskar J: RV 41 Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande. PS 25/18 Behov for spesialundervisning 1 Sakkyndig vurdering av behov for spesialundervisning for skoleårene 2017/18 og 2018/19 Eining for skule tilførast kr 116 000 i budsjett for 2018. Innarbeidast i 1. tertial. 7/12 av beløpet; kr 68 000, innarbeidast i budsjett for 2019 for å dekke behovet for vårhalvdelen av 7. klasse. 1 Sakkyndig vurdering av behov for spesialundervisning for skoleårene 2017/18 og 2018/19