Litteraturen vil oppdage verda på nytt. Under Forfattersleppet blir verda oppdaga frå scena: Forfattarane kjem! Dei gamle, dei nye, med romanar



Like dokumenter
FORFATTERSLEPPET BERGEN 29. SEPTEMBER 4. OKTOBER 2014

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Ny, norsk nynorsklitteratur (og gjendikting)

Til deg som bur i fosterheim år

Litteraturen vil oppdage verden på nytt, og under Forfattersleppet oppdages verden fra scenen; forfatterne kommer! De gamle, de nye, med romaner

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

Litteraturseminar og opplesingskveld på Sunde Kyst- og litteratursenter. Laurdag EIT SENTER FOR SUNNHORDALANDS- LITTERATUREN

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Menningarsjokk ISLANDSKE DAGER VED LITTERATURHUSET I BERGEN APRIL 2014

Dikt-sti. Titopp. Moderne lyrikk fra Helge Rykkja til Amalie Kasin Lerstang SKIEN KOMMUNE. Skien bibliotek

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Velkommen til Nansenskolens bokdager 2016

Frå novelle til teikneserie

Last ned Angen frå vår stutte tid - Steinar Gimnes. Last ned

Månadsplan for Hare November

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

12. november BARNELITTERÆR FORMIDLINGSFEST Rica Sunnfjord Hotel

MEDLEMSINFO. august 2009

Kulturminnedagen på BERGSLAGEN. Søndag 15. september kl 15:00-18:00 Sunde Kyst- og Litteratursenter

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

BERGEN OKTOBER 2012 FORFATTERSLEPPET

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

6. trinn. Veke 24 Navn:

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

HOSTEN 2014 RIKSARKIVET I EN SOFA PÅ ARKIVET. samtaler om historieskriving

Elverum bibliotek Høsten Hjerterom for Boka

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

: ) FORFATTERSLEPPET BERGEN OKTOBER 2011

Under Forfattersleppet møter du litteraturen i levende live. Forfatterne kommer ut i byen for å gi litteraturen en stemme, for å presentere årets

Av en født forbryters dagbok

nye bøker i 2004

Program våren 2015 Askim bibliotek

Tor Åge Bringsværd 80 år

Last ned Kjell Askildsen - Alf van der Hagen. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Kjell Askildsen Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Samansette tekster og Sjanger og stil

Eksamen NOR0214 norsk hovudmål/hovedmål Sentralt gitt eksamen etter 10. trinn elevar/elever og vaksne/voksne. Sult

LITTERATUR TIL FOLKET

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Klassiker-sti. Titopp. Ti av Telemarks fremste forfattere gjennom tidene SKIEN KOMMUNE. Skien bibliotek

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst. Vaksen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Undervisningsopplegg til txt 2015 Tidsinnstilt

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

Skrivekurset på Voss Januar 2002:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst BARN & UNG

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Inspirasjonskveld for norsklærere for lærere som underviser i norsk på videregående. Gyldendalhuset 5. februar

FOTO: PAAL AUDESTAD. Frode Grytten NORSK FORFATTERSENTRUM VESTLANDET PRESENTERER. Dei Litterære Festspela Bergen mai 2014.

Utlysning: vi søker fire ungdommer til å sitte i nominasjonsjuryen

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

NORSK-Årsplan i 9.klasse

forfattarskap. Krev musikalsk magi. Kom. Medv.: Finn-Erix, Pedro Carmona-Alvarez, John Olav Nilsen, Ole Morten Vågan, Morten Qvenild og Frode Grytten

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Rådgjevarkonferansen 2009

12. november BARNELITTERÆR FORMIDLINGSFEST Rica Sunnfjord Hotel

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ketil Bjørnstad Ensomheten. Roman

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 50. Matte Gjennomgang til tentamen + algebra. Eng Creating texts. RLE: Kva gjorde Jesus? Natur:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Transkript:

FORFATTERSLEPPET BERGEN 29. SEPTEMBER 4. OKTOBER 2014

Litteraturen vil oppdage verda på nytt. Under Forfattersleppet blir verda oppdaga frå scena: Forfattarane kjem! Dei gamle, dei nye, med romanar tjukke som mursteinar, med diktsamlingar som et seg inn i hjarta, med erkjenningar og erfaringar, draumar, sorger, gleder. Liv og død og hav. Dei store kjenslene. Dei store spørsmåla. Forfattarane kjem med denne enorme spegelen som er litteraturen. Ein stad der vi ser oss sjølv og gløymer oss sjølv. Ein stad der vi kan utforske det ukjende og ein stad der vi kan reise i tid. Under Forfattersleppet er ingenting umogeleg.

PROGRAM MÅNDAG 29. OG TYSDAG 30. SEPTEMBER Skrivekurs Chris Tvedt Ønsker du å skrive krim? Treng du inspirasjon til eigen skriving? Norsk Forfattersentrum Vestlandets kontorlokale, 4. etg. Litteraturhuset i Bergen Østre Skostredet 5 7 Kl. 18.00 22.00 kurset går over to kveldar Pris kr. 1700, BT-kort kr. 1500,- Påmelding: vest@forfattersentrum.no TYSDAG 30. SEPTEMBER Bergen Offentlige Bibliotek Seminar Årets barne- og ungdomsbøker presenterast for lærarar og bibliotekarar. Møt Bjørn Sortland, Tor Arve Røssland, Thor Soltvedt, Renate Nedregård, Ole Røsholdt, Roald Kaldestad, Hans Sande og Reidar Kjelsen. Føredrag av Sigbjørn Mostue Gratis inngang Påmelding: vest@forfattersentrum.no I samarbeid med Fagavdeling barnehage og skole, Bergen kommune. kl. 19.00 Alver, Litteraturhuset i Bergen Kritisk Kvartett Kritisk kvartett er Litteraturhusets faste forum for litteraturkritikk. Panelet består av Carina Elisabeth Beddari (Morgenbladet), Eirik Vassenden Morgenbladet) og Frode Helmich Pedersen (Bergens Tidende). Kvar gong får dei besøk av ein ny gjest, og tek opp fire bøker til kritisk og begeistra diskusjon. Kvartettgjest: Knut Hoem.

ONSDAG 1. OKTOBER Kl. 19.30 Femte i Andre, Strand Hotell Musikalsk krimkveld Gunnar Staalesen, Chris Tvedt, Elisabeth Gulbrandsen, Trude Teige og Per Jan Ingebrigtsen. Musikk ved Chris Tvedt og Gjengangerne. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort) Kl. 20.00 Norli, Galleriet Debutantkveld Oliver Opheim, Terje Sander, Eli Fossdal Vaage, Sissel Værøyvik og Anne Helen Guddal. Gratis inngang TORSDAG 2. OKTOBER Kl. 19.00 Litteraturhuset Forfattarsamtale Anne B. Ragde i samtale med Gunnar Staalesen. Jeg har et teppe i tusen farger Med humor og kjærleik skildrar Ragde gode og vonde dagar frå oppveksten i Trondheim før og etter foreldras skilsmisse, og frå åra då Anne sjølv flytta heimafrå og stifta familie. Den siste tida Birte levde, var prega av unødige lidingar på ein underbemanna sjukeheim. Det var rystande å sjå si eiga mor døy som ein framandgjort og uverdig pasient. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort)

TORSDAG 2. OKTOBER Kl. 20.30 Litteraturhuset Prosakveld Bergsveinn Birgisson, Mari Ulset, Nils Henrik Smith, Mette Karlsvik og Anne Karin Fonneland. Pål Norheim i samtale med Tomas Espedal. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort) Kl. 21.00 Lille Ole Bull Scene Folk&Finn Finn Tokvam inviterer kjende fjes og stemmer til prat og musikk. Kveldens gjestar er mellom anna Jon Hjørnevik og Bård Ose, samt ein hemmeleg gjest. Kr. 190 pluss avgift FREDAG 3. OKTOBER Kl. 19.00 Litteraturhuset Forfattarsamtale Kjell Askildsen i samtale med Alf van der Hagen. Van der Hagen gjengir levande og elegant Askildsens livsåskoding og syn på samfunn, politikk og religion, kunst og litteratur i biografien Kjell Askildsen. Et liv. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort) Kl. 20.30 Litteraturhuset Prosakveld Tom Rasmussen, Ingri Lønnebotn, Øyvind Vågnes, Tommy Skoglund, Lars Ove Seljestad. Gunnhild Øyehaug og Frode Grytten i samtale med Jan Landro. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort)

LØRDAG 4. OKTOBER Kl. 18.00 Litteraturhuset Lyrikk vs. Musikk Forfattaren Henning H. Bergsvåg snakkar med musikaren Fredrik Saroea, Datarock. Er det slik at musikktekstar har ein annan posisjon enn dikta? Kva er forskjellen på dagens poesi og musikktekstar. Frode Grytten leiar samtala. Kr. 80/50 (stud./honnør/bt-kort) Kl. 20.00 Litteraturhuset Poesikveld Erlend O. Nødtvedt, Kjartan Hatløy, Per Olav Kaldestad og Anna Kleiva. Kvart menneske ber på si historie. Og den historia inneheld kjærleik, smerte, glede og sorg. Høyr Ruth Lillegraven snakkar om sitt nye bokprosjekt, Manilahallen, om å forme levd liv til poesi. Kr. 100/70 (stud./honnør/bt-kort) INFO Med atterhald om endringar i programmet. Presentasjonar av alle dei medverkande ligg på www.forfattersentrum.no Billettsal hjå Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41 fram til 1 time før arrangementet eller i døra. Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Chris Tvedt er ein prisløna krimforfattar frå Bergen, som tidlegare jobba som advokat. Han har skrive fleire bøker med advokathelten Mikael Brenne i hovudrolla, og har sidan halde fram med Kripos-etterforskar Edvard Matre. Dei to siste bøkene har han skrive saman med Elisabeth Gulbransen. FOTO: FREDRIK ARFF

Bjørn Sortland debuterte i 1992, og har seinare skrive ei lang rekke bøker i ulike sjangrar for vaksne og barn. Han har fått særleg stor merksemd for bøker med kunstformidling for barn, og har fått prisar både i inn- og utland for forfattarskapen sin. I år er han aktuell med den 14. boka i serien om Kunstdetektivane Trondheim-mysteriet. FOTO: JANNE SOLGAARD

FOTO: SAMLAGET Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge, og er mellom anna kjent for barnebokserien om den vesle guten Pode og for grøssarserien om Svarte-Mathilda for ungdom. Han kjem til Forfattersleppet med sci-fi-grøssaren Soledad og ungdomsboka Snatch.

Gunnar Staalesen skriv krim, og er mest kjend for bøkene om Varg Veum. Bøkene til Staalesen er omsette til ei rekke språk, mange har blitt filmatiserte og nokre har blitt utgitte som teikneseriar. Staalsen skriv også dramatikk, og er i haust aktuell med oppføringa av Hellemyrsfolket på Den Nationale Scene. Til Forfattersleppet kjem han med årets krimroman Ingen er så trygg i fare. FOTO: HELGE SKODVIN

Elisabeth Gulbrandsen er utdanna gullsmed og jurist, og har mellom anna jobba for Raftostiftinga. I 2013 debuterte ho som forfattar med boka Den blinde guden, som ho har skrive saman med Chris Tvedt. Dei kjem begge til Forfattersleppet med ei ny bok om etterforskaren Edvard Matre. Boka har fått tittelen Djevelens barn. FOTO: RUNE NIELSEN

Ole Røsholdt er forfattar og dramatikar, og jobbar som gymnaslektor i norsk. Han har skrive ei lang rekke bøker, og er i år aktuell med boka Yngstemann på Eidsvoll, der vi følgjer dei historiske hendingane i 1814 opplevd av den 17 år gamle Thomas Konow. FOTO: GAUTE SINGSTAD

Thor Soltvedt er norsklærer og forfattar. Han begynte å skrive fordi han gjerne ville motivere elevar på yrkesskulen til å lese, og har skrive fleire ungdomsbøker med gjennomgangsfigurane Glenn-Anton og HyPer. Dei to siste romanane hans, Nedtelling og Voksesmerter, har vore for vaksne, mens årets bok Levende vegg er ein ungdomsroman. FOTO: KAPABEL FORLAG

Roald Kaldestad er kunsthistorikar, låtskrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philip kom i 2000, sidan har det blitt tre bøker om desse humoristiske figurane, illustrert av Ella K. Okstad. I 2006 gav han ut biletboka Englefjell i lag med Øyvind Torseter. Kaldestad er også frilans musikar og spelar mellom anna med Odd Nordstoga, Magnet og Sigrid Moldestad. Årets bok heitar Heavykatten og gitaren. FOTO: ATLE HANSEN

Renate Nedregård er utdanna tv-journalist og jobba i mange år i TV2 og NRK, før ho bestemte seg for å leve ut fofattardraumen. I 2011 kom debutromanen Mirakel, og etter å ha ført bloggen «Fra ord til bok» om skriveprosessen, gir ho i år ut «den vanskelege andreboka», ungdomsromanen Det er min tur nå. FOTO: JOAR E. M. KLETTE

Hans Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, og fekk Tarjei Vesaas debutantpris. Han er utdanna psykiater, og har jobba mange år i helsevesenet. Sande skriv for alle aldrar, og kjem til Forfattersleppet med biletboka Forelska i Feisbukk. FOTO: CHR. HANSEN

FOTO: SVINEPELSEN Reidar Kjelsen har illustrert barnebøker for Jostein Gaarder, Jon Ewo og fleire andre, men er best kjend for sine eigne utgjevingar, med titlar som Gammel dame er vond å vende og Trøffelhelt. Han deltar på barnebokseminaret med presentasjon av eit opplegg for skulebesøk «Damer og demoner».

Sigbjørn Mostue skriv bøker for barn og ungdom, og er særleg kjend for seriane Alvetegnet og Den siste magiker. Han har skrive to kriminalromanar for vaksne i samarbeid med politispanaren Johnny Brenna. I år kjem han til Sleppet for å fortelje om sin nye ungdomsroman I morgen er alt mørkt Brages historie. FOTO: TANYA HANZALOVA WIBYE

Trude Teige er best kjent som journalist, og har jobba i TV2 sidan starten tidleg på 90- talet. I 2002 debuterte ho som forfattar med den historiske romanen Havet syng. Sidan har ho blitt forfattar på heiltid, og har etter kvart spesialisert seg på hardkokt krim med den tøffe tv-journalisten Kajsa Coren i hovudrolla. I haust kjem Jenta som sluttet å snakke, fjerde bok i denne serien. FOTO: ASCHEHOUG

Per Jan Ingebrigtsen er forfattar, teaterinstruktør, lærar og dramatikar. Han er busett på Stord, der han til dagleg jobbar på vidaregåande skule. Som forfattar debuterte han allereie i 1975, med diktsamlinga Rotbløyte, sidan har han gitt ut bøker i ulike sjangrar. I haust kjem han med spenningsromanen Offer, om kva som skjer når ei norsk-somalisk jente forsvinn frå skulen. FOTO: TORILL TVERBORGVIK

Oliver Opheim, debutant, frå Kringlebotn, bur i London der han tar master i litteraturvitskap ved King s College. Han er kjend for å ha fått kontrakt på bokutgjeving via twitter. Boka heiter Mann går på bar og handlar om mannen som kallar seg Johan Olsen, og hans iherdige forsøk på å drikke seg i hel. FOTO: KVALSHAUG FORLAG

Terje Sander, debutant, kjem frå Fana i Bergen og arbeider som lærar ved Odda vidaregåande skule. I haust kjem han ut med si første bok. Daudmannaland er ei science fictionroman der Skuggesjåarane og den eldgamle Ordenen er to av kreftene som kjempar om makta under ein svart himmel av endelaust regn. FOTO: TOVE K. BREISTEIN

Eli Fossdal Vaage, debutant, fødd på Leirvik i Stord, og bur i Bergen. Ho arbeider med ein master i litteraturvitskap på UiB, og jobbar som journalist i NRK. Ho har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet, og hadde fleire dikt med i antologien Signaler allereie i 2010. I år kom hennar første utgjeving, diktsamlinga Hekla myter. FOTO: ANNA JULIA GRANBERG

Sissel Værøyvik, debutant, kjem frå Værlandet i Sunnfjord, men bur på Nesttun i Bergen. Ho er ei av to som skriv ned livshistorier for andre gjennom nettstaden Din historie. Tidlegare i år kom debutromanen Rakels bok, som knyter fortid og framtid, New York og Bergen saman idet to kvinner møtest. FOTO: HELGE SKODVIN

FOTO: MATHIAS DANBOLT Anne Helene Guddal, debutant, er stipendiat på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Ho er også redaksjonsmedlem i tidsskriftet Vagant. Også det uforsonlige finnes er ei diktsamling og hennar første bok.

Anne B. Ragde har sidan debuten i 1986 markert seg som ein av Norges mest populære forfattarar, med Berlinerpoplene og dei to påfølgande bøkene med det same persongalleriet som den førebels største suksessen. I år har ho fått mykje merksemd og varm mottaking for romanen Jeg har et teppe i tusen farger. FOTO: ASGER SIMENSEN

Mari Ulset er frå Straumsnes på Nordmøre, men er busett i Bergen der ho jobbar som gartnar. Ulset har vore redaksjonsmedlem i fanzinene Ikkje til hjemlån og Distribusjon. Sjølv debuterte ho litterært i 2011 med romanen Biltur, og i år har ho komme ut med Juni, juli, august. FOTO: ALEXANDER GIAILOGLOU

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas debutantpris for Manhattan skyline i 2007, og følgde opp med romanen Austerrike to år seinare. Smith har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet og Universitetet i Bergen, og har fått svært gode omtaler av sine romanar. Han kjem til Forfattersleppet med La ilden lyse. FOTO: KATERYNA BABKINA

Bergsveinn Birgisson er ein islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi. I 2012 vart han nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanen Svar på brev frå Helga. I år har Pelikanen forlag omsett debutromanen hans frå 2003, Soga om véret. FOTO: BJARTUR

Anne Karin Fonneland er frå Sunde i Sunnhordaland, og har gitt ut seks diktsamlingar. Den første, Marmormjølk, kom i 1996. Ho har også medverka i fleire barnebøker. I år kjem ho til Forfattersleppet med sin første roman, Apalgard. FOTO: TERJE FONNELAND

Mette Karlsvik er ein prislønt norsk forfattar og journalist som kjem frå Frei på Nordmøre. I 2005 fekk ho Tarjei Vesaas Debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden, sidan har ho gitt ut bøker i mange sjangrar og hatt bidrag i fleire antologiar. I 2011 vart ho nominert til Brageprisen for Bli Bjørk. I år kjem ho ut med romanen Den beste hausten er etter monsun. FOTO: TOVE K. BREISTEIN

Pål Norheim er ein norsk forfattar og essayist, med tre skjønnlitterære utgjevingar bak seg. Han var medlem av Vagant-redaksjonen på 1990-talet, og har jobba som forlagskonsulent og bokmeldar. Norheim gir i år ut boka Oppdateringer, ei samling dagboksnotat som tidlegare er publiserte på Facebook. FOTO: SELFIE

Tomas Espedal har vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris to gonger for bøkene Gå eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) og Imot kunsten (2009), og har i tillegg mottatt ei rekke litterære utmerkingar og prisar for forfattarskapen sin. Espedal var Festspeldiktar under Dei Litterære Festspela i 2011. I år deltar han på Forfattersleppet med den nye romanen Mitt privatliv. FOTO: HELGE STODVIN

Kjell Askildsen kjem til Forfattersleppet for å snakke om biografien Alf van der Hagen har skrive om han til 85-årsdagen. Biografien er forma som ei samtale mellom dei to. Askildsen er kjend for sin kresne skrivestil, og novellesamlinga Thomas Fs siste nedtegnelser til almenheten (1983) blei i 2006 kåra av Dagbladet til den beste norske skjønnlitterære boka dei siste 25 åra. FOTO: FINN STÅLE FELBERG

Alf van der Hagen er ein norsk redaktør og forfattar. Frå 2003 til 2012 var han ansvarleg redaktør og administrerande direktør i vekeavisa Morgenbladet. I fjor vann han Kritikerprisen for sakprosa for sin intervjubaserte biografi om Dag Solstad. I år har han skrive ein biografi om Kjell Askildsen. FOTO: TRUDE ENG

Tom Rasmussen har gitt ut to bøker under pseudonymet Asbjørn Krag. I år kjem han til Forfattersleppet med romanen Landsmoderen, som i følgje han sjølv kan karakteriserast som «lun skittensurrealisme». FOTO: PRIVAT

Ingri Lønnebotn er ein norsk forfattar. Ho har tidlegare jobba som journalist og undervist på Åsane Folkehøgskule. Lønnebotn har skrive både dramatikk, romanar og lyrikk. I år kom romanen En av de andre som i VG blei omtalt som «en stor leseropplevelse og en tankevekkende påminnelse om at det finnes historier om siste verdenskrig som både bør og skal fortelles.» FOTO: BJØRN THUNÆS

Øyvind Vågnes er ein norsk akademikar og forfattar. Han debuterte i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. i 2005 fekk han nynorsk litteraturpris for romanen Ekko. I år har han gitt ut ei fagbok om teikneseriar, Den dokumentariske teikneserien og romanen Sone Z. FOTO: EIVIND SENNERSET

Tommy Skoglund debuterte i 2009 med prosadiktsamlinga Våkne som en del av naturen. Han fekk svært gode kritikkar for debuten, og i år gir han ut romanen Fra ensomhetens lønnkammer. Skoglund har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. FOTO: ESPEN KJELLING

Lars Ove Seljestad brakdebuterte i 2005 med romanen Blind. Seinare har han skrive fleire bøker i ulike sjangrar. I år kjem han til Forfattersleppet med romanen Kjære bror. FOTO: ASCHEHOUG

Gunnhild Øyehaug er aktuell med både roman og film. Suksessromanen Vente, blinke frå 2009 blir filmatisert i år og har premiere neste år. Til Forfattersleppet kjem ho for å presentere romanen Undis Brekke. FOTO: MAGNE SANDNES

Frode Grytten er årets Festspeldiktar. Han er ein allsidig kunstnar og formidlar, som dei siste åra har gjort stor lukke med Frode Grytten Beatband. I vår hadde han også suksess med teaterstykket Sånne som oss på Den Nationale Scene i Bergen. På Forfattersleppet snakkar han om twitterboka Vente på fuglen. FOTO: FRODE GRYTTEN

Jon Hjørnevik er forfattar og komikar frå Voss. Han debuterte med den humoristiske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2003, og har seinare gitt ut fleire bøker i same sjanger. Han er ein populær formidlar av eigne dikt, som ofte blir framført i ei musikalsk ramme. Heimekontor i gravferda er hans siste diktsamling. FOTO: SØREN BRUUN

Henning Bergsvåg er utdanna frå Skrivekunstakademiet i Bergen og Litterär Gestaltning ved Göteborgs Universitet. Den første diktsamlinga hans, Newfoundland, kom i 2000, sidan har det blitt fire til. Den engelske hagen kom ut i fjor. Bergsvåg er i tillegg svært aktiv formidlar, og vartar mellom anna opp med Poesidigg ein gong i månaden. FOTO: GYLDENDAL

FOTO: ASCHEHOUG Erlend O. Nødtvedt fekk stor merksemd då han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, og har sidan fått gode kritikkar og fleire prisar for denne og neste bok, Bergens beskrivelse, som kom i 2011. I år kjem Trollsuiten, hans tredje diktsamling.

Kjartan Hatløy kjem frå Hyllestad i Sogn, og har sidan debuten Solreven i 1996 gitt ut fleire kritikarroste lyrikkbøker. For Kjøkkendikt i 2012 vart han nominert til Brageprisen. Årets utgjeving heiter Mi meinings hus. FOTO: ODDLEIV APNESETH

FOTO: NORSK FORFATTERSENTRUM Per Olav Kaldestad er ein prisløna barnebokforfattar busett på Stord. Han har skrive bøker i ulike sjangrar sidan 1973 og er i tillegg eit ivrig organisasjonsmenneske. I år er han aktuell med Dikt og dramatiske monologar i utval, ei omsetjing av Robert Brownings lyrikk.

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og har arbeidd både i Samferdsledepartementet og i Samlaget. I fjor vart hennar siste bok Urd tildelt Brageprisen, og i tillegg vart ho kåra til Årets namn 2013 av lesarane til avisa Hordaland. Lillegraven har sidan debuten Store stygge dikt i 2005, gitt ut ei roman, og tre biletbøker om Mari og Magnus. FOTO: PAAL AUDESTAD

Anna Kleiva er oppvaksen på Vinstra i Gudbrandsdalen, er busett i Oslo og har tidlegare vore student både ved Forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Bergen. I 2011 gav ho ut si første diktsamling, Ti liknande versjonar. I år kom den andre boka hennar, Vårar seinare. FOTO: YNGVILD GOTAAS