Nr. 27/66 NORSK utgave KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR - med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, med tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 94/62/EF av 20. desember 1994 om emballasje og emballasjeavfall( 1 ), særleg artikkel 12 nr. 3, og ut frå desse synsmåtane: Skjemaa og rammene for oversending av data bør jamleg vurderast på nytt på grunnlag av praktiske røynsler og eventuelt endrast. Dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 21 i direktiv 94/62/EF - GJORT DETTE VEDTAKET: Artikkel 1 KOMMISJONSVEDTAK av 3. februar 1997 om fastsetjing av skjemaa for databasesystemet i medhald av europaparlaments- og rådsdirektiv 94/62/EF om emballasje og emballasjeavfall(*) (Tekst som er relevant for EØS) (97/138/EF) I dette vedtaket Artikkel 2 gjeld dei definisjonane som er fastsette i artikkel 3 i direktiv 94/62/EF, når det er aktuelt, tyder «komposittemballasje» emballasje som er framstilt av ulike materiale som ikkje kan skiljast frå kvarandre for hand, og der ingen av materiala utgjer meir enn ein viss vektprosent som skal fastsetjast etter framgangsmåten i artikkel 21 i direktiv 94/62/EF. Eventuelle unntak for visse materiale kan fastsetjast etter den same framgangsmåten. Artikkel 3 Skjemaa i vedlegga skal kvart år fyllast ut med data for eit heilt kalenderår, første gong for 1997, og sendast over til Kommisjonen innan 18 månader etter utgangen av det aktuelle året. Skjemaa skal dessutan følgje med dei nasjonale rapportane som vert sende over til Kommisjonen i samsvar med artikkel 17 i direktiv 94/62/EF. Føremålet med dette vedtaket, som gjeld all emballasje marknadsførd i Fellesskapet og alt emballasjeavfall i samsvar med artikkel 2 nr. 1 i direktiv 94/62/EF, er å fastsetje skjemaa for det databasesystemet for emballasje og emballasjeavfall som skal skipast for at medlemsstatane og Kommisjonen skal få hjelp til å føre tilsyn med at måla i direktiv 94/62/EF vert nådde. Føremålet med skjemaa er å harmonisere kjenneteikna ved og presentasjonen av dei dataa som vert framlagde, og å sikre at dataa frå medlemsstatane vert kompatible. Artikkel 4 Medlemsstatane skal leggje fram for Kommisjonen føremålstenlege kvalitative opplysningar om konsentrasjonen av tungmetall i emballasje i medhald av artikkel 11 i direktiv 94/62/EF og om innhaldet av skadelege stoff og materiale og andre farlege stoff i medhald av vedlegg II nr. 1 tredje strekpunktet i direktiv 94/62/EF. Likeins skal medlemsstatane leggje fram for Kommisjonen kvantitative opplysningar om emballasjeavfall som i medhald av føresegnene i rådsdirektiv 91/689/EØF( 2 ) og rådsvedt 94/904/EF( 3 ) vert rekna som farleg på grunn av ureining frå innhaldet, særleg dersom avfallet ikkje eignar seg for attvinning. (*) Denne EF-rettsakten, kunngjort i EFT nr. L 52 av 22.2.1997, s. 22, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 94/97 av 28. november 1997 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, prøving og sertifisering), se denne utgaven av EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende. ( 1 ) TEF nr. L 365 av 31.12.1994, s. 10. ( 2 ) TEF nr. L 377 av 31.12.1991, s. 20. ( 3 ) TEF nr. L 356 av 31.12.1994, s. 14.
9.7.1998 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr.27/67 Det skal leggjast fram ein rapport for Kommisjonen innan utgangen av den første femårsperioden som er nemnd i artikkel 6 nr. 1 i direktiv 94/62/EF. Det same gjeld for dei påfølgjande femårsperiodane. Artikkel 5 Medlemsstatane skal leggje fram for Kommisjonen i utfylt stand dei skjemaa som er oppførde i dette vedtaket, saman med ei føremålstenleg utgreiing om korleis dataa er samla inn, og om kva som er dei viktigaste kjenneteikna ved dei databasane som dataa er henta frå. Utgreiinga skal særleg omfatte dei anslaga som vert nytta for å rekne ut kor store mengder og prosentdelar emballasjeavfall som vert attvunne og resirkulerte, og kor stor ombruksprosenten er. Artikkel 6 Dei dataa som skal førast inn i vedlegg III (skjema 3, 4.1 og 4.2) med omsyn til vekta av emballasjeavfall som er attvunne eller resirkulert, gjeld dei mengdene emballasjeavfall som vert handsama ved bruk av ein effektiv attvinnings- eller resirkuleringsprosess. Berre avfall frå marknadsførd emballasje kan takast med når desse mengdene vert rekna ut; restprodukt frå framstilling av emballasje eller emballasjemateriale eller frå andre produksjonsprosessar kan såleis ikkje takast med. Utfylling av vedlegg II (skjema 2) er frivillig. Inndelinga av data i vedlegg III (skjema 3, 4.1 og 4.2) i data om biologisk handsaming og andre former for resirkulering, energiutvinning og andre former for attvinning, forbrenning og deponering er gjord berre for informasjonsføremål og skal vere frivillig. Utfylling av kolonnane, «resirkulert avfall» og «attvunne avfall» er obligatorisk. Utfylling av kolonnen «Sortert for resirkulering» er frivillig. Framlegging av data er obligatorisk for emballasjemateriala glas, plast, papir og papp og metall. Artikkel 8 Etter framgangsmåten i artikkel 21 i direktiv 94/62/EF skal Kommisjonen på nytt vurdere rammene for oversending av data frå medlemsstatane for å sikre at dataa kan jamførast og er einsarta. Rammene bør omfatte dei definisjonane som skal nyttast, òg for komposittmateriale, og gje til kjenne kor nøyaktige dataa skal vere. Artikkel 9 Dette vedtaket er retta til medlemsstatane. Artikkel 7 Føremålet med dataa i skjemaa er at det skal kunne førast tilsyn med at måla i direktiv 94/62/EF vert nådde; dataa skal dessutan vere ei informasjonskjelde og gje grunnlag for framtidig avgjerdstaking. Utferda i Brussel, 3. februar 1997. For Kommisjonen Ritt BJERREGAARD Medlem av Kommisjonen
Nr. 27/68 NORSK utgave GLAS VEDLEGG I Skjema 1 Marknadsførd mengd emballasje i medlemsstaten (i tonn) Materiale Produksjon av Import (tom Eksport (tom Marknadsførd mengd emballasje og emballasje og fylt emballasje) fylt emballasje) (1) (2) (3) (4) (5) PET PE PVC PP PS Andre PAPIR OG PAPP METALL Aluminium KOMPOSITTMATERIALE ANDRE SAMLA MENGD 1. Kolonne 2, 3, og 4 skal fyllast ut dersom metoden for utfylling av kolonne 5 byggjer på produksjon og statistikk over import og eksport. 2. Kolonne 3 og 4 kan delast inn i tom og fylt emballasje. 3. Utfylling av data fordelt på ulike kategoriar plast og på metalla stål og aluminium og utfylling av rubrikkane for komposittmateriale og tre er frivillig. Utfylling av skraverte felt er frivillig. 4. Data om komposittmateriale kan anten førast opp med den samla vekta under det dominerande materialet eller spesifiserast for kvart materiale.
VEDLEGG II Materiale GLAS PAPP Alu- METALL min- ium Emballasjetype Flasker Romfang Tønner - fat > 20 l - < 250 l Fat > 250 l Store posar Flasker Esker Romfang Kassar Pallar Esker Fat Romfang Pallar Tønner < 50 l Tønner > 50 l < 3 l Tønner < 50 l Fat > 50 l < 3 l Esker Kassar Tønner Pallar Pallekassar Produkt Drikkar Drikkar Produktmengd i ombruksemballasje Skjema 2 Ombruksemballasje Samla produktmengd i ombruksemballasje og eingongsemballasje av same type Ombruks-einingar i omlaup Gjennomsnittleg omlaupstal per år Levetid Marknadsførde eingongsemballasjeeiningar av same type 9.7.1998 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr.27/69
Nr. 27/70 NORSK utgave Utfylling av skjema 2 er frivillig og gjeld berre dei produkt- og/eller emballasjekategoriane som dei nasjonale styresmaktene meiner er aktuelle i samband med føresegnene i artikkel 5 i direktiv 94/62/EF. Kolonnane «Emballasjetype» og «Produkt» dekkjer såleis alle moglege kategoriar ombruksemballasje, men berre dei rubrikkane som er aktuelle for dei nasjonale ombrukssystema, skal fyllast ut. Om naudsynt kan rubrikkane tilpassast dei faktiske tilhøva i desse systema. Dersom dei føreliggjande dataa gjev høve til det, kan dei generelle rubrikkane «Drikkar», og delast inn i typenemningar som t.d. mineralvatn, leskedrikkar, mjølk, alkoholhaldige drikkar, kjøt, fisk, reingjeringsmiddel osv. Kor omfattande og nøyaktige dei framlagde dataa skal vere, bør vere avhengig av datatilgang og kostnader og kan tilpassast situasjonen i medlemsstatane. Merknader: «Einingar i omlaup»: «Omlaupstal per år»: talet på einingar som er i omlaup innanfor returordninga. kor mange gonger einingane vert returnerte per år i gjennomsnitt. Svarte felt vert rekna som uaktuelle i alle tilfella. Mengdene skal førast opp i liter for drikkar/væsker og i kilogram for alle andre produkt.
VEDLEGG III Skjema 3 GLAS PAPIR OG PAPP PET PE PVC PP PS Andre Aluminium METALL KOMPOSITTMATERIALE ANDRE SAMLA MENGD Mengder emballasjeavfall som er produserte og handterte i medlemsstaten Materiale Sortert for Former for attvinning Disponert ved resirkulering Biologisk Andre former Energi- Andre former Forbrenning Deponering handsaming for resirkulert utvinning for attvinning attvunne avfall resirkulering avfall (i tonn) 9.7.1998 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr.27/71
NORSK utgave Skjema 4.1 Overvakte mengder emballasjeavfall som er produserte i medlemsstaten og attvunne utanfor medlemsstaten (i tonn) Former for attvinning Nr. 27/72 Materiale Biologisk Andre former Energiutnytting Andre former for handsaming for resirkulering resirkulert avfall attvinning attvunne avfall GLAS PAPIR OG PAPP PET PE PVC PP PS Andre Aluminium METALL KOMPOSITTMATERIALE ANDRE SAMLA MENGD
GLAS PAPIR OG PAPP Materiale PET PE PVC PP PS Andre Aluminium METALL KOMPOSITTMATERIALE ANDRE SAMLA MENGD Skjema 4.2 Overvakte mengder emballasjeavfall som er produserte utanfor medlemsstaten og attvunne i medlemsstaten Former for attvinning Biologisk Andre former Energiutnytting Andre former for handsaming for resirkulering resirkulert avfall attvinning attvunne avfall 9.7.1998 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr.27/73
Nr. 27/74 NORSK utgave Merknader til skjema 3, 4.1 og 4.2 1. Dataa i skjema 3 kan på frivillig basis delast inn i kommunalt og anna avfall. 2. Utfylling av kolonnen er obligatorisk. Utfylling av kolonnen «Sortert for resirkulering» er frivillig. 3. Utfylling av kolonnane «Biologisk handsaming» og «Andre former for resirkulering» er frivillig. Utfylling av kolonnen «resirkulert avfall» er obligatorisk. 4. Utfylling av kolonnane «Energiutnytting» og «Andre former for attvinning» er frivillig. Utfylling av kolonnen «attvunne avfall» er obligatorisk. 5. Utfylling av kolonnane «Forbrenning» og «Deponering» er frivillig. 6. Utfylling av data fordelt på ulike kategoriar plast og på metalla stål og aluminium og utfylling av rubrikkane for komposittmateriale og tre er frivillig. 7. Data om komposittmateriale kan anten førast opp med den samla vekta under det dominerande materialet eller spesifiserast for kvart materiale. 8. Svarte felt vert rekna som uaktuelle i alle tilfella. Utfylling av skraverte felt er frivillig.